Språk og mat

I kveld var det ikkje lett for professor Akselberg og finne ei god forklaring på dei mange orda vi har på vekster vi brukar til mat. Nepe, kålrot, kålrabi, rabbe, knutekål, både raud og kvit. Eides språkshow fengar i alle falle ein språkinteressert mann her i stova, men alle sit vi klistra til skjermen når Linda Eide spelar opp på ei av sine mange blokkfløyter.

Interessant var det å høyre Tore Renberg som siddis, han skriv på bokmål, men måtte skrive på nynorsk då bokmålet turka ut, om eg forstod det rett.

Her på bloggen vekslar eg mellom bokmål og nynorsk, til no har ingen av språkformene turka ut, og utruleg nok finn eg eitt og anna å skrive om dei fleste kveldane, også når eg ikkje er ute og fangar opp inntrykk.

I dag var det forresten baking som stod på timeplanen her i huset. Det vart både brune pinnar og krumkaker. Smaksprøvene viste at oppskriftene var gode også i år og bakarmeistrane er det ingen grunn til å klage over. Laurdagsgrøten til Fjordland kan ein også anbefale og brødmåltida er både varierte i brød og pålegg når ein kan ha cottage cheese og ulike sortar syltetøy på bordet. I kveld fann eg bildet hos Tine.no

Krumkaker

Fotefar i Setesdal

I dag opna eg ein pakke til meg sjølv. Eg fann ei bok frå Setesdal hos Wangsmo Antikvariat i Tronheim. Tittelen finn du øvst på sida her. Den er på 128 sider og inneheld ei rekke småstykke om ulike tema frå Setesdal. Svein Hovet er forfattaren.

Setesdalswiki har ein artikkel om han. Der heiter det:

Svein Hovet (fødd 24. november 1907 i Hylestad, død 5. januar 1982 på Nodeland) var forfattar og gardbrukar. Foreldra var småbrukar Ånund Sveinson Hovet og Signe Larsdotter Kåvenes.

Han gjekk jordbruksskule, folkehøgskule og bladmannskule, og frå 17-årsalderen fekk han artiklar på trykk i ulike blad. Seinare journalist i Hallingdølen og Hardanger Folkeblad. Han var lenge redaktør av Hardangerjol.

Han busette seg i Øystese i Hardanger, der han vart gift til eit bruk. Dreiv også garden fram til dei selde i 1970, og flytta til Nodeland vest for Kristiansand.

Svein Hovet var inititativtakar til Jol i Setesdal, og var redaktør frå starten i 1962, til 1968.

Bilderesultat for fotefar i setesdal

Mors og fars historie

Å skrive mors og fars historie er nok noko som mange kunne tenkt seg å gjere, men det er ikkje mange som har gjort det. Edvard Hoem gjorde det, og det vart ei svært lesverdig bok, men så er han også van med å skrive.

Men då eg las boka, kom eg til å tenkje på kor lite ein i grunnen veit om mors og fars historie. Korleis dei møttest vil ein kanskje ha fått høyre om, men mangt og mykje frå ungdomstida som førte fram mot at mor og far vart eit par som heldt saman i gode og vonde dagar, det har det vore vanskeleg å frette ut. Og no er dei borte, fleste som kunne fortelje noko, ja truleg alle. For mor og far ville vore 102 år om dei hadde fått leve, og ikkje mange på som var unge på same tid er i live lenger.

Så får det bli med nokre få glimt frå den tida på 1930-talet fram mot krigen som vi har fått, om vi skulle setje dei saman, ville vi kanskje få noko som kunne likne på romanen som Edvard Hoem skreiv. For det vesle eg har fått med meg, tyder på at miljøet dei hadde i si ungdomstid på Jæren, er svært likt det som Hoem skildrar i Romsdal.

Mors og fars historie

Verdensarv

I kveld var det stor feiring på Sølvgarden. Setesdal spelemannslag markerte at stev, folkemusikk og dans er kome på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Valle Radio overførte frå arrangementet, og sjølv om det var noko vanskeleg å få med seg alt i kveld, fibernettet i Setesdal vart visst overbelasta, kunne vi høyre det meste.

Etter ei velkomsthelsing frå Astri Rysstad, som er leiar i Setesdal spelemannslag, overtok Kirsten Bråten Berg. Ho kvo eit velkomen-stev frå Hardanger, av Geirr Tveitt og Skuldalsbruri før ho presenterte unge utøvarar:

Eivind Tanche-Larsen Knudsen – Skuldalsbruri, stevleik av Eldbjrg Trydal Jansen og Vetle Tveiten Hoslemo, så Eivind med Klunkaren før Austad leikarring dansa. Då var dei unge alt reiste til joleball på Valle skule.

Deretter var det småmat og champagne for alle før festen heldt fram med desse innslaga:

Kirsten Bråten Berg: To aktuelle stev av Liv Rysstad Breivegen
Tora Åsland, leiaren i UNESCO-Norge: Steingjerde
Stein A. Ytterdal, fylkesmann
Jon Olav Strand, fylkesvaraordførar, som hadde med 500.000 til pilotprosjekt
Stein Reinertesen, biskop: Notodden, Heddal og Setesdal på Unoesco si liste
Jon Rolf Næss og Helga Jacobsen
Jan Kløvstad, med helsing frå Trine Skei Grande og frå Latvia
Leonhard Jansen og Jan Ledang, Setesdalsmuseet
Kristian Hanto, FolkOrg
Anna Stella Karlsdottir, Norges Museumsforbund
Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Anne Tone Hageland, kultursjef i Agder
Steinar Kyrvestad

Sendinga i radioen slutta ved 21-tida, men for alt eg veit, held festen fram etter at dei hadde ete opp denne bløtkaka (foto: Øyvind Jacob)

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Kort møte

I kveld var det overføring av møte i Valle kommunestyre som var programmet i Valle Radio. Denne gongen høvde det slik at eg fekk med meg heile sendinga.

Saklista synte at det skulle handsamast 12 saker. I tillegg var det også tre referatsaker. Likevel var heile møtet over på 30 minutt. Deretter kunne Lars Tarald Myrum og Marie Pedersen skrive under protokollen.

Eg veit ikkje kva som er møtegodtgjeringa for eit møte i kommunestyret, men når møta er så korte, blir det i alle høve god timebetaling. Det er heller ikkje første gong at det er korte møte i Valle kommunestyre. Det kortaste varte visst nok om lag 12 minutt.

Grunnen til kort kommunestyremøte kan kanskje vere at sakene er avgjort før  dei kjem til kommunestyret, til dømes i eit underutval. Likevel trur eg ikkje det var slik det var tenkt, at kommunens øvste organ bare skal nikke samrøystes og ta kveld. Den politiske diskusjonen blir i alle fall ikkje særleg sterk når opplegget er slik.

Sissel Åkre hadde tre førespurnader, men dei gjekk på praktiske tilhøve, ikkje på politisk diskusjon. Elles var det stille.

Når ein no står ved inngangen til ein ny periode i kommunestyret, bør ein kanskje også drøfte om det ikkje skal vere diskusjon om politkk i kommunestyret.

Noko forunderleg skal skje

Eg har mange gonger lurt på korleis det kan ha seg at nokre som skriv blogg, kan ha tusenvis av besøk på bloggen. Før hadde eg på det meste 4-500. Eg har blogga i over ti år og andre får tusenvis av lesarar på bare eit halvår og mindre enn det.

I dag var eg innom og såg på statistikken og såg til mi undring at det hadde vore over 10.000 besøk og nesten 30.000 sidevisningar bare i helga. Så vidt eg veit har eg ikkje gjort noko spesielt for å få så mange besøk.

Men i torsdagsutgåva av Setesdølen hadde eg ein liten artikkel om Setesdalswiki. Det var Knut Eldhuset som oppfordra meg til å skrive at ein kan lese artiklar som far hans skreiv i Fædrelandsvennen på Setesdalswiki. Kan hende er det dette som har gitt så stor respons.

Her er artikkelen:

Det siste året har Setesdalswiki fått ei rekke artiklar som Hallvard Eldhuset (1914-1976) skreiv for Fædrelandsvennen og Jol i Setesdal. Hallvard Eldhuset var lærar og skulesjef i Bygland og svært interessert i lokalhistorie. Difor skreiv han mange artiklar om det som vert kalla slitet si soge i Åraksbø. Han skreiv også andaktane i Setesdølen då den kom ut, og hadde han fått leve lenger,  ville det sikkert kome mange artiklar i Setesdølen frå hans hand.

Sonen Knut Eldhuset er forskar og bur i Nittedal. Når han ikkje er oppteken med matematikk og fysikke, har han funne fram dei gamle artiklane til faren og lagt dei til rette for Setesdalswiki. Han seier at ved å leggje dei ut på Setesdalswiki, kan han llegge ut kart og biletstoff som syner kor det faren fortel om, gjekk føre seg. I tillegg gjev Setesdalswiki høve til å lage lenker, slik at folk kan klikke seg inn på dei og få meir informasjon. I tillegg har Knut Eldhuset skrive innleiing – han kallar det supplement – til artiklane, der han legg til opplysningar frå nyare tid.
Dei fleste artiklane til no er frå 1971, der Hallvard til dømes fortel om Då Kjetil Borgi sat fast som fugl i ei snare eller Då ungguten Knut omkom under høykøyring på heia.
Til no har det kome åtte artiklar, og Knut Eldhuset har meir på lager. Difor vil eg oppmode lesarar av Setesdølen til å kikke innom på Setesdalswiki og lese dei svært interessante lokalhistoriske artiklane.
Fil:Jan O Knut Eldhuset.jpg
Teikning av Jan O. Henriksen i Fædrelandsvennen (1971) der Knut Eldhuset kjempar mot høylasset.

To livesendingar

Komande veke blir det to livesendingar i Valle radio. Begge kan ein seie vil direkte og indirekte vere prega av at Setesdalskultur er kome på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.

Tysdag 17. desember er det kommunestyremøte klokka 18. Dette blir overført som vanleg med Jørund Georg Jore som teknikar. Grunnen til at kommunestyret legg møtet sitt til tysdagen er at

Onsdag 18. desember klokka 18 blir det markert på Sølvgarden at Setesdalskulturen er komen på UNESCO-lista. Det er Setesdal spelemannslag som står for dette arrangementet. Ørnulf Hasla er ansvarleg for sendinga og Jørund Georg Jore er teknikar.

Om du lurer på kva dette er, kan du lese artikkelen på Setesdalswiki:

UNESCO si representative liste over verdas immaterielle kulturarv  

Kulturpatrulja på Jordbærfestivalen på Evje 16. juli 2016. Frå venstre Sigrid Kjetilsdotter Jore, Åsmund Tanche-Larsen Knutsen, Eivind Tanche-Larsen Knutsen og June Salte Thorsen.

Foto: Geir Daasvatn

Bakedag

Det skulle være en bakedag, men det ble kveld før man kom til bakingen. Etter frokost, som for øvrig var av den mer lange sorten, jeg tror vi satt til bords i nærmere tre kvarter, dro Reidun på handletur til Mandal og Rønnaug måtte også på handletur.

Da hadde Lars allerede vært i byen og fått nytt kjede til saga, for selv om det var fuktig i lufta og vått på bakken, hadde han planlagt å få i berget noen tre som hadde falt. De måtte kuttes i passelige kubber og lastes på tilhenger. Sannelig fikk han også kløyvd noen av dem.

Men bakingen ble utsatt, for først skulle vi ha middag. Det ble nok den dagen vi var flest rundt middagsbordet denne juletiden. Med Margunn og Stein, som kom ved femtiden, hun hadde vakt på Bamble bibliotek og litteraturhus på Stathelle i dag og kom ikke fra før klokka 14, var vi ni til bords og fikk oksesteik. Oksesteik på en lørdag er nok litt uvanlig her i huset, men hvorfor ikke legge søndagsmiddagen til lørdag når det passer slik?

Etter en god middag bør man runde av med kaffe. Da dukket det også opp kake, så det ble en nydelig dessert. Når tid kaken ble bakt, er jeg ikke sikker på, jeg holder meg unna kjøkkenet når det er produksjon der.

Men så stod Brune pinner for tur. Det har vært en julekake vi har hatt stor glede av de siste årene, det er den som fortest blir oppspist. Barn og barnebarn stod for produksjonen, men så kunne vi prøvesmake og konstatere at de også i år var vellykkede. Her ser man fra venstre Håkon, Nikolai, deres mor Rønnaug og helt til høyre Kristine Lyckander i full sving med deigen.

Bildet kan inneholde: 2 personer, folk som sitter, barn og innendørs

 

Byttedag

Bildet kan inneholde: himmel, hus og utendørs

Det ble en byttedag i dag. Jeg var på Vigeland i går og fant en bok, men da hadde jeg ikke brillene med meg, og da jeg kom hjem, viste det seg at det ikke var den boken jeg trodde jeg hadde fått med meg. Jan Guillou skriver godt, og for mange år siden leste jeg hans romaner om Carl Hamilton og det var en bok i den serien jeg hadde funnet. Men det jeg ville ha, var bøker i hans samtidsserie fra dette århundre. Av disse har jeg bare lest noen få, så de kunne jeg godt ønske å lese flere av. Men da får jeg nok ty til biblioteket.

Derfor tok jeg turen tilbake til Vigeland. Gjenbruksbutikken der er til inntekt for Indremisjonsforbundet. De har jo leirstedet Audnastrand like over elva, men de har også et leirsted som heter Kvinatun og ligger like ved Kvinlaug. I butikken stakk jeg boka jeg kjøpte i går tilbake i hylla og fylte heller en pose med bøker, den kostet 50 kroner og jeg kunne fylle den med så mange bøker jeg orket. I tillegg kjøpte jeg en juleduk. Det var en voksen pris på den, men den var nydelig og jeg tenkte at om Reidun ikke liker den, så går i alle fall pengene til noe positivt.

Posen har jeg ikke turt å ta fram ennå, det får bli til uka. Denne helga har vi besøk av barn og barnebarn fra Nittedal. Jeg tror det er planen å bake litt til jul sammen, og i morgen kommer også Margunn og Stein fra Brevik-Sandøya, så da får jeg nok noen gode råd om andre bøker jeg kan låne.

Siste bok jeg har lest fra biblioteket var for øvrig Koke bjørn av Mikael Niemi. Den vil jeg anbefale. Den handler om livet i Pajala på grensen mellom Sverige og Finland på 1800-tallet, da Lars Levi Lestadius var prest der. Jeg har jo visst om retningen i kirken som kalles lestadianere, men her fikk jeg lære mer om grunnleggeren, og det i romans form.

 

UNESCO og Setesdal

Gratulerer med dagen. 12. desember 2019 vart dans, spel, kveding og stevjing i tradisjonen frå Setesdal teke opp på lista over immateriell kulturarv som UNESCO har sett opp.

Sentrale utøvarar er Hallvard T. Bjørgum, Kirsten Bråten Berg, Gunnar Stubseid, Sigurd Brokke, Tor Hoslemo, Jamie Lodberg, Bjørgulv Straume, Sigrid Jore, Sigrid B. Berg, Kim Rysstad, Vidar Lande, Birgit Lund, Eivind Aakhus, Arne Haugå, Anne Karin Kaasa, Torleiv Løyland, Jon K. Rysstad, Tor Espen Helle, Knut Arne Rysstad, Bjørgulv Rysstad, Marit Bergland Rysstad, Knut Breivegen, Daniel Sandén-Warg.

Men heile dalen gleder seg over dette, ikkje bare utøvarane. Det er verd å danse litt for.

Dei mange tusen steva som ligg i kulturen er den tekstlege delen av dette.