Naturskade

Stormen Knud gjorde at Vest-Agder toppar statistikken om flest naturskader i september med 644. Dei førte til ein erstatningssum på 29,2 millionar, Hordaland hadde litt høgare erstatningssum, men færre skader.

Til samanlikning les i også i Fædrelandsvennen at storflaumen i fjor hadde 2176 skader og førte til utbetalingar på over 341 millionar kroner.

Eg er ikkje sikker på om Agder Energi sine skader går inn i desse tala, men eg tvilar på det. I dag var Otera her og sette opp ny stolpe etter den som vart riven ned av eiketrea som fall over linja til huset vårt. Det var tydeleg profesjonell folk som gjorde jobben,, vel to timar brukte dei på å få vinsja inn ny stolpe og forankra den. Den gamle stolpen tok dei med seg. Framleis må ledningane hengjast opp att, det må vel andre folk gjere. Det spørs om ikkje nettleiga går opp etter kvart.

Her ser du eit glimt.

Foto: Reidun Haugland

 

Programleiar frå Mandal

Onsdag 10. oktober skal eg ha ansvar for sendinga i Valle radio. Det er første gongen vi prøver eit opplegg der ansvarleg ikkje er i studio i Valle, så sendinga skjer på telefon frå Mandal. Det blir spennande å sjå korleis det går.

Her er programmet for kvelden:

Onsdag 10. oktober 2018
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Ørnulf Hasla

Program
19.00 Tankar frå Bibelen. Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer. Torleif Homme
20.00 Aktuell time.
*Thomas Hylland Eriksen om 70-tallet på Dåsnes
*Tove Hertzberg om kunst og inspirasjon
*Olav Mosdøl om Slektenes lovsong
21.00 Musikk-kveld ved Johs. Bjørkeli

Variert sending

Onsdagens sending i Valle Radio var variert. Etter andakt med Håvard Viki, kom rådmann Aud Sunniva Fuhr frå kommunen med ein halv time informasjon.

I den aktuelle timen hadde Siri Johannessen fått med seg Tarald Myrum og Gunnar Greibrokk. Dei fortalde om Valletunet, bygge som skal ha plass til Coop-butikk, Nordibø Landhandel ved Margit Dale og gjerne kontorarbeidsplassar på resten av av plassen. På toppen kjem det leilighetar, det er alt mange interessentar på lista til desse.

Så var det gjenhøyr med Paal-Helge Haugen sin tekst frå opninga av Sæbyggjen. Den kan ein gjerne høyre fleire gonger, det er ein rik og innhaldsrik tekst.

I Opi sending var det Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike som stod for programmet. Gjestene fekk god tid til fine samtalar, eg kom også inn, dei utfordra meg til å ta ei salme, men gløymde det, og glad var eg, for i kveld var eg lite klar for sang. Men Birgit Rike Lund, ho tok eit stev på strak arm:

Ein véne haustdage rein og klåre,

kan mei’ hell vårdagen gjer meg såre.

Dei bleike litin kring nutan blå,

gjev meg allstøtt mykji å tenkje på.

Det var altså ein variert kveld i radioen. Neste veke skal eg ha ansvar for onsdagssendinga. Det skal eg ha frå Mandal, det blir ei ny erfaring. Eg gleder meg.

Vær raus

I kveldens sending 2. oktober 2018 i Valle Radio hadde Siri Johannessen sett opp dette programmet:

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel med Thomas Bjerkholt (Norea)
18.30 Sangtimen
19.30 Siris time
– Astrid Nomeland frå kyrkja
– Anna Margrethe Andersen, ambassadør for Verdensdagen for psykisk helse 10. oktober 2018
– Inger Merethe Johnsen frå Fabel teater om forestillinga “Rui-jentene – spaden må gå jamt”
20.30 Postludium med Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken

Eg fekk med meg samtalen med Astrid Nomeland om aktuelle hendingar i kyrkja. Gleda over Kyrkjestoga i Sæbyggen var tydeleg å høyre, og det er mange aktivitetar der framover hausten. Astrid er raus i arbeidet i kyrkjeleg regi.

Deretter hadde Siri ein samtal med Anna Margrethe Andersen frå Grimstad. Ho er ambassadør for Verdensdagen for psykisk helse. Tema for 2018 er Vær raus.  Ho synte til heimesida for verdensdagen, der kunne ein finne meir om temaet.

Eg gjekk inn på sida og siterer derifrå:

Kathrine Aspaas, forfatter av boken Rausheten tid, skriver dette om raushet:

“Raushet er å unne andre suksess.

Raushet er å våge åpenhet.

Raushet er å lytte til andre.

Raushet er å våge å feile.

Raushet er å tillate andre å feile.

Raushet er å hjelpe andre.

Raushet er å ta et skritt tilbake før vi dømmer andre.

Raushet er å tilgi oss selv – og andre.

Raushet er å konfrontere med vennlighet.

Raushet er å sette grenser med vennlighet.

Raushet er å takke vennlig nei til det som ikke gir oss glede.”

Her er det mykje ein kan grunne på ein mørk haustkveld og sidan gå ut i ein ny dag og møte menneske med raust sinn.