Fribeegolf

I kveldens sending i Valle radio fekk vi høyre om ein idrett eg aldri hadde høyrt om før. Den kallast frisbeegolf og blir spelt på ein frisbeegolfbane som er etablert på Øyne like nord for Valle sentrum. Det var Sondre Rua Dokken og Andreas Bjørgum Forde som fortalde om idretten i sendinga i kveld, som Sondre hadde ansvar for.

På banen er det sett opp korger som ein skal kaste i, avstanden kan vere frå 50 til 200 meter og kvar korg har eit tal for kor mange kast ein skal bruke. Det mest vanlege i Valle er etter det eg forstod tre kast. Klarar ein det, blir det kalla par. målet er å gå rundt banen med 16 korger og så halde par, Då er ein ganske dyktig, trur eg.

I denne idretten er det ikkje tidtaking, ein treng vel heller ikkje gå heile banen om tida ikkje strekk til, men ein tur blir det, og Sondre, som har hatt eit engasjemnt for Turistforeningen i samarbeid med kommunen, likar når han kan få folk ut på tur, kort eller lang.

Eg fekk ikkje med meg kor mange det er som har gått runden, kan hende har dei ikkje nokon statistikk på det. Men om to eller fleire går saman, vil dei nok oppleve at munnhellet Ut på tur, aldri sur, kanskje både blir sanna og avsanna: Sur når ein bommar, blid når ein treffer eller når kameraten bommar. I Valle er det høve til litt ekstra av begge deler ettersom ein må kaste over Otra for å kome til ei av korgene.

Wikipedia har ein artikkel om dette. Der fann eg bildet av ei slik korg som ein skal treffe.

Påskepreg

I kveld var det igjen sending i Valle Radio, denne gongen med påskepreg. i musikkvalet både i Siris musikktime og Niklos sitt Postludium. Der fekk vi høyre

Herrmann Finck (1527.1558): Christ ist erstanden. Motett for femstemmig kor. Ensemble Alte Musik Dresden, Bläser-Collegium Leipzig dirigert av Lüdger Remy

Dietrich Buxtehude (1637-1707): Erschienen ist der herrliche Tag. Hans Helmut Tillmanns på orgelet i Lübecker Dom

Gottfried August Homilius (1714-1785): Christ lag in Todesbanden. Gunnar Nordenfors på orgelet i Västerås domkyrka

Felix-Alexandre Guilmant (1837-1911): Offertorium over O Filii et Filiiae, op. 49.nr.2. Robert Delcamp på orgelet i All Saints Chapel of the University of the South, Sewanee, Tennesse

Staffan Björklund (1944-): Jubiloso frå orgelsyfonien Nirvana. Komponisten spelte sjølv på orgelet i Linköping domkyrka

Takk for musikken, Niklos og takk til Siri som formidlar så sjeldent og verdfullt program som kvelden i kveld, der vi også fekk høyre ein samtale med Geir Johannessen, om Hans Nielsen Hauge og om Åpne dørers bønneaksjon for verdens muslimer og ein variert sangtime med stort spenn og påskepreg.

I det hyggelige hjørne

Denne påska har eg kost meg med biskop Monrad Nordervals bok I det hyggelige hjørne. Her deler han raust frå tida som prest i Finnmark. Han var der bare frå |1930 til 1935, men den tida ga mange opplevingar for ein som ser det store i dei små tinga.

Sjølv om han var frå Sunnmøre og hadde vore på selfangst i Ishavet, hadde han truleg planlagt å ha nokre år i Finnmark, for han tok eksamen i samisk. Men han vart aldri nokon stor kjennar av språket, slik som Adolf Steen, også han frå Sunnmøre, vart.

Norderval skreiv mange bøker. Han skriv munnleg og godt, så om du kjem over ei bok av han, bør du unne deg ei lesaroppleving. I boka eg las fortel han om ein sommar som var av det dårlege slaget.

Ei prestefrue han møtte meinte at det vart nok sommar, men det dårlege veret stod like sterkt også då han møtte henne fleire veker seinar Først i september kom det nokre godversdagar, og då Norderval også då møtte henne, sa jo: – Der ser du, det vart sommar.

Her i sør let våren vente på seg, det er helst kuldegrader om natta framleis. Men vi lever i vona: Visst skal våren komme, visst skal jorden bli ny

I det hyggelige hjørne på Bookis.com

Liten vekst

Dette første kvartalet av 2021 har Setesdalswiki hatt liten vekst om ein tenkjer på nye artiklar. Bare 152 nye artiklar på tre månadar, Det er 50 i månaden, mot normalt minst 100. Eg var optimistisk ved årsskiftet og tenkte at vi kunne klar 1200-1300 også dette året, men eg trur det vil vi slite med å klare no.

Men sjølv om vi ikkje har så stor vekst som før, så puslar vi litt og det er stadig noko å skrive om. Sjølv har eg hatt ein periode der eg les ein del, og då blir det mindre skriving. Og det er ikkje så mange nye skribentar sjølv om vi av og til får ein som registrerer seg. Nokre gjer det utan å skrive, andre rettar ein feil dei har oppdaga, og så blir det med det.

Om det blir meir vekst når sevja stig og skogen grønkar, er ikkje så godt å seie. I desse koronatider er det mange som nyttar naturen, og det er nok råd å finne informasjon om både fjell og vassdrag i Setesdal på Setesdalwiki. Men det er mykje att å skrive om, så vi får sjå om vi ikkje klarar å få til noko også i neste kvartal når det vårast og sevja stig.