Alle innlegg av Harald Haugland

Norskamerikanske aviser

I dag la eg ut på Setesdalswiki ein artikkel av Torbjørn Greipsland. Den handla om norskamerikanske aviser og var forma som eit debattinnlegg i samband med utgjeving av ei bok om emnet. Tittelen var: Storverk om norskamerikanske aviser, men beklagelig ensidighet og boka var «Norske aviser i Amerika», utgitt på Scandinavian Academic Press. Sidetallet er 478.

Torbjørn var innom og vi hadde ein hyggeleg prat denne supervarme dagen. Då han gjekk, ville han ein tur på Sjøsanden og bade, kanskje ikkje på sjølve stranda, men på ei av dei strendene som ligg like ved.

Det er rart å tenke på at det var nesten 300 norskspråklege aviser i USA. Sjølv hugsar eg Decorah-Posten, som av ein eller annan grunn kom til oss då eg var ung. Men vi hadde få slektningar i USA, så Amerikapakkar var ikkje noko vi snakka om hos oss.

Eg trur nok Reidun hadde fleire, då vi hadde sletsstene for etterkomarar etter oldeforeldra hennar, kom det 21 personar frå USA. Dei var kanskje tremenningane hennar, og dette var første høvet til å ta ein tur. Vi var samla over 100 personar på Skjernøy, og på veggen i stova heng eit bilde frå arrangementet.

Det hadde vore moro å lage artiklar om nokre av dei norskamerikanske avisene her på Setesdalswiki. Fleire av dei som er omtalt i Torbjørn sin artikkel, har omtale på Wikipedia, så det kunne nok vere mogleg å finne stoff om ein stod på hardt nok.

Men det er tusenvis av andre røde lenker på Setesdalswiki, så det blir nok ikkje ei prioritert oppgåve. I staden får eg prøve å følgje opp litt av det som skjer i Setesdal no og få på plass artiklar om det. Men truleg må eg bare innsjå at eg klarar ikkje å dekke alt der heller.

Akkurat som dei norskamerikanske avisene, det blir bare små glimt.

Setesdal i biletkunsten

I sendinga i Valle Radio i går kveld hadde Siri Johannessen fått med seg Gunnar Stubseid til å fortelje litt om måleriutstillinga i Valle Handel no i juli. Gunnar heldt foredrag på opningsdagen og fortalde om kunstnarane der. Eg tok ein telefon til han for å høyre om eg kunne få manuskriptet til Setesdalswiki, men han hadde ikkje manuskript, så det kunne eg ikkje få.

Han hadde med seg litt av det som Kitty Wnetzel skreiv om opphaldet i Setesdal, ho og mannen Gustav Wentzel var i Valle i to periodar, både i 1891 og 1899, og så knytta han kunsten saman mellom anna ved å lese litt frå boka hennar om opphaldet.

Eg vart litt overraska då eg sjekka kven kunstnarane var, for eg hadde ikkje alle desse på Setesdalswiki, så her må eg nok til å skrive noko. Folk som har vore i Setesdal bør ha artikkel på Setesdalswiki, brukar eg å seie.

No har skrivinga mi gått langt ut over desse grensene, men det er ei anna soge.

I programmet hadde Siri også med Hans Martin Henriksen, som var på Sørpolen saman med Sigurd G. Helle. Han var også god til å fortelje, det var levande og informativt og kunne nok ha gitt stoff til ei bok, alt det han hadde å dele med oss. Men det vart kanskje ikkje noko bok, bare ein nøktern rapport til Norsk Polarinstitutt og kanskje ein artikkel i ei avis eller noko, eg veit ikkje, og det snakka dei ikkje om.

Eit tema som Gunnar Stubseid var innom, var den store endringa det har blitt i samfunnet. Då dei første kunstnarane kom til Setesdal, var  ikkje fotokunsten oppfunnen, så bileta var svært realistiske. Dei kom frå Düsseldorf, der dei studerte målarkunst. I Setesdal fann dei det rotnorske, årestoga, der åren stod midt i rommet og røyken gjekk opp gjennom ljoren. Det rotnorske var viktig i nasjonsbygginga. Fleire av kunstnarane budde i Valle i lange periodar.

I dag har alle høve til å ta foto med mobiltelefonen. Eg nytta høvet då vi hadde is og jordbær i dag og tok eit bilde av vårt barnebarn Nikolai.

Kan være et bilde av 1 person, mat og utendørs

Sigurd Sørpol

Eg blir stadig overraska over alle dei interessante tema som Siri Johannessen tek opp i Valle Radio. I sendinga i kveld er skal det handle om Sigurd Sørpol, mannen som overvintra på Sørpolen. Ho har ved hjelp av Harald Dag Jølle frå Norsk Polarinstitutt funne den siste attlevande frå ein av hans ekspedisjonar, Hans Martin Henriksen, og han blir med i programmet.

Dette skjer i programmet Folk og musikk klokka 18.30. Der vil vi også få høyre Gunnar Stubseid fortelje om maleriutstillinga i Valle Handel i sommar. Bykle og Valle kunstlag har fått til ei spennande utstilling. Til slutt i programmet blir det eit innslag med Tarald Myrum om sauesjåmarknaden 2021.

I Postludium klokka 20.30 får vi høyre orgelmusikk bygd på folketonar. Melodiane som er brukte er I himmelen, i himmelen, Kjærlighet er lysets kilde og Ingen vinner frem til den evige ro.

Eg lurer på om dei song på Sørpolen. Kan hende salma Fra fjord og fjære passa, der heiter det i eit av versa,  tekst: M.B. Landstad 1856    melodi: H.O.C. Zinck 1801

Her ute kulde / er nu og dypen sne, / Guds himler fulle / av stjerner dog å se. / For oss opptennes / en deilig nådesol, / Guds åsyn vendes / til oss fra himlens stol; / når allting endes, / vi der skal holde jul!

Tirsdag 13. juli

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret::Programinformasjon og kåseri av Asbjørn Kvalbein frå Norea

18.15 Andakt skrevet av Thore Haukner

18.30 Folk og musikk:
Sigurd G. Helle og Dronning Maud Land 1956–1960 med historiker Harald Dag Jølle fra Polarinstituttett og yngstemann på ekspedisjonen, meteorologisk assistent Hans-Martin Henriksen
Malerkunst i Valle Handel: Gunnar Stubseid
Sauesjåmarknad i Valle! Tarald Myrum
20.30 Postludium med folketoner ved Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken

Formiddagsbesøk

I strålande ver sat Reidun ute på terrassen i føremiddag. Då kom Unni og Harald Holmboe forbi. Eg sat inne med mine bøker, men då måtte eg ut ein tur.

Det vart føremiddagskaffe på terrassen med Mandalskringle og ein hyggeleg prat. Så kom drengen vår, han som slår plenane våre, og før han kom så nær at bråket uroa, avslutta vi på terrassen.

Når det gjeld Setesdalwiki, har eg pusla vidare med dei amerikanske misjonærane. Men også med Eldrid Aamland frå Birkeland, ho var på Madagaskar som misjonær. Eldrid vaks opp på Birkeland folkehøgskole der far hennar var rektor, sidan vart ho lærar der, då hadde ho mellom ansvar for internasjonal linje, det var ho jo vel skikka til.

Eg lurte på om eg skulle ta kontakt med henne, for vi gjekk saman på Bibelskolen i Oslo i 1966/67. Men eg gjorde ikkje det.

Her er Harald Holmboe på terrassen.

Kan være et bilde av 1 person og utendørs

Biografiar

Eg har ei bok med liste over nesten tusen norskamerikanske misjonærar. Det er Torbjørn Greipsland som har skrive den basert på stoff han har fått frå amerikanske kyrkjer sine misjonsorganisasjonar. Men listene treng utfyllande informasjon for å få kjøt på beina. Då må ein leite i ulike kjelder, og heldigvis har vi no internett som gir oss høve til å søke.

Ein av misjonærane var Elvira Aamodt. Eg lurte på om ho kanskje var nemnd i Norsk misjonsleksikon, men det var ho ikkje. Men då eg såg i band 3 og der dukka Eldrid Aamland opp. Ho er frå Birkeland og var misjonær på Madagaskar. Men før ho kom så langt, gjekk ho på Hornnes landsgymnas. Så då kunne eg skrive henne inn på lista over tidlegare elevar der. Då fekk eg ei rød lenke og kunne få ein liten artikkel om henne.

Eg gjekk saman med henne på Bibelskolen i Oslo i 1966/67, vi skulle ta kristendomskunnskap på Universitetet i Oslo. Eg slutta etter eitt år og har ikkje hatt særleg kontakt med dei eg gjekk saman med der. Men det var jo moro å få ein liten artikkel om henne på Setesdalswiki.

Elles måtte eg jo få med meg Finalen i EM i fotball. Eg hadde trudd at England skulle klare å vinne, men det vart Italia som gjekk av med sigeren. Når eg skriv dette, er det premieseremoni.

93400

I dag runda vi eit nytt hundretal. Det var datoartikkelen 31. juli 2021. No som samfunnet opnar opp meir etter korona, blir det fleire aktivitetar ein kan melde om, og på denne datoen er det både kunstutstilling og folkemusikkfestival. Då eg etter å ha skrive artikkelen om Ole Tom Nomeland, han vart 50 år 9. juli 2021 og hadde fødselsdagsomtale i Aftenposten, skulle sjekke talet på artiklar, var vi plutseleg på veg mot 93 500 artiklar. Om det går like fort som denne gongen, lurer eg litt på, for no brukte vi bare fem veker på 100 nye artiklar.

Det skreiv eg på Såpekassen, diskusjonssida på Setesdalswiki. Den er det ingen som bruker, vi er ikkje så mange som skriv, så diskusjonar blir det lite av. Det synest eg er bare bra, på Wikipedia diskuterer dei om alt mogleg, men då går artikkelprodusjonen ned.

Torbjørn Greipsland er tilbake i Mandal og han kom ut ein tur. Då fekk eg lista hans frå boka Helt til jordens ende med namn på 862 norskamerikanske misjonærar som eg kunne legge ut på Setesdalwiki. Den ligg nå ute, oppgåva blir å skrive om alle desse misjonærane. Det får kome etter kvart.

Som du skjønar, er ikkje Setesdalswiki avgrensa til Setesdal. Då vi starta, var vi nok det, men nettstaden et seg ut over grensene både til dalen og landet. Når ein googlar noko, finn jo søkemotoren det lett, same kva nettstaden heiter, så eg har ingen planar om å bytte namn, og avisa Setesdølen sine overskrifter gir nok framleis mest grunnlag for artiklar.

I dag vart det altså artikkel om setesdølen Ole Tom Nomeland, han bur på Nesøya i Asker, men trødde barneskoa på Rysstad. Så får vi sjå kor vidare skriving fører oss.

I tro og tjeneste

Då Jorunn og Ole Thorvald var her i går, hadde dei med Misjonsselskapet sitt jubileumsskrift I tro og tjeneste i to bind. Det var mursteinar å bla gjennom og dei som skulle skrive historia om den eldste misjonsorgansiasjonen i landet, må ha hatt litt av ein jobb.

Lysinga vart å la første bind handle om Sør-Afrika, Madagaskar og Kina, og så kom andre bind med omtale av dei nyare misjonsfelta organisasjonen etter kvart fekk.

For ein som gjerne vil skrive leksikon basert på kjelder, var det dessverre eit puslespel å begynne å leite i, for det var ikkje noko register som kunne hjelpe meg til å finne kor dei ulike misjonærane var omtalt, Det var mykje lettare i Indremisjonsselskapets historie. Der hadde Ola Rudvin laga fleire register etter kva teneste folk hadde. i tillegg hadde han også laga eit register som viste kor folk var omtalt.

Etter kvart får eg prøve å finne ut av det. I tro og tjeneste har eit register over misjonærar i dei ulike landa, så eg må kanskje lage ei liste basert på land og så finne informasjonen andre stader.

Men i dag var det helst for varmt til så mykje tankearbeid, så eg kom meg etter kvart gjennom avisene, men så måtte eg ha ein pause, Då tok eg bildet av dei gule fredløsblomane som no står så fint i hagen.

Kan være et bilde av blomst og natur

Jordbær og is

Kan vi kome på besøk med jordbær og is i ettermiddag? Meldinga tikka inn på mobilen, det vil seie, den var på lydlaus, så tikkinga var borte. Avsndar var søster Jorunn og eg var rask på telefonen for å bekrefte at det kunne dei.

Så då blei det jordbær og is frå dei og Mandalskringle til kaffien i dag. Og så vart det eit skikkeleg dykk i gamle minner som vi kunne sjå saman på tv etter at Helge hadde scanna dei, bilder mest frå Ålgård, nokre så gamle at vi knapt visste kven som var på dei.

Slike gamle bilder er viktige å ta vare på, vi kan ikkje bare kaste dei, i alle fall ikkje før dei er scanna og lagra digitalt.  Det gjeld også bilder av folk vi ikkje kjenner. Facebookgruppene med Gamle bilder frå Bykle og Valle, og tilsvarande frå Bygland og andre stader, er jo populære blant mange.

Eg trur nok eg kjem til å dele nokon av bilda etter kvart, slik at andre også kan få sjå dei. Kan hende vil det då dukke opp minne om folk som er på bilda og som vi kan glede oss over saman.

Ole Thorvald hadde også med seg NMS si historie og ei bok om Gustava Kielland. Eg har artiklar på Setesdalswiki som kjem til å få stoff frå desse bøkene. Sigmund Edland skreiv om starten på misjonsarbeidet på Madagaskar, og då trong eg meir informasjon om misjonærar som har vore der. Det håpar eg å finne i desse bøkene.

Når Jorunn og Reidun møtest, blir det ofte ein del snakk om strikking. Det fall heilt bort denne kvelden, eg trur dei hadde godt av ein pause.

Kan være et bilde av 2 personer, inkludert Ole Thorvald Moen, folk som sitter og innendørs

 

Predikant og forfattar

I dag skreiv eg ein artikkel på Setesdalswiki som eg har ruga på ei stund. Den handla om predikanten som vart journalist og forfattar, Harald Stene Dehlin. Han var frå Tune i Østfold og hadde mange ulike jobbar før han kom på Indremisjonsselskapets bibelskole i Oslo. Der gjekk han på toårig sekretærlinje og sidan vart han predikant og ungdommssekretær for Indremisjonen i Kristiansand.

Dette var før krigen, så det er nok ikkje så mange som hugsar han frå den tida, sjølv om han truleg var i Setesdal den gongen. Han var også med i illegalt pressearbeid under krigen og måtte i fengsel for dette.

Om det var dette pressearbeidet som gjorde at han vart biten av journalistikken, veit eg ikkje, men alt under krigen gav han ut fleire romanar, så skrivelyst, det hadde han. Men det kom knapt fleire skjønnlitterære bøker frå han etter krigen, Då fekk han jobb i Vårt Land, seinare i Morgenposten. I 1963 begynte han i Aftenposten som journalist med spesialitet på kyrkje- og kristenliv, og der vart han verande til han gjekk av med pensjon.

Som journalist gjorde han mange reportasjereiser, og mange av dei vart også til bøker. Han skreiv historieboka om Misjonsalliansen då dei var75 år i 1976.

Sjølv møtte eg han då eg var med på eit seminar for kristne journalistar det året. Sidan var eg saman med han då eg var med i representantskapet i Misjonsalliansen medan John Olav Larssen var tilsett der.

Difor var det moro å kunne skrive om han på Setesdalswiki, ikkje minst ettersom eg fann ut at Wikipedia ikkje hadde artikkel om han til tross for at han gav ut minst 20 bøker.

Men bilde av han, det var vanskeleg å finne.

Spelemann som ikkje spelar

Gunnar D. Ose var gjest i studio i Valle Radio i kveld. Han er leiar i Setesdal spelemannslag, men spelar ikkje sjølv. Det gjorde far hans, Dreng Ose, så han fekk nok folkemusikken inn alt som liten.

I sendinga i kveld fortalde han om aktivitetar på Spelemannsfestivalen i år, Då skal dei mellom anna ha vandring på Rysstad og besøke stader der spelemenn heldt til. Annbjørg Lien skulle visst vere guide, og arrangementet er kunngjort i heile landsdelen. Første guida turen er alt fulltegna, mest med folk utanfrå, så no må folk hive seg rund og ringe Annbjørg og melde seg på.

Det skal også vere konsert i Hylestad kyrkje, så det er ikkje noko å seie på programmet, det er variert og spennande. Men det er visst ikkje kappleik i år, bare konsertar. Det hadde visst med korona å gjere. Korona gjer også at det er sterk begreningsning på kor mange som kan vere i lokala under konsertane, og det er første mann til mølla når det gjeld å skaffe seg billett.

I sendinga i kveld var det også eit innslag kalla Jordbærnytt, i motsetning til Setesdølens Agurknytt. Her snakka Siri Johannessen med Arne Holskog og jordbærplukking på Helle. Endeleg snakka ho med Webjørn S. Espeland frå NRK P1 – Reiseradioen som sender frå Valle i morgon, torsdag 8. juli,

Kveldens Postludium handla om ein for meg heilt ukjent norsk komponist som var organist i Oslo, Thore Ulf Haukner. Han døydde i fjor, og programmet var eit minneprogram der vi fekk høyre noko av musikken han komponerte. Kjetil Bergheim fortalde om komponisten