Vei i vellinga

Arbeidet med ny E39 vestover frå Kristiansand går så det susar. Etter at eg hadde vore på Hald i Mandal og blitt vaksinert mot korona i dag, stoppa eg på Ime skole og tok eit bilde som eg la ut på Facebook med kommentaren Vei i vellinga.

Nå er jo ikkje norske fjell akkurat noko velling. Det er vel mest gråstein, om ein ikkje er i Iveland og har ei thortveitittgruve med verdas dyraste mineral, slik det stod i Aftenposten i dag. I reportasjen hadde dei endåtil nytta Setesdalswiki som kjelde, etter det Helge fortalde, han har abonnement, men eg fekk bare lese starten på artikkelen, for eg har ikkje abonnement.

Nå har ikkje Setesdalswiki artikkel om mineralet, men om mannen som fekk mineralet oppkalla etter seg, Olaus Thortveit. Han kan du lese om heilt gratis om du trykker på namnet hans.

Men ein må bli imponert over jobben som blir gjort for at vi skal sleppe å stå i milelange køar, kollidere eller kjøre i grøfta på gamle E39 til vinteren når Vatnebakken blir islagd og trailarane ikkje kjem seg opp..

Kan være et bilde av tre, natur og vei

Meir digital feiring

Feiringa av 17. mai i Valle i år, vart sendt på Valle Radio og kunne høyrast over heile verda. Om så skjedde, veit eg ikkje, men her i Mandal fekk eg med meg ein god del av det som skjedde via radioen.

Jørund Georg Jore laga også ein film frå arrangementet. Den er no lagt ut og kan sjåast her: https://vimeo.com/551674952

Også Bykle laga film. Her er lenke til den også: https://www.facebook.com/events/425980918491032/?ref=newsfeed

Kos deg gjerne med å gjenoppleve det som skjedde

 

Heime igjen

17. mai reiste Reidun saman med Rønnaug og familien til Nittedal. Om kvelden vart ho lagd inn på Ullevål sykehus for å ta ein augeoperasjon. Så måtte ho vere over til i dag, då gjekk turen heimover att.

Vel heime fortalde ho frå reisa, det er jo slik at når ein har vore på reise, så har ein alltid noko å fortelje. Eg vart svært imponert over logistikken som skulle til for å få henne vel heim att.

Det var sett opp ein helsebuss frå Ullevål klokka 14. Alle passasjerane var jo registrerte, så bussen kunne dra før tida, for alle var på plass. Det var ein sjåfør og ein bussvert, og på vegen kunne dei få servering. I desse koronatider er det kanskje betre plass enn til vanleg, men det var brei midtgang med plass til rullestol.

Bussen stoppa på avtalte plassar der folk skulle av, og då stod det drosje klar for å kjøre passasjerane til heimeadressa. Vel framme i Mandal var det ein som skulle til Snartemo, så det stod ein drosje og venta på Hollekleiva, og så kjørte bussen Reidun like til døra her i Tregdevegen. Litt over klokka 19 var ho her, då hadde bussen endåtil vore ein tur innom sjukehuset i Kristiansand, etter det eg skjøna.

Al var gratis på sykehuset. transporten heim kosta 159 kroner om ein ikkje hadde frikort. Då tenkjer i alle fall eg at vi har eit heilt spesielt godt system når det gjeld helse her i landet. Og undrar meg på kvifor USA ikkje følgjer etter med å legge litt på skattane og så få eit sjukehustilbod for alle, også dei som er utan jobb med sjukeforsikring som arbeidsgjevaren dekker.

I morgon skal eg ha min andre koronavaksine, også den er gratis, Det er mange grunnar til å takke her i landet.

Digital feiring

Årets 17. mai-feiring var nok digital for dei fleste, sjølv om vi såg mange som var ute og lufta bunader i programmet på TV. NRK hadde endåtil innslag frå Evje i år.

Valle Radio hadde sending frå om lag klokka 10.45 til klokka 16, eit program  med mange bitar som skulle passe saman. Her var det biltog, og det stoppa ved Hylestad kyrkje og Valle kyrkje før det kjørte nord til Einang og tilbake til sentrum.

Medan toget kjørte, var det musikk i radioen. Så vart stoppa overførte. Gudstenesta var frå 2020, Rebusløpet kunne ein delta i heile dagen.

Heile programmet for Valle og Evje og Hornnes finn du på Setesdalswiki: https://www.setesdalswiki.no/wiki/17._mai_2021

https://www.setesdalswiki.no/wiki/17._mai_2021

Smal veg

I Eskelandskleiva er vegen svært smal, og då ein lastebil møtte ein annan bil i dag, gjekk det galt. Helge hadde vore i Mandal og såg at bilen stod i grøfta. Det fortalde han då han kom heim, og då nytta Nikolai høvet og sprang opp for å ta eit bilde.

Eg hjelpte han med å sende det til Lindesnes Avis og tenkte at no skulle Nikolai få sitt bilde på trykk i avisa. Men avisa ville det annleis, dei sende eigen journalist til ulykkesstaden og han tok bilde både frå framsida og baksida, intervjua sjåføren, som ikkje ville ha namnet sitt i avisa- At tipset kom frå Nikolai Lyckander opplyste dei heller ikkje.

Slik er det av og til. Men eg meiner at den bør ærast som æra skal ha, så her på bloggen legg eg ut bildet han sende meg og som eg sende til avisa med denne teksten:

Bildet illustrerer bedre enn ord at det også trenges å utvide Tregdeveien nedenfor Skjernøykrysset. Foto: Nikolai Lyckander

Åpne bilde

Utedag

Vi har besøk av Rønnaug med familie, og i dag var det fint for ein utedag, passeleg temperatur og slikt. Rett nok var det ei regnbyge, men så tørka det opp att og blei retteleg fint. Og dei gjekk og pusla, raka litt gras, etter første slått om våren ligg det att litt, olja terrassen og pusla med ulike oppgåver, men tok seg også tid til litt frisbee-kasting med Nikolai på 12.

Dei andre barnebarna er så store at dei har eigne prosjekt, Håkon er russ og Kristine er i Sør-Afrika for å gå på gymnas der.

Reidun hadde time hos optikar i dag og det gav henne også ein utedag, for optikaren sende henne til augeavdelinga i Arendal for ekstra sjekk, og det synte seg at ho må få festa netthinna, som har løysna i eine kanten. Så det blir tur til Ullevål 17. mai.

Det verkar elles som om biltoga 17. mai alt har starta, rett nok er ikkje bilane pynta med flagg enno, men det går ein jamn straum både austover og vestover, nordover og sørover, etter det ho kunne fortelje då ho kom heim att.

Det er også eit uteliv.

Lang tur

Eg veit ikkje om det var på grunn av alle traktorane som skulle heim att etter demonstrasjon i Oslo, men Kristi Himmelfartsdag var det mykje trafikk nedover mot Sørlandet. Vi venta besøk, og vi venta og venta…..

Det viste seg at dei som var på tur sørover til oss, hadde funne ut at dei ville ta reisa som ein tur denne gongen, ikkje bare som ein transportetappe. Dei hadde stoppa undervegs og hatt seg sushi (men gløymt å kjøpe med noko til meg, dei visste nok ikkje kor glad eg er i det, men heldigvis kan ein få det i Mandal også.

Vi smurde oss med tålmod og eg tok ein middagslur. Medan eg sov, dukka Ingunn Røysland opp, det var snakk om noko strikking, og det er ikkje mitt departement, men det var hyggeleg å sjå henne att du skjøner nok at eg vakna før ho gjekk.

Men endeleg kom folka få Nittedal og då vart det kaffe og Ole Bull-iskake, den oppskrifta eg fekk på Valle skule har vore svært kjær for heile familien i mange år. Lisbeths potetkaker høyrer også med når vi får besøk frå aust, dei kan ein no få også i Oslo. Så gjekk no praten om laust og fast til Nikolai fann ut at det var tid for fotballkamp på datamaskina, då forsvann han inn i si eiga verd medan foreldrene tok ein spasertur. Her har det vore fint ver i dag, så ein tur i lagleg ver, det likar dei.

Men den blei heldigvis kortare enn bilturen.

Det går ikkje rundt

Mange bønder er i opprør, frå heile landet gjekk det eit tog av traktorarr til Oslo i går. Tor Espen Helle la turen til Kristiansand, men Jørund Kvåle Hansen frå Bygland vart intervjua av Jorunn Lavik i Vårt Land i hovudstaden_

– Eg produserer mat til nesten 1.000 nordmenn, men det gjev meg ikkje inntekter nok til å brødfø mine eigne ungar ein gong.

Jørund Kvaale Hansen kikar utover Eidsvolls plass i Oslo. Til vanleg driv han gard med ammeku og gris i Setesdalen. No har han parkert traktoren sin framfor Stortinget, saman med bønder frå heile Noreg.

Tysdag kom dei til Oslo for å kreva storsatsing på jordbruket og for å protestera mot statens tilbod i jordbruksforhandlingane.

– Eg vil ikkje gje meg som bonde, for slekta mi har drive garden i 600 år. Men om det ikkje endrar seg, vil eg nekta ungane mine å gå inn i dette, seier Hansen.

Held ved like jorda på 15 nedlagde garder

Sjølv jobbar Jørund Kvaale Hansen to årsverk på garden, men sit igjen med eit overskott på skarve 50.000 kroner i året.

– Det vesle overskottet må eg behalda for å sikra betalingsevna mi. Så løna mi på garden er eigentleg null. Eg har ein ekstrajobb som brannmann. Kona mi er lærar, det er ho som fyller kjøleskapet med mat.

Sidan han tok over garden for 10 år sidan, har han satsa for fullt. Investert og effektivisert. Medan far hans hadde seks kyr, har han 60. I tillegg slår han gras og held ved like jorda på 15 nedlagde garder i distriktet der han bur.

Men det er ikkje nok for å gå i pluss. Jørund Kvaale Hansen peiker på at gapet mellom inntekter og utgifter aukar.

– Bønder heng etter på inntekter samanlikna med resten av samfunnet. Eg får nesten det same for ein okse som det bestefar min fekk. Samstundes spring kostnadane frå oss. Kostnadane til maskiner har auka fleire titals prosent på få år. Den traktoren eg har kjøpt, er nesten meir verd no enn då då eg kjøpte han.

Charlotte Førde Skomsøy tok bildet

Jørind Kvaale Hansen ved egen traktor fremfor stortinget under bondedemonstrasjonen 11.05.21.

Her er heile artikkelen:

https://www.vl.no/nyheter/2021/05/11/eg-produserer-mat-til-nesten-1000-nordmenn-men-det-gjev-meg-ikkje-inntekter-nok-til-a-brodfo-mine-eigne-ungar-ein-gong/

Englar og musikk

I kveld fekk vi eit møte med Ellen Jansen i Valle Radio. Ho fortalde om englane ho lagar, Ho gjekk på sølvsmedlinja i Valle og laga sølv tidlegare, men etter kvart gjekk ho over til glasskunst, ho hadde vore på eit kurs i dette i Danmark. og så vart motiva englar i små og store utgåver. Ho fortalde om korleis ho skjer til glasset og brenn det med høg temperatur ei ein omn ho har.

Før dette hadde vi høyrt eit aktuelt innslag med Tor Espen Helle, han såg vi også på distriktssendinga i TV, han hadde kjørt traktor til Kristiansand for på protestere på landbruksoppgjeret, som så mange bønder gjorde i dag. Då Siri snakka med han, var han på tur heimover.

Kveldens Over ein open Bibel var ved Odd Rannestad og handla om Maria Magdalena, og så kom Folketonetimen med Henrik West. Han har gjeve ut ei bok om folketonar med tittelen Kven kan seie ut den glede. Til boka høyrer også ei cd-plate, og til dette har han hatt god hjelp av Harald Branko Knudsen på Agder folkemusikkarkiv.

Henrik hadde også Postlusium i kveld, og då hadde han funne variasjonsverk over folketonar.

Det vart ein informativ og god kveld.

 

Folketonar på orgel

Eg sende denne meldinga til Setesdølen:

I kveld kan du høyre folketonar frå Setesdal på orgel i Valle Radio. Henrik West har gjeve ut ei samling og vil fortelje om den. Onsdag vil ordførarane i Setesdal snakke om 17, mai og andre aktuelle tema i kommunane. Valle Radio kan høyrast både på FM og på internett, der du finn lenke på heimesida valleradio.com
Dessverre vart eg for sein for deadline for papiravisa, men Sigurd Haugsgjerd skreiv til meg:
Takk for radio-tips, men det kom dessverre over ein time etter at avisa for i morgon gjekk i trykken. Neste papiravis kjem ut fredag, men me skal meir enn gjerne legge epistelen din ut på nettsida vår i dag.
Her er programmet for denne veka:
Tirsdag 11. mai

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret,programinformasjon og kåseri

18.15 Over en åpen bibel fra Norea

18.30 Folketonetimen med Henrik West
19.30 Timen med Ellen Jansen og engler, og Signe Sollien Haugå om stadutvikling i Bykle og bygdevekstavtale
20.30 Folketone-Postludium ved Henrik West
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 12. mai

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
19.00 Tankar frå Bibelen
19.30 Kommunane informerer med fokus på dalen før 17. mai
     * Valle: Torunn C. Nyberg og Steinar Kyrvestad
     * Bygland: Sigbjørn Åge Fossdal
     * Bykle: Jon Rolf Næss
21.00 Kristin, Siri og musikk