I kveld hadde Niklos K. Besteland med seg eit særs vakkert verk i Postludium i Valle Radio. Te Deum av Georg Friedrich Handel, HWV 282. Her var det Alsfelder vokalensemble og Concerto Polaco som framførte verket, dirigert av Domkantor Wolfgang Helbich i Bremen. Plata var Motette Ursina CD 11641 og verket varte om lag 16 minutt, så det var bare tid til eit lite orgelverk av Bach, BWV 539 Preludium og fuge i d-moll.
Handels verk hadde desse satsane:
- We praise thee, o God
- To thee all angers cry aloud
- The thee, Cherubim and Seraphim
- The glorious company
- When thou tookest upon thee
- We believe that thou shalt come to be/Day by day we magnify thee
- Vouchsafe, o Lord
- O Lord, in thee have I trusted
Sporlista henta eg frå https://www.allmusic.com/composition/te-deum-in-a-major-canticle-hwv-282-mc0002475238?1655243473741
Dette stykket kan du høyre sjølv om du gjekk glipp av sendinga i Valle Radio, for det kan du finne på nettet.