Sommarradio

Etter det eg skjøner er det stille på Valle Radio sin frekven i veka no etter at P4 ikkje lenger blir sendt. At vår vesle lokalradio skulle betale 50.000 kroner til TONO for at P4 skulle sendast ut over vårt nett når vi ikkje sjølv hadde sending, det rimer ikkje. Dei betalar alt for det dei sender, og så verdfullt kan neppe eit nedslagsfelt med vel 2000 innbyggjarar vere.

Normalt er det ingen lokal produksjon om somaren, men i sommar har Siri Johannessen funne ut at ho vil ha sommarradio. I juni var det sending alle tysdagane, rett nok med overføring av møte frå teltet på Evje ein gong. men sanneleg er ho ikkje på lufta i kveld igjen, og no skriv vi juli.

-Det hender så mykje i Setesdal i sommar, og når folk gjerne vil på lufta med informasjon, er det jo flott at eg kan gje dei høve til det, seier ho. Likevel er det bare ein liten del av det som skjer, som kjem på radioen.

I sommar er for øvrig nyhetsbiletet for Setesdal noko stille ettersom Setesdølen bare kjem på torsdagar i juli. Difor er det ekstra flott at Siri har funne høve til å halde fram med tysdagssendingar så lenge. Om du set pris på at vi har sommarradio, kan du jo gå på facebooksida til radioen og gje ein kommentar.

Her er programmet for i dag:

Tysdag 4. juli
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
1800 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein om raushet
1815 Over ein open bibel frå Norea med Odd Åge Ågedal
1830 Aktuell time med Dreng Ose (Setesdal GOS og motorfestivalen på Ose) og
1900 Jan Dalen frå Bykle fjellstyre
1930 På pilegrimsvandring med Harry Andersen og musikk
2030 Postludium med Siri Johannessen og amerikansk musikk
2100 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Heimlengsel

Foto: Valle Aktiv

Då eg var lærar for flyktningar som skulle lære norsk i Valle, hende det at vi kom inn på heimlengsel, men det var helst eit vanskeleg tema der dei strevde med å lære eit framand språk i eit land dei på ingen måte kjende seg heime i. Krig og uro hadde ført dei bort frå heimlandet. Når vi snakka om det, var det saknet etter familie og vener som var i fokus, meir enn saknet av natur.

I går skreiv eg inn Setesdølen for 20. juni. Eg hadde kome litt på etterskot då vi var austover ein tur og var opptekne med andre ting. I den avisa var det ein dødsannonse. Det var Åsta Linn frå Follebu. Jentenamnet hennar var Skarberg, og då eg slo opp i Heimar og folk i Bykle, fann eg både henne og familien og kunne skrive artiklar om foreldrene hennar også. Sonen Kurt Ole Linn var også omtalt litt meir enn vanleg i og med at han skreiv hovudoppgåve om kraftutbygging i Bykle då han tok hovudfag i historie. Dermed ville eg lage eg ein artikkel om han også, så eg googla litt, som det heiter i dag.

Då kom eg over kronikken Lengselen heimatt som han skreiv i Aftenposten i 2010. Det var den som minna meg på det eg skreiv i første avsnittet. Men han flytter heimlengten frå innvandrarar til mor si og fortel om korleis ho lengta heimatt i alle dei åra ho budde på småbruket der aust: Hver sommer kom lengselen over henne: Hun måtte heimatt for å se de stupbratte, blankskurte fjellsidene, møte folk hun visste hvem var, folk som kjente henne. Heimatt til et sted der hun ikke bare var «kjerringa has Sigurd». (…) Hun savnet fårekjøttet der hun dag ut og dag inn serverte medisterpølser og svinestek. 

Kurt Ole Linn syner så dette ved å fortelje om mora til ein svensk-tyrkisk forfatter. Ho lengta heile livet tilbake til Tyrkia, men kom ikkje dit før ho døydde, då kom ho tilbake til heimlandet i ei kiste. . Åsta Linn sa også at ho ville bli gravlagd i Bykle, det var først dei siste åra ho endra meining, etter 50 år.

Lengselen heimatt er sterk for både nordmenn, ikkje minst sørlendingar og utlendingar. Men så må ein finne eit kompromiss og kan hende gjere det beste ut av situasjonen.