Onsdagskveld med Ørnulf

Programmet for onsdagskvelden i Valle radio 22. mars 2017 kom ikkje med i avisa i dag, men det blir ei rikhaldig sending med variert program:

19.00 Tankar frå bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer ved/Steinar Kyrvestad
20.00 Aktuel time ved Ørnulf Hasla
*Svein Magne Brokke: Stor Brokke-interesse
*Dreng Ose: Ose motorfestival
*Margit Dale: Stor satsing på Systog Dale
21.00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike
Telefonvaktar: Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft
Teknikar: Torhild Sandnes

 

Med musikk frå Nord-Tyskland

Tysdag 21. mars 2017 klokka 20.30 kjem Niklos K. Besteland igjen i Valle Radio med sitt program med orgelmusikk og kyrkjemusikk. Då vil han presentere dette programmet der Marie-Claire Alain spelar nr. 1, 3 og 4 på orgelet i Viborg domkirke

  1. Andreas Kneller (1649-1724): Preludium og fuge i d-moll.
  2. Johan Nicolaus Hanff (1665-1711/12): Ein feste Burg. Orgelkoral. Hans Helmut Tillmanns spelar på orgelet i Eichstätt Dom (Bayern)
  3. Georg Dietrich Leyding (1664-1710): Preludium i Ess.
  4. Arnold Brunckhorst (ca. 1770-1720): Preludium og fuge i e-moll.
Tysdag 21. mars
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel med Jakob Trodahl
18.30 Sangtimen
19.30 Aktuell time / Møteplassen

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

 eller via http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Språk

Adoption og adaption in Shona er ei bok eg skreiv om på wikipedia denne veka.

Ettersom eg ikkje har skrive noko på bloggen dei siste dagane, fekk eg i dag spørsmål om eg ikkje var så god. Men grunnen til at det har vore litt stille frå mitt tastatur både på bloggen og på Setesdalswiki dei siste dagane, er at eg vart hekta på ein veke-konkurranse innan språk på wikipedia. Den vil eg fortelje litt om i kveld.

Eg har jo alltid vore interessert i språk, det er vel difor eg ikkje vart matematikklærar. Så då det vart lansert ein konkurranse om språk, tenkte eg at eg i alle fall ville sjå kva som låg i den kategorien. Det synte seg at leksikon var eit tema og med det også leksikografi, og det høvde jo godt med mine interesser. Men så hadde ikkje wikipedia artikkel om leksikograf, sjølv om dei hadde mange artiklar om leksikografar. Difor tenkte eg at eg kunne skrive den artikelen.

Men wikipedia vil ha kjelder, og det var litt vanskeleg å finne noko godt å legge inn i ein slik artikkel, så det enda opp med eit par sitat frå ei av dei som har vore med å lage Norsk Ordbok. Dermed var det naturleg å skrive litt om henne, så eg googla i veg og fann nok til ein artikkel. Men det var fleire i det miljøet som ikkje hadde artiklar, og dermed vart det til at eg skreiv om hovedredaktørane. Det vil kome ein artikkel på Setesdalswiki også, men då om ein informant.

Det synte seg at fleire folk i miljøet hadde vore med i eit prosjekt i Zimbabwe om å lage ordbøker på shonaspråket, så eg måtte skrive om det prosjektet også og nokre av dei som var med i det prosjektet, som var felles med Göteborgs unversitet. Dermed tulla det på seg meir, så i alt vart det 40 artiklar på wikipedia som eg har starta eller redigert på denne veka, difor vart det ikkje så mykje på heimleg mark.

Arbeidet har gitt grunnlag for ein del refleksjonar, dei vil eg kome tilbake til. Eg vann ikkje konkurransen på wikipedia, det er tydelegvis ikkje bare eg som er interessert i å skrive om språk i ein konkurranse, og ein av mine medskribentar der enda opp med større produksjon enn eg denne veka. Men eg er nøgd, eg har lært mykje og fått nokre nye perspektiv på både språk og liv.

  1. Johan Christian Johnsen (25.2 p)
  2. Leksikograf (35.2 p)
  3. Oddrun Grønvik N (76.3 p)
  4. Norsk Ordbok (12.6 p)
  5. Kristin Bakken N (42.6 p)
  6. Helge Gundersen N (37.6 p)
  7. Kategori:Norske leksikografer N (10.3 p)
  8. Lars S. Vikør (3.9 p)
  9. Åse Wetås (31.7 p)
  10. Alf Hellevik (1.1 p)
  11. Laurits Killingbergtrø N (37.0 p)
  12. Dagfinn Worren N (41.2 p)
  13. Magne Rommetveit (leksikograf) N (55.1 p)
  14. John Brynildsen (0.1 p)
  15. Turid Farbregd (0.1 p)
  16. Ruth Vatvedt Fjeld (0.1 p)
  17. Johan Fritzner (0.1 p)
  18. Lars Otto Grundt (15.7 p)
  19. Finn Hødnebø (0.1 p)
  20. Wollert Keilhau (0.1 p)
  21. Inger Nordal (0.3 p)
  22. Hermann Paul (0.2 p)
  23. Ola Raknes (0.1 p)
  24. Ivar Aasen (0.1 p)
  25. Herbert Chimhundu (27.5 p)
  26. Tekstkorpus (0.3 p)
  27. ALLEX-prosjektet N (73.0 p)
  28. Helene Urdland Karlsen N (45.7 p)
  29. Lajla Mattsson Magga (0.7 p)
  30. Christian-Emil Smith Ore N (53.3 p)
  31. Bo Ralph N (52.0 p)
  32. Leksikografi (1.1 p)
  33. Bo Svensén N (53.5 p)
  34. Henning Bergenholtz N (40.3 p)
  35. Center for Leksikografi N (35.1 p)
  36. Nordisk leksikografisk ordbok N (33.7 p)
  37. Jakob Lothe (0.4 p)
  38. African Languages Research Institute N(59.8 p)
  39. Adoption and Adaptation in Shona N (48.5 p)
  40. Clement M. Doke N (147.1 p)

Onsdagskveld med Liv

Kveldens program i Valle Radio var det Liv Tanche-Larsen som hadde ansvaret for.

Program onsdag 15.03.17
Ansvarleg Liv Tanche-Larsen
Teknikar Torhild Sandnes
19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med Frode Buen
20.00 Livs time
– Hylestad og Valle revylag, gjester frå revygruppa kjem og fortel
– Setesdalfestivalen, Astrid Rysstad kjem og ynskjer deg velkomen i dugnadsgjengen
– 8.mars- kvinner, menn og likeverd?. Ein liten minidebatt i studio
21.00 Musikkprogram med Johs.Bjørkeli
#valleradio
NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

Sendinga kunne bare høyrast live, det er ikkje podcast.

 

Gøymt og gløymt

I kveldens sending i Valle Radio hadde Siri Johannessen ein aktuell time. Den såg slik ut på Setesdalswikis side for programmet:

    • Tore Thomassen: «Barn av lys og skygge» frå albumet Hellig og alminnelig
  • Tore Thomassen på telefonen om «Tore T og Martin L» og litt meir
    • Tore Thomassen: «Du» frå albumet Hellig og alminnelig
  • Mari Rygg om biblioteksamarbeid over fjell og hei
    • Halfdan Sivertsen: «Når saken snues på hodet» fra albumet Ennu ikke helt landa
  • Anna Heggland om temakvelden med Kjell Markset tysdag 21.03 i kjelleren til Bykle kyrkje.
    • Tore Thomassen: «Her er min bønn» frå albumet Hellig og alminnelig

Alle innslaga handla om arrangement som skal vere i næraste framtid. Torsdagskvelden er det samling på Bygland folkebibliotek klokka 18. Då vil tre biblioteksjefar presentere eit spesielt prosjekt. Siri Johannessen har teikna plakaten, du kan lese meir om dette i dagens Setesdølen.

 

Ordniær veke

Så blir det ei ordinær veke i Valle Radio. Vanleg tysdagssending og vanleg onsdagssending.
Tysdag 14. mars
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel med Jacob Trodahl
18.30 Sangtimen
19.30 Aktuell time / Møteplassen

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 14. mars

Ansvarleg: Liv Tanche-Larsen, teknikar Torhild Sandnes

Sendestart klokka 19: Tankar frå Bibelen, kommunen informerer og Livs time. 21: Musikkprogram ved Johs. Bjørkeli
NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

 eller via http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Ingen kjenner dagen

Jeg hadde en del ambisjoner i dag, jeg skulle skrive inn overskriftene i Setesdølen og lage en artikkel for wikipedias ukekonkurranse.

I stedet hang jeg med hodet over toalettskåla og havnet deretter i senga, I kveld fikk jeg havresupp, forhåpentligvis er jeg på bedringens vei. Da vil kommende uke bli bedre enn helga har vært.

Reklame på Setesdalswiki

I går skreiv eg at vi skulle overføre kommunestyremøtet i Valle Radio i kveld. Men det vart tekniske problem, så det vart inga sending i kveld.

I dag dukka det opp eit brev med tilbod om reklame på Setesdalswiki. Nettleksikonet og bloggen er ikkje heilt fritt for reklame, nede i venstre kant dukkar det opp små annonsar frå Google. Om du klikkar på ein slik annonse, går det eit øre eller to inn på ein google-konto. Tanken er at det skal dekke kostnadene til domenet, men det gjer det ikkje, for det er ikkje så mange som klikkar på annonsen når dei er inne på ei side. Vi får inn litt under ei krone på ein dag, så då skjøner du at årsinntekta for Setesdalswiki ikkje er som hos fotballfrue eller andre bloggar,

Difor kunne det vore interessant med reklame, men då vi såg kva det var tilbod om å få av reklame, takka vi nei. Hovudsaka var reklame for betting, altså tipping og veddemål. Men det er strenge reglar for slik reklame i Norge, det er jo ein grunn til at den reklamen kjem på utanlandske kanalar på tv. Og vi tenkte at det ikkje er nokon grunn til å assosiere seg med dette, vi driv ikkje leksikon og blogg for å få pengar, men for å opplyse folk om Setesdal og relaterte tema. At leksikonet veks ut over nærområdet er vel bare noko som skjer ved at tema dukkar opp og vi får lyst til å skrive.

Så langt har vi klart å dekke utgiftene til drifta utan tilskot eller store reklameinntekter, det vonar vi å kunne klare også i tida som kjem.

Kommunestyremøte

I kveld var det inga sending, men i morgon overfører Valle Radio møte i Valle kommunestyre. Innkalling med sakliste syner at det er mange saker å få med seg om du set deg ved radioen klokka 18:

Innkalling til møte i Kommunestyret onsdag 08.03.2017 kl. 18:00 i Kommunestyresalen

Orientering om prosjekt Setesdal GOS v/ prosjektleiar Dreng Ose Orientering om Setpro v/dagleg leiar Jan Gunnar Østerhus

Til handsaming: Saksnr Innhold

PS 2/17 Referatsaker

PS 3/17 Førespurnader

PS 4/17 Endring av vedtekter Setesdal IKT

PS 5/17 Igangsetting av arbeid med temaplan for kulturminne, Valle kommune

PS 6/17 Årsrapport for skatteoppkrevjaren i Setesdal 2016

PS 7/17 Søknad om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk 2016-2020 – Brokke Alpinsenter AS

PS 8/17 Kommunal overtaking av Garane Vassverk

PS 9/17 Salg av dei gml. bygningane på Bjugsbakk

PS 10/17 Salg av areal til etablering av ladestasjon for el.biler i Rysstad sentrum

PS 11/17 Detaljregulering for Nyestøyl, Rysstadheia, PlanID 201503. Slutthandsaming.

Nye artiklar

Samlinga med artiklar på Setesdalswiki veks, i går og i dag fekk vi til saman seks nye: