Telefonen

Telefonen er god å ha når snøen legg seg og skapar glatt underlag og dårleg fotfeste for gamle folk. Då kan ein få seg ein prat utan å vere redd for å gå på rattata, og om ein har gløymt noko, kan ein ringe opp att.

I dag hadde vi samtalar med alle barna våre, dei ville vite korleis vi hadde det i snøveret. Sigmund på Vigra hadde ein aktiv to-åring rundt seg som gjerne ville snakke med farmor, Rønnaug var på veg til Gøteborg der det skal vere ei stor innebandy-turnering som Nikolai sitt lag skal delta i, og Margunn hadde ikkje fått like mykje snø som folk lenger nedover kysten av Agder, men hadde likevel meir enn nok. Det har vi også, eg måtte ta ein telefon til min tidlegare kollega Øystein Berg, han var glad at det ikkje var kome like mykje i Berg som ved kysten.

Vi er likevel heldige, vi har ved og straum og framleis nok mat i skapet, så vi treng kanskje ikkje ta turen på butikken i morgon heller, om det då ikkje gir seg. Vi kan putle og lese i ei bok sjølv om avisene uteblir, kanskje både i dag og i morgon. Vi som likar papiraviser, er ikkje glade for at avisene bare seier vi kan nytte det digitale tilbodet vi har, det er jo ikkje det same, men så får vi nøye oss med det likevel.

Eg skulle vel skrive litt meir på Setesdalswiki og lese litt mindre, men kan hende blir det litt meir i morgon, i dag fekk eg ein telefon om at Valle Radio vil ha meir aktiv bruk av Setesdalswiki for å fremje programma sine. Gled deg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *