Alle innlegg av Harald Haugland

Overraskande

I ettermiddag fekk vi overraskande besøk av Ove Berrefjord. Han var alt på Jåbekk då han ringde og spurte om vi var heime og om han kunne kome på besøk. Alle koronarestriksjonane var oppheva, men vi trong ikkje gå ut og feste, slik vi såg folk gjorde rundt om i landet. I staden sette vi kopp og asjett på bordet og serverte svele frå Holum.

Dei hadde Helge og Reidun skaffa då eg sov middag, om det var i dag eller i går, det skal eg ikkje skrive, for om eg skriv det eine og det er feil, så passar Reidun på å minne meg om det, eg er ikkje så oppteken av slike ting, så det blir fort feil. Men svelene fall i smak både hos meg og Ove, og praten gjekk lett. Vi har mange gode minne frå lang tid tilbake, så om vi ikkje møtest så ofte, er det likevel nok å snakke om.

Sjølvsagt måtte vi oppdatere kvarandre på korleis det stod til med barna våre. Ove hadde nyleg sendt dattera Anne til Mongolia, der ho skal vere eittåring i samarbeid med NLM. Håkon går på folkehøgskole der han driv med klatring og der skulen skal ha tur til Japan til våren. Våre barn er og spreidde rundt om, men ikkje så vidt som dei, Helge i Oslo (her under pandemien), Rønnaug i Nittedal, Margun på Sandøya ved Brevik og Sigmund på Valderøy.

Samtalen varte så lenge at det vart pizza også før Ove sette kursen heimover. Han er no i permisjon frå stillinga som kyrkjeverge i Lardal og arbeider som opplæringskonsulent i Søndagsskoleforbundet. I dag hadde han vore i Grimstad frikirke og hatt kurs for unge leiarar i søndagsskolen, 10-11 år gamle bare. Leiartreninga startar tidleg der, Framleis går 30.000 barn på søndagsskole, Søndagsskoleforbundet har 40 tilsette som jobbar over heile landet med å utruste leiarane sine for oppgåvene dei har. Dei utviklar materiell sentralt, har sekretærar i alle fylker og så nokre som reiser rundt for å inspirere og halde kurs.

Ettermiddagen vart til kveld før han tok på heimvegen. Men han likar å kjøre bil, og laurdagskvelden er det ikkje så stor trafikk, så det såg han ikkje mørkt på.

Guds velsigning over tenesta di, Ove.

Kan være et bilde av 1 person

 

Tankevekkande

I kveld såg vi på Lindmo der dei snakka om datasikring. Det var tankevekkande å høyre om korleis hackarar kan stenge ned ein heil kommune, slik dei gjorde med ein kommune på Toten. Det kosta kommunen 35 millionar kroner å kome i gang att, og framleis er dei kanskje bare 95% tilbake til det nivået dei hadde før det skjedde.

Tankevekkande var det også å høyre Jan Olsen fortelje om Sykler til Cuba i onsdagssendinga i Valle Radio. Han er 69 år og samlar framleis inn syklar. I år hadde han alt sendt ein containar av garde, stappfull av syklar, og med posar med sko og klede mellom syklane. Eg må jo utnytte plassen, det er dyrt å sende luft, sa han. Prisen for ein containar er 40-50.000 kroner, så i tillegg til syklar er han glad for støtte til frakta. Han søkte støtte for frakt hos Norad ein gong, men dei sa bare at han måtte knytte seg opp mot ein større organisasjon, så han fekk kroner 0.

Før hadde han ein frivillig på Evje som hjalp han å fikse syklane gratis før han sende dei. No fiksar folk på Cuba dei i staden, då får dei jobb og kan tene litt. For lønna er låg, alt på Cuba er statsfinansiert, men lønna var bare 200 kr. månaden, og det lever ein ikkje lenge på, så alle driv handel i ulikt omfang. På Facebooksida Sykler til Cuba er det kontonummer for den som vil støtte med pengar.

Sjølv om Jan Olsen er over pensjonsalder, held han seg i skogen når han er i Norge. Det vil han gjere så lenge helsa held, og alt han tener der går til prosjektet, sikkert også noko av trygda også.

Skriv media på Cuba om deg? spurde eg. Eg har vel vore i ei avis der ein gong, men det er helst Setesdølen som skriv om meg, svarte Jan Olsen, glad for støtta han får frå heile Setesdal til prosjektet sitt. Når ein unge på Cuba får ein sykkel, blir den til transportmiddel for heile familien. Ein på setet, en på bagasjebærar og ein på stanga og på ryggen. Elles må dei bruke apostlane sine hestar og vandre.

Når containarane kjem til Cuba, står dei der til Jan sjølv kjem ned for å opne dei. Om nokon andre skulle opne dei, ville nok innhalde bli rive ut og bli spreidd for alle vindar. Men Jan prioriterer dei fattigaste av dei fattige og gler seg over å kunne formidle hjelp til dei.

Krigsseilarane

Til helga, nærare bestemt klokka 10 på laurdag, opnar ei ny utstilling på Landeskogen Fredssenter. Den har tittelen Krigsseilerne – med æren i behold og er laga av Oddvar Schjølberg. Eg hadde ein prat med han onsdagskvelden og lurte på kva som hadde gjort at han hadde fått slik interesse for dette temaet.

-Det var møtet med ein krigsseilar som engasjerte meg i dette. Den gongen budde mange av dei i Konvoibyen i Risør, no er det etter det eg veit bare 13 krigsseilarar att, og no bur dei fleste på aldersheimar eller sjukeheimar, fortalde han. Under krigen var det 25000 som seilte i den norske handelsflåten og dei som ikkje omkom, vart på ingen måte behandla for traumene sine etter at krigen var slutt. Då hadde dei kanskje vore borte frå hemen sin i opptil 6-7 år.

Ettersom Konvoibyen ikkje lenger har krigsseilarar, er det no veteranar frå andre internasjonale operasjonar som Norge har delteke i som kan få husvære her.

Programmet for arrangementet stod i Setesdølen denne veka. Det var påmelding til Helga Arntzen, for koronapandemien har sett grenser for kor mange som kan vere til stades. Etter det eg skjøna, var det fullteikna, så om du ringer, blir det nok venteliste. Utstillinga er på to store rom, to mindre rom og plansjar i korridor. Om du ikkje kan bli med på opningshelga, kan du jo sikkert få utstillinga med deg ein annan dag når det er ope.

Utstillinga er også tenkt å vere eit tilbod til skuleklassar, og når den har stått ein periode på Landeskogen, der den skal vere permanent, kan den eventuelt også sendast rundt til andre som ønsker å ha den og orientere skuleklassar i sitt område.

Vi må ikkje gløyme innsatsen dei gjorde for fridomen vår.

 

Snu på hælen

Alt var klart til kveldens sending i Valle radio, men ti på halv seks kom ein telefon frå Gunnar Flateland som gjorde at eg måtte snu på hælen. Vi hadde ein avtale om å snakke om tida hans som sjømann, men han hadde kome heim frå sjukehuset i dag og meinte at han ikkje kunne klare å vere med.

I avisa for i går var det ein annonse for eit arrangement som skal vere på Landeskogen fredssenter til helga: Krigsseilerne – med ærenI  i behold. Eg tok ein telefon til Uwe Arntzen, men han meinte at Ottar Schjølberg måtte vere rette mannen. Ny telefon til han, og han kunne vere med ein halv time, han og. Dermed var kvelden redda.

Torunn Charlotte Nyberg var kommunen sin representant i kveld, og ho hadde litt av kvart på hjarta, for no opnar kulturlivet opp att. Etter haustferien vert det bading som vanleg, kinoen opnar og viser populære nye filmar mest like fort som i byen. Framleis må ein vere forsiktig, men det er god plass. I kulturveka skal Kulturprisen delast ut, den brukar ein til vanleg å dele ut 17. mai, men også i år var 17. mai-feiringa mykje digital, og ein ville heller vente til folk kunne møtast att.

Programmet for Sauesjådagen er imponerande, det skjer noko over heile bygda. Eg meinte at dei burde bygge inne sentrum, få tak over sentrum som i Bodø, der Torunn kjem frå, men enn så lenge får ein nok satse på å kle seg godt og så nyte både folk og fe i friluft. Det kjem scene i sentrum denne dagen, og arrangementet er noko spreidd, men det er fleire utstillarar enn tidlegare, så det er bare å satse på godt og tenleg ver. I Sæbyggjen blir det både utstilling og suppe, og ved Motellet blir det både kyr og sauer som skal premierast, plent som i gamle dagar.

Eg får slutte der, over 300 ord er i grunnen nok i ein blogg. Så har eg heller att noko å skrive om i morgon.

 

Handicap

Ein har eit handicap når ein skal lage eit leksikon som Setesdalswiki og bur i Mandal. For alle plassar ein kan skrive om, ligg jo langt utanfor mitt nærområde.

I dag skreiv Geir Daasvatn om Sandnes brygge, og då måtte eg inn på kartet han har lagt inn i artikkelen og sjå litt ekstra. Sandnes i Bygland ligg mellom Åraksbø og Storestraum, og i den tida det var båttrafikk på Åraksfjorden, var det jo naturleg å ha brygge der. Restane etter brygga, steinane, ligg framleis i strandkanten, så då var det greitt å dokumentere det med eit bilde.

Kan være et bilde av innsjø, tre, natur og fjell

Tysdagskvelden brukar det vere sending i Valle radio, men i kveld var det inga sending, så du som likar å høyre valle Radio, må vente til i morgon. Då skal eg ha ansvar for sendinga, og i går sendte eg ein liten notis til Setesdølen. Det vart handsama som lesarinnlegg og underteikna med Harald Haugland, Mandal. For eg skal sitje her i stova i Mandal og snakke med gjester på telefonen. Så skal Ørnulf Hasla vere teknikar og syte for at sendinga når ut både via FM og Internett. Programmet skreiv eg om på bloggen på sundag, så om du går tilbake til det innlegget, kan du lese meir der.

Sjølv med handicap kan ein få til noko.

 

 

Pinsevenner

Av og til dukkar det opp artikklar på Internet som gir ny kunnskap. Dei siste dagane har eg lese på nokre slike artiklar. Det enda opp med at eg skreiv ein artikkel om Gunnar Jeppestøl, basert på stoff som eg fann i nettleskikonet Norsk pinsekristendom og karismatisk fornyelse

Då eg hadde skrive den, vart det naturleg å skrive artikkel om forfattaren og utgivaren av dette verket. Han heiter Geir Lie og arbeider på Menighetsfakultetet. I utgangspunktet er han baptist, men det er hans store interesse for karismatikk som fekk han til å lage verket, basert mellom anna på stoff han har teke vare på frå pinsevennene sitt blad Korsets Seier.

Eg tenkte at eg kanskje ville finne noko om Klippen Bykle her, men det er ikkje eit leksikon over kyrkjelydar i pinserørsla, men meir om folk og teologi innan karismatiske rørsler. Difor er det artiklar om Oase og slike rørsler så vel som om internasjonale leiarar innan rørsla.

Les og bli vis, heiter det, eg har i alle fall lært mykje eg ikkje kunne før. Då eg var ung, gjekk eg ein del i Ålgård baptistmenighet, der hadde eg venner. Men eg slutta meg ikkje til menigheten, og sidan flytta eg frå Ålgård og då fekk eg andre miljø å gå i.

Eg kjem nok til å lese meir etter kvart.

 

Sjø og skip

I natt låg eg og tenkte på sendinga komande onsdag. Eg hadde fått avtale med Gunnar Flateland om at han skulle fortelje litt om livet som sjømann og eg hadde sendt spørsmål til Jan Olsen om å fortelje litt frå Cuba, I dag tidleg oppdaga eg at eg hadde fått svar frå Jan alt i går og han ville gjerne vere med.

Dermed var programmet for den aktuelle timen i boks. Eg kallar det aktuell time, sjølv om det ikkje er så toppaktuelt som skiftet av regjering, der setesdølen Kjell Ingolf Ropstad har fått så øyrene flagra siste veka. Men Cuba-engasjementet til Jan Olsen burde vore minst like aktuelt, for han endrar livet til folk på Cuba, og det er både viktig og nyttig. No var det ganske lenge sidan han hadde vore i radio og fortalt noko.

Den andre gjesten har aldri vore med i Valle Radio før, men då eg fortalde at vi skulle prate på telefonen, då var det greitt for han. Gunnar Flateland fyller 80 år i november og har hatt sine turar på sjukehuset, men prate i telefonen, det var greitt. Eg ville gjerne høyre litt om livet hans som sjømann, han reiste ut på Statsraad Lemkuhl 22. september det året han fylte 15 og sidan vart det seilas både i storm og stille nokre år før han gjekk på land og fekk seg jobb i Vegvesenet. Eg trur nok han har litt av kvart å fortelje, i det minste får vi vite namna på skip han har seilt med. Eg fann bilde av nokre av dei skipa på Facebooksida hans. Dei la eg inn i artikkelen om han. så har vi i det minste noko å halde oss til.

Her er programmet for onsdagens sending, fleire detaljar finn du på Setesdalswiki:

Her er eit bilde av Margit Brøvig

Litt av ein dag

For den som er interessert i politikk har det vore litt av ein dag. Men no er den over, og eg skal ikkje dvele så mykje ved det politiske, måndag blir det ekstraordinært statsråd og då få Olaug Bollestad litt meir å henge fingrane i dei neste tre vekene, Så går noverande regjering av og nye folk kjem inn i makta sine korridorar.

Men før det skal Johas Gahr Støre på gudsteneste i Oslo domkirke for å sjå kona bli ordinert til prest. For dei er nok det også litt av ein dag. Slik er det med uttrykket, det kan omfatte både nedturar og oppturar.

For meg har dagen vore nokså ordinær, eg har lese litt aviser, sett noko på TV, hatt ein god middagslur etter laurdagsgrøt. Ofte har vi pizza til kvelds ein slik dag, men i kveld hadde vi bare ordinær kveldsmat. Så løyste vi litt kryssord ei stund, og så måtte vi jo sjå litt på Facebook. Der var det mange som hadde meiningar om nedturen til Kjell Ingolf, men eg såg ingen som skreiv noko om Marit Slagsvold.

Og så kom det ei liste over bøker eg kunne handle hos Wangsmo Antikvariat, og det var mange frå Agder, men få frå Setesdal, så det blir nok inga bestilling der denne gongen heller.

Ja, det har vore litt av ein dag.

Rasisme

Det var tankevekkande å høyre på Lindmo i kveld. Fredrik Solvang fortalde om sin oppvekst, eg visste ikkje at han hadde vakse opp i nord, den dialekten hans røpar jo ikkje det. Den andre gjesten hadde vakse opp utanfor Oslo. Begge hadde dei opplevd rasistiske kommentarar i kommentarfelt og innboksar.

Av og til lurer eg på om eg lever i ei særs verna verd. Rett nok er eg Blenda-kvit og skulle ikkje få kommentar på hudfarge. Men gjennom åra har eg hatt med mange innvandrarar å gjere og har ikkje høyrt at dei har fått hatmail eller tilrop om å dra dit dei kom frå. Det kan sjølvsagt  skuldast at dei ikkje har fortalt det til meg. Det kan også skuldast at eg har vore naiv.

Å høyre om kva slike kommentarar kan gjere for sjølvkjensle og frimod, var tankevekkande. No har dei begge som var på TV i kveld klart seg godt i samfunnet vårt, og eg vonar at det ikkje er hatmail i innboksen til Fredrik Solvang når han har hatt ei debattsending, men at det er saklege kommentarar.

Valet synte også at dei partia som var mest mot innvandring, ikkje vann fram til Stortingsplass, så fleirtalet av folk her i landet er ikkje i dei kategoriane som vi har sett vinne fram i Ungarn og Polen, mellom anna.

Dei to gjestene i kveldens program meinte likevel at det var håp og at Norge som eit multikulturelt samfunn går framover. Det vonar eg også, det gir håp.

Fleire prestar

I går var det i Vårt Land publisert ei liste over kandidatar nominerte til biskop i Borg. Noverande biskop Atle Sommerfeldt blir 70 år og då må han gå av sjølv om han godt kunne stått lenger.

Eg har jo ei lang liste prestar frå Presteboka 1974 med eit stort tal raude lenker, men dei er jo pensjonistar no om dei ikkje er døde, så eg tenkte at det kunne vere greitt å skrive inn namna frå denne lista. Eg meiner at prestar bør ha ein artikkel også om dei ikkje er nasjonale kjendisar, dei aller fleste av dei er lokalt godt kjende, og truleg blir dei googla oftare enn folk flest.

Det synte seg at Bernt Rune Sandrib var den einaste lokale som var nominert. Ein annan var Misjonssambandet sin Espen Ottosen, som eg også hadde artikkel om. Den tredje eg alt hadde artikkel om, var Einar Gelius frå Arendal, han var på Setesdalskonferansen eitt år.

Ein av dei nominerte stammar frå Setesdal, det er Hallvard Olavsson Mosdøl, han er son til lyrikaren og lektoren på Kvitsund gymnas, Olav Mosdøl, som har vore med i Valle Radio fleire gonger i samband med at han har gitt ut diktsamlingar. an

Etter kvart skal alle desse gjennom ein prosess der mange skal uttale seg og først nokre dagar før jol får vi ei endeleg liste som Kyrkjerådet skal velje mellom på nyåret.

Kan vi få ein biskop som har hatt teneste i Setesdal?