Misjonskall

I kveld las vi i boka om Liv Kyllingstad Godin, Aldri for gammel. Det er ei bok som dei les i på foreningsmøta til kvinneforeninga som Reidun er med i på Mandal bedehus. Då var det greitt å lese litt før neste møte, slik at ho kunne vere førebudd.

Det var tankevekkande å høyre om tida hennar i Oslo før krigen. Ho var så fattig at ho ikkje hadde pengar til mat og gjekk svolten i veker. Til slutt fekk ho studieplass på Oslo lærerskole, på den tida var den driven av Indremisjonsselskapet.

Her kan du lese Wikipedia sin artikkel om henne:

Liv Kyllingstad Godin

Liv Kyllingstad Godin.jpg

Ansvarleg

I kveld var eg ansvarleg for sendinga i Valle Radio. Det var ein kveld med ganske lite aktuelt stoff, for i høve at radioen er 25 år i år, sender vi stoff frå arkivet. I kveld var det gjenhøyr med eit intervju Johs. Bjørkeli hadde med Olav Ånison Berg frå Hylestad i 2001.

Men før det var det Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki og Kommunen informerer ved Siv Ragnhild Bjerga, som fortalde om den økonomiske situasjonen for kommunen. Rekneskapen for 2021 skal ble vedteken av kommunestyret i juni-møtet, no er det Agder revisjon som går gjennom rekneskapen, og sidan skal saka opp i fleire underutval før endeleg vedtak. Av meir aktuelle saker kunne ho fortelje at 4. klassingane på skulen no samlar inn batteri.

Eg kunne også smette inn ein liten samtale med Bjørn Erling Auestad som no opnar kjellaren på Bergtun att, i det minste i helgene og elles for grupper som bestiller der. Hans bransje har hatt det tøft i koronatida med nedstenging fleire gonger, men no var det håp om å få meir normal drift att. Til helga skulle det vere HovdenTour og då venta han mange folk til Hovden. Også Sesilåmi var viktig, sjølv om rennet vart avlyst også i år, så er slike aktivitetar viktige for næringslivet i Setesdal vinterstid. Sommaren går jo meir av seg sjølv, då er det turistar frå både innland og utland som held hjula i gang i reiselivet.

Så vart kvelden avslutta med Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike i studio. Med Liv Gunn Viki som teknikar og Ingeborg Åkre Løyland som telefonvakt laga dei ein triveleg kveld, sjølv om det bare var tre som ringte inn på rebusane, Signe Lund, Gyro Kopperud og underteikna. Gyro fekk gåvekort, vi fekk flax-lodd, så får vi sjå om flaksen held fram når lodda kjem.

Inga sending

Tysdagskveld utan Valle Radio er ikkje det same. Når ein kan finne nettsida vallaradio.com og sjå at det er sending, splearen er kvit, og så kan trykke på knappen og høyre sendinga, då er det tysdagskveld i stova. Men i kveld var det ikkje sending.

No hadde vi jo tre sendingar i sist veke, med sendinga frå auksjonen på Bygland kulturscene som ei svært spesiell oppleving. Om sendinga i morgon kveld blir ei spesiell oppleving, det veit eg ikkje. Vi sender ein samtale eg hadde med Johs. Bjørkeli etter at han hadde vore ein tur i Amerika, eit arkivopptak frå 2001. Og så startar Opi sending alt klokka 20.45, altså eit kvarter før vanleg tid.

Onsdag 16. mars

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki

Program
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Siv Ragnhild Bjerga
20.00 Frå arkivet: Ein hylstring i USA ved Johs. Bjørkeli
20.45 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Straumprisen

Mange har protestert mot at straumprisen går til himmels i år. Det har vore kaldt og for dei som har basert seg på å fyre med straum, har det blitt dyrt. Vi har både straum, varmepumpe og vedfyring, så vi har halde varmen, og som pensjonist med lang teneste i det offentlege, har eg hatt pengar til å betale rekningane. Men slett ikkje alle er så heldige.

Så lenge vi er to, er det også ikkje så vanskeleg å ha nok til å betale rekningane, men om eg skulle falle frå og Reidun sitje att som minstepensjonist, vil det også bli tyngre. Difor kan ein godt forstå at det er mange som slit. Staten har funne ut at dei vil gje oss straumstøtte. Etter mi meining burde dei heller sytt for at rekningane ikkje gjekk til himmels, ikkje minst fordi det så langt ikkje er blitt ytt straumstøtte til bedrifter. Mange av desse hadde sikkert trengt slik støtte minst like mykje som oss som tross alt kan velje andre løysingar for oppvarming.

Nyhem

Då vi såg på gudstenesten frå Sverige på svensk TV2 i dag, tenkte eg at eg ville finne ut noko meir om staden der sendinga kom frå. Det var Missionskyrkan i Nyhem, og då eg googla litt, enda eg opp på svensk Wikipedia. Dei hadde artikkel om noko som vart kalla Nyhemsveckan, eit sommarstemne som har tradisjon tilbake til 1917 og som samlar mange tusen til møter.

Her er noko av det eg fann:

Nyhemsveckan är den svenska pingströrelsens största årliga konferens. Konferensen äger rum  under midsommarveckan varje år i Nyhem och samlar vanligen cirka 15 000 besökare. Den första konferensen hölls 1917. Konferensen arrangeras av Pingstförsamlingen Mullsjö-Nyhem.[1]

Fram till och med 2008 samlades konferensdeltagarna i ett stort tält. Från 2009 började man i stället använda sig av Nyhemshallen.

Det er altså litt som Justøy bibelcamping som John Olav Larssen etablerte i 1964. Då hadde pinsevennene i Sverige hatt bibelcamp i Västergötland i nesten 50 år.

Så lærte eg noko nytt i dag også.

 

Så mykje å skrive om

Det er mykje ein kan skrive om på Setesdalswiki, både i og utanfor Setesdal. Sjølv om nettstaden har eit lokalt geografisk namn, går det fort trådar ut av dalen til mange kantar av verda, både her i landet og utanfor grensene.

Eg har av og til tenkt at eg ville skrive om forfattarar av bøker som på ulikt vis har kome meg i hende. I går skreiv eg om Lars Rustbøle, han var jo ein kjent forfattar av det som ein kunne kalle kristeleg triviallitteratur, det vil seie romanar som ein kunne lese og glede seg over der og då. Han skreiv over 70 bøker, og gjennom åra har eg samla nokre av dei, eg tenkte ein gong å lese alle, og så skrive ein samla tekst om han, men så langt kom eg ikkje. Truleg kjem eg ikkje til å kome så langt heller.

I dag dukka det opp ei lita bok av Halvdan Hydle. Det var ei barnebok kalla Gode vaner, og her syner han ved hjelp av små fortellingar korleis gode vaner kan vere ein føremon for små og store. Gutane Per og Pål er modellar der Per gjer alt rett og Pål gjer alt galt. Så kjem det ei lita oppmoding om å følgje Per sitt eksempel.

Den var jo lett å kome gjennom, knappe 50 sider, verre er det med Lucias siste reise av Vetle Lid Larsen på 762 sider.

Besøk

Sjølv om korona-tida er over, er det ikkje så mykje folk går på besøk til kvarandre, trur eg. I alle fall er vi lite ute og det er sjeldan nokon kjem innom. Men i kveld kom Jorunn og Ole Thorvald frå Lyngdal ein tur, og det vart ein triveleg kveld.

Dei ville jo gjerne sjå den nye omnen vi har fått, og den tek seg fint ut i stova både med og uten flamme. Vi brukar å fyre litt om kvelden når sola har gått ned, så dei fekk sjå han med flamme i kveld. Vi skulle nok kanskje hatt på TV og sett meir om utviklinga i Ukraina, men vi gjorde ikkje det. Praten var heller om dei nære ting.

Dei har ein tradisjon der han les ei bok og ho høyrer på. No las dei ei bok om John Olav Larssen, og der var mitt namn også med. Det er jo ikkje så unaturleg, eg arbeidde saman med han då eg var redaktør i Fiskerens Venn.

Dei hadde vore i gravferd i Sauda nyleg, Anna Jorunn Garvik var i familie med Ole Thorvald. Dei hadde hatt god tid, og hatt to overnattingar. Men hotellet hadde ikkje servering, så dei måtte i butikken og kjøpe seg mat og ordne til på rommet. Det er jo kanskje ikkje slik ein ventar det når ein kjem til eit hotell. Men i ettertid kan ein jo le av det og fortelje om det.

 

Setesdal for Ukraina

I kveld var det kvelden for den store samlinga på Bygland kulturscene som skulle samle Setesdal for Ukraina. Olav Grendstad leia auksjonen og basaren med dei mange auksjonsobjekta og basargevinstane. Det mest originale var nok auksjonen der ein kunne sleppe å høyre Runar Granheim spele trekkspel i heile resten av året. Den auksjonen hadde bare ein budgjevar, og det var broren til Runar. Han fekk tilslaget for 2500 kroner.

Men lista over ting som vart auksjonerte vekk eller lodda ut var lang, og det verka som om ho ikkje ville ta slutt nokon gong. Programmet var sett til å vare frå 18 til 20, men det opna med kafe alt frå klokka 16, og dei var ikkje ferdige til klokka 20, men då var eg litt ferdig, så eg fullførte ikkje å sjå heilt til dei slutta.

Men alt i god tid før klokka 20 hadde dei fått inn 100.000 kroner på VIPPS, og i tillegg kom alle som betalte kontant eller på anna vis i salen, så eg tippar at beløpet kanskje dobla seg. Dette var jo ein heilt annan modell enn påskebasarane i Valle radio, der ein kjøper lodd under sendinga, og så trekkjer ein på slutten av siste sending. Her hadde ein også seld lodd på bok før basaren,

Programmet fekk også eit minutt på TV, det var jo over mest før eg fekk gløtta på TV. Eg fylgde arrangementet på Facebook og over Valle Radio, då hadde eg lyden frå radioen og bilde frå Facebook. Når det vart spelt musikk, måtte Facebook stoppe, for dei har ikkje rett til å overføre musikk. Men det kunne Valle Radio. No var det ikkje særleg plass til musikk, auksjonen gjekk unna med svært mange utrop. Ein kan ikkje anna enn applaudere.

Nært og fjernt

Eg hadde fått spørsmål om å lage rebusar til Open sending i kveld, men så fekk eg melding om at Ørnulf Hasla ikkje trong dei, for på grunn av sjukdom vart det ikkje noko av denne sendinga. I staden ville han ta nokre telefonar.

Men først hadde han ein samtale om kultur med kultursjef Torunn Charlotte Nyberg. Hennar område er mellom anna biblioteket og Ørnulf var imponert over høvet til å gå inn i Sæbyggjen når det passa han sjølv, det er jo ein slik avtale ein kan gjere om meirope bibliotek, og så sitje og bla i gamle Setesdølen, som biblioteket har innbundne i store bøker. -Der finn ein mykje interessant.

Før han kom til telefonane han skulle ta, hadde han også ein samtale med Ole Birger Lien, som no er blitt kommunikasjonsrådgjevar i Bykle etter 21 år som journalist i Setesdølen. Han meinte at om han skulle gjere noko anna før han blei pensjonist, måtte han gjere det no, Ole Birger har studert statsvitskap, og det er eit fag som vel høver godt i ei slik stilling han no har fått.

I stillinga skal han prøve å fokusere på alt det positive som skjer i kommunen, det negative kjem som oftast fram av seg sjølv, som han sa. -Har du sikra det sommarferie i moltesesongen? spurde Ørnulf. -Vi snakka om det, og det skulle nok bli ei råd med det, sa den ivrige molteplukkaren som ei tid hadde seks frysarar fulle av molter. Det har han ikkje lenger, kona syter for at det han plukkar blir seld, og det er like bra, for sjølv likar han ikkje molter. -Det er OK med moltekrem til jolaftan, men elles et eg ikkje molter. -Men å plukke molter er det gamaste eg veit, sa han.

I sendinga fekk vi og høyre frå opninga av det nye huset til Valle bygdekvinnelag, i det gamle internatbygget. Ørnulf hadde også ein prat med Torkjel Austad om Bygland Bryggeri som no har fått plass i Ose Waters sitt bygg og med Kent Vidar Helle Voreland, som var i Aten, men som jobbar hardt for å bygge ut betalingsløysinga Simplepayme og som har fått investorar til å investere 40 millionar kroner i selskapet han eig og driv. Så kvelden gjekk både nært og fjernt.

 

Kvinnedagen 2022

I Valle Radio vart kvinnedagen markert på fleire måtar. Først var det andakten frå Norea, den var det Eva Sollie Flå som hadde. Så var det songmøte i Vonheim, Tveitebø. Det var eit arkivopptak sendt10. mars 1999 og Tallak Hoslemo song først Han tek ikkje glansen av liget, men så var det bare kvinnerøyster å høyre i sangen.

Deretter hadde Siri Johannessen ein samtale med Else Gyro Rysstad som fortalde om ei kvinne som hadde gjort sterkt inntrykk på henne. Det var Gyro Vatnedalen som var kyrkjetenar i Fjellgardane kyrkje og som ho møtte då ho først kom til Hovden. Ho hadde også sans for Else Laula Renberg, kvinna som stifta verdas første sameforening og som engasjerte seg sterkt politisk for samane.

Marit Vegusdal frå Grendi og Databutikken, Evje hadde også ei kvinne ho sette høgt, det var Inger Langerak,  som hadde arbeidd på Landeskogen Ho var tante til Grete Fossen.

Det nye bedehuset på Evje, Evje bedehus skal det heite, skal takast i bruk denne veka. Sigurd Wiberg fortalde om 10.000 dugnadstimar for å få reist stasbygget, og når det gjaldt kvinner, ville han framheve dei som hadde gjort dugnad for bygget.

Så skifta sendinga karakter og vi fekk høyre Geir Daasvatn fortelje om arrangementet på Bygland kulturscene torsdag 10. mars klokka 18-20. Då blir det basar og auksjon til inntekt for Ukraina, og eldsjelene har sett heile Setesdal i brann for arrangementet, vi fekk høyre om ei laaaaang liste med gevinstar og auksjonsvarer.

Kultur- og fritidseininga i Valle kommune ved Torunn Charlotte Nyberg har tidlegare meldt at dei vil gi billettinntektene og overskotet frå matsalet under UKM-konserten 16. mars til innsamlinga vår. Torunn Charlotte har sendt oss ei ny melding i dag: “Vi har fått med oss følgjande på laget: – Joker Valle gir oss svært rabatterte prisar på innkjøp av råvarer til middag – deilig kyllingsuppe med rundstykke – pluss saft og kaffi. – Valle Sparebank vil doble inntekta vi får denne kvelden. – Hylestad bygdekvinnelag og Valle bygdekvinnelag bakar kaker som vi kan selje.” Me i “Setesdal for Ukraina”veit i grunnen ikkje korleis me skal få takka fint nok. Men den aller største gleda er at endå fleire menneske i naud kan få help. Takk, Valle ? #setesdalforukraina

Som vanleg på tysdagskveldane var det Postludium, denne gongen ved Niklos K. Besteland, som hadde funne musikk til fastetida, men som nok vart litt overraska då Siri spelte fødselsdagsfanfare for han. Han hadde dagen sin på sundag, så det høvde jo godt.