Betre att

I går var eg uggen, men i dag er eg betre att. Det har likevel ikkje ført til særleg skriving på Setesdalswiki frå mi side, men heldigvis er eg ikkje heilt aleine om å skrive, så no er det bare 14 artiklar att til nytt hundretal. Kan hende klarar vi det før 23. oktober, då er det ein månad sidan vi sist runda eit hundretal.

Eg har kome over ei bok om norsk-amerikanske lutherske prestar, der er det 600 biografiar, så om eg går laus på den, vil det jo vere mogleg å nå nytt hundretal. Eg har også ei bok med misjonærbiografiar for Kinamisjonen, den kunne også hjelpe godt. Og så har eg namnelista frå Red Wing Seminary, då har eg raude lenker til mange av desse prestane. Raude lenker er viktige for wiki-skriving, det er dei som bind det heile saman.

Eg tenkjer eg går for kinamisjonærane i første omgang.

Uggen

Det vart ein uggen dag for meg i dag, sjølv om sola skein og alt låg til rette for å ha det fint. Men så ville det eg hadde fått i meg, heller kome opp att, og då var det bare å gje seg over. I staden fekk senga lange besøk og soving stod høgt på prioriteringslista.

I kveld gjekk det betre, eg trur eg sov det av meg. Då kunne eg sjå andre del av Kortbaneliv på NRK og tenke på turar med småfly i både storm og stille over Vestfjorden og til Stokmarknes. På TV handla det om turar i Finnmark, også der kan det vere soldagar der ein kan sparke fotball, men sanneleg er det også dagar med rennedrev og fokksnø.

Men skriving på Setesdalswiki vart det lite av. I september lurte eg på om vi kunne nå eit nytt hundretal før oktober, men det gjekk ikkje. Kan hende klarar vi det før 23. oktober, altså innan ein månad frå forrige gong vi runda eit hundretal.

Om vi ikkje vert ugne.

Kortbaneliv

Det er ikkje ofte eg droppar å høyre på Valle Radio, men i kveld valde eg å sjå Kortbaneliv på NRK i staden. Då vi budde på Stokmarknes, var dei grøne flya frå Widerøe gode å ha. I staden for eit døgn kunne vi nå Bodø på ein liten time, og meir enn ein gong har eg sett gjennom vinduet i cockpiten når flyet flaksa inn over rullebanen og landa i Nordlands hovudstad.

Ein gong vart eg sendt til sjukehuset i Tromsø, ein taxi skulle hente meg på flyplassen, men ei misforståing gjorde at den ikkje kom, så eg sat og venta ganske lenge før eg sjølv tinga bil og kom meg fram.

Den første tida vi budde der, hadde ikkje Hadseløya fått bru, så då var vi spent på om vi nådde siste ferja når vi kom med flyet eller om vi henta gjester som kom med siste fly. Livet vart mykje lettare etter at vi fekk bru, difor skjøner eg godt at Stein og Margunn gjerne vil ha bru til Sandøya, slik at dei sjølv kan velje kva tid dei vil dra og ikkje måtte ha ferjeavgangane til å styre.

I morgon er det ein ny episode i serien. Eg kjem nok til å sjå den også.

Gode samtalar

Det er alltid interessant å høyre på gode samtalar, og i kveld var det to slike i Valle Radio. Først prata Siri med Mangor Harestad. Han er forkynnar i Misjonssambandet og har møte i Valle denne veka. Han har vore tre periodar i Sør-Amerika som misjonær, så han har mykje å fortelje. Misjonssambandet har forkynnarar også i land som har lang kristen tradisjon, for kvar generasjon må få høyre evangeliet på nytt og ta det til seg.

Richard Bærug har budd mange år i Kaukasus og snakkar russisk. Han skal ha foredrag sundag, siste dagen i Kulturveka. I sendinga i kveld snakka han om dette, og den var ein forsmak på det han kjem til å fortelje om sundag. Eg er rimeleg sikker på at om ein høyrde samtalen i kveld og har høve til det, så vil ein spandere pengane og fylle Setesdalsmuseet sundagskvelden klokka 19.

 

Plan i vasken

I dag hadde eg ein plan om å skrive noko om studentar på Red Wing Seminary i Amerika. Fleire av dei er omtalte i Olav Golf si doktoravhandling, og så kunne eg jo google litt og samarbeide med Siri.

Eg veit ikkje heilt korleis det gjekk til, men vi enda opp med å skrive om Olav Austad, bror til Aasulv Austad. Olav vart også prest.

Eg fekk likevel lagt inn nokre namn i artikkelen om Red Wing Seminary, og så fekk eg laga ein artikkel om ein prest som i dag fylte 80 år og var omtalt i Vårt Land, Toralf Dehli. Men eg er storleg nøgd med artikkelen om Olav Austad, tusen takk til Siri for jobben ho gjorde der.

Så får vi sjå kva som skjer i morgon, om vi lagar ein ny plan eller går tilbake til ei av dei mange røde lenkene som alt ligg på Setesdalswiki. Det er mykje interessant å leite i og å legg ut artiklar om.

Lyn og regn

Det var ein regnfull dag denne sundag 16. oktober 2022. I natt var det lyn og torever, så det er tydeleg at det er haust. Men vi har tak over hovudet og temperaturen er jo ikkje så låg, så det går greitt.

Eg har no lese ut avhandlinga til Olav Golf, og det var interessant. Det vil nok bli nokre artiklar om nokon av dei folka han skriv om, prestar som anten studerte på Red Wing eller var lærarar der. Eg har også bestilt ei anna bok av han som dei hadde på Mandal bibliotek: Okkupasjonshistorie fra Holum prestegjeld : kirkestriden, sognepresten og noen fangeskjebner, 2005 Eg vil også bestille fleire av han, men dei må fjernlånast, så det vil ta noko tid.

Dronningbesøk

Då eg i kveld såg på TV at dronning Sonja var på St. Olaf College, måtte eg sjekke litt ekstra. Eg har jo skrive på bloggen før om Red Wing Seminarium-avhandlinga til Olav Golf. Han avsluttar den med at i tårnet til Boe Memorial Chapel på St. Olaf College heng ei kyrkjeklokke frå Red Wing. Den skal symbolisere nærleiken mellom dei to institusjonane. St. Olaf College fekk ein stor sum pengar til sju glassmaleri i bibliotekbygningen Rolvag Memorial Hall. Dei skildrar livet til Hans Nielsen Hauge og syner slik slektskapet med haugianarane i Norge.

Sjølv reiste han aldri til Amerika, men mange haugianarar reiste, fortel Golf. Mange vart verande der, andre reiste heim att. Red Wing var eit seminar som utdanna prestar til teneste for emigrantane. Men ikkje alle som studerte der, vart prestar, mange vart lærarar.

Etter det vi såg på Dagsrevyen, kan ein framleis studere norsk på St. Olaf College, ei jente prøvde å snakke norsk utan å ha vore i Norge og utan å ha lært det heime. Sjølv om undervisninga til å begynne med var på norsk, vart engelsk etter kvart viktigast også som undervisningsspråk. Dei fleste ville at barna skulle få utdanning dei kunne nytte i det nye landet. Då måtte lærarane deira bruke engelsk.

Om dronning Sonja var der aleine denne gongen, var kong Harald saman med henne på tidlegare besøk, han er visst høg beskyttar etter det dei sa. Kong Olav hadde også vore der. Så sjølv 100 år etter, er ikkje banda heilt kutta.

Kulturveka starta

I kveld starta Kulturveka 2022, med basar på Broderheimen. Eg lurer på korleis det gjekk, om dei fekk inn nok pengar til å vedlikehalde huset. Arrangementet på Nomelandshus vart avlyst.

I morgon skal Gunnar Stubseid synge Hank Wiliams og spele gitar til. Det blir ei ny oppleving, han har kan hende ikkje gjort dette offentleg før, vi kjenner han mest som spelemann på hardingfele. Dette skjer på Sølvgarden klokka 21, og han har med seg Stina Brandin på fele, Vidar Frøysnes på lap-steel og Knut Djupedal på kontrabass. 200 i inngang for dei som ikkje er medlemmer, og ein kan jo få seg eit godt måltid før konserten. Det har meldt seg folk endåtil frå Kristiansand som vil på konserten.

Her er lenke til meir informasjon om kvelden.

 

 

 

Olav Golf-biografi

Eg held på å lese Olav Golf si doktoravhandling Red Wing Seminarium og tenkte eg skulle sjå kva anna han har skrive. Det hadde eg i artikkelen om han på Setesdalswiki, så det var jo ikkje så vanskeleg å finne:

  • Red Wing Seminarium : et haugiansk skoletiltak i Amerika : forhistorie og pionértid frem til 1885
  • Norgesvennen Grundtvig
  • Elling Eielsen : Haugianerhøvding og rastløs ferdamann
  • Haugebevegelse og folkeopplysning 1800-1860 : utgitt i forbindelse med Hauge-jubiléet i 1996
  • Marie Monsen
  • Religiøse minoriteters utvandring : kvekere og haugianere fra Rogaland i pionértida
  • Oppbrudd og utvandring blant religiøse minoriteter fra Rogaland
  • Sven Foldøen : opprører og forkynner, beundret og foraktet : foldøtida i Ryfylke
  • Alfred Hauge Ryfylkedikter og bygdemiljø
  • Den haugianske kvinnebevegelse
  • Knut Rettedal : pilegrim på vandring mot sitt Jerusalem : forkynnerveteran i en brytningstid
  • Vandringsmannen Elling Eielsen : Haugianerhøvdingen som ble kirkegrunnlegger og skolepionér i Amerika
  • Vekkerrøst fra kvinner i Hans Nielsen Hauges fotspor

Eg kunne nok tenke meg å lese alt han har skrive, for han skriv godt. Men først må eg bli ferdig med det eg held på med.

Vidt spenn

Det kan vere eit vidt spenn over ei sending i Valle Radio, og det opplevde vi i kveld. Etter andakt ved Torfinn Brokke var det rektor Marit Jaabæk Brokke som hadde kommunal informasjon, og ho kunne fortelje at Valle skule truleg er ein av dei som er lengst framme i landet når det gjeld digitalisering. Elevane får nettbrett i 2. klasse og PC i 5. og 8. klasse. No er det ingen tavler og kritt att på skulen, heller ikkje whiteboard, som dei hadde ei stund. No er alt digitalt.

I den aktuelle timen var det ein prat om Kulturveka 2022 med Berit Junge Henriksen.

Ørnulf Hasla hadde også funne plass til ein god prat med leiaren i Setesdal Spelemannslag, Gunnar Drengson Ose. Han fortalde at det var tre Gunnar Ose då han vaks opp, så dei måtte bruke patronym for å skilje mellom dei, og slik hadde det blitt at han oftast vart kalla Gunnar Drengson. Statsbudsjettet har gitt ein million til folkemusikkopplæring, noko Gro Bråten hadde arbeidd mykje for, ein kan ikkje ha eit UNESCO-prosjekt utan at det får pengar til å løne instruktørar. Spelemannslaget har eit fond for å løne utøvarar, dette kan dei som vil ha ein utøvar til å opptre søke støtte frå. Ein kan få dekka to tredeler av honoraret.

Det nærmar seg Setesdalskonferansen, og i år er Ole Tom Nomeland konferanseleiar. Han fortalde noko om programmet for konferansen, det skulle leggast ut på nettsida til Setesdalskonferansen i morgon.

I Opi sending kom Kirstin Laasbye Sagneskar med i studio. Eg hadde laga rebusane, dei var relaterte til Kulturveka, men det var ikkje så mange telefonar, så dei slutta av utan å bruke alle eg hadde laga. Etter vel ein time var Opi sending slutt og tankane kunne spinne vidare på det vi hadde fått høyre.