Takk til Linda

Linda Rabbe Haugen fortalde i dag tidleg at bier kan fly 3 km når dei er ute for å sanke nektar. Svaret hennar kom etter at eg på bloggen i går skreiv at eg ikkje visste det.

Ho ville også kome innom med eit glas sommarhonning når ho hadde fått slynga i sommar, og det gleder eg meg til å få. No har eg snart kome til botnen i spannet eg har med honning frå Løvjomås bigård som Reidun kjøpte på Torvet i Mandal ein gong før jul.

Dagane no har gått med til å skrive om korleis Den norske kyrkja i USA sendte misjonærar til Madagaskar. Det er ein artikkel av Sigmund Edland som eg har fått legge ut på Setesdalswiki, den er ganske lang, og eg har prøvd å finne bilder og lage lenker for å utnytte wikisystemet. I samband med det har eg også skrive eit par artiklar, og eg er særleg takksam til Siri Johannessen som har hjelpt meg i det arbeidet. Hennar artikkel om Erik Hansen Tou er det bryet verd å lese.

Misjon er litt som eit tre som veks. Frå eit lite frø veks det arbeidet så det femner vidt. Sjå til dømes på bildet under, bare små frø gav eit svært vakkert resultat.

Kan være et bilde av blomst, tre og natur

Bier og blomster

På den tasteplassen eg skreiv om i går, var det også ein plakat som fokuserte på mangfaldet av insekter langs vegen. Det var lagt vekt på at vegkantane var tilsådd med blomefrø for at biene skulle kunne finne nektar der.

Ei bie kan fly ganske langt og dermed dekke eit stort område i arbeidet med å samle nektar. Truleg har dei vet til å halde seg borte frå trafikken slik at dei ikkje kolliderer med kjøretøy som fer forbi, kanskje fører lufttrykket til at dei ikkje blir trefte, eg er ingen ekspert på slikt.

Men eg har meg minst ei skive med honning kvar dag og set pris på det birøktarane og husdyra deira gjer for at pollineringa skal skje, for utan den ville vi jo heller ikkje fått mange andre jordbruksprodukt på bordet.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Tasteplass

På veg heim frå Arendal i går stoppa vi og hadde ein liten pause på noko som vart kalla Tastplass. Eg trur eg fekk meg ein liten dupp. Den var midt i solsteiken, for då vi kom, var det andre bilar som stod i skuggen.

Men så køyrde dei og vi kunne flytte oss bort i skuggen. Reidun skjøna ikkje kva eg ville, eg hadde jo alt duppa. Men eg ville sjå kva som stod på dei plakatane som var på huset med toalett.

Det synte seg at plassen var ein Tasteplass, ein stad der ein kunne surfe på Internett gratis og sende meldingar eller laste opp bilder. Eg nytta ikkje funksjonane der, men tok likevel eit par bilder. Dei er ikkje spesielt gode, lyset var vanskeleg både for mine augo og for telefonen. Men her er dei:

Kan være et bilde av vei

Kan være et bilde av tekst som sier 'IIL TASTEPLASS! Gjensidige og Trygg Trafikk har tatt initiativ til en tasteplass. Ta deg en pause, bruk gratis wifi og gjor det du trenger pả gjore denne rasteplassen mobiltelefonen for du kjorer videre. A bruke mobilen bak rattet er noe av det farligste du kan gjore trafikken, både for deg og andre. Når du logger deg pả wifi-nettet finner du en oppfordring om a ikke taste trafikken. Den håper du bryr deg om. vil dele med noen Takk for at du stoppet og god tur videre! Gjensidige A TRYGG TRAFIKK'

Arendalstur

Etter at Reidun var på Ullevål for å fikse auga 18. mai, måtte ho i dag til Arendal for kontroll. Sykehusa har delt oppgåver mellom seg og augeavdelinga er i Arendal.

Turen bortover gjekk fint, vi starta tidleg og kom fram i god tid. På vegen mot Kristiansand møtte vi tre politibilar på veg vestover med blålys. Seinare fann Reidun ut at det hadde vore ein slåsskamp mellom bilistar ein stad, men at ein var reist då politiet kom.

Medan eg sat og venta på at ho skulle bli ferdig, såg eg plutseleg at treet med gule bloma i overflod måtte vere gullregn. Den trudde eg var forbudt, giftig som den er, men då eg leita på nettet, fann eg ut at den var svartelista, men ikkje forbudt. Folk kunne behalde dei som veks i hagane, men ikkje plante nye.

Men fine er dei,

Eg la ut bildet på Facebook og lurte på om nokon visste kor eg var. Hanne Straume visste det, truleg ikkje så rart at doktoren visste at eg var på sjukehuset i Arendal.

Kan være et bilde av natur og tre

 

 

Ein misjonær frå Evje

I dag var eg på leiting i Norsk misjonsleksikon og medan eg bladde i boka, fall augo på ein artikkel om Aslaug Bjoraa, Kamerunmisjonær frå Evje. Det var jo naturleg å skrive om henne, men då leksikonet kom ut, var ho lys levande og i full verksemd.

Men ho var fødd i 1920, så ho ville vore over 100 år om ho levde no, så eg gjorde eit søk etter henne og fann dødsdato. Så tenkte eg at eg ville finne eit bilde, og då gjekk eg til Misjonsarkivet til NMS for å leite der. Men eg fann ikkje noko, så truleg må eg vente til i morgon og så sende eit spørsmål til arkivet.

Men der fann eg i staden ein artikkel av Sigmund Edland. Han har artikkel på Setesdalswiki fordi han er medforfattar av boka Helt til jordens ende. Han er frå Ålgård og vi var kameratar i ungdommen. No bur han i Kvinesdal, så eg tok ein telefon til han. Det er lenge mellom kvar gong vi har kontakt, men han og kona besøkte oss då vi budde på Nomeland, men det er jo blitt nokre år sidan no.

Sigmund såg ingen hindringar for at eg kunne ha artikkelen på Setesdalswiki, så då var det bare å setje i gang med å tilpasse den. Det har eg halde på med litt i dag, men egmå nok ta slutten i morgon.

Svart belte

I dag kom eg meg vidare i arbeidet med artikkelen om artiklar om kyrkjepolitikk på 1800-talet. Det er interessant, men ikkje så lett å finne ut av, så eg tok ein telefon til Margunn, og ho leita fram og sende meg lenker, så no har eg fått laga ein artikkel om ein av dei som var med på Det 3. frivillige kirkelige landsmøte. Det synte seg at han hadde artikkel på svensk Wikipedia, då fall mange brikker på plass.

Så tenkte eg at eg skulle skrive litt om dei mange misjonærane som er omtalte i Torbjørn Greipsland si bok Helt til jordens ende. Nils Astrup var misjonær i Sør-Afrika og overtok etter Schreuder som misjonsbiskop, vigsla i Nidarosdomen. Der kunne eg finne stoff i Norsk misjonsleksikon. Det synte seg også at han hadde artikkel på norsk Wikipedia, men det oppdaga eg ikkje før på slutten av skrivinga. Men då kunne eg i det minste hente bilde av han frå bildearkivet Commons.

Alt i alt, mykje lesing, ikkje så mykje skriving.

Henrik Sophus Baldæus Broch (født i Bragernes 23. november 1819, død i Oslo 19. oktober 1905) var jurist og lærer i kirkerett ved det praktisk-teologiske fakultet ved Kristiania universitet fra 1860 til 1904. Han var justitiarius i Kristiania stiftsoverret fra 1880, generalauditør fra 1889 til 1901. Henrik Broch var medlem av kommisjonen som utredet loslovgivningen i 1875 og dissenterlovgivningen i 1879.

Sitat Broch stod den Johnsonska riktningen nära och var aktiv i den kyrkliga debatten. Sitat
– Svensk Wikipedia

Bibliografi

  • Norsk Kirkeret 1904

Heder

  • Kommandør av St. Olavs Orden 1993

Kilder

Nils Astrup (født 30. august 1843, død 1919) var en norskamerikansk misjonær. Han var født i Grue i Solør og tok studenteksamen i 1860, 2. eksamen ved Universitetet i Kristiania i 1861 og juridisk embetseksamen i 1866. i 1877 tok han teologisk embetseksamen.

Familie

Foreldrene til Nils Astrup var cand.jur. Nicolai Astrup og Hanna Astrup, født Døderlein. 22. februar 1872 ble han gift med Anna Katharina Agatha Ursula Astrup, født Thurman.

Tjeneste

Etter juridisk utdannelse var han fullmektig hos sorenskriveren i Salten fra 1866 til 1870. Deretter bestyrte han et guttehjem og pikehjem i Kristiania fra 1870 til 1878, Fra 1879 til 1883 var han sokneprest i Norddal, deretter ble han av Den norske misjon ved Schrøder sendt til Sør-Afrika der han arbeidet ved stasjonene Entumeni som Hans Paludan Smith Schreuders etterfølger og ved Untunjambili, hvor han døde.

I 1902 ble han ordinert til misjonsbiskop i Nidarosdomen.

Bibliografi

  • En Missionsreise til Limpopo. Gjennem Zululand, Swaziland og Tongaland ind i Riget Umgaza. Kristiania 1891: Steen
  • Zulumissionens mål – Afrikas hjerte. Et Ord til Venner af det mørke Fastland om Missionsudsigterne, belyst af Prophetierne, Historien og Nutidsbegivenhederne. Utgitt i Christiania 1903

Heder

  • St. Olavs Orden 1. klasse 1903

Kilder

Kven var dei?

I det siste har eg halde på med skriving om Det frivillige kirkemøte. I dei artiklane har kjeldene namn på folk som hadde oppgåver, men dei er bare omtalte med etternamn. Så då må det eit detektivarbeid til for å finne ut kven dei var.

Det er vel ikkje så vanskeleg når det er tale om biskopar, men kjeldene syner også til lekfolk som var med i komiteane, og då må eg grave litt ekstra.

Her er litt å lure på truleg både ein fredagskveld og ein laurdagsmorgon frå Det tredje kirkelige landsmøte som var i 1887:

Komite til å forberede neste møte ble

Biskop Essendorp, statsråd Johan Sverdrup, gårdbruker Berger, professor Gisle Johnson, professor Munch, justitiarius Broch, sogneprest Brun, kirkesanger Presthus og lærer Rusdal.

Suppleanter

Professor Petersen, statsråd Nils Hertzberg, pastor Andreas Hansen, sogneprest Knudsen, pastor Gjør, prost Hauge, biskop Grimelund og sogneprest Heuch

Tor med hammaren

I dag var Tor med hammaren ute og rei over Mandal. Han slo ganske hardt utover dagen, det både lynte og drønna ganske kraftig. Eg hadde tatt ein middagskvil og nesten hoppa i senga av eit av slaga hans. Då var det i grunnen bare å stå opp att.

Elles er det å merke at gårsdagen var ein merkedag for Setesdalswiki, for vi runda 93300 artiklar. Då måtte eg skrive litt på Såpekassen, talarstolen for kommentarar om prosjektet:

93 300 artiklar

2. juni 2021 runda vi eit nytt hundretal på Setesdalswiki. Produksjonen har vore laber i vår, vi brukte fem månader på 300 artiklar etter at vi kom til 93 000 nyårsaftan. Artikkelen var 13. august 2021, då er det Landbrukets dag 2021 på EvjemoenGeir hadde sett brosjyra og laga artikkelen. Så skreiv eg ein artikkel til, Det 2. frivillige kirkelige landsmøte,dermed er vi i gang mot eit nytt hundretal. —Harald Haugland (diskusjon) 3. jun. 2021 kl. 00:03 (CEST)

Og no er det 93306 artiklar, så litt produksjon vart det i dag og.

Men Tor med hammaren slår framleis så gneistrane flyg over oss.

Ingenting

I dag skulle Reidun til tannlegen, og ettersom ho framleis har forbud mot å kjøre sjøl, fekk eg oppgåva. Eg ville kombinere det med ein tur til frisøren, og det besøket var vellukka, så no er sommarsveisen på plass.

Så var det å vente på Reidun, og det tenkte eg at eg kunne gjere nedanfor Andorsengården. Der er det ein parkeringsplass ved sida av Bryggegata, så eg kjørte dit. På vegen såg eg at Reidun var ferdig, ho kom gåande utover. Før ho kom, ville eg ta eit bilde av Andorsengården frå sjøsida, hagen der var i strålande prakt, så det kunne høve godt å dokumentere at eg hadde vore i Mandal med å leggje eit slikt bilde ut på Facebook. Så eg klikka to-tre gonger for å få det fine motivet.

Men ho hadde ikkje sett meg, ho var på veg til apoteket, viste det seg, for tannlegen hadde gjeve henne noko å handle der. Då ho ikkje såg meg, kjørte eg opp i gata utanfor Frelsesarmelokalet, og så ringte eg til henne og sa kor eg var.

Deretter vart det ein tur på Tilbudsenteret for å handle før turen gjekk heimover att.

Vel heime att, skulle eg så legge bildet ut på Facebook. Men ingenting hadde blitt festa til minnebrikka. Ingenting. Det var mest så eg kunne tatt ein tur inn til byen att. Men eg droppa det.

Så i kveld blir det bare tekst på bloggen. Ingenting anna.

Gamle hus

Ein kunne lage mange radioprogram i Valle Radio om gamle hus i Setesdal. I kveld hadde Siri Johannessen ein samtale med Anders Dalseg på Setesdalsmuseet om temaet.

Setesdalsmuseet har eit bygningsvernsenter og ein stor laftehall for å kunne restaurere lafta bygningar. Då tek dei bygningane ned, flytter dei til hallen og reparerer det som må reparerast, og så blir dei sette opp att på tunet der dei stod før.

For tida er mellom anna huset på Tveitetunet til restaurering, til vinteren skulle dei visst få gjort noko med det. I sommar held dei på med hus på Ånebjør. Det er lang reiseveg, dei må jo kjøre rundt om Åseral for å kome dit, så der overnattar dei. Men det er bilveg heilt fram, så det er slik sett lettare enn å restaurere ei bu på heia.

Anders Dalseg har endåtil vore med å restauerer stavkyrkje, det er jo tale om endre teknikkar, men han var ikkje involvert i planane om å bygge stavkyrkje på Rysstad. Kor langt dei planane er komne, var difor ikkje noko tema i samtalen, som var interessant og lærerik. Dei gamle årestogene hadde bare lys frå ljoren, så det var tidleg mørkt. Men på 1500-talet begynte det å kome små vindu i veggene, først med griseblære, sidan med glass, så frå då av gjekk det mot lysare tider. Enno har dei visst ikkje klart å finne ut korleis dei kunne preparere griseblæra slik at ho slapp inn lys.

Siri er jo også arkitekt av utdanning, så Gamle hus var eit tema dei nok kunne ha snakka lenge om.