Ånund K. til minne

Med avisa i dag kom bodet at Ånund K. Homme var død. Eg visste at det gjekk den vegen, men det er likevel rart, det er som ein vegg i Valle er borte.

Då eg kom til Valle i 1991 som avdelingsleiar for kyrkjeseksjonen, fekk eg kontorplass på kommunehuset ved sida av kulturkontoret. Der hadde Ånund halde til i fire år då eg kom. Han var innfødd, så eg lærte mykje av han som ville vore vanskeleg å få med seg utan rettleiing.

Sjølv om eg bare hadde den jobben i to år, fekk vi eit varig venskap. Vi var ulike, men hadde likevel mange felles interesser i det kulturelle. Han fekk Sørlandsutstillinga til Valle, han arrangerte litteraturseminar og i den tida vi dreiv Vegkyrkje i Hylestad kyrkje fek vi til og med arrangere salmeseminar saman med Svein Ellingsen som foredragshaldar.

Ein sommar reiste vi saman på ferietur til Danmark. Ånund og Nella ville gjerne rundt i butikkar, eg og Reidun var nok mindre kjøpelystne, men vi hadde det moro saman. -Du er ein veldig god sjåfør, sa han til meg, det har eg knapt høyrt korkje før eller sidan.

Etter at han vart pensjonist og starta Setesdalsforlaget, hadde vi og mykje saman. Vi diskuterte bøkene han skulle gje ut, av og til las eg korrektur, det har aldri vore favorittsysla mi, men for Ånund gjorde eg det. Mange av bøkene han ga ut, fekk eg eit eksemplar av, han kom opp på Vaksenopplæringa med ny bok og slo av ein prat. Han var raus og omsorgsfull, slik eg også hugsar Nella. Etter at Reidun flytta til Mandal, inviterte dei meg til middag på Øvrevoll, og etterpå kunne vi gå i kjellaren og sjå på siste prosjektet han hadde og drøfte det.

Etter at han kom på Valle Bygdeheim, hadde vi mindre kontakt, men det var alltid fint å møte han, om det no bare var eit kort møte.

Fredag 11. januar klokka 13 er det bisettelse i Valle kyrkje.

Fred over minnet til Ånund K. Homme.

Dagens spørsmål:

Når var Ånund K. Homme fødd?

 

Minne frå Evje og Hornnes

Minne frå ei svunnen tid er tittelen på eit hefte av Erik Kjebekk. Det kom ut for vel ti år sidan, men no har eg fått høve til å legge det ut på Setesdalswiki. Dagen i dag har gått med til dette arbeidet, som ikkje er ferdig enno.

Setesdalswiki har utvikla seg frå å vere eit leksikon om folk og næringsliv til i stor grad også ha mykje lokalhistorisk stoff. I så måte konkurrerer vi kan hende med Lokalhistoriewiki, dei tek mål av seg til å ha lokalhistorie frå alle kommunar. Vi har eit smalare perspektiv. For Setesdalswiki er det meir enn nok med Indre Agder.

Men det er moro å få litt lange artiklar inn i leksikonet. Dei er kan hende ikkje så veldig leksikalske om ein tenkjer at eit leksikon skal ha korte artiklar. Men når papirleksikonet er døydd ut, kan ein nok sjå at leksikon finn andre former, boka er ikkje lenger ramme og kvar artikkel kan stå sjølvstendig. Det som bind leksikonet saman, er lenkene internt, der den eine artikkelen fører til den andre.

I Setesdalswiki er det tusenvis av det vi kallar foreldrelause artiklar, for dei fleste datoartiklane er foreldrelause, det vil seie at dei har ikkje lenker til seg. Men dei øvrige artiklane har stort sett lenker til seg. Sjølv skriv eg knapt ein artikkel utan å ta utgangspunkt i ei rød lenke, og dermed vil folk heile tida kunne sjå på lenker hit-knappen i venstre marg og finne ut kor grunnlaget for artikkelen kom frå.

Det fungerer også for Minne frå ei svunnen tid. Der er artikkelen om heftet forelder til dei elleve artiklane som etter kvart skal kome. No har vi to artiklar om heftet, for Geir hadde for ei tid sidan lagt inn ein artikkel om heftet med litt fyldigare tittel. Men den artikkelen vil eg ikkje slette, for der er det lenker til namn som er omtalt i heftet. Det har og ein verdi.

Dagens spørsmål:

Kva heitte postmannen som bar post til heiegardane i Evje?

Bok App

-Du må få deg Goodreads, sa Rønnaug til meg i dag då vi hadde vår faste sundagsprat på telefonen. -Då kan du sjå kva vi les og vi kan sjå kva du les, når du legg inn bøker du har lese.

Ettersom eg no har ein telefon som taklar det meste, tenkte eg at eg kunne laste ned appen og bli med i det fellesskapet. Som tenkt, så gjort. Men det var helst skuffande.

Eg fekk opp ein haug med engelske bøker som eg kunne nytte for å seie noko om preferansane mine, så ville appen føreslå bøker for meg. Sjølv om eg les engelsk, så er det mest norsk eg held meg til, så det fungerte dårleg for meg. Rett nok kom bøkene om Harry Potter opp, og dei har eg lese på engelsk. Så skulle eg rate dei, gi dei stjerner etter kva eg syntest. Eg ga dei tre stjerner, alle saman.

Men så ga eg opp, det var ikkje slikt eg ville ha, så eg orka ikkje bruke meir tid på å finne ut korleis eg skulle få inn venner og sjå kva dei las. Om eg skal kome vidare, må det nok vaksenopplæring til.

Vaksenopplæring er i det heile svært nødvendig, eg kjem stadig til kort innan datateknologien, til dømes. Eg kan skrive på Setesdalswiki og Wikipedia og bloggen, men meir avanserte greier stoppar fort opp. Nå er det sikkert mange som meiner at wikitekst er avanserte greier, men det har eg halde på med i over ti år, så der famlar eg meg fram og får ting til å blir lesbare.

I dag skreiv eg om haugianarkvinna og misjonskvinna Stina Fennefoss. Ho døydde i 1916, men er omtalt i den lange artikkelen vi fekk av Erik Kjebekk i går, så eg tenkte at eg i alle fall kunne få med litt om henne. Etter kvart vil eg nok få blå lenker på fleire av dei røde lenkene i den artikkelen også. Men bok-appen, den må eg nok ha hjelp til.

Dagens spørsmål:
Kor kom Stina Fennefoss frå?

Lange artiklar

I dag fekk vi ein ny lang artikkel på Setesdalswiki, Kva har Haugerørsla hatt å seie for Evje og Hornnes? Den vart artikkel nr. 90 100. Det er Erik Kjebekk som har skrive den, men han seier at det er best at eg legg han ut, slik eg har gjort med eit par andre artiklar, for han er usikker på det datatekniske. Lange artiklar er flott, sjølv om det ikkje er så mange av dei. Med artikkelen vi fekk i dag vil det også vere naturleg å få på plass fleire artiklar om haugianarar frå regionen. I artikkelen nemner Erik Kjebekk mellom andre Olav Torgrimson Fennefoss, Notto Jørgensen Tvedt, Jens Nottoson Bjoraa, Søren Undeland, Gunnu Halvorsen Syrtveit, Mikkel Olsen Fennefoss og Stina Fennefoss. Dei to første av desse har vi alt artiklar om.

Forrige hundretal runda vi 11. desember 2018, så vi brukte vel tre veker denne gongen.

Her er ei liste over dei ti lengste artiklane vi har no:

  1. (hist) ‎Evje og Hornnes ‎[46 071 bytes]
  2. (hist) ‎Setesdal ‎[34 983 bytes]
  3. (hist) ‎Kulturminner i Evje og Hornnes kommune ‎[24 808 bytes]
  4. (hist) ‎Kjetså (artikkel) ‎[23 320 bytes]
  5. (hist) ‎Hornnes stasjon (artikkel) ‎[22 427 bytes]
  6. (hist) ‎Kva har Haugerørsla hatt å seie for Evje og Hornnes? ‎[21 817 bytes]
  7. (hist) ‎Evje ‎[20 837 bytes]
  8. (hist) ‎Dale (Bygland) ‎[17 727 bytes]
  9. (hist) ‎Naturen som medisin ‎[16 563 bytes]
  10. (hist) ‎Målreisinga i Evje og Hornnes ‎[16 470 bytes]

Dagens spørsmål: 

Når tid møtte Olav Torgrimson Fennefoss på Stortinget?

 

Bedehusland

Foto: Geir Daasvatn

I haust kom det ut ei biletbok med bilete av bedehus frå heile landet. Eg har vore i mange av dei bedehusa, for i ungdommen hadde eg to periodar som reisepredikant. Først i Rogaland, så i Troms. I tillegg arbeidde eg som redaktør i Fiskerens Venn nokre år, og då kom eg til bedehus både i Nordland og i Finnmark, så boka var eit interessant attersyn, sjølv om mykje er endra sidan eg var der.

I alt var det 3000 bedehus i Norge på det meste. Her har det vore møte og basarar i langt over 100 år, så det er mange som har vore innom gjennom tidene.

Frå Aust-Agder er det kome med åtte bedehus, dei fleste i Setesdal:

Fjellhaug bedehus i Krossen 1932

Fredly bedehus i Flatebygd 1916

Hynnekleiv bedehus 1960-talet

Havstad bedehus 1908

Revesand bedehus 1878

Broderheimen bedehus i Oveinang 1930-talet

Trydal bedehus 1943

Fredheim bedehus Byglandsfjord 1901

Boka heiter Sjå eg kjem snart. Bilete frå Bedehusland. Fotograf er Erlend Berge og boka kom ut på Vårt Land forlag. Som vedlegg er det tekstar av Berge, Alf Kjetil Valgermo og Gaute Heivoll, som har skrive ein novelle han kalla Den lange veien hjem.

Setesdalswiki har ei liste over bedehus i Setesdal. Den har 12 namn. At sju av desse er kome med i boka gjer jo at ho kan vere av interesse for folk som samlar på litteratur om Setesdal. For Setesdal er også bedehusland.

Dagens spørsmål:

Når vart Fredheim bedehus på Byglandsfjord bygd?

Nye aviser

Så kom første nummer av Setesdølen 2019. Eg sa tidlegare at når avisa no har fått nettavis, kan eg slutte med å legge ut overskriftene på Setesdalswiki. No har avisa hatt nettavis ein månad og e-avis der du kan bla deg gjennom heile avisa og få den som bilete. Men det slo meg at den versjonen eg lagar truleg er liv laga vidare også, så eg starta på ny frisk i kveld og la ut overskriftene i nr. 1.

Med overskriftene kjem også grunnlaget for lenker til saker ein kan skrive meir om, basert på artiklar eller på stoff ein finn andre stader.  Når eg skriv, vil eg ha eit utgangspunkt i ei rød lenke, slik at artiklane ikkje blir foreldrelause, som vi kallar det. Setesdalswiki har mange tusen foreldrelause sider ettersom dei fleste datosidene vi la inn, er foreldrelause. Men når det gjeld faktasider, skal det ikkje vere så mange, trur eg.

Så får vi sjå korleis vi klarer å lage blå lenker av dei røde som dukkar opp i 2019.

Dagens spørsmål:

Kva heiter artisten som syng om Okke to?

Samhandling

Ståle Lindblad er ein Facebook-ekspert og i dag hadde han eit innlegg om korleis ein skal få større aktivitet på Facebook. Hans perspektiv var at Facebook er godt når ein skal selje noko. Eg skal ikkje selje noko, men skulle gjerne sett at Setesdalswiki si side på Facebook vart meir nytta.

Samhandling er viktig. Du må få folk til å dele det du skriv og kommentere det, meinte han. Men korleis får ein det til? No har eg prøvd nokre dagar med spørsmål her på bloggen, men ingen tek seg bryet med å svare. Kan hende er det fordi spørsmålet kjem sist og folk ikkje les til slutten. Kan hende må eg endre strategi og heller stille spørsmål sjølvstendig.

Det er ei side på Setesdalswiki som heiter Såpekassen. Der kan ein kommentere og stille spørsmål, men det er stort sett bare eg som skriv der, og eg skriv ved kvart månadskifte. I dag skreiv eg dette:

Den siste artikkelen som vart oppretta i 2018 var artikkelen om Rysstadmo. Då hadde vi 90 070 artiklar. Ved årsskiftet i fjor hadde vi 88 700 artiklar, så tilveksten var 1370 nye artiklar i året som gjekk. Det er langt færre enn i fjor, då tilveksten var på 1790, men det var også svært høgt. Vi må heilt tilbake til 2013 for å finne eit lågare tal enn i år.

Når det gjeld unike gjester, var det på 112 882. Dei hadde 191 328 besøk og Setesdalswiki hadde 1 679 311 sidevisningar. Besøkstalet var i gjennomsnitt 524 kvar dag.

På dei to første dagane av 2018 vart det oppretta 11 nye artiklar. Om vi held det tempoet heile året, vil det bli 2000 til saman. Det er nok eit hårete mål, men aktiviteten dei første par dagane er ein god start på det nye året. 

 

Godt nytt år!

Så har vi gått inn i 2019 og eg vil ønske alle dykk som brukar Setesdalswiki eit godt nytt år. I desember var det 7864 unike gjester, det er vel like mange som det bur i Setesdal om lag. I dag har det vore 372, så det ser ut til at folk finn nytte i nettstaden også i det nye året.

Dagen i dag har elles vore ein fin dag for leksikonet med mange redigeringar. Nokre er gjort for å fikse på ting og gjere gamle artiklar meir innhaldsrike. Men det kom 9 nye artiklar i dag også.

Sjølv sende eg eit brev til Erik Kjebekk for å høyre om den artikkelen han hadde i Setesdølen torsdag om Lars Nordby også kunne takast med på Setesdalswiki. Eg fekk eit hyggeleg svar om at det kunne eg, og så fekk eg manuskriptet. Eg fekk også manuskriptet til artikkelen han hadde i årets Jol i Setesdal: Far min. Den vil kome på Setesdalswiki etter kvart.

Siri Johannessen har gjort ein stor jobb med å få på plass fleire artiklar om Jol i Setesdal. Ho har og scanna forsidene, så no er det fleire bilete. Det er eit stort arbeid å få på plass alle 57 årgangane, men no har vi artiklar om 43 av dei. Og Geir Daasvatn held fram med artiklar om geografi og kultur også i det nye året.

I april 2019 fyller Setesdalswiki 10 år. Det har vore ei spennande reise med mange opplevingar. Framleis er det mykje å skrive om, så vi blir ikkje utan stoff i løpet av året. Truleg vil du nesten kvar dag finne ein ny artikkel på Setesdalswiki.

-Har du noko nyårsønske for Setesdalswiki? spør du kanskje.

Eg skulle ønske at folk kommenterte på Facebooksida til Setesdalswiki, kom med innspel til kva vi kan skrive om og utfyllande opplysningar til artiklar. Om vi kunne få respons der, ville det bli eit godt nytt år.

I året som gjekk var det fleire som registrerte seg, men ikkje mange som tok til å skrive. Til dei som gjorde det vil eg seie Velkommen. Skriv gjerne meir. Då får vi eit nytt godt år.

Dagens spørsmål:

Kven skreiv diktsamlinga Ljodet på hågehei?