Gamle aviser

Bygdebøkene og gamle aviser hjelper meg når eg skal skrive artiklar på Setesdalswiki. Men når eg skal finne noko i bygdebøkene, er det godt å ha ein hjelpar, så Reidun får ofte i oppgåve å leite fram ein person når eg treng ekstra stoff.

Før handla eg mange riksaviser. Eg ville helst ha med meg Oslo-aviser i tillegg til lokale aviser. Og så var det alltid noko eg skulle ta vare på. Dette var før internett vart vanleg, så eg klypte ut og samla i permar og kassar, kanskje kom eg til å få bruk for det en vakker dag, som Øystein Sunde skriv.

Men det fekk eg ikkje. Då vi flytta frå Nomeland, kjørte eg lass på lass med aviser til Reimarmoen. Det hadde eg ikkje trengt å gjere, for eg var den siste som budde i det huset, og etter at vi hadde flytta ut, hadde brannvesenet øving og sette fyr på heile huset. Det hadde jo brunne ekstra godt om alle avisene mine hadde vore der og ikkje på Reimarmoen.

Så måtte eg ta rev i seila, både med omsyn til å samle og å handle. No kjøper eg ikkje aviser, men eg får jo Fævennen, Vårt Land, Lindesnes og Setesdølen, så eg har litt å fare gjennom kvar morgon. Men avisene varer bare ut dagen, så blir dei kasta i grøn dunk, men unnta av Setesdølen, då. Den sparer eg på. Eg skriv jo på Setesdalswiki og treng kjeldene for artiklane.

Så fekk eg aviser frå langt tilbake også, og av og til hjelper Helge meg med å skrive inn nokre gamle aviser. Så må eg skrive artiklar på grunnlag av det som står der. Det er ikkje alltid like lett, men det blir jo ein og annan artikkel likevel.

Eg skulle gjerne hatt fleire lange artiklar, det har eg sagt før. Men ut frå gamle aviser blir det helst små stubbar, korte biografiar basert på dødsannonser og åremålsdagar eller minneord. Av og til kan eg supplere med litt frå bygdebøkene. Eg held no fram med å skrive litt mest kvar dag, så leksikonet veks takka vere gamle aviser også.

 

Vegnamn i Valle

I dag slo eg opp på Setesdalswiki sine sider over vegnamn i Valle. Der har eg mange artiklar om dei ulike vegane. Siden vart laga for ein del år sidan og hadde då lenker til namnesidene på Valle kommune sine heimesider.

Når eg i dag klikkar på lenka for å gå til namnet på vegen på kommunen si side, må eg logge inn før eg kjem vidare. Om ein som leiter etter vegane i Valle går direkte til kommunen si heimeside, finn ho vegnamn.valg i venstremargen. Men lenger kjem ho nok ikkje, ho heller.

Kva som er grunnen til at ein må logge inn for å få sjå kor vegane i Valle går på kommunen si heimeside, det skulle eg gjerne visst,

Så i kveld lurer eg på on nokon kan fortelje meg det.

Den direkte grunnen til at eg leita etter dette, var at Norgeskart og Setesdalswiki har ulike namn på Åmlivegen og Bergsvegen i Valle. Setesdalswiki har ikkje Åmlivegen. Vi lasta ned kartet over då vi laga sida.

Orgelkveld

Svensk TV2 hadde i kveld orgelkveld med fleire program knytta til instrumentet som har sitt eige program i Valle Radio. Eg oppdaga det ikkje før litt for seint, så eg kom inn i det då det handla om orgelkonkurranse.

Gjennom åra har Niklos mange gonger fortald om organistar som har vunne orgelkonkurransar når han har presentert kven som skal spele eller kven som har komponert musikken. I kveld fekk eg eit betre innblikk i korleis det går føre seg, og gjesten i Kulturstudion hadde også vore med på slike konkurransar og stadfesta at det var slik dei fungerte.

Vi fekk høyre utdrag av stykka utøvarane spelte i konkurransen og høyre korleis dei var nervæse og sjå korleis dei førebudde seg.

Siste del av kvelden vart det sendt ein orgelkonsert frå Berliner Dom med Cameron Carpenter. Det var eit namn som var godt kjent for meg frå den tida eg fylgde med på den internasjonel lista Piporg-l, der namnet hans ofte var nemnt.

No startar ein ny sesong med orgelprogram i Valle Radio. Eg ønskjer både Niklos og Siri, som byter på å presentere musikken lukke til med å presentere verdifull, men diverre ikkje alltid så kjent musikk.

Ny sesong i Valle Radio

I neste veke startar den nye sesongen i Valle Radio. Det var årsmøte og planleggingsmøte på Sæbyggjen onsdag, og i dag fekk eg lista over sendingane i hausten tilsendt frå Ørnulf Hasla, vår emninete styreformann og redaktør. Han stiller sjølv sterkt som programleiar i haust, i ein travel kvardag finn han plass til å glede lyttarar i bygd og by. Det er jo målet med ein lokalradio, vi er ikkje forum for negativ kritikk, men for å løfte kvalitetane på bygdene både i Setesdal og andre stader om det høver slik.

Eg ser av lista at eg er sett opp på tre sendingar i haust, første gongen 30. september. Det gleder eg meg til. Denne sesongen får vi også høyre opptak som Britta Lise gjorde for mange år sidan og som ho har hatt liggjande på MD, no kjem dei til sin rett. Truleg har eg også nokre opptak på MD liggjande, men dei er nok sende, tenkjer eg.

Radiogjengen held trufast på med å skape glede på bygda. Vi starta i 1997, så om to år er det sølvbryllup. Mange entusiastar har vore med gjennom åra, nokre er borte, mellom andre initiativtakaren Hallvard Kjelleberg som døydde alt for tidleg. Andre flytta frå Valle og slutta med radio av den grunn. I år kjem Kristin Laasbye Sagneskar med i gjengen. Ho er med Ørhulf i studio alt komande veke.

Her kan du sjå oppsettet eg fekk frå Ørnulf i dag:

Valle Radio program hausten 2020

Mimring

I dag var Øystein Berg innom ein tur. Han hadde vore i Farsund og var på veg opp til Berg igjen, men i staden for å kjøre rake vegen opp Lyngdalen, valde han å ta vegen om oss. Det var særdeles hyggeleg å kunne mimre om gamle dagar. Vi hadde jo mange år saman i andre etasje av det gamle kommunehuset i Valle.

Men alt har si tid, og tida som lærar for utlendingar i Valle som skulle lære norsk er over for oss begge. Han slutta året etter at eg hadde gitt meg. Vi snakka mellom anna om all kjøringa, eg til Mandal kvar fredag og oppover att på sundagen, han med kjøring  frå Farsund til Valle og seinare frå Berg.

Den kjøringa saknar eg ikkje, men eg saknar det gode kollegiale fellesskapet vi hadde. Han sakna heller ikkje kjøringa. Sjølv om vegen oppover no er blitt svært god frå Rysstad til Valle, sa han at vegen likevel verka å ha blitt lenger enn då han tok turen kvar dag.

Helge hadde med eit elpiano då han kom frå Oslo siste gong, og Øystein måtte jo prøve det. Han undra seg over at eg spelte så lite piano i Valle, vi hadde jo så godt eit instrument i klasseromet. Men eg var opplært på salmesykkel og lærte aldri pianistisk spel, mitt spel på piano var hakking sjølv om eg kunne spele ei salme eller ein sang etter noter. Når han sette seg til pianoet, song heile romet sjølv om han ikkje spelte etter noter.

Bildet kan inneholde: 2 personer, folk som sitter og innendørs

Årsmøte og planlegging

I kveld var det årsmøte og planlegging i Valle Radio. Der skulle eg gjerne ha vore, det såg hyggeleg ut i Sæbyggjen og maten dei fekk frå Bergtun verka å vere førsteklasses. Var det kyllinggryte og marengskake, tru?

Men eg sat i Mandal og fekk ein kommentar frå Ørnulf om at eg skulle få programmet i morgon, dei vil visst ha med ein gammal mann til å lage program også til hausten.

Ut frå bileta ser det ut til at vi har fått ein ny medarbeidar. Kristin Laasbye Sagneskar. Ho har nyleg flytta til Valle, men har lange røter i bygda. Her ser vi henne saman med Liv Gunn Viki. Bak ser Kåre Rike, Torleif Harstad og Ronny Stavsholt framover mot hausten sine mange sendingar.

Indian summer

Eg tenkte eg skulle kalle bloggposten min i kveld for Indian summer, og det gjorde eg også. Mi forståing av ordet var at det kom ein strålande fin periode om hausten, og ettersom hausten er frå september til november, ville det høve godt.

Men så las eg på Wikipedia, og der er definisjonen slik:

Indian summer (indiansk sommar) er eit uttrykk som vert nytta om ein (uvanleg) varm, sommarliknande periode om hausten, ikkje lenge før vinteren. På den nordlege halvkula kallar ein det indian summer når han oppstår seint i oktober eller tidleg november (seint i april eller tidleg i mai på den sørlege halvkula), og i den gamle engelske almanakken vart det òg sett krav til at om ein skulle kalla det indian summer så skulle ein først ha hatt ein periode med frost. Indian summer kan vare eit par dagar eller fleire veker.

Dermed er ikkje dagen i dag og dagane som kjem og er melde med finver, ein ekte Indian summer.

Vi fekk besøk på terrassen i dag av Jean og Kåre. Det vart kaffi og Vestlandslefse, så eg let Tour de France sykle sin eigen klatreetappe i fred. Medan vi sat der, kom Lisbeth Flesjå forbi og vi kauka og ba henne kome opp i det gode selskap. Då fekk vi ein hyggeleg prat om laust og fast, mellom anna om korleis naboane omtalar husa vi bur i. Det synte seg at eg bur i Reidun sitt hus, og Kåre bur i Jean sitt hus. Mennene er visst ikkje så innfødde at dei blir omtalte, det endåtil at det er Kåre som sjølv i stor grad har bygd huset dei bur i.

Når det er sagt, er eg svært glad for å få bu i Reidun sitt gule hus på Eskeland. Her er Lisbeth på terrassen.

Bildet kan inneholde: 1 person, sitter, tre, bord, utendørs og natur