Kategoriarkiv: Ymse

Sju år

I Bibelen vert det forfalt at Jakob måtte tene i sju år hos Laban før han kunne gifte seg, men då fekk han ikkje den han ville ha, så han tente i sju år til for å få Rakel etter å ha fått Lea først.

Sju år er vel også det normale når det gjeld utdanning til prest. Ein skal studere latin, gresk og hebraisk for å kunne lese Bibelen på originalspråket, og så skal ein ha alle andre faga som høyrer med i den teologiske utdanninga.

Når eg dei siste dagane har skrive inn namn på prestar frå Presteboka 1974, har eg ofte tenkt på all innsatsen som ligg bak før dei kunne bli ordinert og kome ut i teneste. Så har dei hatt teneste på mange ulike plassar, som oftast i bolkar på 5-7 år før dei braut opp for å dra til ein ny plass. Svogeren min, Gaute var misjonær i Bangladesh, men då han kom heim etter endt teneste der og etter kvart fekk teneste på Varhaug og Vigrestad, valde han å bli der til han gjekk av med pensjon.

Av og til kan det nok vere at det er godt for ein kyrkjelyd å få ny prest, forkynninga er jo personavhengig. Men om ein ikkje snur bunka og klarar å halde gløden, vil det ofte vere godt for ein kyrkjelyd å ha ein prest som kjenner dei han har teneste blant, han har jo møtt dei både i dåp, konfirmasjon, bryllup og gravferd. Heldigvis er det ikkje så ofte at ein prest må følgje ein han har konfirmert til grava, men heile storfamilien er jo involvert i slike merkedagar, så om ein har lag for å vere saman med folk i glede og sorg, kan prestetenesta vere meiningsfull også når ein står lenge i tenesta.

Slik opplevde eg Torodd Bakken som var prest i Hadsel då vi budde på Stokmarknes og som vart ein god ven. Han stod saman med kyrkjelyden sin i sorg og glede og hadde mange gode år i tenesta på same staden.

Langt meir enn sju år.

Funderingar

I løpet av ein dag går det mange tankar gjennom hovudet. Eg trur det er uråd å fange alle, dei kjem så fort og assosiasjonane er så mange.

Men nokre kan ein jo prøve å følgje. I dag skreiv vi inn bokstaven K av prestar og teologiske kandidatar frå boka eg har skrive om før, den som eg bare kallar Presteboka 1974. Det er kome slike bøker seinare og, då eg snakka med Solvor i telefonen sist, sa ho at ho skulle prøve å hugse å ta med dei to som dei har, så kunne eg sjekke med dei også.

Desse listene gjev mange røde lenker, men det er alltid moro når eg sjekkar med førehandsvisning og ser at det er nokre som blir blå også. Då tenkjer eg at eg burde skrive fleire artiklar ut frå desse røde lenkene, slik at fleire blei blå, men så er eg litt lei, og så blir det til at eg finn på nok anna.

I går skreiv eg inn I og J, og tanken var å få inn misjonær Else Iveland, ho var gift med Tobias Iveland og hadde nyleg åremålsdag. Tobias fekk eg artikkel om, men Else ventar framleis. Det same gjeld Dreng Harstad, som jo var valldøl og som eg i alle fall burde få på plass.

No har Vårt Land ei stund hatt tema om kirkekunst på baksida, og det kunne vore fint å bruke det stoffet til artiklar på Setesdalswiki også. Flotte bilete blir omtalte og analyserte, her er det godt stoff å bygge på, og bileta er ofte tekne frå Wikipedia sitt biletarkiv Commons, som alle kan bruke.

Kan hende blir det i morgon?

Om prestar

På Setesdalswiki har eg no halde på med eit prosjekt om prestar med basis i ei bok frå 1974. Det er om lag 2000 namn i boka, og eg er kom til bokstaven K. Det er framlei mange å skrive inn, men med god hjelp frå Reidun som les namna, reknar eg med å få lagt inn alle namna som røde lenker i løpet av august.

Men ettersom boka bare går fram til midt på 1970-talet, er jo biografiane ikkje oppdaterte. Det er jo eit problem, for då skriv eg kanskje om ein at vedkomande lever, men så er han eller ho død. Eg er takksam om eg blir gjort oppmerksom på slike feil.

I kveld snakka eg med Solvor, søster mi, ho er prestekone på Jæren og dei har prestebøker som er av nyare dato, så om dei kjem innom ein gong, skulle ho ha med seg boka slik at eg kunne få låne den.

Elles har eg gledd meg over artiklar som Ove Sandvik skriv om kinamisjonærar. Les gjerne bloggen hans, du også. Den fin du her: http://blogg-ove.blogspot.com/

 

Menn som strikkar

I kveld var Arne, han som saman med Carlos har gitt ut fleire strikkebøker og som visst er særleg kjent for strikka kuler til å henge på juletreet, med i Valle Radio. Han skal til Valle komande helg, etter det eg forstod skulle dei ta bilder på Rygnestad.

I samtalen snakka dei om menn som strikkar og då sa han at før var det heilt vanleg at menn strikka når dei var ute og gjekk. På ein tur frå Valdres til Lillehammer var det ein som strikka to par sokkar. Dei nemnde ikkje Hans Nielsen Hauge, han er den einaste eg visste om som hadde strikketøy i hendene når han ferdast frå grend til grend.

Sjølv har eg ikkje hatt særleg mykje strikketøy i hendene, det er sikkert godt for både meg og strikkekunsten. Men eg er takksam for ho som strikkar sokker til meg, for eg har gått i ullsokkar i mange år no. Ullstrømper til Afrika var tittelen på ei bok kåsøren Arhtur Klæbo gav ut, eg trur eg har den ein stad. Den handla om kvinner i misjonsforeningar som strikka sokker til utlodning på misjonsbasar og som så sende pengane til misjonen.

-Har du boka til Arne og Carlos om strikking i Setesdal? spurde eg Reidun under programmet. Det tok knapt eit halvt minutt, så hadde eg den i hendene. Her er omslaget:

Strikk fra Setesdal

 

 

Adolph Friedrich Hesse

I morgon kveld kan du høyre musikk av Adolph Friedrich Hesse i Postludium i Valle Radio klokka 20.30. Det er Niklos K. Besteland som har funne fram to stykke av han:

Einleitung, Thema und Variationen in A, opus 57, spelt av Konrad Buttmeier på orgelet i Heilig-Geist-Kirche i Bchum-Karpen

Phantasie no. 1 i f-moll, opus 47, spelt av Helmut Kruse i Braunsschweig Dom.

Svensk Wikipedia skriv dette om han:

Adolf Friedrich Hesse, född den 30 augusti 1809 i Breslau, död där den 5 augusti 1863, var en tysk orgelvirtuos.

Hesse blev 1827 andre organist vid Elisabethkirche och 1831 förste organist vid Bernhardinerkirche i Breslau. På resor i TysklandFrankrike och England väckte han allmän beundran för sitt utmärkta orgelspel. Bland hans kompositioner är i synnerhet de för orgel betydande.

Om du klikkar på namnet hans, kjem du til den svenske sida. I venstre margen er det lenke til andre språk.

 

 

Tomt hus

Etter nokre dagar med fem til bords kjendest det noko tomt då vi i kveld hadde kveldsmat, bare eg og Reidun. Margunn og Stein reiste heim til Sandøya der Margunn hadde mange oppgåver komande veke i jobben som biblioteksjef i Bamble kommune og Stein var neppe utan noko å gjere, han heller, sjølv om vi ikkje snakka så mykje om jobben hans denne gongen.

Helge reiste til Oslo, det ser ut til at han snart kan avslutte livet som koronaflyktning frå houdstaden. Sjølv om det ikkje blir på denne turen, så blir det kanskje innan august er slutt. Han har vore svært interessert i å fylgje med på Statsraad Lemkuhl si ferd langs kysten, i går reiste dei endåtil ein tur til Båly i Spangereid for å sjå skuta på nært hald, han og Stein.

Men i kveld droppa vi å ha fjernsynet på og kunne heller nyte ein stille kveld.

Nå er ikkje eg heilt sportsidiot akkurat, men i natt stod eg opp klokka 04 og fekk med meg bronsekampen. Det var jo rått parti, handballjentene til Sverige vart vel mest overkøyrde. Då dei var ferdige, såg eg litt meir på tv, så la eg meg att.

Då huset var tomt, sat vi litt på terrassen, det var helst heitt i sola. Men seinare styrta regnet ned, så det skiftar fort.

Våte som kråker

-Vi reiser til Båly for å sjå Sommerskuta, sa Helge i kveldinga. Han og Stein reiste i fint, tørt ver, vi andre blei heime for å sjå om vi fekk sjå dei på kaien. Men det gjorde vi ikkje. Grunnen fekk vi vite i telefonen då først Helge og sidan Stein ringte til Margunn og fortalde at dei var på veg heimover.

-Det regnar, vi er søkkvåte.

Vel heime kunne dei fortelje at på turen bort var det tørt og fint, men like før båten kom, så kom det ei styrtbyge. Det var lett å finne parkering, så sjølv om det var mange som møtte opp, var det god plass.

Det er ikkje så mange gonger eg har vore der, men Spangereidkanalen måtte vi jo sjå ein gong. Båly er like ved denne kanalen.

Sjølv om dei omtrent var på veg heimover då skipet klappa til kai, fekk dei nokre flotte bilete. Dei kan du sjå på Facebooksida til Stein Haugland. Her er eitt som han tok:

Kan være et bilde av en eller flere personer, utendørs og tekst som sier 'JULA JULA'

Sommarbesøk

I dag kom Margunn og Stein på sommarbesøk. Dei har ikkje hatt høve til å kome her på ei stund, og i sommarferien valde dei å reise på Vestlandet og utforske områda mellom Bergen og Ålesund, delvis også saman med Sigmund og familien hans. Mellom anna var dei på Selja den dagen dei feira seljumannamesse og fekk med seg ei flott kulturoppleving der, endåtil hornmusikk. Det var jo noko for korpsmannen Stein.

Vi vart sitjande og sjå på Sommerbåten si ferd frå Lysebotn til Sirevåg, det var turen utanfor Jæren no i kveld, og det var jo interessant å sjå området frå havet. Sjølv om ein er kjent på Jæren, så er det frå land, og noko som slo meg var alle vindmøllene som er kome opp på Høgjæren. Når vi dreg til Varhaug, der Solvor og familien bur, ser vi ikkje så mange av dei, men det var jo ein heil skog av vindmøller der.

Kampen mot vindmøller i Setesdal er eit aspekt i denne saka. Motvind Norge har ikkje vore særleg glade for at det skal kome vindmøller i Setesdal, og eg trur vel at mange støttar dei, kan hende kostar det meir enn det smakar om det skal stå slike høge master på fjelltoppane. Det blir ikkje noko Gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå, som Ivar Aasen skreiv.

Margunn fekk boka Ingen fred å finne, den kunne ho gjerne ha til biblioteket. Men Den elskelige giftmordersken av Arto Paasolinna ville ho ikkje ha, dei hadde fleire av den, etter det eg forsto.

Den elskelige giftblandersken - 
      Arto Paasilinna

      Tor Tveite

Krige med trolde

Henrik Ibsen skreiv ein gong dette diktet:

At leve er — krig med trolde
i hjertets og hjernens hvælv.
At digte, — det er at holde
dommedag over sig selv.

Nå diktar eg ikkje så mykje, det eg skriv er helst sakprosa. Difor kan eg vel neppe seie at det eg skriv er som å halde dommedag over meg sjølv.

I livet mitt er det kanskje heller ikkje så mykje ytre krig med troll, Men eg har lese ei bok om 22. juli-massakren og korleis dei som lever etter denne opplevinga har det, og der er det mange som krigar med troll i både hjerte og hjerne. Framleis skvett dei ved høge smell, framleis kikkar dei seg over skuldra når dei går på gata.

Boka heiter Ingen fred å finne og er skriven av journalisten Stian Broman. Den var i grunnen eit feilkjøp frå Bokklubben – eg gløymde å avbestille den. Men den var meir interessant enn eg hadde trudd, Eg bladde litt i den, og så fanga den meg, så no må eg nok lese ho ut.

Men ho vil nok ikkje bli verande i boksamlinga mi, eg prøver å kvitte meg med bøker, men det er jo lettare sagt enn gjort.

I dag hadde eg plan om å skrive ein prestebiografi på Setesdalswiki, det er jo nok av røde lenker å ta fatt på. Men det får nok bli til ein annan dag. Framleis er det mange namn å skrive inn frå boka.

Ingen fred å finne

2000 biografiar

I Presteboka 1974 er det om lag 2000 biografiar. No har eg begynt å skrive inn alle namna frå boka, slik at eg skal ha noko å strekkje meg mot. Målet er å få små biografiar om alle desse prestane på Setesdalswiki.

Eg har mange gonger undra meg over at kyrkje og kristenliv så ofte blir marginalt omtalt i vår tid. Når ulykker skjer, søkjer folk til kyrkja og prestane gjer ein stor jobb i kriser, men i det daglege har det på ingen måte same status å vere prest som det var før. No er ikkje status så mykje å strekke seg etter, det er ikkje det eg meiner, men å ha ein ressurs i møte med sorg og sakn, det meiner eg er viktig i eit samfunn.

Sjølvsagt er det også viktig at det er høve til å ha folk til å forkynne evangeliet i små og store bygder og byar, slik at folk kan møtast, ikkje bare få eit digitalt gudsord gjennom ein skjerm.

Då er det godt å kunne vite noko om dei som talar, og slike små biografiar kan difor vere nyttige. Den presteboka eg har er frå 1974, så dei som er med der, er vel pensjonistar, alle saman, men å få vite kven dei var som hadde teneste i kyrkjene i Setesdal og elles i landet, kan jo vere interessant, det også.

Boka fann eg i ein bruktbokbutikk for nokre år sidan. Då eg kom til skranken og skulle betale, vart dei som stod i kassa interesserte og lurte på om dei kunne finne sin konfirmasjonsprest der. Eg hugsar ikkje om dei gjorde det.

Til vanleg skriv vi om lag 1200 nye artiklar på eit år, Om vi bare skulle skrive om prestar, ville det likevel ta eit par år å dekke alle frå denne boka. Så dette er ikkje eit arbeid som er gjort i ei handvending. Men om vi får tid og får leve, så trur eg det vil ha ein verdi å få desse biografiane tilgjenegelege på nett.