Kategoriarkiv: Ymse

Med halvt øyra

I kveld var det med eit halvt øyra eg høyrde på Valle Radio, for på TV var det landskamp i fotball for kvinner mellom Norge og Nederland. Om Siri ikkje hadde vore i radioen, hadde ho kanskje, sjølv om ho ikkje er så interessert i fotball, trur eg, høyrt på nederlandsk radio eller TV si overføring av kampen. Den var neppe så entusiastisk som kommentatorane i Norge, for Norge vann 2-0.

I Valle Radio var Gunnar Stubseid på besøk. Han skal spele i Kulturveka, og heile programmet var relatert til Kulturveka 2022, som startar på fredag med basar i Broderheimen. Ingunn Røysland fortalde om den i ein triveleg samtale, dei brukar å få inn mellom 25 og 30.000 kroner til drifta av huset. Bøker ligg ikkje ute, men ein kan ta lodd utan å vere på basaren ved å bruke VIPPS til Ingunn eller Liv Åkre Trydal, men det er også åresal og mange fine gevinstar.

Det var også ein interessant samtale med Terje Granås, han er smed og skal ha to kurs i smiing under Kulturveka. Dei var innom uttrykk om smiing: smi mens jernet er varmt; mange jern i elden og eitt som eg ikkje hugsar i farten. Terje fortalde at om jernet vart for varmt, så brann det opp og rann ned i essa, så det var viktig å halde rett temperatur. Etter det eg skjøna, kunne han ha seks elevar på kvart kurs.

Den lengste samtalen var nok med Gunnar Stubseid, og så var det ein prat med Anna Slaby Driel. Men, som sagt, eg fall ut nokre gonger, så eg fekk ikkje alt med meg.

 

Før kulturveka

Til helga startar Kulturveka 2022. Det pregar sendingane i Valle Radio denne veka.

Tirsdag 11. oktober
Ansvarlig og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og en oppmuntring fra Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.15 Andakt
18.30 Kulturveka i musikk og aktivitet med
Gunnar Stubseid med Hank Williams, Anna Slaby Driel,
smed Terje Granås og og basar med Ingunn Røysland m.m.
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 12. oktober

Ansvarleg Ørnulf Hasla
Teknikar Torfinn Brokke

19.00 Tankar frå bibelen med Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer med rektor Marit J. Brokke
20.00 Aktuell time
*Setesdal konferansen, samtale med årets konferansier Ole Tom Nomeland
*Kulturveka i Valle, samtale med Berit Junge Henriksen
*Setesdal spelemanslag Unesco prosjektet på statsbudsjettet. Samtale med aktuelle aktører.
21.00 Open sending med Kristin og Ørnulf

Høyr og Valle radio på www.valleradio.com

Eller fylgje lenka på Valle radio sin Facebookside

Innhaldsliste

I kveld hadde eg ein prat med Torbjørn Greipsland der vi mellom anna snakka om Olav Golf si avhandling om Red Wing Seminarium. Den har sjølvsagt innhaldsliste og bibliografi, men personregister manglar og det er eit sakn. Når ein skal sjekke om eit namn er å finne i teksten, må ein bla gjennom heile avhandlinga.

I våre dagar er det lett å lage slike lister, skriveprogrammet gjer det mest automatisk, men i 1994 var det ikkje så lett, då måtte ein gjere det manuelt, og det var eit stort arbeid. Difor er det ikkje så rart at det manglar.

Vi snakka litt saman om eg kanskje skulle gjere det, det ville jo ta litt tid, men kan hende hadde det vore verd innsatsen.

Det har jo vore ei sterk utvikling i korleis slike oppgåver vert laga på dei knappe 30 åra som har gått. Dei som jobbar med slikt no for tida, har langt betre hjelpemiddel enn tidlegare, og slik sett er det nok lettare å halde styr på stoffet. Fotnoter og sluttnoter er også lettare å lage no, akkurat som innhaldsliste kan dei genererast av dataprogrammet. Men eg les meg framover og finn stoff eg nok skal kunne lage artiklar om på Setesdalswiki, når eg bare får områ meg litt.

Red Wing Seminarium

I dag fekk eg Olav Golf si doktoravhandling Red Wing Seminary – Et haugiansk skoletiltak i Amerika. Undertittelen er Forhistorie og pionertid frem til 1885. Den er på over 340 sider i A4 format frå 1984, skriven på skrivemaskin, trur eg nok.

Den boka kan nok danne grunnlaget for artiklar på Setesdalswiki om eg får inspirasjon. Ein setesdøl er nemnd i boka så langt, Tor B. Homme, han ivra for å få etablert misjonsskule i Stavanger. Han var haugianar og oppteken av utdanning for lærarar og prestar, som mange haugianarar var. Vi får høyre ein del om det i innleiinga.

Eg måtte slå opp i bygdeboka for Valle bind 5, side 447 og lese om Tor B. Homme, han kvidde seg ikkje for å ta presten i skule om det trongst. I boka er det ei teikning av han, han var visst liten av vekst, og det har Olav Bjørgum fått fram i teikninga der han diskuterer med presten.

Men eg er bare komen til side 100, så eg har ein del att å lese, og det vil nok kome meir på bloggen seinare.

 

 

Ålgård bedehus

I Vårt Land torsdag var det ein artikkel der Ålgård bedehus var omtalt. Thomas Espevik var forfattaren, og han skriv:

«Du skal ikke kjøre mange mil på en norsk landevei før de dukker opp som gjenglemte pappesker i grøftekantene bortover – stygge, små forsamlingslokaler bygget for å huse gårsdagens vekkelser. Men hvis du en gang har levd på innsiden av et sånt hus, ser du ikke takpapp og flassende husmorvinduer; du ser tilhørighet og hjemlig varme». (Oppstandelse, Eivind Buene, 2016)

Jeg har levd på innsiden av et sånt hus. Det var riktig nok verken smått, stygt eller gjenglemt. I 1985 var det helt nytt, med en gulvflate på 13.000 kvadratmeter. Bedehuset Bethel hadde blitt til Ålgård bedehus.

I tre år hadde frivillige arbeidsgrupper på 7–8 personer lagt bak seg over 30.000 dugnadstimer. Hver gruppe hadde én dag hver, og det ble arbeidet fra mandag til fredag 17.00-21.00, og fram til 16.00 på lørdager.

Ein av dei som la ned mange dugnadstimar for å bygge det nye bedehuset som stod ferdig i 1985, var far min, Henrik Haugland. Han gjekk av med pensjon i midt på 1980-talet, men det var bare frå jobben på Figgjo Fajanse, der han var planleggar. Dugnadsarbeid heldt han på med så lenge han hadde krefter, ikkje bare som søndagsskolelærar på bedehuset, men også i dugnaden for å bygge det nye bedehuset. Då han døydde i 2005, hadde han sett flokkar av søndagsskoleungar gå inn og ut dørene på det nye bedehuset i 20 år.

Søndagsskolen var viktig for far, her kunne barna lære bibelvers og høyre bibelfortellingar. Han nytta flanellograf for å gjere fortellingane levande, kveldane før han skulle på søndagsskolen nytta han til å legge klar flanellografbileta og grunne på teksten han skulle presentere.

Bedehusa var kulturhus av beste slag, for kulturen må formidle både kunnskap og tru til nye generasjonar.

Fotografering

I sendinga i går var det to tema som handla om fotografering. Eg skreiv litt om Sigrid Lien, som forska på gamle bilete og var på Setesdasmuseet for å sjå kva dei hadde og som nytta høvet til å etterlyse gamle bilete på radioen. Ho fortalde om Anna Lund, fotografen i Valle, etter henne var det visst 300 glassplater, kanskje hadde nokre av lyttarane kjennskap til fleire. I Bygland var det Gyro Liestøl som var fotograf. Eg burde sikkert ha skrive om begg på Setesdalswiki, men så langt har eg ikkje kome.

Etter henne kom Gro Anita Homme. Ho skal ha innlegg til samtale på filosofikafé i Kulturveka, og det er godt å minne om innslag i Kulturveka noko på førehand, slik at ikkje alt kjem siste veka før det skjer. Gro Anita jobbar på Universitetet i Agder som studiekonsulent og har ansvar for studierådgjevarar. Ho var med i Kulturveka for ein del år tilbake og det var ei god oppleving, så ho såg fram til ein ny runde. Karin Haugen skulle også vere med, fortalde ho, kanskje er det ein av dei andre programleiarane i radioen som tek ein prat med henne seinare.

Eg hadde gjort ein avtale med Helge Reber frå Vennesla. Han har hytte på Hovden og tek mange fine bilete frå Hovden, men også av motiv han finn når han reiser oppover saman med kona. Eg lurte på om ikkje kona syntest det vart mange stopp på vegen oppover. Men han fortalde at det ofte var ho som såg motivet og ba han stoppe, av og til snudde dei endåtil for å ta bilete av noko dei hadde kjørt forbi.

Siste innslaget i Aktuell time var eit opptak Ørnulf Hasla hadde gjort i samband med Sauesjådagen. Han var på Valle skule der dei laga eplekaker og hadde fleire slike små innslag der han snakka med folk som handla.

Men så var det tid for Opi sending, og eg kunne overlate mikrofonen til Jorunn og Kåre. Denne gongen var det mange som ringte inn svar på rebusar og slikt, så eg kom ikkje gjennom, sjølv om eg prøvde. Det var i grunnen like godt.

Ansvarleg

I kveld var eg ansvarleg for onsdagssendinga i Valle Radio. Det kan fort bli litt plunder når eg sit i Mandal og skal ha sending frå Valle, og i kveld var det ikkje heilt lett å få forbindelsen, så Jørund Georg Jore heldt på å gje opp og sa at eg måtte rekne med å bare bruke mobiltelefonen. Men så, ti minutt før vi skulle på lufta, så fungerte det å bruke Skype, slik det har vore vanleg tidlegare.

Som vanleg var det tankar frå Bibelen først, og der var det Torleif Harstad som var i studio i Valle. Eg hadde gjort avtale med Magnus Berg om å ha kommunen informerer noko kort, for eg hadde mykje på programmet. Det var han glad for, han hadde lite og planla å bruke Bygdenytt.

Men i staden kom Torleif Homme, og han hadde så mykje på hjarta at vi kunne nok brukt halvtimen. Han fortalde om arbeidet med vatn og kloakk frå Kraftverket og sørover. På Nomeland hadde dei funne litt av kvart snadder for arkeologar då dei opna planlagt trasé, så  i staden for å starte utgraving som ville forsinka prosjektet med eit år og fordyra det svært mykje, hadde dei lukka det og funne ein annan stad å leggje ledningen. Han fortalde også at i Valle sentrum har dei starta eit arbeid med å opparbeide området bak bensinstasjon og butikkar for å få parkering.

Første gjester i Aktuell time var Sigrid Lien og Leonhard Jansen. Dei håpa at eit besøk i Valle Radio kunne få lyttarane til å leite fram gamle bilete og dele med Setesdalsmuseet. Eg vil kome tilbake til det i bloggen i morgon, saman med anna stoff frå sendinga.

Gamle hus

Gamle hus var eitt av fleire tema i sendinga i Valle Radio i kveld. Eivind Dalseg frå Bygningsvernsenteret snakka med Siri Johannessen om eit tema som begge var engasjerte i, og då blei det ein god samtale fagfolk imellom. Vi fekk mellom anna vite at det var 200 bygningar frå før reformasjonen i 1537 i Agder, og dei er automatisl freda. Så er det ei rekke bygningar frå før 1650, som er ei anna grense. Eg er amatør på området, så eg fekk neppe alt med meg, og eg sat ikkje med penn og papir for å ta notatar, det burde eg nok gjort, for då hadde eg nok fått med meg meir.

Før dette hadde ho ein samtale med Erlend Gunstveit. Han skal ha konsert i Bykle nye kyrkje i desember, så det er ei stund til, men han gledde seg til konserten og hadde vore der før. Han fekk spørsmål om han kunne ta gitaren og spele utan stort band, og det kunne han, han syng vel i skjæringspunktet mellom country og vise, etter det eg skjøna. Vi fekk høyre eksempel på musikken hans og, eg tenkjer at fleire fann den fin og kanskje vil skaffe seg billett på ticketmaster.com eller håpe på å kome inn gjennom dørene ved å kjøpe billett ved inngangen.

Som eit apropos til TV-aksjonen hadde Siri også ein samtale med Mari Stokstad frå Leger uten grenser. Ho hadde vore feltarbeidar på Cuba og ville gjerne reise ut att når familien var klar til det, då ville ho helst til Afrika. For henne var det svært meiningsfylt å arbeide for organisasjonen, som ikkje bare engasjerer leger, men også alle dei som jobbar rundt for at legane skal kunne yte sitt, alt frå sjåførar og sjukepleiarar til bygningsfolk og kontorpersonale.

Som vanleg vart tysdagssendinga avslutta med Postludium, og i kveld hadde Siri funne fram eit verk som tok heile den halvtimen programmet varer: Franz Liszt: Ad nos. Salutarem. Det var monumentalt og sterkt og strålande spelt av Simon Preston.

Haustferie og radio

Denne veka har skulane haustferie, men Valle Radio har fullt program både tysdag og onsdag. Kan hende blir Opi sending med Jorunn og Kåre litt ekstra sprek når det er haustferie og folk på hytter rundt om, det står att å finne ut.

Her er programmet for dei to dagane:

Tirsdag 4. oktober
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og en oppmuntring fra Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.15  Over en åpen bibel ved Svein Anton Hansen fra Norea
18.30 Musikktimen med bl.a. Kjetil Alver Lund i Flokkdyr og Erlend Gunstveit

19.30 Aktuell time med
Eivind Dalseg fra Bygningsvernsenteret om gamle hus, og
lege Mari Stokstad Olsen, feltarbeider for Leger uten grenser ifm TV-aksjonen 2022

20.30 Postludium ved Siri Johannessen

21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 5. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt frå klokka 20.30: Ingeborg Åkre Løyland
Program
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Magnus Berg
19.45 Aktuell time om gamle bilete ved Sigrid Lien, om psykologi ved Gro Anita Homme, om fotografering ved Helge Reber og om sauesjåglimt ved Ørnulf Hasla
21.00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Foto

Eg er ikkje så flink til å fotografere, men av og til glimtar eg til og knipsar eit bilde. Då er det hyggeleg å kunne dele det på Facebook, og ofte får eg tommel opp frå vener som ser det. Vi likar å få LIKER på bileta vi tek.

Det er ofte vanskelegare å få tommel opp for tekstar, blogginnlegga mine får som regel maks fem, skulle eg få ti ein gong, er det storveges. Som oftast legg eg meir arbeid i eit blogginnlegg enn i eit foto, det er jo gjort på eit sekund. Men ein kan jo bruke litt tid på å finne eit motiv, då.

Til onsdag skal eg ha med Helge Reber frå Vennesla i Valle Radio. Han tek mange bilete og får dei ofte synt på NRK Sørlandssendinga si side. Eg lurer på om han har nokre tips til andre som tek bilete. Eg trur ikkje eg kjem til å få eit bilete på Sørlandssendinga, men du som høyrer på programmet, kan kanskje få eit tips.

Men då må du høyre på sendinga onsdagskvelden frå klokka 19. Helge kjem på lufta om lag kolla 20.15.