Alle innlegg av Harald Haugland

I gang att

Etter knappe to veker med jul og nyttår, startar vel kvardagen att for dei fleste i morgon. Mange vil sikkert meine at det var for kort juleferie, men for ein pensjonist som meg, som har ferie heile året, er det likevel godt å kome i gang att med ein meir normal kvardag.

Julebaksten er nok ikkje borte enno, så framleis kan det vere ei og anna julekake til kaffe, men i det store og heile blir det nok meir normale dagar framover for dei fleste.

Dessverre er det mange som ikkje får det slik. På Gjerdrum ligg mange hus i ei leirsuppe og dei som budde der er utan bustad og klær og alt som høyrer til kvardagen. Eg tenkjer at det er mange som har sjekka om huset deira er bygd på fjell dei siste dagane og når dei har funne ut at det er slik, er dei takksame for det.

På Setesdalswiki runda vi eit nytt tusental på nyårsaftan. Det har gått litt tregt å kome i gang att etter det, men også her vil det bli meir normal produksjon når kvardagen kjem. Radioen startar opp att og avisene blir distribuerte. Rett nok må vi vente heilt til torsdag på første nummer av Setesdølen i 2021, men så har vi noko å glede oss til.

Det skal bli godt å kome i gang att.

Ny skribent

I mitt stille sinn var eit nyttårsønske å få fleire til å skrive på Setesdalswiki. Med fleire skribentar kunne vi dekke fleire område og på ein betre måte.

I dag kunne eg ønske Vetle Toreid velkommen som skribent, han registrerte seg og tok til å skrive. Av og til er det nokon som registrerer seg utan å skrive. Men Vetle gjekk i gang med det same.

Å få ein ny skribent gjev i alle fall meg inspirasjon. Kan hende er det råd å nå 2000 nye artiklar i 2021 og dermed auke i høve til  dei 1625 vi hadde i år. Kanskje vi også lukkast i å utvide nokre av artiklane vi alt har, fleire brukarar har tilgang til fleire kjelder.

Då eg budde i Setesdal, arbeidde eg i etasjen over biblioteket og kunne lett finne stoff der. Det er ikkje så lett når ein held til i Mandal, og diverre har eg ikkje så mykje lokal litteratur frå Setesdal som eg skulle ønske. Men heldigvis har eg Setesdølen og kan bruke den som kjelde for mykje. Så vi får inspirere kvarandre til å halde fram med å promotere Setesdal gjennom faktainformasjon om folk, stader og hendingar.

Framsnakking

Eg har hatt glede av å fylgje Hilde Blix si Facebookside der ho har framsnakka 366 Fabelaktige Folk fra Nord. Serien vart avslutta i går etter å ha gått eit år, og framleis kunne ein nok finne mange folk å ha med i lista. Den ligg på http://artvapo.org/366-folk-fra-nord/

Sjøl skulle eg jo gjerne gjort noko liknande, men eg trur det får bli med små dosar her på bloggen, der eg tid om stunder kan framsnakke folk eg har møtt både i Setesdal og andre stader.

Vi burde øve oss i framsnakking, for det er så fort gjort å hamne i motsatt grøft. Kanskje ikkje akkurat baktaling, men at vi likevel rettar kritiske synspunkt der vi i staden kunne syne godvilje og velvilje. For eg trur samfunnet mellom folk blir betre om vi klarar å framsnakke og held oss unna det motsette.

Framsnakking verkar som olje i eit maskineri, då fungerer vi betre saman. Utan slik olje i samfunnsmaskineriet, så knirkar det fort.

Dessverre er media stort sett opptekne av å finne konflikter og strid, dei meiner at det er verd å trekke fram. Men gode forteljingar om folk som hjelper kvarandre, anten det no er i katastrofer eller i det daglege, det er også godt å lese.

Så lat oss starte eit nytt år med framsnakking av kvarandre.

93000

Det var eit mål å nå 93 000 artiklar på Setesdalswiki før nyttår, og i kveld klarte vi det. Geir Daasvatn har i det siste teke for seg boka om bruer som Reidar Tveito har laga, og då har han mykje stoff å ta av, for det er sanneleg mange bruer i Setesdal. Artikkelen om Sessane bru vart den som førte oss over på eit nytt tusental.

I 2020 laga vi 1625 nye artiklar, det trur eg er rekord for eit år. Ofte har vi laga 12-1300 på eit år, så det er stor auke. Når vi likevel har angt over 90 000 artiklar, kjem det av at vi har så mange datoartiklar, heilt tilbake til år 1800. Det gjev hjelp når vi skal finne ut kva vekedag ein person vart fødd, mellom anna.

Om vi klarar å halde så høgt tempo i det komande året, er eg ikkje sikker på. Som alt anna er det meste usikkert når det gjeld framtida. Men Setesdalswiki har om lag 500 besøk kvar dag og hadde 9108 unike gjester i 2020. Så vi formidlar framleis informasjon om folk og hendingar i regionen, sjølv om mange finn det dei treng på andre digitale plattformer. Setesdalswiki sin styrke er at stoffet vi skriv, blir liggjande og kan leitast fram seinare, noko som i alle fall ikkje er lett når det gjeld Facebook.

Så vi vil prøve å halde det gåande så langt helse og krefter held også i det nye året og ønskjer alle eit godt nytt år.

Uventa

Ingen trudde det skulle gå jordskred på Gjerdrum og ingen trudde Magnus Carlsen skulle tape i sjakk. Og så skjedde det uventa, og vi sat att noko måpande framfor fjernsynet og kunne knapt fatte det vi såg.

Sjakk vart ikkje så veldig viktig lenger, men medkjensla med redningsfolka som trassa vanskeleg ver og provde å hjelpe folk i Gjerdrum, den var sterk. 1000 personar evakuerte og julestengt Olavsgård hotell opna for å ta i mot. Mange kunne reise vidare, men nokre fekk husrom på hotellet, dei hadde bare det dei gjekk og stod i.

ein eller fleire stader sit det nok folk som har vore ekspertar og sagt at det var trygt å byggje og bu på leirgrunnen. Folk vil nok meine at det er betre å bygge huset på fjell etter dette, akkurat som det heiter i sangen: Har du ditt hus oppå klippen bygd, sikkert i stormen det står. Her er det jo tale om ein annen klippegrunn, for eit av dei mange bileta på Jesus er at han er ei klippe. Mange songar har brukt det bildet, I bygge skal huset på Ordet klippegrunn er mykje brukt til bryllup og Klippe du som brast for meg er kanskje ei av dei salmene som blir meste sunge, Rocjk of Ages, cleft for me.

Framleis leitar dei etter overlevande, men ti var sakna i kveld. Likevel held leitinga fram i tru på at det kanskje kan vere overlevande i nokre av dei 14 husa/ adressane som vart borte.

Årsoppgjer

Lurer du på kor mange kveldar det har vore sending i Valle radio i året som gjekk. Ei opptelling av artiklar i kategoriane Valle radio våren 2020 og Valle radio høsten 2020 syner at det har vore 83 sendingar. Fordelinga er 33 i haust og 50 i vår og sommar.

Gjenno desse mange programma har du fått intervju, kåseri, andakt, musikk i mange sjangrar og av mange folk. Når politikarar rosar det frivillige arbeidet som vert gjort i landet vårt, er også Valle radio med i dei som kan sole seg i glansen. For her er alt arbeidet frivillig, både programleiarar og teknikarar er frivillige.

Du har fått møte lokalsamfunnet i Setesdal og kanskje særleg i Valle og Bykle, men også Bygland og Evje og Hornnes gjennom programma i radioen. Av og til har tematikken toucha det som vert skrive i avisa, men ofte er det originale vinklingar og andre problemstillingar som er i fokus.

Til dømes prlver Siri å spegle det frivilige kristelege arbeidet i bygdene, dette kjem kanskje ikkje så godt fram i andre media, men i Valle radio er tysdagens sending ofte prega av denne vinklinga. Men slett ikkje alltid, ofte finn også andre tema plass i tysdagssendinga.

I dette vanskelege året er det grunn til å takke Siri Johannessen ekstra for innsatsen. Ein periode var det bare ho som fekk gå i studio, det var i starten av koronatida. Då heldt Siri radioen i gang aleine, Sanneleg laga ho også radio 17. mai, som jo også var uvanleg i år. Då kom talen for dagen frå studio i radioen.

Tankestrek

Ein tankestrek kan føre mange stader. Eg trur Linda Eide og Gunstein Vetrhus var inne på noko slikt i eit program på tv nyleg. For medan du held ein tanke i hovudet, eller på papiret, kjem tankstreken og flyttar perspektivet, ja kanskje meir til.

I desse koronatider er det ikkje så lett å samle sjakkspelarar tête-a-tête, ansikt til ansikt. Så då finn ein ei digital løysing og får arrangere julesjakk likevel. Det er morosamt å fylgje med, eitt parti i dag enda remis med bare kongane att på brettet. Dei kan jo ikkje kome nær kvarandre, så då måtte det bli remis.

Sjølv om det er romjuls-sjakk, er det visst ikkje romjuls-snooker. Det kunne det godt ha vore, det er i alle fall meir interessant enn kvalifisering til eit hopprenn, som plutseleg var viktig å vise.  – Rett nok ser eg på hoppuka nyårsdgen, men kvalifisering til eit av renna i romjula, er jo litt mindre interssant.

Men dagen i dag har eg for det meste hatt i 1. vannrett – bare av og til avbrote av 2. loddrett. Slik er det når frukosten vil opp att, – då smakar ikkje middagen heler. Men riskjeks – den får eg i det minste ikje opp att lenger.

Rapport frå Jæren

Medan eg sat og funderte på kva eg skulle skrive om på bloggen i kveld, ringte søster mi, Solvor, prestekone på Varhaug. Dei har alle barna og barnebarna nesten i gangavstand frå heimen, så der får familiejul ei utvida tyding: Ein dag den familien og barna, neste dag den andre, og tredje dag den tredje.

Og så har dei store familiar, så når folk kjem saman, går det ei bøtte med heimelagawaldorfsalat (utan valnøtter) der vi hos oss klarar oss med eit beger frå Delikat sine hyller.

Så går praten om laust og fast. Mannen hennar er pensjonert, men vikarierer som prest i Gjesdal, i så måte var det vel som då han var i jobb, presten kjem vel som oftast noko seint heim til julemiddagen.

Far min var kyrkjetenar og kom likevel heim seinare, for han skulle ringe jula inn på Ålgård frå klokka 17 til 18. I den tida hadde dei ikkje ringemaskin, og han måtte byte på å ringe og å kime med handmakt. Kiminga betydde at han måtte øvst i tårnet og slå på klokka med kolben. Det kunne vere kaldt, for lukene måtte jo vere opne, så lyden kunne nå ut. Når han endeleg kom heim, minnast eg at han var nokså forfrossen. I tillegg kima det i øyrene hans ganske lenge etter at han var ferdig.

Men så langt eg kunne forstå var rapporten av veret samsvarande med min eigen rapport, det regnar og blæs. Godt å ha hus og heim i ein slik mørk og kald vinter.

Nytt tusental før nyttår?

I ei melding til meg før jul undra Geir seg på om vi kom til å nå eit nytt tusental artiklar på Setesdalswiki før jul. I så fall måtte det skrivast ti nye artiklar kvar dag. Eg var nok ikkje så sikker på det, og sjølv vil eg på ingen måte ta æra for det om det lukkast. Men no har vi seks dagar att og manglar knapt seksti, i skrivande stund er det 92941 artiklar.

Eg skreiv i går om at eg las Felemakaren av Edvard Hoem. Så gjekk eg laus på Kongen forteller av Harald Stanghelle. Den fekk eg også til jul. Harald Stanghelle hadde 11 lengre samtalar med kong Harald, og dei er det blitt bok av. I boka er det også mange bilder.

Eit av bilda er frå hagefesten i Dronningparken i 2016 der 1500 var til stades for å feire 25 år som konge. Der var også Geir, invitert som ei av mange eldsjeler rundt om i Norge. Eg har leita mykje på bildet for å sjå om eg kan finne han. Men eg har ikkje lukkast så langt.

Om eg leitar i Siste endringer på Setesdalswiki, er det mykje lettare å finne han. I ei melding til meg lurte han på om det var greitt om ein artikkel var kort, det kunne jo vere ein start som etter kvart kunne få meir tekst om vi fann meir stoff seinare. Sjølvsagt kunne den det, meinte eg, det er jo heile prinsippet med ein wiki, å skrive det ein har som ein start og så fylle på sjølv eller godta at andre fyller på. Lisensen til teksten er jo laga slik, elles ville det ikkje fungert.

Men Geir skriv ikkje bare på Setesdalswiki. I haust aga han ei biletbok frå Evje og Hornnes, Setesdal – slik eg såg han. Boka er lettlesen, men eg har brukt tid på boka alt no, for ein blir ikkje utan vidare ferdig med bileta.

Om det blit nytt tusental før nyttår, det står att å sjå.

Felemakaren

Eg fekk to bøker til jul. Den eine var Felemakaren av Edvard Hoem. Då julegavane var delt ut og vi tok til å sjå nærare på kva vi hadde fått, opna eg boka og tok til å lese.

Lars Olsen Hoem (1782-852) drøymde i ungdommen om å krysse store hav på eiga skute, men ungdomstida hans forsvann i det som ettertida har kalla Englandskrigane, og enda med eit fem år langt opphald på britiske fangeskip, skriv Hoem i ei innleiing han kallar Til lesaren.

Deretter kjem hendingane i romanen i ulike kapittel: Utreisa, Marsjen, Slaget, Kornet, Fangeskipet, Gjensynet, Etterkrigsår, Den første fiolinen, Huset i Smedvika, Klippfiskberga og Enkemannen. Etter det 11. kapitlet følgjer eit Etterord med fleire faktaopplysningar og informasjon om kven som har hjelpt forfattaren i arbeidet med å skrive romanen.

Det tok lang tid frå den musikkinteresserte felespelaren starta si varierte livsreise til han fekk bygd si første fele. I alt bygde han bare 30 feler, men han bygde også mandolinar og gitarar, i tillegg til mangt anna snekkerarbeid som han tok på seg for å få endene til å møtast. Han og kona fekk sju døtrer. Ettersom boka byggjer på Edvard Hoem si slektshistorie, er truleg ei av desse døtrene bindeleddet melomm forfataren og felemakaren, men kven det er, trur eg ikkje han skriv.

Eg starta boka jolekvelden, og ho var så fascinerande at eg sleit med å legge meg, det var langt på natta før eg kom meg i seng. Og så starta eg før frokost att, så innan gudstenesta frå Nidarosdomen 1. juledag starta, var boka utlesen.

Felemakaren: roman | Edvard Hoem