God i Norge

-Er du god på ski i Norge er du også god internasjonalt. Det var den ferske sølvmedaljevinnaren Aron Åkre Rysstad som sa dette då han snakka med Ørnulf Hasla i Valle Radio si onsdagssending i kveld.  Skal ein vinne, må ein vere svolten på å vinne, og Aron skriv ein plan for korleis han skal gjennomføre løpet om kvelden før han legg seg. Det tek ti minutt, og så sovnar han fort og ligg ikkje og tenkjer på løpet gjennom natta.

Ein annan gjest i kveld var den nye leiaren av Setesdal Husflid. Han har sauma seg sin eigen bunad og kan rettleie folk som spør om råd når det gjeld løyesaum. Han fyller år på søndag og startar i ny jobb 1. april. Han har hytte i Valle, men må nok finne seg noko anna, for hytta er god sommars tid, men ikkje som permanent bustad. Bestefar hans kom frå Valle, han var lege, og er gravlagd i Valle. Sjølv gjekk han på vidaregåande skule i Frankrike, amerikansk endåtil, så han kan greitt snakke med franskmenn som måtte forville seg til Valle om dei får lov å reise ut av eige land på ferie.

Kveldens siste gjest i den aktuelle timen var Liv Bakke Kvinlog. Ho startar som leiar av Setesdalsfestivalen i år, men har ein lett jobb når det gjeld å skaffe folk første året, for i fjor vart festivalen utsett på grunn av korona, så artistane som skulle vore med då, Valkyrien Allstars, dei kjem til sommaren, festivalen er i månadsskiftet juli/august. Ho håpar at koronaproblema har løyst seg innan då, og det håpet deler nok både utøvarar og publikum.

Lokalt og regionalt

Mens Siri Johannessen snakka med Jon Rolf Næss på Valle Radio si sending, var ha på tv lokalt og fortalde at det var påbud om munnbind i Bykle nå, alle stader der folk møtest inne. Han kunne også fortelje at det var ganske mykje folk på Hovden i helgene også nå og at det var stor skredfare. I helgene er Røde Kors på vakt, men det er også ei lokal rednignsgruppe i kommunen, og dei kjem nok fortare fram og kan nyte godt av lokalkunnskapen sin.

I Bykle er det stor turnover på stillingar, det var visst over 30 ledige stillingar, nokre på grunn av at folk blir pensjonistar, andre på grunn av at folk kjem til kommunen og jobbar ein periode, og så reiser att.

I Bygland har dei også korona å stri med, og på Byglandsfjord hadde dei eit tilfelle som ordførar Sigbjørn Åge Fossdal meinte at både bedrifta og dei involverte hadde takla på eksemplarisk vis. I denne kommunen er det ikkje mange skituristar, men reiseliv er viktig for kommunen og at det ikkje var lov å reise ut av landet i sommar, vona han også ville kome reiselivsbedriftene i kommunen til gode når det igjen vart sommar og forhåpentlegvis høve til å reise att.

I Bygland har dei vald å ha kommunestyremøta i Kulturscenen som alternativ til Teams, det er betre å møtast, meinte ordføraren, som kunne fortelje at kommunen hadde vore med i ein konkurranse om utvikling kalla Gnist, men ikkje nådde opp til å bli med i prosjektet, men han var likevel godt nøgd med å bli det dei kalla ein følgekommune og dermed ville få del i mykje av ressursane frå prosjektet.

 

Program for veke 7, 2021

Her er programmet for veke 7, 2021:

Tirsdag 16. februar

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Programinformasjon

18.15 Over en åpen bibel ved Roald Arnesen fra Norea Mediemisjon

18.30 Sangtimen

19.30 Bykle kommune informerer ved ordfører Jon Rolf Næss
20.00 Bygland kommune informerer ved ordfører Sigbjørn Åge Fossdal
20.30 Postludium ved Siri Johannessen, musikk til askeonsdag
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 17 februar

19.00 Tankar frå bibelen ved Håvard Viki

19.30 Komm.unen informerer ved Kultursjef Torunn Ch. Nyberg

20.00 Lokaltimen

Aron Åkre Rysstad om sylvmedalje i Finland.

Ny dagleg leiar på Husfliden i Valle, Ketil Rygnestad.

Liv Bakke Kvinlog, skal leie Setesdalsfestivalen

21.00 Blueskveld med Ronny

Kor og orgel

Tysdagsvelden hadde Niklos K. Besteland eit program med kor og orgel. Han starta med Himlische Kantorei, eit kor han har nytta mange gonger i programma sine. Denne gongen var dei saman med Knabenchor Hanover og Johann Rosenmüller Ensemble med dirigent Jörg Breiding og stykket var Maias lovsang: Meine Seele erhebet den Herren.

Denne gongen hadde han to korverk på menyen. To deler av Christian Bernhards Missa Brevis med Rheinische Kantorei dirigert av Hermann Max, Kyrie og Gloria, var også svært velklingande.

Men for meg var Nicolaus Bruhns sitt Preludium og Fuge i e-moll spelt av den nederlandske organisten Piet Kee på orgelet i Roskilde domkyrkje. Det er eit stykke eg set stor pris på. Takk til Niklos som tok det fram att, slike fine stykke bør høyrast oftare.

Tema for programmet var musikk frå 1600-talet, alle tre komponistane var fødde og døydde på 1600-talet.

Søndagsskole

I dag kom eg over nokre gamle papir etter far. Mellom anna var det eit brev som  byggefirmaet Selmer sende til han og Rogaland søndagsskolekrets i 1979. Der fekk dei lov til å rive ei brakke ved Håhellervatn. Rivinga kune starte 15 juni og måtte vere ferdig innan 1. september same året. Tomta skulle ryddast heilt og det som dei ikkje tok med, måtte brennast opp. Dei fekk også med ein del inventar frå bygningen.

Kor vart så dette av, lurer du kanskje på.

Jo dette kjørte dei til Omlid, der sundagsskulen hadde fått tomt til leirstad, Alt skjedde på dugnad, sundagsskulefolk frå heile Rogaland stilte opp, Der var det både byggmeistrar og ande gode bygningsfolk, praktiske folk som nytta sundagane til å bringe evaneliet til ungar på sundagsskulen.

Her fekk dei ei oppgåve som skulle føre til mange dugnadstimar, først med å ta ned bygget og frakte det til plassen der det skulle kome til nytte, og så etter kvart bygge hytter og eit større lokale til å samlast i når dei var på leir. I mange år var mor og far på leirar på Omlid, mor på kjøkken og far som leiar og sundagsskulelærar.

Eg trur nok at far gjerne ville vore lærar, men tilhøva låg ikkje til rette for ei slik utdanning den gongen. I staden vart han sundagsskulelærar. Bildet fann eg på Søndagsskoletunet si Facebookside.

Søndagsskoletunet Omlid har oppdatert nettstedsadressen sin.

Gamle bilder

Gamle bilder er alltid populære, og det er fleire grupper på Facebook som handlar om at folk kan dele gamle bilder frå Bykle, Vale, Bygland og Evje og Hornnes. Eg burde nok vore flinkare til å lage artiklar til Setesdalswiki basert på desse gamle bildene, og så lagt dei ut på Setesdalwiki, for på Facebook siglar dei forbi og er vanskelege å finne att.

Søskenbarnet mitt, Brit Obrestad på Varhaug, har delt nokre gamle bilder og eitt av dei vil eg dele i denne bloggposten i kveld. Eg vaks opp på Ålgård, men vi likte godt å reise til Varhaug i helgene. Eg lurer på om bildet er teke då min bror Hermund skulle bli fødd, det er i alle fall om sommaren og eg er 9-10 år, trur eg.. Vi sit på ein benk i hagen, Brit trudde at vi ikkje var heilt glade fordi vi fekk ikkje vere med tilbake til Ålgård, men måtte vere der ei stund til.

I Nittedal arbeider Håkon med eit prosjekt i 3. klasse på vidaregåande skule. Det er eit familieprosjekt, og han ringte i dag for å intervjue Reidun om familien hennar. Dei er jo her på ferie, men veit nok ikkje så mykje om historia lenger bak, om oldeforeldre og slivet her på 1940- og 1950-talet. Så dei hadde ein hyggeleg samtale, og om han treng det, ringer han tilbake for å få vite meir.

Her er eg og Jorunn på Varhaug truleg i 1957:

Kan være et bilde av 1 person, barn, står og utendørs

Dagsturhytter

I kveld var det tid for å gjennomføre det eg hadde planlagt som tema for onsdagssendinga i Valle Radio: Ein samtale om dagsturhytter. Først hadde eg med meg Bård Andreas Lassen som arbeider med frilutssaker i Agder fylkeskommune og han fortalde at inspirasjonen kom frå Vestland fylke, der dei har over 50 slike hytter med svært godt besøk. Målet for Agder er å få ei i kvar kommune innan to-tre år. Det tek jo litt tid å få kommunane til å prioritere ei slik sak inn på dei kommunale budsjetta.

Bjørn Ropstad var leiar av Midt-Agder Frilutsråd og opna Vaffelbua i Jegersberg i Kristiansand. Den vart svært populær og med så stort besøk var det grunnlag for å ha folk til å selje vaflar og drifte dagsturhytta. Det kunne ein nok ikkje rekne med andre stader i kommunane, så her var det nok meir snakk om å få drifta inn på kommunale budsjet som eit folkehelsetiltak. Det var gode finansieringsordningar med tilskot frå Sparebankstiftelsen, fylket og staten, slik at det ville bli små etableringskostnader for kommunen, men drifta måtte jo nokon ta seg av. Bjørn meinte at turstien langs Otra kanskje kunne få ei slik dagsturhytte, men det var kommunestyret som måtte avgjere det.

Steinar Kyrvestad var med då dei opna i Jegersberg, eit område han leika i som gut, han vaks opp på Lundssida, fortalde han og meinte at det ville vere fint om ein fekk ei slik dagsturhytte i Valle. Eit kriterium er at det skal vere utsikt, så kanskje er det ikkje så lett å finne ein høveleg plass i Valle, men kanskje på Rysstadåsen eller ein annan plass i Hylestad, lurte han på.

Til slutt hadde eg med meg Knut H. Rysstad, som godt kunne tenke seg å lage slike hytter. Han hadde lang erfaring i å produsere gapahukar, gjerne med eit rom bakerst, nyleg hadde han levert ein slik heilt til Alta. Så om han fekk førspurnad eller det vart anbod, ville han gjerne vere med.

Og med det enda samtalen før Jorunn og Kåre overtok med rebusar, spørsmål, gåter og musikk.

Menighetshuset

I kveld hadde Siri vald å ha fokus på Menighetshuset i Valle. Det skal snart rivast, noko som vekker såre kjensler hos mange. Torleif Harstad var i studio og fortalde om dei mange aktivitetane som har vore i huset gjennom åra frå det stod ferdig i 1966, trur eg han sa. Sjølv var han ikkje i bygda då, han gjekk på Birkeland folkehøgskole den gongen, endåtil eitt år saman med Reidun.

Huset har vore nytta til mangt og mykje, sjølvsagt til møter, enkle møter og møteveker, basarar og bønemøter, men også fungert som grendehus med møter for hestelag, bankmøter og det meste mellom. Trong folk ein samlingsstad, så var Menighetshuset lett å ty til, det var sentralt og hadde kjøkken slik at folk kunne få seg ein kopp kaffe.

Sjølv var eg spurd om å seie noko om Internatmøta, og der kunne eg sagt mykje, for eg har lese Sverre Lund si bok om Valle Indremisjon 100 år ganske grundig og laga liste over alle talarane som talte på Internatmøta i dei over 40 år som desse var i sving. Men Torleif kunne nok fortald mykje meir enn eg, så tida vart knapp, for Siri ville gjerne også ha med litt frå Opne Dører til slutt i timen sin.

Det var eit fint program og godt å få minnast alle velsigningane Menighetshuset har vore kanal for gjennom åra. Mange ville nok helst hatt eit eige hus framleis, men no er det blitt Kyrkjestoge i Sæbyggjen som skal dekke det som Menighetshuset tidlegare hadde plass til.  Og sundag var det avvigsling og slik markering av at ein periode er over.

Under er eit bilde av eit korps som spelar på eit Internatmøte

Fil:Korps på internatmøte.jpg

Månedens konkurranse

Det var ingen som hadde laga Månedens konkurranse på Wikipedia denne gongen, så eg tenkte at eg fekk ta meg på tak og lage ein slik konkurranse. Eg valde tema Kirker, der bør det vere nok å ta av når ein kan skrive om kyrkjer over heile verda, tenkte eg.

For å teste det ut skreiv eg ein liten artikkel om ei kyrkje i Danmark, Stubbekøbing kirke. Den er frå 1200-talet. Men det var ikkje så lett å få konkurransen til å virke. Nettstaden har ein robot som skal telje poeng i konkurransen, men den har eg ikkje fått til å gå. Eg har spurt om hjelp, men så langt har ingen gode hjelparar kome til syne, så eg får bare smørje meg med tålmod, så ordnar det seg nok.

Eg har ikkje vore så aktiv på Wikipedia i det siste, tenkte vel helst å gje meg der. Men så kom det spørsmål om eg kunne hjelpe litt, og då fekk eg litt inspirasjon att, så får vi sjå kor langt den rekk.

Å skrive om danske tilhøve på bokmålswikipedia er i grunnen ganske lett, for språket er jo svært likt. Men eg skriv i min eigen stil og kopierer ikkje den danske. På dansk skreiv dei: Stubbekøbing Kirke har en dejlig akustik, meget egnet til korsang og koncerter, og et skønt orgel. Min norske versjon vart slik: Kirken har en fin akustikk og er svært godt egnet til korsang og konserter.

Her er eit bilde av kyrkja:

Stubbekøbing Kirke.jpg

 

Ny onsdag

Komane onsdag 10. februar er det min tur til å ha sendinga i Valle Radio att. Liv Gunn kunne ikkje vere teknikar, Sondre var også oppteken, så eg har fått med meg Siri som teknikar og når eg er ferdig, kjem Jorunn og Kåre med rebusar og slikt.

Elles har eg ikkje vore så aktiv på Setesdalswiki i det siste, så det går noko tregt mot eit nytt hundretal. Men Siri har hatt ei rekke redigeringar for å fikse småfeil ho har oppdaga, mellom anna punktum som anten mangla eller ikkje var turvande.

I løpet av dagen har eg funne nokre gamle aviser som ikkje har blitt lagde inn, dei vil eg nok prøve å få på plass i nærasta framtid. Men av og til droppar eg ut og ser heller litt på TV. Ute er det framleis kaldt, -8 var det i dag og det er ikkje ute verande etter mi meining, om ein ikkje er nøydd, då.