Eg sat og funderte på kva eg skulle skrive om på bloggen i kveld då eg plutseleg kom til å sjå på framsida av Setesdalswiki. Der stod det at vi no hadde nådd 95900 artiklar.
Det var Geir sin artikkel om Nistog (Harstad) som gjorde at vi nådde det målet. Han har i det siste skrive om gardar og bruk i Valle basert på bygdebøkene, så no kan ein lese litt om desse på nettet og eventuelt finne meir i bøkene om ein ønskjer det.
Eg må vel seie at dei fleste av desse artiklane er datoartiklar for vi har jo artiklar om alle datoane frå 1800 til no, og mange av dei er svært små, bare at datoen var ein vekedag. Men dei ligg no der og vi kan nytte dei i samband med fødselsdatoar eller merkedagar.
Vi brukte ikkje så mange dagar på å auke frå 95860 som vi hadde ved årsskriftet til å nå eit nytt hundretal. Det var bare ei knapp veke, så om vi held denne farten, kan vi sjå eit nytt tusental før januar er over.