Oppdateringar

I dag tidleg fekk eg ein telefon frå Gunnar Stubseid om at det var trong for nokre oppdateringar. Han skulle sende dei til meg, om det var greitt. Det var det sjølvsagt, og i same rennet fekk eg spurt han om han kunne vere med i radioen onsdagskvelden. Eg skal ha ansvaret den kvelden. Han lova å vere med frå 20.30, og frå før har eg Tom Andreas Kristensen med meg frå 20.00, så dermed var den aktuelle timen i boks.

Seinare i dag var det tid for fleire oppdateringar, for Hind Helene Harira hadde synspunkt på artikkelen om Hovudoppgåver og  masteroppgåver relatert til Setesdal. Der kunne vi endre ei gruppe og få med ein ny person som har teke slik mastergrad. Så fekk eg gjort det også, og i same slengen oppdatert artikkelen om henne.

Det er stor oppmuntring for meg når folk tek kontakt og vil fikse ting eller få stoff inn på Setesdalswiki. Helst ville eg jo at dei registrerte seg og skreiv sjølv, både om det dei vil ha meg til å endre og andre ting, men det er flott å få gode innspel til oppdateringar. Nettleksikonet treng oppdateringar heile tida om det ikkje skal bli utdatert.

Midtfaste

Fastar du?

Faste skal hjelpe oss til å konsentrere oss om det viktige, Difor må vi avstå frå det uviktige. Ofte tenkjer vi på mat, men kan hende er det andre ting som fyller tankar og sinn og som vi heller burde faste frå.

I helgene fråtsar vi i alle fall i sport om vi ser på tv, det startar like etter frukost og held det gåande til Dagsrevyen om vi held oss til NRK, som vel dei fleste gjer. Og Norge fråtsar i medaljar i VM på ski, noko som gjev oss ei kortvarig glede, men etter få dagar har i alle fall eg gløymt dei fleste resultata og vinnarane.

I ungdomen var eg med i Sandnes menighetskor, og vi song kvar onsdagskveld på fastegudsteneste. I desse koronatider er det jo forbudt å samlast meir enn nokre få, namna må skrivast opp for å hjelpe smittesporarar seinare og avstand må vere stor. Så held vi oss framom tv-skjermen og finn ei digital løysing i staden i det minste på sundagane. For min del skjer det via svensk tv2, som sender gudsteneste kvar sundag klokka 10.

 

Tankevekkande

Eg har i grunnen ikkje vore så interssert i bøker om 2. verdskrigen, men denne veka fekk eg ei bok frå biblioteket som var tankevekkande. Den heitte Tyskerjentene og er skriven av Helle Årnes. Undertittelen er Historiene vi aldri ble fortalt.

Her får vi høyre om nokre jenter som under krigen vart forelska i ein tysk soldat og som fekk barn med han. Det var alt anna enn lett, etter krigen vart mange sende til Tyskland, og det var heller ikkje lett.

Mange tente gode pengar på å arbeide for tyskarane, dei fekk lita eller inga straff etterpå. Heller ikkje menn som hadde tysk teneste her i landet, fekk særleg lang straff. Men kvinnene som fortel i boka, opplever at dei vart straffa heile livet. Dei fleste er vel døde no,  men då boka kom ut i 2009, levde mange av dei. Om ein skulle ha noko med tyske soldatar å gjere på 1940-talet, måtte ein jo helst vere fødd i 1920 eller før.

Grunnen til at eg kom til å låne fleire slike bøker, var at eg las ein artikkel som var skriven av Harald Herresthal. Det namnet var kjent som organist, men eg hadde ikkje tenkt at han var av tysk opphav. Difor vart eg litt nysgjerrig. Men boka hans har eg ikkje begynt på ennå, den boka eg las, hadde mange fakta om emnet saman med biografiane til nokre norske jenter som vart forelska i tyske soldatar.

Så om du lurer på kvifor det ikkje går så fort med å skrive artiklar på Setesdalswiki no, så har du svaret: Eg har lesepause.

Avlysing

I kveld skulle det vore reiselivskveld i Valle Radio. Men den vart avlyst, Siri, som var ansvarleg, vart liggjande med feber og måtte melde avbod. Den som gjorde som meg og prøvde å logge på via nettradio, fekk p4 klart og sterkt inn, akkurat som dei som til vanleg får p4 inn når radioen ikkje har sending.

Jørund fortalde meg at han hadde gjort ei endring i går og at strøyming av p4 på den måten var ein test. I morgon er det planen at Sondre skal ha ansvaret og Siri vere teknikar. Om han blir både ansvarleg og teknikar sjølv, kan godt bli resultatet, for i denne tida bør den som har influensa vere ekstra forsiktig, etter mi meining.

Så då er det ikkje så mykje anna å gjere enn å vente og sjå om det blir sending eller ikkje i morgon. Sjølv høyrer eg ikkje på p4, så eg får vel heller prøve å skrive ein artikkel eller to på Setesdalswiki.

Onsdag 3. mars 

vart ikkje avlyst. Der var Sondre Rua Dokken i godt slag med Ørnulf Hasla som teknikar. Han snakka først med Malla frå kommunen, Gunn Marith Homme for å gi fullt namn. Ho hadde ei lang liste med saker ho ville nemne, mellom anna at det hasta med å levere inn søknader, for mange søknadsfristar var 15. mars, mellom anna for kulturmidlar. Der kunne ein finne meir informasjon på kommunen si heimeside.

I Sondres time hadde han med seg biblioteksjef Aud Kirsti Torbjørnsen og ho hadde mange bøker ho ville informere om. Nå til påske går det mykje krim, men mange krimbøker var utlånt alt til vinterferien. Krim er nok den mest populære sjangeren på biblioteket i Valle. Deretter fekk vi eit glimt frå Gro Oddny Helle sitt bakeri, der Ørnulf hadde vore på besøk med opptakaren. Ho bakar helst kaker og som bakar må ho opp grytidleg. Mange svingar bare innom for å handle hos henne når dei er på farten til Brokke eller Hovden, så torsdag er ein god handledag, etter det eg fekk med meg.

Så var det Open sending, men den vart avslutta alt klokka 22, og då kunne trekkinga gå mellom tre som var inne i studio. Jan Helge Skaar vann gåvekort på 250 kroner hos Coop. Ørnulf var saman med Kristin Laasbye Sagneskar i studio, og ho hadde ansvar for musikken, som var svært melodiøs og fin country.

Reiselivskveld

I morgon er det klart for reiselivskveld, og Setesdal er jo ei reise verd. Ikkje minst gjeld det når ein ikkje kan reise utanlands, då bør jo reiselivet i Setesdal profilere den lange dalen i all si prakt.

Else Haugland på Hotel Dølen skreiv noko om dette i Setesdølen sist tysdag. Reiselivsbedriftene har etablert eit nettverk dei kallar Setesdalsreisen. Dei har fått støtte frå Innovasjon Norge på over ein halv million kroner til prosjektet, som til sommaren er to år.

Siri Johannessen tek tak i temaet i morgon kveld og har med seg fleire av dei som er aktive med dette.

Tirsdag 2. mars

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret

18.15 Over en åpen bibel fra Norea mediemisjon

18.30 Sangtimen

19.30 Reiselivstimen med Tom Roger Øydne fra Risdal Touring, Sissel Steffensen fra Fjell- og fjordhotellene og Ann-Torill Briksdal fra Hovden Alpin
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken