Ettertankar

Etter den interessante samtalen Øyvind Jacob hadde med Birgit Rike Lund i kveldens sending i Valle Radio, vart eg sitjande med nokre tankar. Dei kom frå det som nærast var ein bisetning då Birgit fortalde om livet på støylen om sommaren. Då kom faster Birgit Rike også på heia, men ho var mest oppteken av å samle ord og å skrive på setlane sine.

Det fekk meg til å prøve å google litt for å finne noko om ho som samla inn så mange ord at ho vel helst fekk eit heilt arkivskap i Norsk Seddelarkiv, etter det eg meiner blei fortalt ein gong, men det ser ikkje ut til at google kjenner dette arbeidet.

Så måtte eg i bokhylla og i Vallebok IV er ho omtalt på side 214: Ho var særs interessera i gamalt og samla m.a. ein brote med stadnamn og ord. Svært mange av setlane i arkivet til Norsk Leksikografisk Institutt i Oslo har hennar namn. 

Eg må nok til å lage ein artikkel om henne på Setesdalswiki, men det får bli litt seinare, eg får prøve å finne ut noko meir rundt dette først.

Men takk til Birgit og Øyvind for eit interessant program i Valle Radio.

 

Lange korridorar

I dag var det tid for ein kontroll på Sørlandet Sykehus Kristiansand. Eg skulle vere der alt klokka 09, det er helst tidleg for ein pensjonist. Men eg er heldig og har kona som sjåfør, ho set meg av ved inngangsdøra og så parkerer ho og ventar. Det er flott å sleppe å styre med parkeringsplass, for det er rift om parkeringsplassane ved sykehuset.

Først var det blodprøve, det er ikkje lange korridoren dit. Men så skal ein melde seg i ei luke, og då kjem dei lange korridorane. Dei hadde fått nye stolar der folk sit og ventar utanfor dei respektive lukene, så det var mange som såg ein noko gammal mann gå forbi denne morgonen. Men medan eg var inne til test, kom melding om at eg måtte tilbake for å ta ny blodprøve, dei var ikkje nøgde med den første.

Fram og tilbake er like langt, heiter det, og det var det. Men denne gongen forsikra dei seg om at alt var i orden før dei slepte meg, så då var det bare å legge ut på ein ny tur i neste korridor. Vel framme møtte eg min svært hyggelege sjukepleiar Marit Moland som hadde fått resultata av prøvane mine og kunne konstatere at dei såg fine ut. Så var det bare å legge ut på ny tur gjennom den same lange korridoren, ringe til Reidun og få henne til å hente meg.

Tanken slo meg: Om sykehuset hadde hatt fleire etasjar, hadde det neppe vore så lange korridorar.

Vel heime kunne eg så glede meg over at det skulle vere sending i Valle radio i kveld. Der hadde Siri Johannessen fått med Ronny Stavsholt til å presentere bluesmusikk. Det vart eit interessant program. Samtalane hennar med aktuelle gjester var også fine, og så kom Niklos K. Besteland med eit orgelprogram med ulike komposisjonar over melodien Vater unser in Himmelreich.

Her er lenke til Åpne Dører, som var eitt tema i kveldens sending.

Valle Radio leverer! Takk for kveldens program.

Snooker

Dei siste vekene har vi hatt gleda av å kunne følgje med på VM i snooker på Eurosport. I kveld var det heile avgjort med siger til den yngste av finalistane, Judd Trump over veteranen John Higgins.

For oss som likar ein stille sport på TV, ikkje bråkande publikum eller dunkande trommer, er snooker ein sport å prioritere, for der er det musestille for at ingenting skal forstyrre duellantane. I salen med nesten tusen tilskodarar kan du høyre ei knappenål falle og under ein av kampane vart ein i publikum vist ut fordi han ikkje var stille.

No er VM over og det blir vel ein pause, for VM brukar å vere den siste store turneringa i snooker i sesongen. Så kan spelarane lade opp, legge seg i trening att og kome i gang over sommaren. Men for oss som har sett på, vil det vere eit sakn at vi ikkje lenger har dette alternativet når vi skal velje noko å sjå på skjermen ein kveld.

Snooker er ein presisjonssport. Eg prøvde meg på biljard på Nomeland bedehus nokre gonger då eg budde i Valle, men å få ein ball ned i holet, var mykje vanskelegare enn eg hadde trudd. Men snookerspelarane på TV klarar ikkje bare å få ballen i holet, dei klarar også å legg den kvite ballen slik at dei får god ball for neste put. Det er bare imponerande.

Premien var 500.000 pund, over seks millionar kroner.

I kveld eg Judd Trump vil gratulere,
med spelet sitt han kan imponere.
Han tente pengar som bondens gras,
ein siger vunnen er veldig stas.

Hørselsproblem

I avisa på fredag var det ein annonse eg vil setje søkelyset på. Komande onsdag er det besøk av audiopedagog på Valle bygdeheim mellom klokka 11 og 13. Hørselskontakt Liv Gunn Viki vil også vere der.

I annonsen blir det stilt nokre spørsmål: Må du ofte spørre opp igjen? Får du ofte høre at du ikke hører etter? Lurer du på hvordan din hørsel er?

I annnonsen tilbyr LMT Setesdal hørselstest for folk som ikkje brukar høyreapparat. Folk som har høyreapparat kan få rettleiing om andre hjelpemiddel dei kan ha nytte av.

Teksten i annonsen er på bokmål. Det er svakt av LMT Setesdal å annonsere på bokmål for eit arrangement i nynorsk-kommunen Valle, men det får så vere.

Saka er viktig. I Vårt Land sist veke var det ein artikkel om at ein må bruke høgtalaranlegg der det er tilgjengeleg, uansett, for det er alltid nokre som høyrer dårleg, men som ikkje seier frå. Og mikrofonen skal ein bruke, ikkje vifte med, den bør være nær munnen heile tida, stod det i artikkelen.

Det høver med eit stev om dette arrangementet:

Om øyro dine har starta skrante,
du høyrer ikkje det interessante.
Liv Gunn kan hjelpe med ditt problem
om du til heimen på onsdag kjem.

Mållag med ungt blod

I fredagsavisa var det ein artikkel om Evje og Hornnes mållag. Dei har fått ny leiar i Tonje Kallhovd. Også i Byland mållag har dei fått ein tilsvarande ung leiar, der står Sigrid Åsen Haugsgjerd som leiar. Begge er 28 år.

I artikkelen om Evje og Hornnes mållag kjem det fram at dei ønsker seg fleire medlemmer og at unge bør engasjere seg.

Setesdalswiki har mykje stoff om mållagsarbeidet. Jol i Setesdal blir jo gitt ut av laga og vi har artiklar om svært mange av desse hefta. Så om du klikkar deg vidare frå vår artikkel om Evje og Hornnes mållag i fredagsavisa, kan du få vite mykje om mållaga sin aktivitet både i nyare og eldre tid.

I samband med at laga ønsker seg fleire medlemmer, kan det høve med eit stev:

Eit lag er viktig, og vi vil samle
i laget vårt, både unge, gamle:
Å skrive nynorsk, det er jo kjekt
og alle talar vi dialekt.

Setesdølen nr. 33, 2019

 

Sørlandets litteraturpris

Sørlandets litteraturpris har vore delt ut sidan år 2000. Først gjekk den til ei bok uansett sjanger, men frå 2011 har prisen vore gitt til eit skjønnlitterært verk og eit verk innan sakprosa. I desse åra er det to personar frå Setesdal eller med tilknytning til Setesdal som har fått prisen, Kjetil A. Brottveit og Annemor Sundbø.

I år gjekk prisen til Tore Kvæven og Siv Ringdal. Setesdalswiki har artiklar om begge forfattarane. Her er lista over dei som har fått prisen (henta frå Wikipedia):

 

Tankar i fotspora hans bestefar

I kveld fekk Setesdalswiki ein ny lang artikkel i serien av artiklar av Hallvard Eldhuset som son hans, Knut Eldhuset, har formidla til nettleksikonet. Eg har lyst til å trekkje fram artikkelen i kveld, den gjev grunn til ettertanke for dagens lesarar også.

Knut Eldhuset har utstyrt artkkelen med mange bilete og ei innleiing som gjev meirverdi for lesaren. Det er også lenker som syner til våre artiklar om nokre av dei stader og folk som er omtalte.

Dei gamle i Åraksbø var svært opptekne av heia aust mot Telemark. Alle artiklane vi har fått, syner dette.

Her er artiklane vi har fått til no:

Setesdalswiki tek gjerne mot fleire artiklar både om livet i heia og i dalen om du som les dette skulle ha noko liggjande.

1. mai 2019

Dagen i dag vart ein fin dag, sjølv om vi her på Eskeland hadde meir vind enn vi har hatt dei siste dagane. Vi markerer ikkje dagen noko særleg, men i år fann vi balkongflagget og hengde det opp.

Eigentleg burde vi flagge meir, i det minste på dei dagane som er offentlege flaggdagar. Men haldaren til flagget vårt var av plast, så den heldt ikkje lenge, så vi har ikkje hatt flagget oppe på lenge. Men no har vi fått oss ein ny haldar, den er meir solid, så vi kan nok henge opp flagget oftare i framtida.

Vi merkar at motorsykkeltrafikken på vegen forbi oss no tek seg opp. Mange har gjerne sin første tur med luft i ansiktet denne dagen, og då er det fint å køyre ytre vegen, her er det lite trafikk og mykje natur.

Reidun hadde ein tur rundt eigedomen vår, og sanneleg så kom ho heim med utsprungne liljekonvallar. Det er i alle fall to veker tidlegare enn vanleg. Alt er jo så tidleg i år, så no lurer vi på om kuldepreioden som dei melder vil ta knekken på blømande frukttre eller om det blir rekordhaust over sommaren.

Sjølv putla eg og skreiv inn overskriftene i Setesdølen for 30. april. Dei finn du på Setesdalswiki.

Setesdølen nr. 32, 2019