Alle innlegg av Harald Haugland

Jol i Setesdal 2020

I den aktuelle timen onsdagskvelden tok eg ein telefon til Tarald Rike. Han er leiar av skriftstyret i Jol i Setesdal, og til vanleg er det tradisjonsrike joleheftet i sal på møtet i Bygland mållag 1. sundag i advent.

Slik vart det ikkje i år, kunne Tarald Rike fortelje. Skriftstyret var blitt forsinka med arbeidet, men etter kvart hadde dei fått nok stoff til eit hefte på 72 sider, meiner eg han sa. Prisen har i mange år vore 100 kroner, men i år måtte dei gå opp til 120 kroner i utsal og dei måtte også auke prisen på annonsane. Han meinte annonsørane hadde støtta Jol i Setesdal som i tidlegare år og vona kjøparane ville gjere det også.

Når det gjaldt innhalde i heftet, ville han sende meg ei innhaldsliste då eg snakka med han før sending. Men eg sa at vi heller kunne snakke om det i programmet, så det var ikkje nødvendig.

I dag angrar eg på det, for då kunne eg avslutta bloggen med den innhaldslista. No må eg bare nemne at han hadde mange fine artiklar, mellom anna ein om støylsliv på Valle Austhei og at Arne Aabø også i år hadde skrive ein fin artikkel som han var svært takksam for å få til heftet.

Personvernforordninga

Personverdforordninga er eit tema som kjem til å bli mykje omtalt framover. Det er langt, så som oftast nyttar ein forkortinga GDPR, og John Horve fortalde om dette i gårsdagens sending i Valle radio.

Grunnen til det var at han skal ha eit digitalt seminar om GDPR for kommunane i Setesdal 15. desember frå klokka 10 til 14. Men ettersom det er digitalt, kan alle melde seg på og bli med, og både næringsliv og organisasjonsfolk vil ha nytte av det. På nettsida til LMT Setesdal, der John Horve jobbar, er det høve til å melde seg på, og ein vil då få meir informasjon.

I 2014 var Ståle Lindblad på Setesdalskonferansen, Sidan den gongen har vi hatt kontakt. Han har starta ein serie no i desember som han kallar En om dagen. Der presenterer han oss for relevante artiklar om emne innan data og teknoogi, og i dag kom det ein artikkel med tittelen Telefonen spionerte på meg. Slik fant jeg overvåkerne. Den handlar om kvifor det er viktig å ha personvernforordninga og er vel verd å lese. Under her finn du lenke til artikkelen, som vart publisert på NRK Beta.

Telefonen spionerte på meg. Slik fant jeg overvåkerne

Heilt svett

Av ein eller annan grunn var eg heilt svett etter kveldens sending i Valle radio. Den gjekk fint, teknikar Liv Gunn Viki gjorde ein god jobb med å kople meg saman med dei eg skulle snakke med.

Først ut var rådmann Aud Sunniva Fuhr i Kommunen informerer. Den halvtimen er fast, og kommunen løyvde på budsjettmøtet no i november også tilskot til radioen på 25.000 kroner for neste år. Det er ei av dei mange driftsutgiftene kommunen har, men dei har også eit investeringsbudsjett på mange millionar kroner som skal brukast på mange gode formål for å gjere livet i Valle betre og kanskje til og med kunne trekke fleire folk til kommunen.

I Haralds time snakka eg først med Olav Mosdøl, lyrikaren som var lærar på Kvitsund gymnas i 34 år og som i år hadde budd 60 år i Kviteseid. Han er frå Kultro i Bykle og var ofte heime på hytta på Byklestøylane.. Til våren kjem han med ei ny diktsamling, korona har utsett lanseringa, den var no sett til 7. mars, men vi fekk høyre første sporet av plata som fylgjer med boka. Han og Hege Bålsrød frå Horten har gått saman om den, så den skal lanserast både i Gvarv og i Horten.

Resten av kvelden vil eg skrive meir om i morgon.

 

Julebutikk og adventsmusik

I kveldens sending i Valle Radio kunne vi høyre Ewald Assmann og Astrid Kyte fortelje om julebutikken dei har i det gamle bygget til Valle Handel. Etter det eg forsto var det ikkje bare dei som stilte ut ting der, så ein treng ikkje dra til byen for å finne kvalitetsprodukt med lokal tilknytning.

I Posludium hadde Siri Johannessen med seg Kjetil Ertresvåg, kantor i Moss kirke., Han hadde valgt ut musikken og presenterte den sjølv. Dermed fekk vi ein fagmann sine ord om det vi fekk høyre, og Ertresvåg frå Sunnmøre var tydelegvis glad i Johann Sebastian Bach, for dei første verka var det han som hadde laga. Det aller første spelte Ertresvåg sjølv, det andre var det Hans Fagius vi fekk høyre.

Så kom det eit korverk av Otto Olsson. Verket Advent er kjent og kjært og det var ei glede å høyre det igjen. Sion pris din saliggjører, det var Oscars mottettkör, Stockholm, dirigert av Torsten Nilsson,

Kveldens siste verk var igjen eit orgelstykke, denne gongen «Toccata over «Veni, veni Immanuel»» («Å kom, å kom Immanuel») spilt av Ken Cowan på Riegerorgelet i Bryn Mawr Presbyterianske kirke. Det var eit brusande verk for fullt orgel, komponisten var fødd på 1930-talet og lever framleis.

Har det på tunga

Har du opplevd at du har ein melodi i hovudet og ikkje klarar å få tak i namnet eller teksten? I kveld måtte eg ta ein telefon til søster Jorunn i Lyngdal for å få hjelp. Eg song i telefonen, og svaret kom med ein gong: Å Betlehem, du vesle by.

Du vil nok få høyre melodien i Valle Radio kanskje både ein og fleire gonger i adventstida vi no er inne i. Vi bør jo ikkje bruke opp alle julesangane lenge før jul, men på den andre sida har vi så få sendingar at det er fristande å bruke nokre av dei i det minste, kanskje dei som vi ikkje brukte å gå rundt juletreet å syngje.

Det er vel slutt på juletrefestar  snart, samlingar der ein song julesongar, åt julebakst og gjekk rundt juletreet. I Grendi gjekk dei til og med rundt juletreet i kyrkja, det trur eg ikkje er så mange plassar dei gjer i tradisjonelle kyrkjer. Noko anna blir det med arbeidskyrkjene, der kan ein ha ein kyrkjelydssal for slikt. Men i år blir det vel lite, for i år er sosial kontakt bannlyst av styresmaktene på grunn av korona.

I morgon skal Siri ha dette programmet i radioen:

Tirsdag 1. desember

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein (Norea)

18.15 Over en åpen bibel fra Norea
18.30 Sangtimen

19.30 Aktuell time om kalendere, kunst og mer med Gerd Fosse Hovden (Bykle), Lisbeth Dalquist Homme (Valle) og Ewald Assman og Astrid Kyte om brukskunst i Valle Handel

20.30 Postludium med Kjell Ertresvåg, kantor i Moss kirke
21.00 Kyrkjebakken
Og onsdag er det min tur med dette programmet:
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
  • 19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif Harstad
  • 19.30 Kommunen informerer med Aud Sunniva Fuhr
  • 20.00 Aktuell time med lyrikar Olav Mosdøl, Olav Magnus Iversen, John A. Horve og Tarald Rike
  • 21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad, Kåre Rike og Ingeborg Åkre Løyland

Stormenes tid

Dei siste dagane har eg gjennom romanen Stormenes tid av Ken Follett, den er på nesten 1000 sider, vore nesten 900 år bakover i tida. Det var ei stormfull og lovlaus tid i England, og forfattaren tek oss med til den fiktive byen Kingsbridge og folka som held til der.

Eigentleg er det knapt ein by, men heller eit kloster med ein landsby utanfor bymurane. Her vil munkane byggje ein katedral og får med seg muraren Tom som har ein draum om å byggje ein katedral, det ypperste byggverket ein mann kan lage.

Forlaget omtaar det slik:

Vi er i England på 1100- tallet. Folk stimer gjennom gater og streder- små og store er på bena for å overvære en henrettelse. Den dømtes gravide hustru sender en grusom forbannelse mot bødlene og løper vekk. Det hviskes at hun heter Ellen og at hun hører til blant de fredløse. Vi er i middelalderens England med borgerkrig og uro, og møter fredløse og adelige, rikdom og fattigdom, vakre kvinner og sterke lidenskaper. “Stormenes tid” er utgitt på norsk i to bind: “Sverdet og korset” og “Katedralen”.

I 2020 kom desse to bøkene ut i eitt bind. Eg har tidlegare skrive om kva boka som kom ut ny i år og som skildra noko av det som skjedde i området før denne boka tek til. Men no er det nok på tide å kome seg til biblioteket og finne neste bok i serien.

Stormenes tid: sverdet og korset - katedralen | Ken Follett

Lokalmedisinske tenester

Tysdagskvelden hadde Siri Johannessen med seg ein representant frå Lokalmedisinske tenester, Gro Berit Straum. Dei snakka om at tida vi no er inne i er ei vanskeleg tid for barn og unge, for mørketid og juletid fører ofte til større konsum av alkohol. Senteret arbeider med spørsmål knytt til rusproblem og er eit ressurssenter som alle kommunane i Setesdal kan hente hjelp frå.

Komande onsdag er det tanken at John Horve skal bli med i sendinga i radioen og informere om personvern, GDPR er eit EU-direktiv som Norge er forplikta på når det gjeld personvern.

Det minner meg på at Setesdalswiki hadde eit tilfelle i så måte, for vi fekk brev frå Datatilsynet om ei sak i samband med dette. Men Setesdalswiki er eit leksikon og kom inn under eit unntak for journalistiske formål.

Men det skal bli interessant å snakke med John Horve om dette.

 

Boklån til inga nytte

I kveld fekk vi Margunn og Stein på besøk. Tidleg i veka hadde eg ein prat med Margunn og fortalde at eg las Aftentid og morgengry av Ken Follett. Så skulle ho ta med Stormenes tid frå biblioteket til meg. Men då ho kom i kveld, hadde eg alt lese over 300 sider i den, ho var til salgs for ein hundrelapp på bokhandelen.

Eg trur ho vart litt lang i maska, for det var boklån til inga nytte. Men på den andre sida var det to utlån, og så kunne ho ta dei med heim. Ho fekk også den boka eg nettopp hadde lese med seg, biblioteket kunne trenge eit eksemplar til. Så då var det kanskje litt til nytte likevel.

Som du skjøner, så er eg i lesemodus for tida. Det har vore godt å gå djupt inn i ei bok og leve med dei personane som blir skildra, sjølv om tilhøva var heilt annleis i England på 1000-talet.

Det blir ofte sagt at bøker er den beste julegave. Den gaven er jo eit problem når hyllene er fulle av bøker. Men prinsippet om at ein kan ta inn ei ny bok om ein tar ut ei gammal eller helst ti gamle, burde kunne gi rom for ikkje bare å kjøpe bøker, men også å låne bøker. Og då kan dei kanskje vere til nytte likevel.

Postludium til Domssundagen

Tysdag hadde Niklos K. Besteland Postudium i Valle Radio. Der presenterte han tre verk med musikk til Domssundagen, siste sundag i kyrkjeåret.

  1. Giusieppe Verdi (1813-1901): Dies Irae et Tuba Mirum frå Missa de Requem. Det ungarske stats operakor og -orkester, bassolist Carlos Colobare. Naxos 8.503147

2. Marcel Dupré (1886-19971): Le Monde dans L’attendedu Sauveur frå Symphonie Passion, opus 23. Organist Stefan Engels på orgelet i St. Heilig Geist Katholische Kirche, Mannheim. Naxos 5.553920

3. Peter Møller (1947-1999): Largo over sekvensen Dies Irae frå verket Forvandling. Organist Birgitte Ebert på orgelet i Vor Frue domkirke i Ribe. Paula CD 150

Neste år

I kveld handsama Valle kommunestyre neste år. Det var budsjettet som skulle bli vedteke, og det var mange som hadde innlegg i debatten. Budsjettet var gjort opp med overskot, og dermed var det mange som kunne tenke seg å bruke litt av overskotet på ulike gode føremål.

Mange av desse gode føremåla vart presenterte før matpausen, men budsjettet vart ikkje vedteke før folk hadde fått seg kaffi og vaflar. Vedtaket førte i alle fall til at Valle Radio får 25.000 kroner i tilskot frå kommunen.

Her er det endelege vedtaket:

Vedtak:
1. Ein økonomiplan i balanse med dei inntekter og utgifter som framgår av skjema § 5-6
Økonomisk oversikt – drift i budsjett 2021 og økonomiplan 2021-2024.
2. Rammer fordelt til dei ulike tenesteområda slik det framgår av skjema § 5-4 Sum
bevilgningar – drift, netto.
3. Investeringar i tråd med skjema § 5-5 Bevilgningsoversikter – investering.
4. Låneopptak i tråd med skjema § 5-5 Bevilgningsoversikt – investering, på inntil 27,964 mill. kroner, jf kommuneloven §14-15, med avdragstid på 30 år.
5. Lån til utlån gjennom Husbanken si ordning for formidlingslån med 2,0 mill. kroner, avdragstid på inntil 30 år.
6. Endring i gebyr- og betalingssatsar slik det framgår av gebyrregulativet i vedlegg, og med desse endringane:
Pris for plass i barnehagen for 2021 vert vidareførd med same pris som i 2020. Matpris som i dag. Finansiering minka driftsramme økonomiavdelinga.
Ordninga vidareførast 2022 og 2023. Finansiering minka driftsramme økonomiavdelinga.
Pris på SFO vert sett til kr 1500 pr månad for 100% plass, kr 1100 t for 80% plass og kr 700 for 60 % plass. Med verknad frå 01.09.2021. Matpris som i dag. Finansierast med reduksjon i driftsramme teknisk.
7. Ved utskriving av formuesskatt og inntektsskatt – skattøre – for personlege skattytarar og andre skattytarar skal det for 2021 nyttast maksimale skattesatsar slik desse vert fastsette av Stortinget.
8. Eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 3c på kraftverk mm vert skrive ut innfor
kommunen sine grenser. Skattesatsen i høve § 13 på 7 promille av takstverde vert nytta. Det skal nyttast maksimale satsar. Eigedomsskatten er delt i fire terminar, jf § 25, med forfall 1. april, 1. juni, 1. august og 1. oktober i budsjettåret.
 Riving av tidlegare Valle menighetshus/tilrettelegging av parkeringsplass kr 200.000,- i 2021. Finansiering utsatt innkjøp av flishoggar kr 200.000,-
 Innkjøp av flishogger i 2022. Finansiering redusere innkjøp av lift i 2022 med kr 200.000,- Lift vert da satt opp i økonomiplanen med kr 300.000,- i 2022
 Tiltaket klatrevegg vert kalla Klatrevegg og ikkje klatrevegg Vallehalli
 Turstiar langsmed åne. Det vert sett i gang arbeid med turstiar i Valle og på Rysstad langsmed åne i henhold til høyringsuttalen om Otra Elvepark frå Valle kommune. Dette skjer i samarbeid med Midt
Agder friluftsråd. Det vert satt av kr 1.mill til arbeidet. Det er ein føresetnad at det og arbeidast med å hente inn framande midlar.
Finansiering kr 1 mill frå fond allmenne interesser 25 199 003
 Kommunestyret er einig i at det vert laga ein plan for pleie og omsorg og at dette vert og å ta opp i planstrategien.
 Det utarbeidast plan for oppgradering/oppussing av Valle bygdeheim. Planen er grunnlag for løyvingar i budsjettet for 2022
 Kommunestyret vil at rådmannen følger konkret opp dei anbefalingane som kjem fram i BDO rapporten vedrørande kommunehelse 7.4 Anbefalingar .
– Innføre en klarere struktur i styringsgruppemøtene. Kommunene bør avgjøre hvor ofte det er hensiktsmessig at styringsgruppen skal møtes, samt sette konkrete agendaer og saksliste.
– Etablere et system for årlig evaluering og rapportering av kommunesamarbeidet, basert på oppsamlet informasjon om finansiering, aktivitet og ressursbruk, samt tjenestetilbud –
kvalitet og – behov fordelt på kommunene.
– Bli enige om, og konkretisere, en plan for hvordan Valle kommune skal involveres i budsjettprosessen i helsetjenesten.
– Konkretisere hva som er forventet av og hvilke arbeidsoppgaver tjenesteleder i Bykle skal ha overfor Valle kommune.
– Det bør utarbeides klare rutiner for ansvar – og oppgavefordeling i samarbeidet mellom psykisk helse og rus i helsetjenesten og pleie – og omsorgstjenesten i Valle kommune. Dette arbeidet bør innvolvere tjenesteledere fra begge områder, samt koordinerende enhet
 Teknisk
Rådmannen vurderer ordninga med teknisk vakt. Om ordninga er naudsynt heile veka, berre i helga eller om teknisk vakt kan fjernast som ordning. Rådmannen si vurdering vert lagd fram for formannskapet innan mars 2021.
 Teleslynge
Det må utarbeidast ein plan for korleis offentlege bygg kan tilretteleggjast for hørselshemma. Td ved bruk av teleslynge.
 Vidareførar tilskot til Valle Radio og kulturmidlar.
 20 % funksjon på stiar og løyper, fortset. Finansiering driftsramme rådmann.
 Rådmannen legg inn oppussing/oppgradering av kommunestyresalen. Kostnader leggast inn som prioritera tiltak i budsjett 2022.
 Kommunestyre meiner at fokus på miljø er viktig og ber rådmannen vurdere bruk av el-biler i Heimesykepleien.
 Kommunestyre ber rådmannen legge fram eiga sak med tømmestasjon for bobiler. Anlegget vert plassert på den tidlegare Meinigheitshus tomta. Saka vert lagd fram for kommunestyre i mai 2021.
 Framskunde rehabilitere skulekjøkken Valle skule til 2021 : 250.000kr. Finansiering : ubundne investeringsfond.