Den siste veka har eg lese romanen Sameproblemet av Kathrine Nedrejord. Personen der, Marie, bur i Paris, men reiser heim for å vere med i gravferda til bestemora i Finnmark. Denne rammefortellinga gjev henne høve til å reflektere over både eige liv og livet til slekta. Det er ei tankevekkande bok om det som ofte vert kalla tre stammers møte, norsk, finsk og samisk og korleis liv er vevd inn i kvarandre.
Så var det litt ekstra interessant å sjå Debatten i går, der dette også var temaet, og der fornorskinga var teke opp i høve til å stå i Samemanntallet: Kven er same og har har rett til å stå der og stemme og slik påverke mange tilhøve som gjeld det samiske. Og kven skal ha noko å seie når det gjeld utvinning av ressursar i samiske område og dette kan gå på tvers av interessene til folka som nyttar natur i tradisjonelle næringar.
Kathrine Nedrejord er ein forfattar som sjølv er same og bur i Paris. Ho har skrive ei rekke bøker og vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Det har vore interessant å lese boka, som er svært aktuell i dei problema ho tek opp.