I morgon startar eit nytt radio-år. Då har vi første onsdagssending frå Valle Radio. Som oftast har det vore tysdagssendinga som har starta sesongen, men i år har Siri vore bortreist, så ho kjem truleg neste veke. Difor vert det onsdagssending med Ørnulf som startar opp sendingane våre denne gongen.
Torsdag 10. hadde radiogjengen møte og såg på planane for eit nytt år, Møtet vart avslutta med middag og etter det eg kunne sjå av bileta frå møtet, var det godt besøkt.
Så no startar det heile. Programmet for i morgon ser slik ut:
19.00 Tankar frå Bibelen
19.30 Kommunen informerer
20.00 Aktuell time
- Med Ørnulf Hasla
- Aron Åkre Rysstad som skal delta i junior-VM i Lahti 20. januar 2018
- Karin Moe Henning gjev ut barnebok med handling frå Setesdal
- Frå møte om oppgradering av Riksveg 9 Besteland – Helle
21.00 Open sending
- Med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike
Det wer bare å gle seg!
Dagens spørsmål:
Kva skjedde i Topsæ i 1973?