Alle innlegg av Harald Haugland

Menighetshuset

I kveld hadde Siri vald å ha fokus på Menighetshuset i Valle. Det skal snart rivast, noko som vekker såre kjensler hos mange. Torleif Harstad var i studio og fortalde om dei mange aktivitetane som har vore i huset gjennom åra frå det stod ferdig i 1966, trur eg han sa. Sjølv var han ikkje i bygda då, han gjekk på Birkeland folkehøgskole den gongen, endåtil eitt år saman med Reidun.

Huset har vore nytta til mangt og mykje, sjølvsagt til møter, enkle møter og møteveker, basarar og bønemøter, men også fungert som grendehus med møter for hestelag, bankmøter og det meste mellom. Trong folk ein samlingsstad, så var Menighetshuset lett å ty til, det var sentralt og hadde kjøkken slik at folk kunne få seg ein kopp kaffe.

Sjølv var eg spurd om å seie noko om Internatmøta, og der kunne eg sagt mykje, for eg har lese Sverre Lund si bok om Valle Indremisjon 100 år ganske grundig og laga liste over alle talarane som talte på Internatmøta i dei over 40 år som desse var i sving. Men Torleif kunne nok fortald mykje meir enn eg, så tida vart knapp, for Siri ville gjerne også ha med litt frå Opne Dører til slutt i timen sin.

Det var eit fint program og godt å få minnast alle velsigningane Menighetshuset har vore kanal for gjennom åra. Mange ville nok helst hatt eit eige hus framleis, men no er det blitt Kyrkjestoge i Sæbyggjen som skal dekke det som Menighetshuset tidlegare hadde plass til.  Og sundag var det avvigsling og slik markering av at ein periode er over.

Under er eit bilde av eit korps som spelar på eit Internatmøte

Fil:Korps på internatmøte.jpg

Månedens konkurranse

Det var ingen som hadde laga Månedens konkurranse på Wikipedia denne gongen, så eg tenkte at eg fekk ta meg på tak og lage ein slik konkurranse. Eg valde tema Kirker, der bør det vere nok å ta av når ein kan skrive om kyrkjer over heile verda, tenkte eg.

For å teste det ut skreiv eg ein liten artikkel om ei kyrkje i Danmark, Stubbekøbing kirke. Den er frå 1200-talet. Men det var ikkje så lett å få konkurransen til å virke. Nettstaden har ein robot som skal telje poeng i konkurransen, men den har eg ikkje fått til å gå. Eg har spurt om hjelp, men så langt har ingen gode hjelparar kome til syne, så eg får bare smørje meg med tålmod, så ordnar det seg nok.

Eg har ikkje vore så aktiv på Wikipedia i det siste, tenkte vel helst å gje meg der. Men så kom det spørsmål om eg kunne hjelpe litt, og då fekk eg litt inspirasjon att, så får vi sjå kor langt den rekk.

Å skrive om danske tilhøve på bokmålswikipedia er i grunnen ganske lett, for språket er jo svært likt. Men eg skriv i min eigen stil og kopierer ikkje den danske. På dansk skreiv dei: Stubbekøbing Kirke har en dejlig akustik, meget egnet til korsang og koncerter, og et skønt orgel. Min norske versjon vart slik: Kirken har en fin akustikk og er svært godt egnet til korsang og konserter.

Her er eit bilde av kyrkja:

Stubbekøbing Kirke.jpg

 

Ny onsdag

Komane onsdag 10. februar er det min tur til å ha sendinga i Valle Radio att. Liv Gunn kunne ikkje vere teknikar, Sondre var også oppteken, så eg har fått med meg Siri som teknikar og når eg er ferdig, kjem Jorunn og Kåre med rebusar og slikt.

Elles har eg ikkje vore så aktiv på Setesdalswiki i det siste, så det går noko tregt mot eit nytt hundretal. Men Siri har hatt ei rekke redigeringar for å fikse småfeil ho har oppdaga, mellom anna punktum som anten mangla eller ikkje var turvande.

I løpet av dagen har eg funne nokre gamle aviser som ikkje har blitt lagde inn, dei vil eg nok prøve å få på plass i nærasta framtid. Men av og til droppar eg ut og ser heller litt på TV. Ute er det framleis kaldt, -8 var det i dag og det er ikkje ute verande etter mi meining, om ein ikkje er nøydd, då.

 

Turhytte

I Fædrelandsvennen i dag las eg om turhytte, ei hytte som ligg på ein stad det er naturleg å gå til. Det er laga ein plan for å ha slike hytter i alle kommunane i Agder. Hyttene skal vere opne for alle og ikkje ha nøklar. Gåturen skal ta ein halv time til tre kvarter, og utgangspunktet skal vere maksimalt 15 minutt frå kommunesenteret.

I løpet av dagen tok eg ein telefon til Bård Andreas Lassen i Agder fylkeskommune, Bjørn Ropstad, fylkespolitikar, Steinar Kyrvestad, ordførar i Valle som endåtil var med då dei opna ei slik bu i Kristiansand, Vaffelbua på Jegersberg. Eg snakka også med Knut H. Rysstad, som byggjer slike buer og som i dag la ut bilder av buer han nyleg har bygd. Alle ville vere med i radioen onsdagskvelden.

Bjørn var klar på at dette skulle vere ei hytte som ikkje skulle ligge høgt til fjells, men ei hytte som det var lett tilgang til for alle. På Evje meinte han at ho burde ligge bak Evje sentrum, i skytefeltet, som han sa. Det er jo ikkje skytefelt lenger. I Sogn og Fjordane verkar det som om det er meir på toppane ein finn slike hytter.

lmmz 4qh 3hx

 

Inkonsekvens

Noen av mine tidligere medarbeidere da jeg bodde på Stokmarknes hadde i dag et innlegg i Vårt Land sammen med andre i menigheten der. De pekte på den inkonsekvensen det er at skjenkesteder får holde åpent, men kirkene må holde stengt. I kirken sitter man eller står på faste plasser, gjerne kirkebenker, som oftest er benken fastmontert. Men stolene på skjenkesteder er vel ikke fastmontert, likevel får de holde åpent. Menigheten antyder at det har vært sterk lobbying fra utelivsbransjen som har gjort at regjeringen har gitt etter.

I kirkene er vel de fleste i menigheten godt kjent og smittesporing bør være enkelt. Slik er det neppe i utelivsbransjen hvor folk dropper innom for et klass eller to eller en matrett. Om stemningen er høy, kan vel kanskje registreringsnøyaktigheten være lav, for alt jeg vet er det mange som heter Per Spellemann eller lager seg andre fiktive navn.

Jeg leita etter innlegget fra mine venner i nord i Vårt Land og fant det, men fikk ikke kopiert det slik at jeg kunne legge teksten med på bloggen. Om noen av dem leser bloggen min og sender meg det, kan jeg ta det med i morgen.

Her er utsikten mine venner i nord kan nyte i disse dager:

Moeysalen-2020.jpg

Foto:  Bjørn Christian Tørresen/ Wikipedia

Reiser

I desse koronatider skal ein vere forsiktig med reiser, heiter det., Nødvendige reiser er ok, men elles bør ein halde seg heime. Så sprøs det kva som er nødvendige reiser. Klart at ein må på butikken for å handle mat eller på apoteket for å få medisiner. Ein tur til legen eller slikt må jo også kallast nødvendig.

Men elles får vi halde oss heime, ikkje fare i bryllup, der kan det jo vere få saman, gravferder toler visst nokre fleire, men møte og festar bør haldast utandørs om dei skal vere forsvarlege. Søster mi fortalde at dei hadde hatt utegudsteneste sundag med mange frammøtte ved sjøen i Lyngdal sist sundag. Komande sundag skal det vere utegudsteneste ved kapellet i Mandal. Det blir sikkert kaldt for dei som kjem, men den skulle visst bare vere kort, kanskje ein knapp halvtime eller noko slikt.

Eg kjem ikkje til å reise på den. Å reise i desse tider er risikosport, å gå inn på ein buss og sitje saman med framande i ein time krev minst munnbind, helst vaksinekort, slik dei skal få i Sverige for å dokumentere at dei er vaksinerte. Heldigvis er vi pensjonistar fritekne frå å reise på jobb, så vi  treng ikkje ut i morgonrushet.

Vi bør visst også redusere straumbruken om morgonen, heller stå opp seint og fyre med ved. Her i huset har vi hatt varmepumpe i mange år, så om straumen kostar 2,50 pr kwh, ein morgontime, så kuttar vi nok toppen på den måten, og så fyrer vi i omnen slik at varmepumpa ikkje treng dure og gå på høgaste nivå.

Det er godt å halde seg heime og ikkje reise i sprengkulda. Då slepp ein å risikere timevis i kø i Vatnebakken også. Det er ein bonus.

Mine rebusar

I kveldens open sending i Valle Radio var det eg som hadde laga rebusane. Dermed kunne eg ikkje ringe inn, men mange andre var med, så det blei halvannan underhaldande time.

Eg hadde laga nokre oppgåver om å fullføre ordtak, det var ein vri som ikkje alle klarte like godt. Men den pensjonerte læraren Jan Helge Skaar hadde morosame kommentarar frå elevar: Små gryter har også lokk og fleire kokkar – meir mat.

Toril Lunden vart trekt ut og fekk gåvekort frå Joker på 250 kr.

Her er det eg sende til Ørnulf før sendinga, ikkje alle vart brukt:

Tenkte å variere med nokre ordtak først

1. Når katten er borte………………./ danser musene på bordet
2. Blind høne ………………………../ finner også korn
3. Kast ikke …………………………../ perler for svin
4. Den verste høna…………………/ er den som kakler mest
5. Magen blir mett …………………./ før øyet
6. En dåre kan spørre ……………../ mer enn ti vise kan svare
7. Som du vil, mannen min, sa kona / men her skal skapet stå
8. Nød lærer naken kvinne ………/ å spinne
Rebusar
1. Kutter strøm ved overbelastning + lite hus = sikringsbu
2. Pandemi + dikt = koronastev
3. Pandemi + penger = koronapengar
4. Tigge + pronomen + bygning = bedehus
5. Reise + liten veg = tursti
6. Flamme + etat = brannvesen
7. Energi + stoppestad på jernbane = kraftstasjon
8. Salg + nr. 19 + sted der noe lekker = handelslekkasje
9. Kampsport + organisasjon = Taekwondoklubb
10. Stokk + fjellpass = Stavskar

 

Tirsdagskveld i kulda

Med 20 minusgrader er det fint å kunne høyre på Valle Radio i kulda i Valle. Via Internett kan ein få det over alt i verda, også her i Mandal med 8 minusgrader. Etter sendinga i kveld snakka eg med Siri Johannessen som var ansvarleg for kvelden. Då sto ho utanfor radioen med ein bil som ikkje ville starte og venta på NAF slik at ho kunne kome seg heim att til Bygland.

Av programmet i kveld vil eg spesielt trekke fram samtalen med Svein Kleivane der han fortalde om reisa til Russland. Turen gjekk heilt til Sibir og han hadde mange opplevingar på vegen, så det var mykje å fortelje om. Han hadde fått sjå at bak fasaden var livet kanskje ikkje så enkelt som vi har det her i vest. Kan hende kjem han tilbake og fortel meir i radioen.

Før han snakka Siri med Sigrid Bjørgum. Ho samlar inn klede til Ukraina, og no er Hallvard Hasseløy på tur att for å hente ein ny ladning. Oppsamlinga finn stad i Klippen Bykle der ein kan levere sekker med klede som ein sjølv ikkje har bruk for lenger. Det same kan ein gjere ved å kontakte Astrid Nomeland på Rysstad og levere på Nomeland bedehus. Som folk i Norge vil folk i Ukraina ha heile og gode klede, ikkje filler og fjas. Og så vil ho gjerne ha 50 kroner pr. sekk til å dekke transporten, men dei vil ho ha på vipps, ikkje som ein 50-lapp limt på sekken.

Postludium til kyndelsmesse har Siri skrive om sjølv på Setesdalswiki

Store artiklar

I dag fekk eg lagt inn eit par store artiklar på Setesdalswiki. Dei handla om orgel, nærare bestemt om tidsskriftet Orgelspeilet. Eg fekk dei tilsendt av Sven Atle Johannesen, som er redaktør for bladet. Ta gjerne ein titt på 25-årsberetningen til Det norske orgelselskap

Her er programmet for sendingane i Valle Radio komande veke:

Tirsdag 2. februar

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Programinformasjon

18.15 Over en åpen bibel ved Roald Arnesen fra Norea Mediemisjon

18.30 Sangtimen med besøk av Sigrid Bjørgum

19.30 På reisefot med Svein Kleivane
20.30 Postludium ved Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 3. februar
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
Telefonvakter: Jorunn Helle og Solveig Rysstad
19.00 Over ein open bibel ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer: Else Margit Tveit
20.00 Timen med Brede Høygilt fra Statens vegvesen om fylkesveier,
Sissel Åkre med nytt fra Valle Bygdekvinnelag og

instituttleder ved UiA Mariann Fossum om desentralisert sykepleierutdannelse

21.00 Opi sending med Kristin Sagneskar og Ørnulf Hasla
Rebussvar: tlf 41 77 66 66

 

Ryddesjau

I dag har vi prøvd å rydde litt i bilder på Setesdalswiki. Gjennom åra har nokre bilder blitt skifta ut med nye, og dei ligg kanskje att ubrukte. Skal ein så slette dei eller skal ein heller bare behalde dei? Eg er knapt einig med meg sjølv, og dermed er eg sikkert heller ikkje einig med andre.

Men nokre er vel blitt sletta, andre sette på venteliste medan eg prøver å bli einig med meg sjølv.

Det hadde sikkert vore meir fornuftig å rydde rundt datamaskinen eg skriv på, der samlar det seg notatar og papir og bøker i små og store haugar. Men når ein ser kontora til journalistar og forfattarar på tv, er dei som regel overfylte av slikt, så eg er i godt selskap. Vonleg har eg litt system i rotet, slik at eg kan finne att det eg treng.

Men det er nok helst bare ei von, for ofte må eg ha hjelp av Reidun til å leite fram noko eg ikkje finn, endåtil om det ligg like framfor augo mine. Eg trur ho har eit eige gen for å halde styr på ting, det er sikkert ikkje godt utvikla hos meg.

Men ein ryddesjau på Setesdalswiki gjer at eg finn eit og anna gullkorn eg knapt visste at eg hadde. Til dømes eit nydeleg bilde som Reidar Tveito tok av Koddøya i Byglandsfjorden: