Tysdagsprogram 13. desember 2016

Her kjem programmet for tysdag 13. desember. Det blir også sending onsdag, men det programmet har eg ikkje fått tilsendt, så det får eg ikkje med i kveld.

Tysdag 13. desember
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Programinformasjon
18.05 Andakt med Bjørgulv T. Berg
18.30 Sangtimen med Terje Seilskjær
19.30 Siris time

20.30 Postludium med Henrik West
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

 eller via http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Stor produksjon

Utsnitt av Marius
Utsnitt av Marius

Sist veke, då eg var på julebordet til Valle kommune, hadde eg med meg to gensarar til Setesdal Husflid. Etter at eg vart pensjonist har oppgåva som postbud blitt overteke av postverket, men det var jo naturleg å ta med noko når eg likevel skulle oppover.

Eg veit i grunnen ikkje korleis det skjedde, men medan eg var på julebordet, kom det spørsmål om Reidun strikka, og då eg sa ja, kom det neste dag epost med spørsmål om ein Marius-genser, om den kunne bli ferdig til jul. Det sa ho at den kunne, og etter litt utveksling om storleik og slikt, var det bare å gå i gang. Og ferdig vart han, i neste veke blir det vel posten om ikkje mottakaren har andre måtar å få han til Valle på.

Og sanneleg kom det ikkje telefon om fleire kofter frå Husfliden også, kanskje det også var noko som skulle bli ferdig før jul. I alle fall sit kona på loftet kvar føremiddag, den velbrukte strikkemaskinen går trutt og jamt. Kveldane blir brukte til å feste trådar og sy saman det som ikkje kan gjerast på maskin. Og snart går ein ny pakke i posten.

Min produksjon er nok mest digital. Eg prøver å skrive eit innlegg på bloggen kvar dag, eg skulle helst skrive fleire artiklar og lagt inn meir stoff på Setesdalswiki, men det går noko tregt. for det er bøker å lese og aviser å bla i kvar dag. Og så eit og anna program på TV som ein gjerne skulle få med seg.

 

25 år i Valle kommune

Foto: Anne Berit Haugen Solheim
Foto: Anne Berit Haugen Solheim

Fredag for ei veke sidan var det jolebord i Valle kommune. Då vart det og markert at det var mange personar som hadde arbeidd 25 år i kommune. Eg var heldig og var ein av dei, eg arbeidde til 1. september i år og med det nådde eg akkurat 25 år i kommunen ettersom eg starta i jobb som avdelingsleiar for kyrkjeseksjonen i august 1991. Dei andre på biletet var Liv Gunn Viki, Anna Olavsdotter Rysstad, Tove Andersen, Guro Solbakk og Anne Merete Åkre. Torhild Bjørgum Åkre var på jobb denne kvelden, ho hadde og nådd denne milesteinen. På biletet, som vart teke i resepsjonen på Sølvgarden, er også ordførar Steinar Kyrvestad og rådmann Eivind Berg. Ordføraren takka oss for innsatsen og gav oss gåvekort på 8000 kroner kvar, det var ingen av oss som ville ha gullklokke.

 

Onsdagsprogram 7. desember 2016

Dette programmet kom ikkje i Setesdølen, men var lagt ut på Facebooksida til Valle Radio. Eg prøver å få med så mange program som råd her på bloggen.

Program 07.12.16
Ansvarleg Liv Tanche-Larsen
Teknikar Liv Gunn Viki
19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med Wenche E. Gundersen, leiar økonomi avd.
20.00 Livs time med aktuelt og gjester. Korleis finne jolestemning?
21.00 Opi sending med Sigrid Kjetilsdotter Jore og Sondre Rua Dokken
#valleradio
NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u 

Nettradioen fungerer bare når det er sending. Det er ikkje podcast av programma i Valle Radio.

allstøtt med deg

Leonhard Jansen og Vidar H. Homme med jubileumsboka til Valle Sparebank.
Leonhard Jansen og Vidar H. Homme med jubileumsboka til Valle Sparebank.

I dag var det signering av Valle Sparebank si jubileumsbok. Eg tok ein telefon til banken for å høyre om eg kunne hente den i Kristiansand i dag, for eg skulle ein tur til byen og dersom boka var på plass der, ville eg gå innom og få den. Men den kom ikkje til Kristiansands-filialen før på fredag, så eg fekk ikkje ønsket oppfylt. No får eg gå innom i Markens gate 2 neste gong eg tek turen til Kristiansand.

Setesdalswiki er også allstøtt med deg, har du ein mobil eller eit nettbrett, kan du få mykje god setesdalsinformasjon der. No har eg laga ein adventskalender der vi kan legge inn aktuelle bilete frå dagane i adventstida. Geir er jo svært aktiv med fotoapparatet og har funne fine bilete å leggje inn. Her er det først til mølla, har du eit bilete kan du laste det opp. Finn du eit på Setesdalswiki som du vil bruke, er det bare å bruke det på adventskalenderen, og du kan også bruke bilete frå Wikimedia Commons direkte på Setesdalswiki, bare å skrive namnet, så dukkar det på magisk vis opp i kalenderen.

I tillegg fann eg ut at også framsida kan ha med bilete i hendingar på den aktuelle dagen, så om du finn eit bilete å illustrere dagen med, kan det også kome på framsida. Allstøtt med deg.

Tysdag 6. desember 2016

2-advent-0019

Så er det tid for tysdagssending att og Siri Johannessen har lagt opp dette programmet:

Tysdag 6. desember
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangtimen med Henrik West
19.30 Aktuell time

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland: Musikk til advent:

Samuel Scheidt (1587-1654) Nun komm, der Heiden Heiland. Koralvariasjonar spelt av organist Herbert Manfred Hoffmann på orgelet i Limburg domkyrkje

Dietrich Buxtehude (1637-1707): Nun komm, der Heiden Heiland.Orgelkoral spelt av domorganist Michael Pohl på orgelet i Berlin domkyrkje
Friedrich Wilhelm Zachow (1663-1712): Nun komm, der Heiden Heiland.Koralpartita spelt av domorganist Johann Ernst på orgelet i Schwerin domkyrkje (Mecklenburg)
Alexis Chauvet (1837-1871): Offertoire pour le temp de Avent et Nativité: Premier Dimanche de l’Avent. Organist Jaques Amande på orgelet i St. Quin klosterkyrkje i Rouen
Siegfried Reda (1916-1968): Frölich soll mein Herze springen. Koralkantate. Münsterkoret i Ulm, dirigent Edgar Rabsch, organist Rainer Irslinger

21.00 Kyrkjebakken


*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

 eller via http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Julebord med noko attåt

jolebord-solvgarden

Fredagskvelden var det kommunalt julebord i Valle. Det var som vanleg på Sølvgarden på Rysstad og vel 80 tilsette i kommunen hadde funne høve til å vere med. I døra helsa rådmann Eivind Berg og ordførar Steinar Kyrvestad oss velkomne, vi fekk velkomstdrink med og utan alkohol og etter litt mingling gjekk vi til bords.

Eg hadde avtalt med kollegaene på Valle Vaksenopplæring å sitje saman med dei, og slik høvde det også. Dermed hadde eg hyggeleg bordfellesskap med Arild Aabø, Andreas Veiersted, Øystein Berg og Helga Bjørkeli på eine sida av bordet, biblioteksjef Aud Kjersti Torbjørnsen, Guro Nordli Solbakk, Bjørgulv T. Berg og Liv Bratlie Løyland på andre sida.

Maten var av godt Sølvgarden-merke, eg unna meg spa med lefse til hovudrett, både suppa og fisken var ypperleg, men eg var også innom annan julemat før moltekrem og suksessterte. Etter kvart har eg lært å kjenne mi begrensning på slike samkomer, så eg klarte å fullføre måltidet utan å vere stinn, og det var jo høveleg når eg skulle kjøre heim att om kvelden.

Liv Tanche Larsen var kveldens toastmaster og til skilnad frå tidlegare julebord eg har vore på, var det ikkje noko program i kjellaren etter bordseta, alt føregjekk oppe i første etasje, dansen var i baren for dei som ville danse, og elles kunne vi sitje og prate saman utetter kvelden. Liv kom greitt frå oppgåva som festleiar sjølv om ho tok opp julebordsangen min noko lågt. Eg måtte også hjelpe henne å finne tonen, for ho nynna på musevisa og hadde ikkje fått med seg at melodien eg har brukt i alle år er mi vesle helsing til reinhaldarane i kommunen: No har vi vaska golvet.

Eg var kanskje litt meir i fokus enn eg pleier denne kvelden ettersom eg var einaste mannen som fekk påskjøning for 25 år i Valle kommne. Det skal eg kome tilbake til. I tillegg var eg blitt spurt om å halde tale for damene. Det er jo ikkje alltid like lett, så i veka funderte eg på mange innfallsvinklar, googla ein del, men fann i grunnen lite som høvde å ta med, så det enda opp med ein tale der eg snakka litt ut frå eiga erfaring om gleda ved å ha ein finansminister ved si side før eg runda av med ei lita historie.

Talen for herrene var det Marianne Brenna Homme som heldt, og det var fjerde gongen ho hadde denne oppgåva på det kommuneale jolebordet. Som vanleg løyste ho det med bravour. Etter kvart som ho la ut, vaks latteren til nye høgder, for ho tok mange situasjonar på kornet og både menn og kvinner kjende seg att. Eit alvorsord la ho også inn: Menn kan være litt selvmotsigende. De går gjerne til krig, men ber du dem holde håndvesken din på et offentlig sted, får de et drag av ren redsel i ansiktet. 

Valle kommune har også tilsette musikarar som leverer. Sigurd Brokke og IKT-Jamie var med denne kvelden, og Sigurd fekk gjere litt reklame for munnharpefilmen til Vladimir Markov. I tillegg meinte han at slagorden til Donald Trump burde ha vore Make Trump Great Again, for Trump betyr munnharpe på engelsk.

Når underhaldninga var ferdig og måltidet over, gjekk praten mellom kolleger og venner om laust og fast til langt uti dei små timane. Sjølv tok eg kvelden klokka 23.30, då vente to og ein halv time i bilen før eg kunne avslutte ein innhaldsrik dag.

Maling tørker

Då eg i går møtte gamle kollegaer og fortalde at noko av tida som pensjonist vart brukt til å sjå på snooker. -Det er jo som å sjå når maling tørker, var kommentaren.

Men i kveld var det snooker på menyen etter klokka 22 på Eurosport. Og det var mest så eg ikkje rakk å skrive blogg, men 23.55 var det klart at det i morgon vert finale mellom Ronny O’Sullivan og Mark Selby. Den gleder eg meg til. Men i morgon skal eg starte på bloggen litt tidlegare, og då skal eg fortelje frå jolebordet til Valle kommune.

Jolebordsong 2016

I kveld samlast tilsette i Valle kommune på Sølvgarden til jolebord. Foto frå Sølvgarden si heimeside
I kveld samlast tilsette i Valle kommune på Sølvgarden til jolebord. Foto frå Sølvgarden si heimeside

Det er ikkje alt ein kan få med seg i ein jolebordsang. I år kom saka om nedlegging av Hylestad skule og barnehage etter at eg hadde skrive sangen, elles hadde nok den fått ei linje eller to, for sjeldan har det vore slikt engasjement på Facebook som etter artikkelen i Fædrelandsvennen om saka.

Ettersom eg neppe får skrive på bloggen etter at songen har vore framført i kveld, tek eg årets song på forskudd her.

Melodi: No har vi vaska golvet

No har det blitt desember og tid for jolebord
og atter me kan samlast i mørketid så stor.
Så ver litt sosial i kveld og legg mobilen bort
Då vert vår fest eit høgdepunkt og start på noko stort.
I året som ligg bak oss no ny veg har kome til
frå Harstadberg til Sandnes, så fin ein veg for bil.
To statsrådar var på besøk, det må me nemne au,
den eine opna vegen, den andre klypte sau.
På Rysstadmo er dritlukta vel blitt ein saga blott
for renseanlegg nytt no i skogen dei har fått.
I fjella klatreruter har kome opp i fleng,
det mange er som vonar på dei å tene peng.
Men ventebu i Valle me framleis ventar på
og den som skal med bussen må våt i regnet stå.
Når ti prosent skal sparast på kvar ein arbeidsplass,
då minkar det på handlingsrom og mykje går i dass.
Med LEAN me jaktar tjuvar som stel av tida vår
og like fullt nok kvar og ein kan merke tida går.
Men denne vesle sangen skal ikkje ta meir tid,
på jolebord me alle vil ha ein kveld så blid.

Nytt på Setesdalswiki

I dag skriv vi 1. desember og når eg ser på statistikken til Setesdalswiki, så hadde vi 6300 unike gjester på 10450 besøk i november.

Det kom seks nye artiklar i dag. av dei var tre artiklar om vegar i Valle. Geir var visst ein tur i Valle i dag og tok bilete og skreiv om tre vegar i Homme. Slik veks Setesdalswiki litt for kvar dag. Eg skulle jo ønske at fleire gjorde som han, skreiv små artiklar på Setesdalswiki, for det er framleis mykje å skrive om. Bare sjå på alle dei røde lenkene som gjeld vegar i Valle.

1200px-hommevegen_valle_011216_2
Foto: Geir Daasvatn