Ei bokhylle med litt av kvart i

Bøker har vore ein viktig del av livet mitt og det er mange bokhyller rundt om i huset vårt. På soveromet ligg eg og kikkar på nokre bøker av Arthur Klæbo. Det er nok ikkje så mange som hugsar han lenger, men han var ein populær kåsør i radioen i gamle dagar med sine God kveld-helsingar til lyttarane.

Wikipedia skriv dette om han:

Arthur Klæbo (6. august 190821. juli 1985) var ein norsk journalistkåsør og forfattar. Han vart fødd i Ålesund og voks opp i Volda.

Arthur Klæbo var fyrst journalist i Den 17de Mai. Frå 1934 arbeidde han i NRK i Oslo. Her var han fyrste åra hallomann. Han var redaktør av Hallo-Hallo og av framhaldet av dette, Programbladet.

Klæbo vart etter kvart ein mykje omtykt radiokåsør. Kåseria kunne likne på ordmåleri, han brukte mange ulike ord, ein direkte talestraum, humoristiske karakteriseringar og tydelege undertonar. Om sin eigen kåseristil sa han: «Eg nyttar masse ord og fargar, nektar meg ingen ting. Det eg opplever, fortel eg så om. Inntrykka gir eit sant, realistisk bilete av miljø, folk og forhold.»

Klæbo slutta i NRK då han i 1978 nådde aldersgrensa. Same året vart han tildelt Kringkastingsprisen for nynorskbruk/ dialektbruk i media. Klæbø redigerte elles fyrste nummeret av Dag og Tid.

Av dei om lag 30 bøkene han skreiv finn ein kåserisamlingar og reiseskildringar. Dei mest kjende er truleg Farlige fjell og Ullstrømper til Afrika. Klæbo har òg skrive skodespel.

Han døydde i Oslo.

Eg ligg og kikkar på Farlege fjell og Harpeleiken og tenkjer at eg burde ta meg på tak og lese dei om igjen. Om eg skal glede meg over kåseriet som kunst, er bøkene av Klæbo svært viktige. I tillegg til dei eg ser på frå senga, har eg Ullstrømper til Afrika. Men så langt har det blitt med tanken, det er sjelden eg les på senga lenger. Når eg legg meg, sovnar eg heldigvis fort.

Så då er det vel bare å seie god natt!

Reidun fant

I går fortalte jeg om hvordan huskelappen for mitt Dipper-SIM-kort var blitt borte og ikke var mulig å finne igjen.

I natt lå nok Reidun og tenkte litt på problemet. Hun kom på at vi ikke hadde sett gjennom de bøkene som ligger rundt arbeidsplassen min. Så da hun stod opp i morges, gikk hun i gang med å lete i bøkene. Og der lå brevet fra Dipper som bokmerke i en murstein av en bok, Nytt Norsk Salmeleksikon, som jeg fikk til jul nettopp av Reidun.

Jeg burde nok brukt det oftere, tanken var vel å skrive om salmer i den nye salmeboken, kanskje på Wikipedia, eller på bloggen. Men jeg har tydeligvis latt det få for lang pause ettersom jeg ikke husket at jeg hadde brukt brevet som bokmerke.

Nå er brevet vel arkivert. Du lurer kanskje på om det er Reidun som har arkivert det, men det er det ikke. Jeg har arkivert det selv. Det ligger i den flotte veska jeg fikk som Reidun laget av en arm til en Setesdalsgenser. I den skal jeg ha nettbrettet og ulike ledninger. Nå ligger det sammen med deltakerliste fra Setesdalskonferansen 2017 og notater fra det arrangementet, de har altså ligget i to år og jeg har klart å ta vare på dem. Da må vel Dipper også kunne arkiveres der.

For øvrig var det et sterkt passord jeg hadde fått. Det tenkte jeg på da jeg tok det i bruk. 9596 er jo alkoholprosent så det holder. Men det var altså gått helt i glemmeboken.

En god ting med denne aksjonen var at man fikk ryddet litt i det som har samlet seg rundt arbeidsplassen. Nå er det en viss orden der, enn så lenge.

Rotehue

I haust fekk vi ny mobilleverandør. Dipper skulle vere så god og billig, så vi svarte ja til ein pågåande selgar. Ei stund seinare fekk vi nye simkort og så funka alt som før.

Men i dag ville telefonen min ha ny kode, og brevet frå Dipper med koden er sporlaust borte. No har vi rota gjennom alle papir vi kan tenkje oss frå før jul, men min SIM-kode er og blir borte. Reidun sin fungerer, så ho har ingen problem, ho har også papiret som trengs.

Nå har ho hjelpt meg å leite i kveld, eg er jo ikkje noko god til å leite. Men det er ikkje tale om, papiret er og blir borte. Så dermed er min flotte og gode telefon utan nytte i det heile tatt.

Moralen må vere at ein brukar koden så mange gonger at han sit spikra i minnet og ein ikkje treng hugselapp. Men det er godt å vere etterpåklok, telefonen min opnar seg ikkje om eg lovar å gjere det. Først må han jo få rett kode.

Du har tre forsøk igjen, står det i displayet. Eg har ikkje brukt nokon til nå, for eg har ikkje peiling på kva tall som skal til for å opne utysket.

I morgon ringer eg til Dipper, så får eg vel eit nytt sim-kort i neste veke med ny kode. Då skal eg nok passe på så ikkje hugselappen forsvinn.

Underleg

Reidun har hatt eit enkeltpersonsforetak i samband med at ho strikkar setesdalsgenserar for Husfliden i Valle. Men etter at ho vart pensjonist, det tek til å bli nokre år sidan, har det ikkje vore aktivitetet der, så tidlegare i år fekk ho brev frå Brønnøysundsregisteret og at selskapet var sletta. Dersom ho var enig, trong ho ikkje gjere noko, og det var ho, så ho gjorde ikkje noko.

Men så tok det til å kome nye meldingar om at ho måtte gå inn på altinn.no om ho ville sjå kva brønnøysundregisteret hadde gjort, noko som ho eigentleg ikkje var interessert i, men ettersom meldingane kom med jamne mellomrom, gjekk ho inn og fann ingenting.

I dag tok eg telefonen og ringde til Brønnøysundregisteret. Etter å ha venta 12 minutt på å kome fram til ein hyggeleg mann og fortalt kva problemet var, fekk eg vite at dei hadde ei slik rutine i samband med avvikling av eit selskap. Dei sender mange påminningar om at selskapet er sletta, eg fekk i grunnen ikkje vite kvifor. Men eg ba han huke av at dei ikkje trong sende fleire meldingar, då sa han at no hadde ho fått den siste.

Jaja, tenkte eg. Når ho ikkje reagerte på at dei hadde sletta firmaet ved å ta kontakt og kreve det omgjort, kunne dei jo kanskje bare godteke at ho var samd i avgjerda. Så hadde vi spart oss for mange innloggingar i altinn og 12 minutt i køen for å få snakke med ein person.

Fortellerkunst

Dersom du ikke fikk med deg samtalen i Valle Radio som Siri hadde med Anne Kristin Åsmundstveit, gikk du glipp av stor fortellerkunst. Samtalen gikk om hennes arbeid i Verbum forlag, Bibelselskapets forlag. Der har hun vært redaktør for en rekke utgivelser, men nå jobber hun som forteller.

-Har du en fortelling, spurte Siri

Og så fikk vi høre fortellingen om Noomi og svigerdøtrene Orpa og Rut, slik jeg aldri har hørt den før. Den levde, vi følte matmangelen som gjorde at de reiste til Moab, sønnene som var med moren, men som etter å ha giftet seg i det fremmede landet, døde og etterlot tre enker. Noomi ville så reise tilbake til Betlehem, brødhuset, og svigerdøtrene fulgte henne, men så vendte Orpa tilbake til Moab for å finne en ny mann. Rut ble med Noomi til hennes hjemsted,

— og resten kan du lese om i Ruts bok i Det gamle testamentet, sluttet fortelleren, som dermed inviterte lytterne til å finne fram sin Bibel og lese den gamle fortellingen om igjen. Vi husker den fra skoledagene, men slik som den levde i kveldens sending i Valle Radio er det sjelden å høre den.

Der og da ble det å kunne fortelle noe mer enn bare å lese opp en gammel historie. Man ønsket å høre mer av en så strålende forteller.

Takk for det glimtet av fortellerkunst i kveldens sending.

To musikkalbum

I kveld skreiv eg inn sporlistene for to musikkalbum av Raabygg på Setesdalswiki. Slike lister gir høve til å sjå kva for songar som finst på albuma og gir dermed ein potensiell kjøpar ein i de om kva han kan vente seg.

Om eg hadde hatt albuma, kunne eg nok skrive litt meir om dei einskilde spora etter kvart også, for i covera finn ein ofte litt meir informasjon om dei ulike låtane. Det har eg imidlertid ikkje, så andre får fylle ut om vi skal få meir informasjon i tilknytning til artiklane.

Men eg fann ein omtale av den siste plata, Ein etter mor. Den kan eg jo ta med her:

Raabygg tek deg i handa og leier deg inn på den mangslungne stien av folkemusikk frå dei indre bygdene på Agder. Musikken er røff, var, dansbar, humoristisk og vakkert. Trioen har pakka slåttane og songane inn i sine eigne musikalske arrangement, men har likevel tradisjonen i høgsetet.

Bandet har gjennom seks år hatt konsertar i inn- og utland, spelt til dans for fulle dansegolv, og vunne Landskappleiken. I 2016 kom debutalbumet Ein etter far, og i mai 2019 slepper dei oppfølgaren “Ein etter mor”. I den anledning blir det turné både vår og haust same år. Begge albuma er gjevne ut av Etnisk musikklubb, og det siste albumet kjem ut både i Noreg og Tyskland.

På “Ein etter mor” har Raabygg fått med seg Knut Reiersrud som produsent. Han bidreg også med munnspel og piano på fleire av spora. Plata er spelt inn i Hallibakken studio i Nes i Hallingdal.

Alle medlemmene i Raabygg har mange prosjekt og jern i ilden kvar for seg, i tillegg til at dei alle tre står stødig som tradisjonelle soloutøvarar. I Raabygg blir dette til ein kraftig fusjon med rom for at kvar enkelt får vere seg sjølv i samspelet.

Johanne Flottorp – hardingfele, oktavfele, og song
Tuva Færden – hardingfele, song og lyre
Sigrid Kjetilsdotter Jore – song, harpeleik og munnharpe

Komplikasjonar

Etter tre dager med trivelig fellesskap var det tid for Rønnaug og familien å dra hjemover igjen i dag. De dro tidlig, alt før 8.30 var de på veien. Grunnen til det var at Lars Gustav skulle nå et fly på Gardermoen klokka 15. Han har studiepermisjon en måned og skulle til London.

Men ved Larvik var det stopp. I den nye tunnelen der mistet de et hjul på bilen. Heldigvis uten at det gjorde noen skade, og ovedrvåkningen i tunnelen førte til at kjørefeltet ble rødt. Snart var politiet på plass for å unngå problemer, de dirigerte trafikken. Og så kom Viking og hentet bilen og fikk den til verksted.

Dermed ble det VY resten av turen til Nittedal. Og videre til London i morgen tidlig for han som skulle dit.

Vi satt hjemme og tenkte alt var gått bra på turen da vi fikk bilder på sosiale medier. Heldigvis gikk det uten annen skade enn den tekniske.

Men mange er ute på veiene. Jeg leste om et tre som falt over en vei i Vågsbygd og laget lange køer. Hos oss her hjemme har det derimot vært en fredelig dag. Vi fikk med oss litt sykling og kunne glede oss over god norsk innsats. Den var etter det vi skjønte uten komplikasjoner

Setesdalswiki var nede

I dag, 1. juni 2019, var det naudstynt med vedlikehald og utbetring av internettleveransen på Økern i Oslo der Setesdalswiki sin server står. Dermed var folk utan høve til å nytte seg av nettleksikonet det meste av dagen.

Sjølv fekk eg kontakt ved 23-tida. Då var fotballkampen ferdig, og mine fotballinteresserte barnebarn hadde ein stor kveld. Det hadde for så vidt eg og, for menyen var pizza , og når barnebarn får Pizza, får også morfar pizza. Fotballkampen var det Liverpool som vann, eg hadde tippa Tottenham, men eg hadde ikkje satsa pengar, så eg tapte ikkje noko heller.

Så då Setesdalswiki kom tilbake, var det viktig å få på plass listene over konfirmantar denne helga. Det var jo konfirmasjon både i Austad og Bykle i dag, og i morgon er det i Hylestad og Eiken. Du kan sjå kven som sto til konfirmasjon dei ulike stadene i listene som eg laga no i kveld.

Men innskriving av avisa for i går får nok vente til i morgon, for det er sjeldan eg skriv på Setesdalswiki etter midnatt. Då får ein heller gjere andre ting, tenkjer eg.

I mai hadde vi 9205 unike gjester. Til no i år ha vi hatt over 700.000 sidevisningar, så det er nokon som finn glede og nytte i leksikonet, og det er jo godt.