Til vanleg brukar Valle Radio å starte med onsdagssendingar første veka i september, men i år vert det bare tysdagssending denne veka.
Tysdag 5. september
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
1800 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein frå Norea
1815 Over ein open bibel frå Norea med Andreas Årikstad
1830 Sangtime med Klangohalvtimen frå Filadelfia Kr.sand og salmar frå Norea
1930 Aktuell time: med Torleif Homme med nytt om bygg i Valle og Sissa Ringstad med kyrkjenytt
2030 Postludium:med musikk av og med Eilert Hægeland
2100 Kyrkjebakken
Så startar hausten 2017. Den gjer det med mange hendingar rundt om. Haugenburet skal feirast i Åraksbø, det er Sirdalsdagane og Dyrskue i Lyngdal og mykje anna alt denne helga, og neste veke startar Protestfestivalen i Kristiansand.
Sjølv tek eg turen til Jæren, vi skal ha søskenbarntreff. Dei fleste barnebarna til mormor stiller opp og det skal bli koseleg å møtast. No for tida møtest ein helst i gravferd, men denne gongen møtest vi bare for å møtast.
Det var eldste barnebarnet, Brit Obrestad som tok initiativet, fastsette dato og sa velkommen. Dei aller fleste klarte å finne plass i nokså fulle kalendarar, så no møtest vi. Mat og program er i boks, det kan bli ein triveleg laurdag.
Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.