Alle innlegg av Harald Haugland

Bytte bil

Når ein har bildilla og gjerne vil ha ein amerikansk bil, så kan det vel hende at ein byttar bil oftare enn ein utan slike interesser. Sjølv har eg likt godt Citroen, men siste gongen fekk eg meg ein Honda, den var så høg i døra at eg slapp å knekke nakken kvar gong eg skulle inn i den. Eg saknar nok Citroen-bilen, men praktisk er det greitt med den eg har no.

I dag hadde eg besøk av Bjørgulv T. Berg. Han hadde kjøpt ein Jaguar hos Sør-Import i Mandal og no skulle han ha service på den. Medan han venta, fekk han ein lånebil og tok turen ut til oss. Truleg måtte han vente til i morgon før bilen var ferdig, så han planla å besøke sonen Tarjei i Kristiansand i kveld.

Det vart ein lang og godt prat der vi løyste mange problem, i det minste i teorien gjennom samtale. Samtidig vart det ei oppdatering på kva vi held på med. Han har nok meir sans for aktivitetar som kastar kroner av seg, for han driv med hogst for Brokke-systemet saman med Øystein Berg, det er i lia langs Faråne, der badeplassen med kulpane ligg, forsto eg. Men eg gøymde å spørje om dei tek seg ein dukkert når det blir for heitt. Å stå i solsteiken i full tømmerhoggarhabitt må vere rimeleg heitt.

Bjørgulv var også med som programleiar i Valle Radio, men då han pensjonerte seg, ville han ikkje ha det bandet, så han droppa fast engasjement, men har likevel steppa inn av og til. Ikkje minst har han vore aktiv i samband med påskesendingane, og ein gong då han kjørte heim om natta etter ei slik sending, lite trafikk midt på natta var det, så kjørte han forbi ein bil som viste seg å vere ein sivil politibil. Det kosta litt, for å seie det slik. Eg måtte fortelje at eg opplevde det same, men vi var samde om at vi trass alt har kome godt frå det, det var visst snakk om tre gonger for kvar av oss.

Om ein bytter bil, kan det nok likevel hende at farten blir høgare enn UP likar, så det gjeld å ikkje trykke for hardt på gasspedalen.

Kan være et bilde av Bjørgulv T. Berg, sitter og innendørs

Hus forbi

I dag gjekk sendinga i Valle Radio meg hus forbi. Vi hadde litt sein middag og så tok eg meg ein strekk. Reidun skulle kjøre til Holum og levere noko garn som Helga kunne få med leilighetsskyss til Valle, og eg sovna til. Då eg vakna, var ho komen heim att og så vart vi sitjande og snakke om turen hennar.

Eg fekk altså ikkje høyre programmet, men det var jo interessant med både folkemusikk og samtale med Johannes Morken i Stefanusalliansen om situasjonen i Afghanistan. Gjennom åra som lærar i vaksenopplæringa hadde vi jo elevar frå dette landet, så vi tenkjer litt ekstra på dei i desse dagane.

Her er programmet:

Velkomne til sending ? Nettradio: https://stream.valleradio.com/valle_hq
18.00 Kvarteret: Programinformasjon og kåseri
1815 Over en åpen bibel med Margit Hunemo frå Norea Mediemisjon
1830 Folkemusikktime frå Torleiv H. Bjørgums hundreårsjubileum
1930 Aktuelt om Afghanistan med Johannes Morken frå Stefanusalliansen og Jostein Sæth frå Norea/SAT-7
2010 Norsk orgelfestival i Stavanger med Ann-Karin Både
2030 Postludium med Ann-Karin Både
2100 Kyrkjebakken

 

Husfliden

I sentrum av Valle ligg Husfliden. I den tida eg jobba i Valle hadde eg ofte med kofter som Reidun hadde strikka og som eg leverte på Husfliden. Etter at eg slutta, måtte ho sende dei med posten, og i sommar har det vore smått med strikking ettersom det har vore smått med bestillingar.

Eg trur Karin Bøe, som no er leiar av Husfliden har hatt mykje folk innom i butikken i sommar, men kven kjøper lusekofter i 25 graders varme?

Men eg trur det er noko på gang, for i går sendte ho av garde ei bestilling på 10 kg garn til Rauma ullvarefabrikk, så kanskje ho har fått bestillingar att.

Arne og Carlos var innom på Husfliden i sommmar, vi såg bilete av det på Facebook, eg spurde Reidun om ho hadde strikka nokon av dei koftene dei hadde på seg på bildet.

 

Ut i geografien

Når ein skal ut i geografien er det godt å ha eit kart, om ein då kan lese det. Sjølvsagt kan ein følgje skilt og vegnummer når ein køyrer bil, men også då er det godt med eit kart.

Vi har eit kart over Mandal by, og det er velbrukt. Så velbrukt er det at då Reidun i dag ville vise Solvor og Gaute litt av geografien der vi bur på kartet, var det helst litt vanskeleg å brette det ut og endå vanskelegare å brette det saman.

Men ikkje alle har så lett for å lese kart. Men Reidun har fått god trening i det, for då vi budde i Nord-Norge og skulle kjøre sørover og besøke slekta, valde vi ofte å kjøre litt ulike vegar for å kunne vere turistar i eige land samstundes. NAF si vegbok har jo både kart og informasjonsartiklar, men når kartet sluttar, må ein over på ei ny side og finne att ruta ein skal kjøre. Det tok Reidun som ein leik, men så er ho jo meister i å legge puslespel.

Å lese strikkeoppskrifter er for nokon heilt uforståeleg, men for dei som kan kodane for forkortingane og i tillegg kan strikke, går det som ein leik. Søstrene mine les slike strikkeoppskrifter som eg aldri kjem til å skjøne, og deretter kjem det både vottar og gensarar i dei finaste mønster. Reidun har endåtil hatt det som jobb å lage setesdalskofter på strikkemaskin, og då er det også viktig å få terrenget til å stemme med kartet.

Solvor og Gaute reiste til Skien ein tur i dag, med GPS i bilen var det nok rimeleg lett å finne vegen. Som misjonærar i Bangladesh var det nok vanskelegare å dra ut i geografien og kome fram til rett stad og rett tid.

-Om vi ikkje finn fram, får vi spørje dei vi treffer.

 

Flott dag

Veret var flott ute, men endå flottare var det inne då vi sette oss til middagsbordet litt over klokka 14. Det var jegergryte med ris og salat, og rundt bordet sat Jorunn og Ole Thorvald, Solvor og Gaute, Brit, Gunbjørg og Sigurd, Helge, Reidun og eg. Maten smaka godt, takk til nabo Christian Ihme for rådyrkjøt til jegergryta. Truleg hadde det beita rundt på eigedomen vår før det vart skote.

Etter maten var det godt å sitje ute på terrassen å prate, vi delte oss i to grupper, og eg var ikkje med i strikkegruppa, for å seie det slik. I mi gruppa snakka vil mellom anna om opplevingar eg har hatt i livet, Gaute fungerte som intervjuar og meinte at eg burde ha skrive ei minnebok til glede for komande slekter. Det hadde eg ikkje tenkt på før.

Etter ei stund trakk vi inn og fekk oss ein liten strekk, augo vart små i varmen, men etter å ha late dei kvile litt, var eg klar for ny innsats, denne gongen rundt eit kakebord der vi mest kunne ha ei halv kake på kvar. No er det slik at magen blir mett før augo, men i godt lag går det nok meir enn om vi sat aleine.

Ei god historie vart det også, den var det Brit som fortalde: Ein bonde hadde ein dreng som gjorde svært lite på garden, men åt desto meir. -Kvifor har du den drengen, spurde naboen. -Eg treng lorten, var svaret.

Jo, det var ein flott dag. Her er Jorunn og Ole Th. i fint solskin

Kan være et bilde av 2 personer, inkludert Ole Thorvald Moen, folk som sitter, innendørs og utendørs

Frå prestar til organistar

Eg vart ferdig med Presteboka 1974 på Setesdalswiki og tenkte at då kunne eg starte med organistar. Eg sjekka litt kva eg hadde, og det var ein del, men det er jo mange å ta av også der. Så tenkte eg at eg alt har ganske mange med som ikkje har artiklar, dei har spelt eit innslag i Postludium-programmet som jo går kvar tysdagskveld klokka 20.30.

Eg lurte på om Helge kunne gjere noko magisk slik at det vart generert ei liste, men det var ikkje så lett, fann vi ut. Om han skulle generere ei liste over alle der ordet organist kom først, og så eventuelt ta med dei to neste orda, ville det fort bli slik at folk med to fornamn eller to etternam ikkje kom med. Så vi enda opp med at eg nok må gjere jobben manuelt.

Men eg har lurt på om eg skulle be Niklos om å lage ei liste, han er jo den som har lagt ned mest arbeid i Postludium-programmet. Sjølv om han ikkje nyttar PC, kunne han jo hjelpe med ei liste på skrivemaskin, så kan eg skrive det inn på PC. Vi får sjå. Eg sjekka med Wikipedia, dei har 152, så der er det jo noko hjelp å finne.

Slik går no dagane.

Juksa litt

I dag måtte eg juksa litt, som Ingrid Espelid sa då ho henta fram ein ferdig rett frå kjøleskapet eller frå steikeomnen. Ho kunne ikkje vente til steiketida var over.

Problemet mitt var at eg ikkje hadde publisert bloggen eg skreiv i går, eg hadde bare skrive den. Det oppdaga Reidun, ho lurte på kva eg hadde skrive om i går. Så då måtte eg publisere ved middagstid i dag, om lag 12 timar forsinka. Etter at eg hadde publisert, gjekk eg inn og retta publiseringstidspunkt med 12 timar, då vart det rett dato.

I dag vart eg overraska då telefonen ringde i ettermiddag. Det var Olav Føreland som hadde vore i Mandal saman med kona Marit Føreland og Niklos K. Besteland. No lurte dei på om det passa å kome innom ein liten tur. Og sjølvsagt passa det. Det er ikkje kvart år Niklos er på besøk hos oss, og heller ikkje Olav og Marit, men dei var her i fjor også. Like hyggeleg kvar gong.

Marit og Reidun gjekk ein tur i hagen medan vi mennene vart sitjande og snakke, Olav ville vite meir om Setesdalswiki. Og det er jo eit emne eg ikkje har så vanskeleg for å snakke om, så praten gjekk lett. Niklos, som ikkje er nokon datafreak, fall nok litt utanfor då. Men han tok det att då han fortalde om turen han hadde vore med Setesdal sogelag til Suldal og Vanvik. Det var ei oppleving han ikkje ville ha om att, for vegane var smale og bakkane bratte. På turen var dei bare åtte personar, dei nytta difor to personbilar.

Ettersom dei hadde hatt fiskesuppe på kafé og kaffe hos Øyvind Brådland tidlegare, vart det bare eit glas med godt Mandals-vatn hos oss før dei reiste vidare.

Kan være et bilde av 3 personer, folk som står og utendørs

Mange takk

Når kvelden går mot natt er det tid for å seie mange takk for mange helsingar. Det er mange som seier at det er flott å ha åremålsdag på Facebook, for då haglar gratulasjonane inn, og slik har det vore for meg også. Når eg skriv dette er det nesten 200, i tillegg kjem direkte-meldingar.

Som barn var eg ofte litt misunneleg på dei som fylte året medan vi hadde skule, for dei fekk bursdagssang. Min bursdag fall saman med slutten på sommarferien, så eg trur knapt eg hugsar at det var bursdagssang bare for meg. Og sommarferien er på hell for dei som har jobben sin i skulen, anten dei er lærarar eller elevar.

Vi pensjonistar får løn utan å gå på jobb, så eg har laga meg ein jobb med å skrive på Setesdalswiki, og der har eg no att bare bokstaven Å i Presteboka 1974. Men no startar jobben med å skrive biografiar for desse prestane, det er ikkje gjort på ein dag, knappast på eit år er eg redd. Normalt skriv eg 12-1300 nye artiklar kvart år, inkludert datoartiklar, så det er eit prosjekt som eg neppe er ferdig med til neste åremålsdag.

I den siste tida har det ikkje blitt så mykje skriving på Wikipedia, som var utgangspunktet mitt for å skrive wikiartiklar. Eg vonar å kome i gang att med litt skriving der også, det er mange røde lenker som treng artiklar også der.

Men i dag var det Mange takk som var det viktigaste å skrive.

Hvite busser

I kveldens sending hadde Siri Johannessen eit rikhaldig program. Ei av dei ho snakka med var Helga Arntzen, grunnleggaren av Aktive Fredsreiser. Dei har hatt store problem under pandemien, for når den starta, rann avbestillingane inn og pengane ut. Årlege faste utgifter er 100.000 kroner, og Helga reiste til Arendal for å få statsråden i tale. Som organisasjon som ikkje betalar skatt, fall dei utanfor støtteordningane frå Staten til dei som har tapt pengar. No hadde ho ein lovnad med seg heim att om å få koronakroner til arbeideet sitt, og då rekna ho med at dei skulle greie å unngå konkursen. Gjennom åra har 440.000 elevar vore med på bussturane der to dagar der dystre og resten av veka er det opplevingar og kultur som står på programmet.

Siri hadde også ein prat med Tale Steiner frå Rekordfestivalen på Hovden. Dei snakka mellom anna om andeløpet som er fast post på programmet der. Då blir det sendt badeender nedover Otra og så gjeld det om å få si and først fram, då vankar det fine premiar.

Jon Rolf Næss var på Arendalsuka og hadde ein liten rapport frå den, Det er mange som møtest der, og då kan ordførararne i Setesdal også treffe folk og bringe fram saker dei har på hjarta, kanskje avtale meir formelle møter seinare om det trengst.

Samtalen med Gunstein Seltveit om Skafsåheii fjellkyrkje var også interessant, det er mange frå Setesdal som tek turen over heia til kyrkja og no skulle det vere eit arrangement der songarar frå Skien skulle kom og synge. Vi fekk endåtil høyre dei, Siri hadde fått opptak frå Gunstein som ho kunne formidle i radioen.

Det som gjaldt valget fekk eg ikkje med meg, så det som Gunn Marith Homme og Ørnulf snakka om, det kan eg ikkje formidle på bloggen.

Men Postludium var ei nyting å få med seg. Eg er dessverre dårleg til å hugse titlar, og Siri har ikkje lagt ut speleliste ennå, så den kan eg ikkje formidle, men eit stykke var ein orgelkonsert av Gamle Bach, og då gledde eg meg over ei svært vakker innspeling.

Program tysdag 17. august
Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
18.00 Kvarteret: Programinformasjon og kåseri
18.15 Andakt
18.30 Folk og musikk:
– Valg ’21 med Gunn Marith Homme og Ørnulf Hasla
– Nytt frå Skafsåheii Fjellkyrkje med Gunstein Seltveit
– Tale Steiner frå Rekordfestivalen på Hovden.
– Liten rapport frå Arendalsuka frå Jon Rolf Næss
– Helga Arntzen om Aktive Fredsreiser
20.30 Postludium ved Siri Johannessen

Politisk happening

Denne veka er det Arendalsuka og i kveld var det partileiardebatt. Den vart vel starten på valkampen, og samling på Statsraad Lemkuhl, som vi har hatt på skjermen heile sommaren, skulle vel vere eit trekkplaster. Nå var dei heldige med veret, så etter det lille eg såg, var debatten ute, ikkje på båten, men på Fløyheia. Truleg nytta dei 100-millionars heisen for å kome opp dit.

Men det var ikkje mykje eg såg. Truleg høyrer eg til dei som ikkje sit på gjerdet og lurer på kva dei skal stemme, dei treng knapt valkamp for å finne rett stemmeseddel. Men av det vesle eg såg, verka debatten grei. Om han fekk fram skiljelinjene i politikken, er eg nok meir usikker på. Dei to store er enige om så mykje at resten blir ikkje så veldig interessant.

Men ein politisk happening var det tydelegvis for dei som var med.

Eg gledde meg heller over at snooker-sesongen er i gang att. Det er ein sport på tv som eg har sans for, der er det lite bråk og hoiing frå tribunen, sjølv om det no er blitt lov med publikum i salen, det har det ikkje vore sidan koronaen slo inn over Europa. Det er fascinerande å sjå korleis spelarane treffer kulene og får den kvite kula til å legge seg på rett plass for å kunne slå ned ny kule. Eg spelte av og til på biljardbordet i kjellaren på Nomeland bedehus, det er mindre, men å treffe og få ei kule i holet, det var nok meir lukke enn dyktighet frå mi side.