Fredagssending 7. april 2017

I morgon er det fredagssending i Valle Radio. Den store påskebasaren startar ikkje i morgon kveld, men det blir opi sending med ein nyklipt Ronny Stavsholt.

Fredag 7. april

Ansvarleg: Ronny Stavshold og Lotte Rysstad

Teknikar: Siri Johannessen

Telefonvakter frå 20.30: Ingebjørg Ellinor Rysstad og Ingunn Åkre Uppstad

19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg

19.30 Regionrådet informerer. Signe Sollien Haugå

20.00 Ronnys time med innslag frå UKM

21.00 Opi sending med rebusar

radioen si nye heimeside finn du ein spelar til høgre. Der kan du høyre sendiga live.

Valle Radio årsmøte 2017

Valle Radio hadde årsmøte i går kveld. Det kolliderte med tysdagssendinga, men tolv frammøtte fekk ei fin samling, ser det ut til frå Kåre Rike sitt referat som eg fekk tilsendt saman med årsmelding for å legge ut på bloggen. Her kjem referatet: 

Valle Radio hadde eit sers gildt årsmøte på Sølvgarden i jerkveld, der det var 12 frammøtte.  Vart avslutta med god pizza & brus + gamle arkivopptak

Oppsumera:
– God økonomi og stabil medarbeidarstab.  Kanskje ein liten manko på ein tekniker eller to.

–          Vedlagd aktuelle protokollar/dokument

-Høgdepunktet stod Jørund Georg føre, då han fann fram lydfiler tilbake til då radioen starta, og spela av desse.

– Her ligg ein stor, stor kulturskatt , takka vere Valle Radio

– Elles orientera Jørund om at opptak/lydfiler heretter vil vere tilgjengelege via Valle Radio si nettside, der spelaren er sentralt plassera.

Og her er årsmeldinga, som det også var Kåre som hadde skrive: 

Styret for Valle Radio i 2016 har vore samansett slik: Ørnulf Hasla leiar Britta Lise Homme nestleiar./facebook ansv. Helge Homme kasserar Jørund Georg Jore teknisk leiar Kåre Rike styremedlem Rolf Erik Homme Møtande varamedlem Rekneskapsførar: Halvor Rike Revisor : Hallvard Holum Valnemnd : Ronny Stavsholt & Øyvind Jakob

Styret har hatt 5 formelle styremøte, der 23 saker er protokollera. Årsmøte og dedikera planleggingsmøte med omsyn til påskesendingane kjem i tillegg. Styremøta vert normalt avvikla i radioen sine lokaler.

Sendeplan: Valle Radio har sendingar tysdag kl.18-21.30 (Siri) og onsdagar frå kl 19 —22.30 Kommunestyremøta vert og overførde, og erstattar då ordinær onsdagssending. Fyrste fredag annankvar månad er der samsending/koordinering med Radio Evje I tillegg kjem sending liste joleptdagen frå Valle sentrum med intervju av heimvendte bygdefolk og trekning i det store sentrumslotteriet. Tiltaket har vist seg å ha stor oppslutning

Aktivitet, økonomi m.v. Det store lyftet og hovudinntektskjelde — påskesendingane, radiobasaren skjærtorsdag&1.påskedag, krev stor innsats og velvilje både av medarbeidarane og andre friviljuge som stiller til innsats under desse maratonsendingane. Ein må vel kunne seie at nettopp desse sendingane har vore med på å byggje og spreie merkjenamnet «ValleRadio» langt utover det geografiske nærområdet,til noko som både bygdefolk og tilreisande påsketuristar berre må ha med seg. Det har difor heller ikkje vore vanskeleg å få tilslag på sponsorar i påska. Med ein stor lyarskare i Setesdal, og i regionen og landet elles via nettradio, og ei god merkjevare som Valle Radio etter kvart har opparbeidd seg, er det attraktivt å verte assosiera med Valle Radio.

Siste års påskesendingar gav oss ei brutto innkome på kring 255.000, og økonomien i Valle Radio må seiast å vere sers god. Planleggings-og oppstartsmøte etter sommarferien vart etter tradisjonen halde på Sølvgarden på Rysstad, der innspel på oppsett/programplanen og anna vart lufta og tilpassa individuelle ynskje så langt som råd , inklusive ein god middag.

Medarbeidarar/ personell/ hendingar Valle Radio har i mange år hatt ein stor og solid medarbeidarstab, noko som truleg har vore avgjerande for at ikkje folk misser motivasjonen og gleda over å yte ein slik efter måten stor frivillig og uløna innsats. Truleg er det dei gode og positive tilbakemeldingane frå lyarskaren , med få unntak, som gjer at me i2017 kanfeire 20 runde år. Harald som i alle år har vore leiar og general for tysdagssendingane, hadde si siste sending ijuni i samband med at han flutte heimatt til Mandal. Valle Radio takkar Harald for den store innsatsen han har lagd ned for Valle Radio, inklusive hans makker på musikkfronten — Niklos Besteland. Heldigvis for Valle Radio, hadde Siri Johannessen både ynskje og kapasitet til å overta etter Harald på tysdagane. Me takkar henne så mykje for dette! Fyrste helga i november arrangera me ein sosial tur til Kr.sand for medarbeidarane, med ovematting på Hotel Norge, middag på Sjøhuset og triveleg samver. Rolf-Erik var stødig sjåfør!

Framtid Som kjent er det vedteke å sløkkje FM-nettet i samband med digitaliseringa av NRK sine program. Lokalradioane, herunder Valle Radio, harimidlertid fått lov til fortsatt å sende på FM-båndet, i alle fall fram til 2022. Vegen vidare er noko meir usikker, så me får berre avvente. I 2017 kan Valle Radio markere 20-års jubileum og det er ingen sjølvsagd ting for ei dugnadsbasera verksemd som Valle Radio, som kvar einaste veke krev innsats og energi, og ikkje minst tid frå alle våre medarbeidarar. Samhald, humør og gode tilbakemeldingar gjer likevel at me fortsatt har tru på mange og gode år for Valle Radio!

Til slutt Valle Radio vil takke alle medarbeidarar, friviljuge elles, sponsorar og andre som stør Valle Radio i ulike samanhengar, for all innsats, velvilje og hjelp siste året.

Kåre 31.03.2017

Helge Homme og Britta Lise Homme var på val som styremedlemmer og vart attvalde, det same vart styreleiar Ørnulf Hasla. Valkomite med Øyvind Jacob og Ronny Stavsholt vart også attvalde, det same vart revisor Hallvard Holum.

Fasteaksjonsinnsamling

I dag var det årsmøte i Valle Radio. Det får eg kome tilbake til når eg har fått meir informasjon, men eg hadde ein prat med Ørnulf Hasla og han var godt nøgd med både kveldens program og oppmøtet.

Sjølv fekk eg vere med på noko eg ikkje har vore med på før. Reidun har i mange år vore kontaktperson for fasteaksjonen si innsamling til Kirkens Nødhjelp her i området og hatt ansvar for ei rute. I Mandal samlar konfirmantane inn pengar til Haydom hospital i Tanzania, difor er det ikkje som elles i landet at dei er med på fasteaksjonen. Her må andre ta turen, og her i grenda er det altså Reidun.

I kveld fekk pensjonisten vere med som sjåfør, tidlegare år har eg vore i Valle når den innsamlinga har gått, det har som oftast vore ein tysdagskveld, trur eg, for eg opplever at eg har vore i radioen desse innsamlingskveldane tidlegare. Ein skulle tru det var ein rask jobb med bil, men vi brukte to timar, og det var bokstaveleg talt ein tur mellom bakkar og berg. For her i området er det mange små kollar og knattar og folk likar å bygge hus på desse. Difor er det små stikkvegar frå hovudvegen og opp den eine kneiken etter den andre.

Slik kom eg på stader eg aldri har vore, sjølv om dei er å rekne som naboar og eg har hatt adressa mi her i mange år no. Men når ein ikkje er barnefødd, er det jo ikkje slik at ein trør inn i vegen til folk om ein ikkje har noko der å gjere. For Reidun, som vaks opp her, verka det som om kvar sving hadde eit minne: -Her er dammen vi gjekk på skeiser, der budde den, no er det barnebarnet som bur her. Kommentarane kom når eg spurde, og eg kunne ikkje anna enn å bli imponert.

Reint vatn, det var etter det eg har fått med meg, målet for mykje av fasteaksjonen i år. Vi har vatn i overflod og tenkjer knapt på problema mange har med å skaffe reint vatn. Men det er eit stort helseproblem mange stader. Vi opplevde at folk ga om dei hadde kontantar og la att lapp som dei kunne bruke for å sende elektroniske pengar til dei som ikkje hadde. For vi blir meir og meir eit kontantlaust samfunn, det er praktisk og greitt, sjølv om vi ofte blir minna om at det ikkje er heilt risikofritt å la alt ein tener bare vere tall i eit digitalt system, for kor er pengane om nettet går ned?

I kveld var det bare skattemeldinga som ikkje fungerte, vonleg fekk folk vippsa eller springa eller mcasha pengar til fasteaksjonen. Vi leverte bøssa til ein nabo som hadde ei anna rute og som etterpå skulle ta det med til banken i sentrum for opptelling. Eg hadde tenkt å få ta eit bilde av kona på tur, men plutseleg hadde ho levert frå seg bøssa til naboen som sykla vidare, så der vart eg lurt. Men dei beste bileta lagar vi i hovudet, så du ser oss nok i bilen på veg opp ein kneik når du les dette.

-Er du konfirmant i år også, sa ein av dei ho møtte på vegen. Ein hyggeleg prat og litt i bøssa, og så gjekk turen vidare. Takk til alle som gav, for vennlege møte og medkjensle med dei som har mindre enn oss.

Byklarar ber kvelden

I morgon er det byklarar som ber tysdagskvelden i Valle Radio. Olav Mosdøl og Bjarne Tveiten får kvar sin time, den eine for å presentere eigne tekstar, den andre for å presenter andre sine tekstar, for det meste.

Tysdag 4. april
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med med Asbjørn Kvalbein
18.15 Andakta er ved Terje Seilskjær
18.30 Eit bel med Olav Mosdøl og (dei tonsette) dikta hans
19.30 Bjarne Tveiten kjem med Setesdal og setesdølar 2017

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

 eller via http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Tveitetunet blir restaurert

Eg hadde eit spørsmål til Leonhard Jansen i januar. Det gjaldt Tveitetunet og Valleutstillinga. Så snakka vil litt fram og tilbake og så fortalde han at hovudhuset var teke til laftehallen ved museet for restaurering.

Eg vart jo nokså overraska, -tok dei heile huset til Rysstad, spurde eg. Så forklarte han at det jo var mykje lettare å gjere arbeidet innomhus i laftehallen enn å arbeide på plassen.

Der og då gjekk saka i gløyeboka, men i kveld kom eg på det att. Det har visst ikkje vore noko i Valle Radio om denne saka, heller ikkje i avisene. Setesdalsmuseet arbeider med ei ny heimeside, den noverande er nokså statisk og gjev lite informasjon om pågåande restaureringsarbeid, så truleg er det her på bloggen dette vert nemnt for første gong.

Eg fekk til og med eit bilete som syner arbeidet med å ta ned huset der Valleutstillinga heldt til i så mange år. Det kan eg jo dele med dykk som les bloggen. Kva tid det skal vere ferdig restaurert og i si fulle prakt att, veit eg ikkje, men om det vert ei sak i radioen, vil du nok få vite det om du høyrer på programmet.

Foto: Anders Dalseg, Setesdalsmuseet

Koseleg besøk

I dag om lag klokka to ringde telefonen. Det var eit nummer eg ikkje hadde i lista mi, så eg vart overraska då ein kjent stemme var på tråden: Ove Berrefjord lurte på om vi var heime. Han var på Vigeland på besøk hos mora og hadde litt tid han kunne tenke seg å bruke på å kome innom til oss.

Det vart ein hyggeleg lunsj med oppfriskingav gamle minne, no var det så lenge sidan vi hadde snakka saman at vi hadde mykje å ta att både når det gjaldt vår familie og hans, men også andre felles kjende og aktivitetar han har vore med på.

For nokre er det rart, vi kan møtast etter mange år og så er det som om vi bare har vore ein tur heimom og kvilt litt, ein kan ta opp tråden der vi var sist og halde fram. Andre kan det vere vanskelegare å finne noko å snakke saman om. Vi mintest mange fine stunder på Nomeland bedehus og i ulike samanhengar i Valle dei første åra eg var der, no var det 20 år sidan han flytta. Mykje har endra seg, det oppdagar ein når ein får slike perspektiv.

Takk for besøket, Ove.