Morgon og kveld tek eg mine medisinar. Dei er kjøpte på apoteket og når eg har handla over ein viss sum, vil eg kunne få frikort og sleppe å betale. Ein gong eg var på sjukehuset til ein kontroll og der måtte betale, måtte eg le då det etter meg kom ein mann som sa han var FFF-pasient: Frikort før februar.
Før var det meir vanleg å bruke urtemdisin. Mor var hos Vistemannen og fekk flasker med medisin ho skulle ta. Det lukta som turka høy, så vi kalte det for hestepss og lo litt av henne.
Dei siste dagane har eg lese boka Gaven av Ellen Vahi. Ho er sjølv etterkommer etter signekona Anne Brannfjell, om henne er det artikkel på Wikipedia. Ho hjelpte mange med urtemedisinene ho ga til folk som var sjuke, og dette var på ei tid der helesvesenet ikkje var utbygd, midt på 1800-talet.
Boka minna meg om ei bok eg las for mange år sidan. Det var om ein fransk natur-lege.