Alle innlegg av Harald Haugland

5 plenar

Det er godt å ha ein dreng som slår plenane våre. Vi har 5 plenar, sa eg til bror min i kveld. Han bur på Ålgård og har ein plen. Den har han ein robotklyppar som putlar og går og klypper, men no var det problem. Strengen som roboten skal gå innanfor, hadde blitt kutta, så i morgon måtte han fikse den.

Og så skulle han kjøre bort eit lass med masse han bytter ut. Men tilhengaren var litt liten, så det gjekk litt seint å få gjennomført prosjektet. Slik er det når ein bur i byen, Ålgård er jo blitt by, etter det eg har høyrt.

Sjølv bur eg i bynære strok, Mandal er jo by, men 6 km utanfor sentrum er det temmeleg landleg. Det som før var små jordstykke der svigerfar hadde grønnsaker og poteter, er no blitt plenar. Om eg hadde hatt grøne fingrar, hadde det nok vore dyrka anna enn plen, men fingrane mine fungerer best på eit tastatur. Reidun sine fingrar er grøne nok, men ho rekk ikkje over alt, og så likar fingrane hennar strikkepinnar i tillegg.

Difor har vi ein dreng, ein nabogut som likar å kjøre plenklyppar. Han likar også å få lommepengar, så kombinasjonen er glimrande. Fem plenar, sa eg. Reidun seier 6, og når det gjeld tal, er det ho som har rett. Difor er det ho som også VIPPSar når jobben er gjort.

Paulus

Apostelen Paulus skreiv mange brev. Vi finn fleire av dei i Bibelen, både Romerbrevet, brev til kyrkjelyden i Korint, Efesus og Tessaloniki, mellom anna. I eit av dei skriv han at han hadde ein torn i kjødet. Kanskje var det ein augesjukdom han sleit med.

Ikkje veit eg kvifor den vesle blomen har fått namnet Pauli øye. Men han kan minne oss om det som Paulus fekk openberra: Guds kraft verkar gjennom det som er svakt og lite, ikkje gjennom det som er stolt og mektig.

Vi kan slite med mange sjukdomar og skavankar. Sjukehus er fulle og har kanskje ventelister for å få kome inn. Nokre tyr til naturmedisin for lindring. Det er ikkje lett å vere så trygg som Paulus når ein har det vondt.

Kanskje kan Pauli øye minne oss om å  lære av det Paulus gjorde og takke for det gode vi har.

Kan være et bilde av blomst og innendørs

Kvardag att

No er det ikkje fleire ekstra raude dagar på kalenderen før 1. juledag, sa ein eller annan i radioen i dag. Pinsehelga er over, folk har hatt fine dagar i alle fall her sør, men no er det kvardag att.

For ein pensjonist betyr det vel ikkje så mykje, vi skal ikkje på jobb i morgon, men det betyr jo at det kjem aviser og at ein kan ta ein tur på butikken om det er noko som manglar i skapet.

I går var det gudsteneste frå Lura kirke i Sandnes. Teksten handla om å kjenne Jesu røyst, og det illustrerte presten godt ved å syne til eit eksempel frå den tida då det bare var ein radiokanal. Kanalverten då var Svanhild Mundheim, alle kjende røysta hennar. Presten Øyvind S. Alsaker fortalde om ein gong ho var i sjømannskyrkja i Brüssel der han var prest på 1980-talet, og då ho skulle vere tekstlesar. Då ho opna munnen, kjende alle røysta hennar.

Seinare kunne vi som er interesserte i sport glede oss over at Norge vann handball-EM for kvinner med Kathrine Lunde som ein levande vegg i mål, at Norge vann fotballkamp mot Sverige, det er svææært lenge sidan sist og at ein norsk syklist vart nummer 2 i ein etappe i eit sykkelritt i Frankrike.

Men no er det kvardag att, så eg får nok prøve å skrive litt på Setesdalswiki i morgon om eg blir litt inspirert.

For mange

Mange av dykk som les bloggen, veit at eg likar aviser. I dag kom Lindesnes, Fædrelandsvennen, Vårt Land og Aftenposten i postkassen vår. Det vart for mange. Kvifor budet la Aftenposten i kassen, anar eg ikkje, for den abonnerer vi ikkje på. Men når den først kom, var det jo ei utfordring å lese den.

I dagens aviser er det også kryssord og sudoku. Reidun brukar å begynne, ho løyser først sudoku, og der går det nokså greitt å kome i mål. Men om ho ikkje klarar kryssorda, kastar ho avisa over til meg, og så blir det mi oppgåve å fullføre. Det gjekk i dag også med dei vanlege, men vi hoppa over Aftenposten der også.

Så sit vi her og les avisene. I dag kom nabo Elin på besøk og ho og Reidun hadde ein lang, god prat på terrassen. Det førte til at ho ikkje fekk med seg handballkampen, men kunne konstatere at Vipers vann då ho kom inn etter at kampen var slutt.

Vi hoppa over den lange konserten for å feire Dronning Elisabeth II sitt jubileum, men fekk med oss slutten med eit spektakulært lysshow før Kveldsnytt. Så var det bare å skrive blogg, og plutseleg var det tid for å publisere den. God pinse.

Alt vi har vore med på

Når eg har ei stille stund her på Eskeland, kan eg tenke på alt eg har vore med på i åra som ligg bak. Eg kan også tenke på folk eg har møtt. Ein av dei var Nils Kåre Vedvik.

Då vi i 1976 skulle reise til Hadsel folkehøyskole på Stokmarknes, hadde skolen hatt få elevar. Vi engasjerte difor Nils Kåre Vedvik til å drive PR for skolen, og han laga intervju med meg som kom i mange aviser. Han laga også anna informasjonsmateriell, og smått om senn tok søknader om plass til å kome. Då vi starta i august, hadde vi 85 elevar og bare plass til 80, så elevar måtte bu på ledige rom i lærarbustader og skulen sine gjesterom.

Sidan har eg knapt hatt kontakt med med Nils Kåre, han var ein vandringsmann og reiste vidare. Han vart engasjert i Sjømannsmisjonen og var assistent i Brasil, han var også redaktør av Santalen og skreiv to bøker.

Nils Kåre var frå Måløy og brukte eit propert nynorsk. Når han ringte, presenterte han seg som Vyrde Vetvik, og det var mange som ikkje skjøna det han sa, og trudde vyrde var førenamnet hans.

Søk på nett synte at han døydde i 2017. Fred over Vyrde Vetvik sitt minne.

Sommaravslutning

Det er ikkje bare skulane som har sommaravslutningar i desse dagane. I dag var Reidun på sommaravslutning for kvinneforeninga ho er med i. Til vanleg møtest dei på Mandal bedehus, men i dag var dei på hytta til ei av kvinnene.

Sjølv om det kanskje er bare Reidun som er i 70-åra, dei andre har anten bikka over til 80 eller er nær ved å gjere det, set dei seg i bilen og kjører til hytta for å møtast. Dei har med seg mat kvar for seg, men komiteen held kaffemat og kaffe, så Reidun bakte kringle. Og når det regnar på presten, så dryp det på klokkaren. Eg fekk salat til middag og kringle, eg med.

Det er ikkje så triveleg å ete aleine, så eg tok meg eit kringlestykke, men salatmiddagen venta eg med til Reidun var heime att. Før det unna eg meg ein god formiddagslur mellom klokka 16.30 og 18.30, så gamle folk kan snu litt på døgeret for å få det til å passe med alle aktivitetane ein skal vere med på.

No er det pause i foreningslivet til august-september. I staden blir det nok litt kaffe på terrassen om nokon kjem innom og det ikkje er det stadige vinden som susar rundt huset. Då må vi nok flytte kaffistundene inn.

 

Statistikk

Vi har mellom 500 og 600 besøk dagleg på Setesdalswiki. I mai fekk vi høgaste totale besøkstalet for ein månad til no i 2022 med vel 17000 besøk. Talet på unike gjester var vel 10000, det er også det høgaste til no i år.

Når om lag 550 personar dagleg er innom nettstaden for å finne informasjon om Setesdal, syner det at det er eit behov for å formidle slik informasjon.

Ettersom eg bur i Mandal, er eg ikkje lenger så nær på det som skjer i Setesdal som eg var tidlegare. Men heldigvis er Geir Daasvatn tett på det som skjer og får med seg det meste. Dermed vert det leksikonartiklar om både folk og plassar. Han finn også lokale kjelder som det er vanskeleg for meg å få tak i. I dag fekk vi mange konfirmantlister for konfirmantar mange år tilbake i tid.

No startar juni, og i dag har det også vore over 500 innom. Sommartid er tid for aktivitet, mange kjem til Setesdal og vil vite noko om stader og det dei opplever. Vi skal gjere vårt beste for å formidle det på vår måte også gjennom sommaren.

 

Flott jobb

I dag fekk vi høyre litt om jobben som Anna Slaby Driel gjer i Valle kulturskule. Fleire av ungane ho har med der, var i studio og framførte det dei har lært av rim, regler, stev og folkemusikk. Det var flott å høyre på. Truleg var det også nokre som sjeldan høyrer på Valle radio som leita seg fram for å høyre dei håpefulle på lufta.

Det var også plass til ein prat med Viggo Wilhelmsen om arbeidet hans i Korint, der han hjelper sigøynarbarn å lære å lese i tillegg til å gje det dei treng til livsopphald. Denne gruppa er ikkje velsett i Hellas, så arbeidet er viktig. Til helga kjem han til Nomeland bedehus for å fortelje om arbeidet og samle inn pengar. Han er blitt 78 år, men står framleis på.

Til slutt i kveld kom Niklos K. Besteland med musikk til pinse. Han hadde eit vakkert korverk først og deretter fleire komposisjonar basert på ei av dei eldste melodiane vi har i salmeboka, Nu beder vi den Hellig Ånd.

Redaksjonsråd

I aviser og radio og andre mediesamanhengar er det gjerne ein redaksjon som saman diskuterer kva som skal publiserast. I Valle radio er vi som er programleiarar nok meir aleine, på godt og vondt. For når ein er tom for idear til kva ein skal lage program om, kan det vere godt å ha nokon å snakke med.

No når det er sommar, er det framleis tysdagssendingar i Valle Radio. Då er eg så heldig at eg av og til får vere med Siri Johannessen og diskutere idear og saker som kan vere aktuelle. Ho held liv i programma tysdagskveldane også når det etter kvart ikkje lenger er sendingar kvar onsdag.

Men denne gongen løyste det seg utan at nokon av dei ideane eg hadde vart brukte. I staden blir det eit program med interessant informasjon og stoff til ettertanke der både Valle kulturskule og Åpne dører medverkar.

Tirsdag 31. mai
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri ved Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.15 Over en åpen bibel fra Norea ved Sverre Bøe
18.30 Musikk med m.a. Valle kulturskule / Anna Slaby og Thor Bernhard Sageland

19.30 Timen med m.a. et intervju med Lise Karlsen då ho fekk Kongens fortenstmedalje (Radio Sunnmøre) og Åpne dørers program om skrivetenesta
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Kolportørar

I gamle dagar hadde vi noko som heitte kolportørar. Det var folk som farta rundt og selde bøker. Hans Nielsen Hauge var ein slik mann, han etablerte trykkeri og bokbinding og reiste rundt og hadde møter og selde bøker. På den tida var det ikkje lov å selje bøker som ikkje var godkjende av kongen i Danmark, og å ha møter når presten ikkje var til stades, var heller ikkje lov. Så øvrigheita måtte fengsle Hauge, men han bana vegen for det moderne Norge, er det blitt sagt.

I dag hadde vi ein kolportør på døra. Han selde bøker for Norsk Bokforlag, som er Adventistane sitt forlag. Ei engelsk bok om Afrikansk kokekunst og ei bok på norsk om Kvinner som forandra verden skifta eigar. Du har kanskje hatt dei på besøk, du som les dette også. I tre månader er dei i Norge for å selje bøker og slik finansiere studier på Universitetet i Nairobi i Kenya.

Eg hadde mål om å kvitte meg med bøker, i staden kom to nye bøker inn i stova. Eg får sjå om eg klarar å kvitte meg med nokre av dei andre eg har. Og så håpar eg at kolportørane får nok pengar til å fullføre studia sine og skape seg eit meiningsfullt liv i arbeid og kyrkje når dei reiser tilbake til Kenya.