Gratulerer med dagen

Reidun får bilete, Lisbeth får orda på bloggen i kveld.

I morgon fyller kona mi 70 år. Reidun Haugland og Lisbeth Dalquist Homme har same dagen. Gratulasjonar til Reidun kan eg ta munnleg, til Lisbeth sende eg dei gjennom Setesdølen i dag, og den artikkelen legg eg ut her i kveld:

I morgon, fredag 12 mai, fyller Lisbeth på biblioteket i Valle 70 år. Ja, for sjølv om det no er snart to år sidan ho vart pensjonist, vert ho framleis kalla Lisbeth på biblioteket. Det er ikkje så rart, ho begynte der i 1975 etter først å ha jobba på bibliotek i Oslo etter utdannninga. Men i Oslo møtte ho Knut K. Homme, dei gifta seg i 1973 og året etter kom dei til Valle. 

Gjennom åra har Lisbeth Dalquist Homme formidla litteratur til store og små i Valle. Ho arrangerte lesesirklar for vaksne og bamsekveldar for ungar, pendla mellom Valle og Rysstad og fann bøker til store og små som kom innom biblioteket, anten det var i soknehuset på Rysstad medan ungane var på leikarring, eller i det heilt sentrale nybygget som biblioteket no ligg i der. I Valle bar ho bøker opp og ned trappene i det gamle heradshuset, nokre gonger for å bytte mellom samlinga på Rysstad og i Valle, andre gonger for å bringe litteratur til bygdeheimen. 
Men Lisbeth Dalquist Homme engasjerte seg også i det lokale kulturlivet. Ho vart med i Valle Bygdekvinnelag, der var ho også leiar i ein periode. Ho var studieleiar for Bygdefolkets Studieforbund og organiserte kurs av mange slag opp gjennom åra. Trondheimspia var også leiar i Valle Mållag eit par periodar, sterkt engasjert i arbeidet for nynorsk litteratur. -Eg les det meste, brukar ho å seie, men ikkje krim, om det ikkje er ein forfattar frå Trondheim som skriv på nynorsk, då. Og då var det bare ein forfattar, Idar Lind, som passerte nålauga. 
Ho vart også med i Valle jordbruksklubb, ei forening for hagebruk, kan hende snart den sist i sitt slag i landet. Årleg konkurrerer medlemmene om beste resultat i hagebruk, og Lisbeth sin hage i Innistog Homme kom høgt på på premielistene.Med ein slik bakgrunn var det også naturleg å vere vaksenleiar i 4H. Som om ikkje dette var nok fann ho også tid til å spele i Valle og Hylestad musikkorps så lenge det var i drift. 
Som pensjonist har ho teke vare på gleda ved å reise. Men ho er framleis aktiv lokalt, i år også som 17. mai-talar i Valle. Alle vi som har hatt glede av Lisbeth Dalquist Homme sin store innsats i Valle gjennom åra, ønskjer henne til lukke med dagen og dagar som kjem. 

Ikkje lett

Av og til er det tilhøve utanfor som påverkar talet på lyttarar i Valle Radio. Slik var det i kveld for Jorunn og Kåre, dei skulle ha opi sending med rebusar og slikt, og så kom reportasje frå Kongen og Dronninga sitt 80-årsjubileum i Operaen på TV. Då vart det få telefonar inn i studio.

Eg var innom i programmet og svarte på ein rebus, og fekk ein lang og hyggeleg prat med programleiarane. Då fekk eg også sende helsing til Lisbeth Dalquist Homme som fyller 70 til fredag, same dagen som Reidun, kona mi. Karl Torstveit fyller 67 den dagen også, så det er nok å feire. Etter kvart er det blitt så mange bursdagar på Setesdalswiki at det mest ikkje er ein einaste dag at meldinga om at Ingen har fødselsdag i dag, kjem opp.

Men Jorunn og Kåre heldt koken, droppa kongeprogram og fullførte kvelden, kan hende litt kort, men likevel i kjent stil, det gjeld å stå på også når det ikkje er lett.

God journalistikk

I kveld hadde Siri Johannessen ansvaret for sendinga i Valle Radio. Ho hadde utvida aktuell time med eit kvarter, og på den timen hadde ho fått med seg museumspedagog Johanne Hortemo til å fortelje om Langeidsverdet som skal stillast ut på Setesdalsmuseet i sommar. Dette sverdet som er unikt kjem dermed på lån tilbake til Setesdal. Det skal også stillast ut i Arendal til hausten før det går tilbake til Oslo. Om det vert utstilt der, veit eg ikkje, men svært mykje av det som museet i Oslo hentar inn frå landet rundt, hamnar i magasin, og det er jo ikkje særleg publikumsvennleg.

I tillegg hadde Siri ein prat med  Aadne Sollid om Haugeburet i Åraksbø, ein av Norges eldste trebygningar. Rundt 1. september vil det bli ei markering der etter at restaureringsarbeidet no er ferdig. Den utvida timen vart toppa med ein prat med kapteinen på Bjoren om sommarprogrammet.

Det er altså mykje historisk sus ein kan oppleve på ein tur gjennom Setesdal i sommar. Siri peika på noko gjennom programmet i kveld, og det såg ut til at ho hadde fanga interessa hos mange, sjølv om ho konkurrerte med Harald og Sonja sitt 80-årsjubileum på TV, for ho hadde 12 følgjarar på Internett, fortalde ho, og det er meir enn dei fleste kveldar.

Godt jobba, Siri. Du gjer ein flott jobb i Valle Radio.

Norsk i Postludium

Dei fleste gongene har Niklos K. Besteland musikk frå andre land på lista når han presenterer orgel- og kyrkjemusikk. Men i mai brukar det å vere norsk, og det er det i morgon også.

Per Steenberg: Predicanti Jesu care og Rex Olavi Glorioso. Nidaros domkor, dirigent Ludvig Nielsen

Ludvig Mathias Lindeman (1812-1887): Fuge over BACH. Organist Magne Elvestrand på orgelet i Margaretakyrkan i Oslo

Arild Sandvold (1898-1984): Variasjonar over folketonen Se solens skjønne lys og prakt. Organist Harald Gullichsen på orgelet i Skien kirke

Bjarne Sløgedal (1927-2014): Motetten Se Guds bolig er hos menneskene. Kristiansand domkor, dirigent Andrew G. Wilder, organist Ian M. Richards

Kjell Mørk Karlsen (1947): Hadde du bare visst. Stavanger domkirkes motettkor, dirigent Lars Mæland

Programmet startar 20.30 i Valle Radio

Mai, du kalde

Etter ei veke med fint mai-ver, skal det nå bli kaldt att. Då er det godt at Valle Radio er på plass med program både tysdag og onsdag:

Tysdag 9. mai
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel med Sverre Hovda

18.30 Musikk og song frå Klango
19.00 Langjeisverdet og meir (Setesdalsmuseet, Johanne Hortemo)
19.30 Haugeburet i Åraksbø (Aust-Agder f.k., Aadne Sollid)
20.00 D/S Bjoren sin kaptein, Sven Robert Kleppe
20.15 Meir musikk og song

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 10. mai
Ansvarleg: Liv Tanche-Larsen
Teknikar: Siri Johannessen
Telefonvakter: Solveig Rysstad og Jorund Helle
19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Eivind Berg

20.00 Liv sin time

21.00 Opi sending med Kåre Rike og Jorunn Lund Harstad
No er det lett å høyre Valle Radio på heimesida http://valleradio.com/

Ikkje heilt aleine

Eg skreiv i går at eg var aleine heime. Men ved nærare ettertanke har eg kome til at det var feil, for eg har katten til å halde meg med selskap.

Nå er det slik at eg ikkje har noko til overs for kattar, det har katten vår skjøna, så ho er nøgd om eg bare fyller på vatn og kattemat i skåla når den er tom. Og så må ho ha ei halv skive kjøtpålegg kvar dag, ho sit framom kjøleskapet til ho har fått den skiva, og om eg ikkje hugsar på det, kjem ho mjauande inn i stova og riv meg bort frå nettbrettet der eg skal sjekke om det er kome post eller meldingar på Facebook eller anna interessant digitalt.

Så må eg sleppe henne ut, og etter ei stund er ho på kjellardøra eller eit vindu og skrapar og vil inn att. Om eg ikkje har tv for høgt på, slik at eg ikkje høyrer henne, og difor let ho vere ute, blir ho svært glad når eg slepper henne inn. Då står halen til vers, og så går turen til kjøleskapet for å sjå om ho kan lure meg, kanskje eg ikkje hugsa at ho fekk pålegg for eit par timar sidan.

Og slik held vi det gåande, far og katten. Eg er nokså sikker på at vi er to som gledar oss til i morgon, for då er det slutt på einsemda.

Her skulle eg hatt eit bilete av katten, men ho er ute, og eg har ikkje vore framsynt nok til å ta eit og ha på lager, så det får bli til ein annan gong.

Aleine heime

Eg har sett filmar med ovanståande tittel, men livet heime denne veka har heldigvis ikkje vore slik som i filmane. Stille og roleg har eg late dagane gå. Prøvd å passe på at det er mat og vatn i skåla til katten, men elles har det vore helst stussleg å ha kona på tur.

Før eg vart pensjonist, levde eg aleine i Valle i vekene. Det gjekk fint, så eg tenkte det skulle vel bli noko av det same her. Men det vart det ikkje, dagane fell mykje lenger no enn dei gjorde ei veke i Valle.

Heldigvis går det mot slutten. Sundag er Reidun tilbake etter det som verkar å ha vore ei fin veke i Nederland, sjølv om temperaturen der har vore lågare enn her.

 

Eple og agrurk

I dag la eg ut eit bilete av frokosten min. Det var ei skål med eple og agruk, og i løpet av dagen har eg fått nærare 50 reaksjonar frå vener rundt om i landet. Det var mykje meir enn venta, så eg tenkte at eg måtte gje ein kommentar på bloggen i kveld.

Vanleg frokost er to skiver med kjøttpålegg, ost eller syltetøy, kanskje til og med begge deler. Vi har funne det praktisk å ha alt på eit brett i kjøleskapet, så det er fort gjort å dekke bordet. Men denne veka er Reidun på blomstringstur saman med Margunn, Stein og Anne Karin i Nederland, så då kan eg ta ein variant og sjå korleis det fungerer.

Britt spurde om det varte lenge, og i grunnen gjorde det det, det var langt utpå dagen før eg hadde behov for noko meir. Hermund og Kari håpar nok på at det eg tok seinare på dagen, kom frå han, og det gjorde det. For eg brukar desse dagane aleine til å ta ein C9-kur frå Forever. Det er noko eg kan anbefale, det går godt å prøve det og sjå resultat etterpå.

I går skreiv eg om St. Georg og dragen. Vi har alle våre dragar å kjempe mot. Manglande lyst til å skrive på Setesdalswiki, er ein slik drag no for tida. Men heldigvis kan ein gjere litt anna og sjå resultat av det. Det hjelpemidlet som eg har nytta på Wikidata eit par dagar no, har vore svært interessant å verte kjent med.

 

Verdsvid kyrkje

St Georgskyrkja i Panagyurishte i Bulgaria

Fleire gonger i det siste har vi høyrt at det er 40% kristne i verda, men at det er 7000 unådde folkeslag.

Eg vil heller snu perspektivet litt og sjå på den verdsvide kyrkja. Kvar sundag samlast folk her i landet til gudstenester, det gjer dei i andre land også. Eg har blitt glad i gudstenesta på svensk TV2 klokka 10.05 sundagsmorgonen, der ser vi fulle kyrkjer og får høyre flott sang.

Men i går og i dag har eg oppdaga eit verktøy på Wikipedia for å legge bilete av kyrkjer inn på Wikidata, slik at bileta kan bli brukte på alle den mest 200 wikipediaene vi no har. Og då har eg sett kyrkjer av svært mange slag og i svært mange utformingar. Dei avspeglar ei verdsvid kyrkje, anten det er i Norge eller Bulgaria. Og i kyrkja eg tek med på bloggen, har dei til og med bilete av St. Georg i kamp med dragen, så avstanden mellom Setesdal og Bulgaria hindrar ikkje at ein har felles tradisjon å ta vare på.

Og når eg høyrer sangen frå Nederland, slik eg fekk i dag tidleg og delte på Facebook, gleder eg meg.

Turløyper

I kveld var Tarald Myrum frå Valle Aktiv og Henrik West i Valle Radio for å fortelje om planar om turløyper. Det vart ein interessant time. Her kunne både innfødde og tilreisande få informasjon og vite noko nytt, altså radio av beste merke.

Tarald sa noko som eg la merke til. -Vi som er frå bygda her, nyttar vårt eige område og er i grunnen ikkje så kjende andre stader i bygda. Når vi er turistar, kan vi gå til toppar både i Norge og på Kanariøyane, men heime brukar vi det område vi kjenner, då er vi ikkje turistar.

Henrik West, organisten i Valle og Bykle, har budd to år i Valle. I den tida har han vore ein flittig brukar av fjellet og etter kvart kjenner han kanskje området betre enn mange som er frå Valle. For han har spurt seg fram og funne stiar og vegar ein kan bruke for å kome opp på fjellet. Han var kritisk til dei to løypene Turistforeninga har frå Valle og opp på heia, dei var både attgrodde og myrlendte. Folk likar jo ikkje å brøyte seg veg gjennom skog og kratt når dei skal på tur. Dei likar heller ikkje å gå i myr, men dei likar å kome på opne plassar med god utsikt.

I programmet fekk vi høyre at han har tenkt at det kan vere mogleg å lage turløype frå under Einang, ein går opp på baksida av det kjente fjellet, men i staden for å gå til høgre og opp på sjølve Einang, svingar ein til venstre når ein har gått ei stund, Då kjem ein opp på Hommfjødd, der er det utsikt både nordover og sørover, det er mest som å gå på ein egg før ein kjem opp på flata. Og så kan ein gå ned i Laugardalen og kome til Homme, eller halde fram på heia heilt fram til Tveiten. Den korte turen opp på Einang er bare ein til to kilometer, men den lange til Tveiten er kan hende nærare tretti kilometer.

Ein annan tur han hadde funne var frå Skafsåvegen til fjellet over Lunden, det er ein kort og fin tur på tre kilometer kvar veg. Då kjem ein over Gloppefossen og får eit flott syn. Ein annan tur var frå rasteplassen på Honnevje til Berg i Valle, eller motsett, via Masta og vatna på toppen av Nomelandsfjødd.

Planen er å samle desse turane i eit hefte eller på ark, merke løypene med blå merker, fortelje folk kor langt det er, kor vanskelege dei er å gå og annan informasjon som kan vere relevant. Dette er noko av det som Valle Aktiv arbeider med å få til.

Men før ein kan få det til, må ein jo lage avtalar med grunneigarane og det er ofte mange grunneigarar involvert sjølv i korte løyper. Dette såg nok Tarald for seg at det kunne vere hans oppgåve, men begge meinte at slike løyper kunne bli av god verdi for bygda. Turistar stoppar og blir verande om det er noko å finne på saman. Kvifor må danskar reise til Sunnmøre for  å gå i fjellet? Eller til Hemsedal? Det er betre med ein kort tur til Setesdal for ungar som ikkje likar lange dagar i bil.

Om du ikkje fekk med deg det interessante programmet, bør du finne det og spele det av i ettertid, no som Valle Radio har fått podcast.