I nokre dagar har eg no tenkt på kva eg skal ha i programmet i Valle Radio til onsdag 6. februar. Det er gjerne slik at ein går og funderer på det, i alle fall når ein har litt tid til å planlegge. Og ein pensjonist har jo litt tid, det kunne nok heller gå litt over stokk og stein når ein skulle lage program midt i ein travel kvardag.
Så valde eg å fylgje opp oppslaget i Setesdølen om at Margit Dale vil kjempe for passkontoret i Valle. Eg tok ein telefon til henne, men fekk ikkje svar. Litt seinare ringte ho, frå toppen av ein nut der ho prøvde å kome opp med scooteren sin.
-Kan du vere med i radioen onsdag klokka 20 og seie litt om passkontoret og ditt engasjement?
-Ja, det vil eg gjerne.
-Kan vi også snakke litt om komande val til fylkesting og kommunestyre?
-Ja, det er greitt.
-Har Senterpartiet hatt nominasjonsmøte i Valle?
-Ja, vi hadde det denne veka.
-Kan du sende meg lista?
-Eg må vente til eg kjem heim att, men skal syte for at du får den.
Å møte ein så vennleg og imøtekomande person når eg ringer for å få folk med til program i Valle Radio, det er bare nydeleg. Dei fleste eg ringjer til stiller opp i den dugnaden som det er å lage radio i Valle. Likevel gjer det meg glad kvar gong eg møter dei. Takk for det!