Kategoriarkiv: Ymse

Etterspurte bøker

Eg har samla litt på bøker av Lars Rustbøle for å skrive om dei på Setesdalswiki. Difor hugsa Margunn på meg då det kom eit spørsmål etter bøker av han på ei intern mail-liste for bibliotekarar. Ho lurte på om eg kunne vere av med nokre av bøkene mine.

Det kunne eg jo gjerne. Eg leita fram nokre av dei eg hadde, og det synte seg at eg hadde tre eksemplar av Brudesøljen, ei bok som kom i 1933 og sidan kom i mange opplag. Bøkene hans kom i det heile i mange opplag, noko av dette kan ein lese om i artikkelen om han på Setesdalswiki.

Men først må eg jo skrive om bøkene på Setesdalswiki. Det blir bare bibliografisk informasjon om årstall for utgjevingane, sidetall, forlag og illustratør, om eg finn informasjon om noko slikt.

Førsteutgåva av Brudesøljen hadde omslag teikna av Trygve M. Davidsen. Det blir nok ein artikkel om han også, og han hadde artikkel på Wikipedia, så då blir det ikkje så vanskeleg. Å finne informasjon om De unges forlag, det er kanskje ikkje like enkelt, men eg får sjå kva eg finn.

 

 

Kino-opplevingar

Eg var ikkje klar over at Valle Radio hadde sending også i går kveld, eg trudde at det ikkje var noko onsdagssending etter dei strålande kveldane med påskesending. Difor gjekk eg ikkje inn på nettsida i går kveld for å høyre nærradio frå Valle. Dermed gjekk eg glipp av dette programmet:

19.30 Kommunen informerer med Ann Kristin Jacob, leiar HR og Velkomstsenter
20.00 Lokal time
– Sondre Rua Dokken og Lars Tarald Myrum mimrer om kinoopplevelser i oppveksten
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike
Eg sende spørsmål til Sondre om kva filmar det var tale om, og då fekk eg desse:
*Dangerous minds – valget er ditt
*Wayne’s World
*Snatch
*Space Jam
*The Fast and the Furious
*Kill Bill: Volume 1
Jorunn og Kåre hadde Opi sending, men dei fekk nok ikkje like mange telefonar som under påskesendingane. For då gjekk jo telefonen mest varm, etter det eg fekk med meg frå Mandal.

28 dagar

Den siste tida har eg lese ein roman av Maryan Keyes om ei kvinne som var lagt inn på ein klinikk for avrusing etter langvarig bruk av rusmidlar. Rachels ferie heitte boka og det var sterkt å lese den. Sidan lånte eg oppfølgjaren, den kom 20 år etterpå, då er Rachel sjølv blitt terapeut på klinikken.

I dag kom eg over ein film på Netflix med tittelen 28 dagar, den handla om det same. Medan det i boka var tale om tre månader, var det i filmen bare fire veker. Så kom journalisten tilbake til venner i byen, og dei ville lage fest for henne, ville skåle og feire at ho var tilbake.

Men då vende ho ryggen til det gamle livet og gjekk frå dei sjølv om ho vart kalla festbrems og anna mindre fine ting.

Både filmen og bøkene var tankevekkande. Sjølv har eg vore totalist heile livet, ikkje minst vart eg det prinsipielt då eg var rektor på folkehøgskolen og såg kva alkohol førte til hos unge som skulle ha fest.

Det er godt mogleg å ha fest utan å ruse seg, truleg er det minst like godt som med rus, og så er det ikkje bakrus.

3. påskedag

Så er påskedagane over og vi er tilbake til kvardagar att. Niklos K. Besteland var usikker på om det skulle vere sending i kveld og ringde meg for å høyre om eg visste noko.

Men Siri Johannessen sa alt før helga at det ikkje kom til å bli sendingar fleire veker rundt påske, for studio skulle riggast til påskesendingane. Dette var ein av desse dagane, og det er neppe sending i morgon heller. Denne første veka etter påske skulle folk møtast for å sende ut brev med gåvekort til alle som vann i rebusar og andre oppgåver.

Så sjølv om Niklos hadde budd seg på eit program i kveld, må han nok vente ei veke på å få presentere sin kjære orgel- og kyrkjemusikk gjennom radioen.

Eg fortalde at det var Stein Føreland Straume som hadde vunne varmepumpa, førstepremien i påskelotteriet i radioen. Han hadde ikkje høyrt det direkte, lista med vinnarar vart lesen opp langt ut på natta.

Med det gode resultatet frå påskebasaren blir det i alle fall mogleg for Niklos å presentere ny orgelmusikk også komande år.

 

Oppstandelse

Sjølve påskehøgtida er over, men påsketida er tida mellom påske og pinse. Torbjørn Greipsland skreiv litt om oppstandelsen på Facebook i dag, og eg kopierer noko av det han skreiv:

Bevisene for oppstandelsen:
Jesus ble sett av fem hundre
Mang en gang har noen sagt at gransker man argumentene for og imot Jesus oppstandelse, må man konkludere med at en oppstandelse har funnet sted.
Tidligere høyesterettsdommer Sir Edward Clarke, England, sa: “Som jurist har jeg foretatt en omfattende undersøkelse av bevismaterialet omkring det som hendte påskedag. For meg er bevisene avgjørende, og jeg har mer enn en gang avgitt kjennelse i retten på grunnlag av langt mindre overbevisende utsagn enn disse. Som jurist aksepterer jeg uten forbehold evangelienes utsagn som sannferdige menneskers vitnesbyrd om noe de kunne gå god for”. (Michael Green: Dagen da døden døde, Credo Forlag).
Tidligere professor i historie ved Universitetet i Oxford, Thomas Arnold, sier dette: “Jeg har gjennom mange år vært vant til å studere tidligere tiders historie og undersøke og prøve holdbarheten i det som har vært skrevet om dem. Og jeg vet ikke om noe i menneskehetens historie som har vært bedre og grundigere dokumentert slik at den ærlige søker kan finne svar, enn det store tegnet Gud har gitt oss da Kristus døde og deretter stod opp igjen fra de døde” (Samme kilde)
Fakta overbeviste
Det finnes til og med flere eksempler på at folk som begynte å studere påskens beretninger for å motbevise at de fant sted, har kommer til den erkjennelse at dette er sant; Jesus lever!
Artisten Rune Larsen begynte ikke å studere Bibelen for å motbevise den, men for å se hva fakta sa. Det førte ham til tro. Han forteller at på en leir han senere var med på, var en del av opplegget at de skulle vurdere grundig Bibelens vitnesbyrd for og imot Jesu oppstandelse.
-Da ser vi at de taler for at Jesus stod opp. Det første faktisk til at en person på denne leiren kom til tro på Jesus (Rune Larsen i intervju med Kristelig Pressekontor 1996)

Påskebasar innspurt

I kveld droppa eg å høyre på Valle Radio fram til halv tolv. Difor kan eg ikkje rapportere så mykje på bloggen. Men eg ringde inn på den siste rebusen og svarte bilbelte til Jorunn Lund Harstad som tok telefonen. Men det var ikkje eg som kom inn og fekk ein samtale med folka i studio eller fekk gjette på eit dialektord eller å høyre ein lyd. Det var i grunnen like godt, for eg hadde ikkje klart dei.

Jorunn fortalde at det var god stemning i radioen før det no skulle vere trekking. Det var det også hos dei som ringte inn. Då var det selde over 28.000 lodd. Brutto inntekt vart med det over 280.000 kroner. Sluttsummen vart 282.460 kroner. Stein Føreland Straume vann varmepumpa som var førstepremien.

Kor skal vi reise?

Det har vore interessant å fylgje Viggo Valle i Påskelabyrinten også dette året. Han utviklar finurlege spørsmål, og i finalen i dag kom han endåtil innom Bykle på vegen til målet. Målet var for øvrig heime hos Øystein Sunde på Skarnes, og vinnaren var visst fan av den populære visesongaren og musikaren. Premien var eit reisegåvekort på 10.000 kroner, og det skulle han og familien nytte i sommarferien på tur i Sør-Sverige – mellom anna i fotefar etter Karl Ove Knausgård.

Målet for programmet er ikkje bare å teste geografikunnskap, men også å lage underhaldning for sjåarar og lyttarar. Og det var god underhaldning og folkeopplysning i same slengen.

I morgon kveld er det igjen tid for påskebasar i Valle radio. Torsdagskvelden reknar eg med at Ørnulf gjekk på skyer i yr glede over eit godt resultat, og meldingar tyder på at det tok litt tid frå sendinga slutta klokka 01 til folk som var i radiohuset fekk sove. Eufori og adrenalin er ikkje sovemedisin.

I morgon kan påskebasaren avsluttast med eit strålande resultat. Heldigvis har dei andredagen å sove ut på. I komande veke og framover i april kjem så gåvekorta til sin rett. Mange gode sponsorar gjer at basaren har ei stor gevinstliste i form av gåvekort som må løysast inn hos sponsorane. Kan hende blir det litt handel på toppen, og då går det i pluss for alle partar. Kan ein basar bli betre?

Pass opp

I dag var det nokon som prøvde å hacka meg. Av meldingar på Facebook ser eg at fleire venner også har blitt hacka no. Når venner ber om å få telefonnummeret ditt, så skal du heller ringe dei, då får dei det inn på mobilen og du slepp unna hackinga.

Men i dag var det ein litt meir avansert versjon, forrige gong var det snakk om at eg hadde vunne 3600 kroner, denne gongen var det tale om 100.000 kroner. Her er samtalen, slik den gjekk mellom meg og den hacka pensjonerte redaktøren av avisa Dagen, Odd Sverre Hove: (mine svar i kursiv)

Hallo
Odd Sverre

hvordan går det
Takk, jeg lever et stille liv i Mandal nå sammen med Reidun. Barna holder seg på Østlandet

Odd Sverre

Jeg bare lurte på om du har mottatt hjemmetjenestestipendet som pågår denne måneden, har du mottatt ennå?
Har ikke hørt om det

Odd Sverre

Det er hjemmehjelpsstipendet donert til oss av menneskehetens organisasjon for å utrydde fattigdom og stabilisere økonomien..Har du hørt fra dem?
Nei
Jeg fikk 100 000 fra kampanjen, de må hjelpe pensjonister, arbeidere, studenter, funksjonshemmede. Organisasjonen skal utrydde fattigdom og stabilisere økonomien, jeg ble også kontaktet av en venninne av meg som fikk levert hjemmehjelpstilskuddet sitt… så jeg måtte kontakte agenten for å bekrefte og jeg krever mitt også. Vet du hvordan du søker om det?
Nei

Odd Sverre

du må klikke på denne lenken akkurat nå, den vil ta deg til agentens Facebook-side nå og sende ham en melding akkurat nå ok
(jeg har fjernet lenken for sikkerhets skyld)
Odd Sverre
Send ham en melding om at en venn fortalte deg om hjemmehjelpsstipendet, og du er her for å søke om ditt hjemmetjenestestipend også
Odd Sverre
Send ham en melding nå og kom tilbake til meg her, så skal jeg fortelle deg hva du skal gjøre videre.
Jeg trodde du var i kirken nå
Etter det høyrde eg ikkje meir

Påskesending 2022

Så vart det endeleg påskesending att. Det var mange som var glade for det, kunne vi høyre frå innringarane til sendinga i kveld. Sjølv prøvde eg å ringe inn nokre gonger, men eg kom ikkje gjennom. Det er stor skilnad frå onsdagskveldar, då kan det vere under fem som ringer. No var det frå heile Setesdal og langt vidare også.

God stemning på hytta, sa ein innringar, men katten reiste ut.

Folk løyste rebusar og dialektord og lydar, dei vann gåvekort og flaxlodd og pengane strøymde inn. Ein kjøpar kjøpte 600 lodd, altså for 6000 kroner. Dei som skulle skrive inn lodda i reknearket, hadde mykje å gjere, etter samtalane å dømme.

Britta Lise las opp namna på loddkjøparar, så her var mange kjente namn, men også mange ukjente namn. Og pluseleg, like før klokka runda midnatt, kom også Helge Haugland, 50 lodd.

Jo, vi er med på påskebasaren i år.

Og her er gevinstlista

Gevinstar påskebasar 2022

 

 

 

Imponerande

I dag kom lista over gevinstar til påskebasaren i Valle Radio. Den var imponerande, verdien var visst 110.000 kroner. På toppen var det ikkje lenger skinnfu, men varmepumpe. Lenger nede på lista var tre lass med grus, kvart med verdi på nokre tusen kroner.

I morgon kveld brakar det så laust. Over 30 personar er involverte desse to dagane, så det blir folksamt i radiohuset, kan hende mest så ein må ut for å lufte seg litt. For når sola står på, blir det jo varmt og det er få luftevindu, i alle falle slik eg hugsar det. Her er første sida:

Kan være et bilde av tekst som sier 'Uppstad Bjorgulv varmepumpe verdi Motorsenteret- stk portápner verdi liten Maskin- Hovden 3.000,- levera Setesdal grus, eller Bykle kommune verdi verdi Service Hylestad Auto 500,- Balpanne Bykle Maskin verdi .500,- gávekort .250,- brukast Evje Hasla Hasla EU-kontroll EU-kontroll .250,- Bratteland riluftsliv klatrebillett med Valle sagbruk Circle verdi 1.000,- AS Gunnar Atelier Mona verdi brukast Valle Sport 1.000,- Gavekort Gavekortkr Valle landbrukssenter) genser, Sagneskar- Gavekort 900,- Heimebesok omrade Sagneskar- Gávekort 900,- omrade XXL verdi 845,- 820,- halvars Fleecejakke (hentast Valle 30/6-22) 790,- liters) innan 15/12-22) Hylestad Coop Solvgarden 500,- 500,- Eigedom k 500,- 500,- Coop Handlaft Gávekort Hylestad/Valle Hylestad/Valle verdi Motorsenteret'