Bilder

Bilder friskar opp artiklar, og i kveld hjelpte Siri meg å finne bilder til artikkelen av Karl Egil Johansen. Det er ein lang artikkel, men underoverskrifter og avsnitt gjer at om du går laus på den, vil du finne interessant stoff å grunne på.

Ettersom eg heldt på med dette, droppa eg å høyre på Valle Radio i kveld. Det verka til å vere ei kortare sending enn vanleg, men slik blir det av og til.

Vi hadde telefon frå Margunn også i kveld. I morgon kjem ho og Stein, dei skal overnatte her før dei reiser til Sola i Gunbjørg si gravferd fredag. Men dei kjem ikkje før rundt midnatt, for Margunn har eit arrangement på biblioteket om kvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *