Om prestar

På Setesdalswiki har eg no halde på med eit prosjekt om prestar med basis i ei bok frå 1974. Det er om lag 2000 namn i boka, og eg er kom til bokstaven K. Det er framlei mange å skrive inn, men med god hjelp frå Reidun som les namna, reknar eg med å få lagt inn alle namna som røde lenker i løpet av august.

Men ettersom boka bare går fram til midt på 1970-talet, er jo biografiane ikkje oppdaterte. Det er jo eit problem, for då skriv eg kanskje om ein at vedkomande lever, men så er han eller ho død. Eg er takksam om eg blir gjort oppmerksom på slike feil.

I kveld snakka eg med Solvor, søster mi, ho er prestekone på Jæren og dei har prestebøker som er av nyare dato, så om dei kjem innom ein gong, skulle ho ha med seg boka slik at eg kunne få låne den.

Elles har eg gledd meg over artiklar som Ove Sandvik skriv om kinamisjonærar. Les gjerne bloggen hans, du også. Den fin du her: http://blogg-ove.blogspot.com/

 

Menn som strikkar

I kveld var Arne, han som saman med Carlos har gitt ut fleire strikkebøker og som visst er særleg kjent for strikka kuler til å henge på juletreet, med i Valle Radio. Han skal til Valle komande helg, etter det eg forstod skulle dei ta bilder på Rygnestad.

I samtalen snakka dei om menn som strikkar og då sa han at før var det heilt vanleg at menn strikka når dei var ute og gjekk. På ein tur frå Valdres til Lillehammer var det ein som strikka to par sokkar. Dei nemnde ikkje Hans Nielsen Hauge, han er den einaste eg visste om som hadde strikketøy i hendene når han ferdast frå grend til grend.

Sjølv har eg ikkje hatt særleg mykje strikketøy i hendene, det er sikkert godt for både meg og strikkekunsten. Men eg er takksam for ho som strikkar sokker til meg, for eg har gått i ullsokkar i mange år no. Ullstrømper til Afrika var tittelen på ei bok kåsøren Arhtur Klæbo gav ut, eg trur eg har den ein stad. Den handla om kvinner i misjonsforeningar som strikka sokker til utlodning på misjonsbasar og som så sende pengane til misjonen.

-Har du boka til Arne og Carlos om strikking i Setesdal? spurde eg Reidun under programmet. Det tok knapt eit halvt minutt, så hadde eg den i hendene. Her er omslaget:

Strikk fra Setesdal

 

 

Adolph Friedrich Hesse

I morgon kveld kan du høyre musikk av Adolph Friedrich Hesse i Postludium i Valle Radio klokka 20.30. Det er Niklos K. Besteland som har funne fram to stykke av han:

Einleitung, Thema und Variationen in A, opus 57, spelt av Konrad Buttmeier på orgelet i Heilig-Geist-Kirche i Bchum-Karpen

Phantasie no. 1 i f-moll, opus 47, spelt av Helmut Kruse i Braunsschweig Dom.

Svensk Wikipedia skriv dette om han:

Adolf Friedrich Hesse, född den 30 augusti 1809 i Breslau, död där den 5 augusti 1863, var en tysk orgelvirtuos.

Hesse blev 1827 andre organist vid Elisabethkirche och 1831 förste organist vid Bernhardinerkirche i Breslau. På resor i TysklandFrankrike och England väckte han allmän beundran för sitt utmärkta orgelspel. Bland hans kompositioner är i synnerhet de för orgel betydande.

Om du klikkar på namnet hans, kjem du til den svenske sida. I venstre margen er det lenke til andre språk.

 

 

Tomt hus

Etter nokre dagar med fem til bords kjendest det noko tomt då vi i kveld hadde kveldsmat, bare eg og Reidun. Margunn og Stein reiste heim til Sandøya der Margunn hadde mange oppgåver komande veke i jobben som biblioteksjef i Bamble kommune og Stein var neppe utan noko å gjere, han heller, sjølv om vi ikkje snakka så mykje om jobben hans denne gongen.

Helge reiste til Oslo, det ser ut til at han snart kan avslutte livet som koronaflyktning frå houdstaden. Sjølv om det ikkje blir på denne turen, så blir det kanskje innan august er slutt. Han har vore svært interessert i å fylgje med på Statsraad Lemkuhl si ferd langs kysten, i går reiste dei endåtil ein tur til Båly i Spangereid for å sjå skuta på nært hald, han og Stein.

Men i kveld droppa vi å ha fjernsynet på og kunne heller nyte ein stille kveld.

Nå er ikkje eg heilt sportsidiot akkurat, men i natt stod eg opp klokka 04 og fekk med meg bronsekampen. Det var jo rått parti, handballjentene til Sverige vart vel mest overkøyrde. Då dei var ferdige, såg eg litt meir på tv, så la eg meg att.

Då huset var tomt, sat vi litt på terrassen, det var helst heitt i sola. Men seinare styrta regnet ned, så det skiftar fort.

Våte som kråker

-Vi reiser til Båly for å sjå Sommerskuta, sa Helge i kveldinga. Han og Stein reiste i fint, tørt ver, vi andre blei heime for å sjå om vi fekk sjå dei på kaien. Men det gjorde vi ikkje. Grunnen fekk vi vite i telefonen då først Helge og sidan Stein ringte til Margunn og fortalde at dei var på veg heimover.

-Det regnar, vi er søkkvåte.

Vel heime kunne dei fortelje at på turen bort var det tørt og fint, men like før båten kom, så kom det ei styrtbyge. Det var lett å finne parkering, så sjølv om det var mange som møtte opp, var det god plass.

Det er ikkje så mange gonger eg har vore der, men Spangereidkanalen måtte vi jo sjå ein gong. Båly er like ved denne kanalen.

Sjølv om dei omtrent var på veg heimover då skipet klappa til kai, fekk dei nokre flotte bilete. Dei kan du sjå på Facebooksida til Stein Haugland. Her er eitt som han tok:

Kan være et bilde av en eller flere personer, utendørs og tekst som sier 'JULA JULA'

Sommarbesøk

I dag kom Margunn og Stein på sommarbesøk. Dei har ikkje hatt høve til å kome her på ei stund, og i sommarferien valde dei å reise på Vestlandet og utforske områda mellom Bergen og Ålesund, delvis også saman med Sigmund og familien hans. Mellom anna var dei på Selja den dagen dei feira seljumannamesse og fekk med seg ei flott kulturoppleving der, endåtil hornmusikk. Det var jo noko for korpsmannen Stein.

Vi vart sitjande og sjå på Sommerbåten si ferd frå Lysebotn til Sirevåg, det var turen utanfor Jæren no i kveld, og det var jo interessant å sjå området frå havet. Sjølv om ein er kjent på Jæren, så er det frå land, og noko som slo meg var alle vindmøllene som er kome opp på Høgjæren. Når vi dreg til Varhaug, der Solvor og familien bur, ser vi ikkje så mange av dei, men det var jo ein heil skog av vindmøller der.

Kampen mot vindmøller i Setesdal er eit aspekt i denne saka. Motvind Norge har ikkje vore særleg glade for at det skal kome vindmøller i Setesdal, og eg trur vel at mange støttar dei, kan hende kostar det meir enn det smakar om det skal stå slike høge master på fjelltoppane. Det blir ikkje noko Gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå, som Ivar Aasen skreiv.

Margunn fekk boka Ingen fred å finne, den kunne ho gjerne ha til biblioteket. Men Den elskelige giftmordersken av Arto Paasolinna ville ho ikkje ha, dei hadde fleire av den, etter det eg forsto.

Den elskelige giftblandersken - 
      Arto Paasilinna

      Tor Tveite

Krige med trolde

Henrik Ibsen skreiv ein gong dette diktet:

At leve er — krig med trolde
i hjertets og hjernens hvælv.
At digte, — det er at holde
dommedag over sig selv.

Nå diktar eg ikkje så mykje, det eg skriv er helst sakprosa. Difor kan eg vel neppe seie at det eg skriv er som å halde dommedag over meg sjølv.

I livet mitt er det kanskje heller ikkje så mykje ytre krig med troll, Men eg har lese ei bok om 22. juli-massakren og korleis dei som lever etter denne opplevinga har det, og der er det mange som krigar med troll i både hjerte og hjerne. Framleis skvett dei ved høge smell, framleis kikkar dei seg over skuldra når dei går på gata.

Boka heiter Ingen fred å finne og er skriven av journalisten Stian Broman. Den var i grunnen eit feilkjøp frå Bokklubben – eg gløymde å avbestille den. Men den var meir interessant enn eg hadde trudd, Eg bladde litt i den, og så fanga den meg, så no må eg nok lese ho ut.

Men ho vil nok ikkje bli verande i boksamlinga mi, eg prøver å kvitte meg med bøker, men det er jo lettare sagt enn gjort.

I dag hadde eg plan om å skrive ein prestebiografi på Setesdalswiki, det er jo nok av røde lenker å ta fatt på. Men det får nok bli til ein annan dag. Framleis er det mange namn å skrive inn frå boka.

Ingen fred å finne

2000 biografiar

I Presteboka 1974 er det om lag 2000 biografiar. No har eg begynt å skrive inn alle namna frå boka, slik at eg skal ha noko å strekkje meg mot. Målet er å få små biografiar om alle desse prestane på Setesdalswiki.

Eg har mange gonger undra meg over at kyrkje og kristenliv så ofte blir marginalt omtalt i vår tid. Når ulykker skjer, søkjer folk til kyrkja og prestane gjer ein stor jobb i kriser, men i det daglege har det på ingen måte same status å vere prest som det var før. No er ikkje status så mykje å strekke seg etter, det er ikkje det eg meiner, men å ha ein ressurs i møte med sorg og sakn, det meiner eg er viktig i eit samfunn.

Sjølvsagt er det også viktig at det er høve til å ha folk til å forkynne evangeliet i små og store bygder og byar, slik at folk kan møtast, ikkje bare få eit digitalt gudsord gjennom ein skjerm.

Då er det godt å kunne vite noko om dei som talar, og slike små biografiar kan difor vere nyttige. Den presteboka eg har er frå 1974, så dei som er med der, er vel pensjonistar, alle saman, men å få vite kven dei var som hadde teneste i kyrkjene i Setesdal og elles i landet, kan jo vere interessant, det også.

Boka fann eg i ein bruktbokbutikk for nokre år sidan. Då eg kom til skranken og skulle betale, vart dei som stod i kassa interesserte og lurte på om dei kunne finne sin konfirmasjonsprest der. Eg hugsar ikkje om dei gjorde det.

Til vanleg skriv vi om lag 1200 nye artiklar på eit år, Om vi bare skulle skrive om prestar, ville det likevel ta eit par år å dekke alle frå denne boka. Så dette er ikkje eit arbeid som er gjort i ei handvending. Men om vi får tid og får leve, så trur eg det vil ha ein verdi å få desse biografiane tilgjenegelege på nett.

Setesdalsbanens vise

Det dukka opp eit utklipp frå 1996 av ein pose i dag. Overskrifta var Setesdalsbanens vise og i følge utklyppet skulle den framførast av Lars Klevstrand då banen feira sitt 100-årsjubileum på Paulen gård det året. Han hadde også laga visa og meinte at ein museumsjernbane med respekt for seg sjølv burde ha si eiga vise. Det passa jo bra å lage den til eit så spesielt jubileum.

Svein Versland, som skreiv om dette i avisa, kjente til hylling til Krøderbanen, melodi laga av Duke Ellington: Take the a-train. Visa om Setesdalsbanen var visstnok også litt oppjazza, og Krøderbanen sine gamle teak-vogner måtte lånast av Setesdalsbanen i høve jubileet. Landets eldste elektriske lokomotiv skulle trekke vognene, også det frå Krøderbanen.

Avreise var frå Kristiansand stasjon til Grovane, der det var korrespondanse vidare opp til Paulen gård.

Er det nokon som har Setesdalsbanens vise

Akterutseilt

I desse sommartider med seilskip på fjernsynet opplevde eg å bli akterutseilt. Eg visste jo ikkje at Reidun og Helge hadde planar om å dra på tur, kan hende visste dei det ikkje sjølv heller då eg la meg for å ha ein middagskvil etter dagens nydelege laksemiddag.

Medan eg sov, la dei ut på ein kjøretur rundt om i Indre Agder. Turen gjekk til Vigeland, så tok dei oppover i Audnedal og etter ein svingete tur på smale grusvegar over heia kom dei til slutt ned ved Øyslebø i Marnardal. Då dei kom heim og fortalde om turen, følte eg meg akterutseilt.

Men etter ein god kveldsmat kom eg til hektene att. Då starta eg på realiseringa av ein ide eg har hatt ei stund. Eg kom over Presteboka 1974 i ein bruktbokhandel for nokre år sidan. Den har vore god å ha når eg skulle skrive prestebiografiar. No fekk eg inspirasjonen til å skrive namna på prestane på Setesdalswiki. Men den er 2000 namn, så det vil nok ta noko tid. Heldigvis hjelper Reidun meg med å lese namna, så eg slepp å bla i boka medan eg skriv.  I kveld gjorde vi ferdig bokstaven A.

På turen tok dei bilde av Høgtun i Øyslebø

Kan være et bilde av utendørs og tre