Når borna bur langt frå foreldrene, må ein halde kontakt med dei via telefon i våre dagar. Ettersom våre born bur spreidd, blir det ofte til at sundagskveldane nyttast til å høyre korleis veka har vore, eventuelt å snakke om kva som ligg framfor.
Denne sundagskvelden i romjola er likevel litt annleis enn dei fleste sundagskveldar. Dei har ordna seg fri i dagane mellom jol og nyår. Då kan vi snakke litt om det. Desse dagane kan ein nytte til å møte vener og kjente før utfordringar med arbeid eller studier kjem for fullt tilbake.
Her i huset har eg hatt stor glede av å fylgje sjakk-sendingane på NRK. Første delen av Sjakk-VM i New York gjekk ikkje så bra for Magnus Carlsen, så kom bukse-kontroversen. Men i kveld fekk vi høyre at han vil stille opp i lynsjakk i morgon. Kan hende klarar han å vinne den turneringa. Når det gjeld sjakk, kan ein ikkje anna enn å bli imponert over korleis unge og eldre kjempar i same turneringa. Sjølv har eg aldri spelt tunering, men av og til gjer spelarane på TV det trekket eg ville gjort, og då gleder eg meg.
Reidun fekk puslespel i jolegåve, denne gongen var det tre puslespel i same eska. Dei teikningane som skulle puslast saman, var svært rike på detaljar, så ho har sete med det nokre kveldar no. Det er ikkje noko for meg, men det er morosamt å sjå når ho har fått det ferdig.