Hjertets sanger

kammerkonsert-buen-08112016
Torunn Irene Kristensen, Margrete Moen Birkedal, Ingrid Grøvan og Kai Stoveland i Musikkens Venner Mandal, som var lokal arrangør av konserten

I kveld droppa eg ut av amerikansk valgkamp for ei stund og tok turen til Buen kulturhus i Mandal. Der hadde sopranen Ingrid Grøvan konsert saman med Torunn Irene Kristensen på obo og pianisten Margrete Moen Birkedal. Alle utøvarane har røter i Lyngdal, dei to musikarane kom dit som ungdomar då mor deira vart organist i Lyngdal i år 2000. Eg har høyrt dei mange gonger i konsertane Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke.

I Buen fekk eit trettital tilhøyrarar ein kammerkonsert med tittelen Hjertets sanger. Den var nok inspirert av ein sangsyklus som Gunnar de Frumerie laga til dikt av Olof Lagerkranz. Vi fekk høyre fire av desse songane mot slutten av konserten.

Til innleiing fortalde utøvarane litt om programmet, at det var sett saman for denne kvelden og at ideen var å finne musikk som kunne skildre ulike sider av menneskelivet, både sorg og glede kan vere hjertets sanger.

Konserten starta med fem romansar av Halfdan Kjerulf (1815-1868) Det var jo litt moro å få dei songane etter at vi hadde høyrt Sølvstrupene og VAK sitt Kjerulf-program i Mandal kirke tidlegare i haust. Synnøves sang, Venevil, Over de høie fjelde, o vidste du bare og Søvnen var verk der publikum klappa etter kvart nummer. Seinar i konserten summa vi oss litt og klappa heller etter kvar avdeling. Det opplevde eg som betre, då kunne musikken lettare nå oss.

I konseten spelte musikarane to stykke for piano og obo, eitt i kvar avdeling. Carl Nielsen (1865-1931) sitt opus 2 hadde stykkene Romanze og Humoresque, dei slo godt an.

Margrete Moen Birkedal presenterte oss for den catalanske komponisten Federico Mompou (1893-1987). Han var ukjent for dei fleste, men hans Scènes d’enfants var pianostykke med driv. Dei franske titlane Cris dans la rue, Jeux sur la plage og Jeunes files au jardin, fortel at han komponerte mykje i Frankrike sjølv om musikken også var inspirert av katalansk folkesang.

Tre songar av Vauhan Williams (1872-1958) avslutta konsertens første del: Infant Joy, The Piper og Ah! Sunflower var henta frå Ten Blake Songs.

Andre avdeling starta med norsk repertoar. Då fekk vi utdrag fra Catharinus Elling (1848-1942) sitt verk Sanger til Arne Garborgs Haugtussa: Elskhusong, Småsporven, Raadlaus og Ved Gjætlebekken. Dette var kjende tonar og hausta stor repons frå publikum. Det same gjorde Margrete Moen Birkedals framføring av Claude Debussy (1862-1918) sitt verk Doctor Gradus ad Parnassum. Om dette verket fortalde ho at det tok opp i seg mykje av dei fingerøvingane som pianistar til alle tider må gjennom, laga av komponisten Clementi. Det var virtuost framført av ein musikar som vi for det meste kjenner som akkompagnatør.

Den rollen gjekk ho inn att i då ho og Ingrid Grøvan framførte utdrag av Hjärtats sångar av Gunnar de Fumerie (1908-1987): När du sluter mina ögon, Det blir vackert der du går, Ur djupet av min själ og Som en våg. Deretter ble konserten avslutta med Violons dans le soir av Camille Saint-Saëns (1835-1921) før appalusen braka, blomar vart utdelte og folk tok seg heim i frostkalde haustkvelden.

Liv i skjermen

Foto: Wikimedia Commons
Foto: Wikimedia Commons

I dag tok jeg en telefon til Euronics i Mandal og fortalte om hva som hadde skjedd med tv-apparatet mitt.

-Det er et rele som er gått. Jeg hadde inne apparat til reparasjon for noen år siden, det kom på fire-fem tusen, sa han jeg snakket med. -Hvor gammelt er apparatet?

-Nesten ni år, svarte jeg, jeg må vel bare bytte da.

-Vi har et Grundig apparat til knapt 11.000, sa han. Det vil bli en god erstatning, det er Smart-tv og du kan ha netflix på det. Vil du komme ned og se?

-Kan ikke du bare komme med det+

-Jo, men jeg må få vinterdekk på bilen først, så jeg kommer litt utpå dagen.

Jeg tok en middagslur i halv-to-tiden, og da jeg kom opp klokka tre, stod et nytt apparat i stua, jeg hadde ikke engang hørt at han ringte på døra. Eurosport sendte reprise på snooker-finalen fra i går og jeg fikk se slutten, etter hvert fikk jeg også med meg kveldens Urix om det amerikanske presidentvalget. Så nå er jeg klar for valgvake i morgen. På Wikipedia er det denne uke skrivekonkurranse om presidentvalget, så jeg brukte bilde derfra denne gangen.

Kristiansand i november 2016

I går var det tur for medarbeidarane i Valle Radio til Kristiansand. Avgang frå Valle klokka 9 på glatt veg, men med stødig sjåfør Rolf Erik Homme i kommunebussen. Kan hende litt ekstra på vakt då dei møtte politiet på kontroll på Mosby.

Sjølv kom eg frå Mandal, og eg kom litt for seint til å ha lunsjen saman med vallefolket. Midt på dagen parkerte eg i Parko og hufsa meg i surt regn opp til Norge, der Ingeborg stod i inngangspartiet og fekk seg litt frisk byluft etter lunsjen. Dei fleste nytta høvet til ein tur på Sandens på ettermiddagen, men det var grisever for sjølv ein kort bytur, så eg var bare ute for å flytte bilen ut av parkeringshuset i kveldinga når det ikkje lenger var parkeringsavgift i gata.

Kveldens middag på Sjøhuset vart ei fire timar lang samling med livleg prat og god mat. Dei fleste valde nok lammeskank, ingen angra på det valet. Dei fiskeglade fekk flyndre, og alle hadde ein koseleg kveld. Kåre heldt ein flott tale, Inga delte nokre morsomme sitat, elles gjekk praten om laust og fast. Sjølv lurte eg på, etter å ha høyrt på eit program i radioen då eg køyrde innover, om det kunne vere aktuelt for radioen å utvikle ein app som lyttarar kunne ha når dei ville høyre radioen på Internett. Det var ein ide som Ørnulf ville ta med seg og sjå om det kunne vere mogleg.

Ute var det kuling og rennedrev og etter kvart 10 cm snø i gatene. Eg valde å kjøre heim om kvelden og droppe overnatting denne gongen. Det vart ein forsiktig tur som i grunnen gjekk heilt greitt.

Eg er takksam for at eg fekk vere med på dette, det var hyggeleg å treffe att radiogjengen sjølv om eg ikkje lenger er så tett på arbeidet som eg var. Dei som var med: Øyvind, Rolf Erik, Ørnulf, Inga, Harald og Ronny på eine sida av bordet. Ingunn, Ingeborg, Torhild, Bitte, Liv Gunn og Kåre på andre sida.

Ronny sin tome talerken etter ein god middag på Sjøhuset
Ronny sin tome talerken etter ein god middag på Sjøhuset

Svart skjerm igjen

svart-skjerm

For eit par veker sidan hadde vi svart skjerm ei heil veke. Då var det brot på ein kabel i Fedafjorden som førte til at vi fekk svart skjerm i Tregdeveien i Mandal. Det var ikkje lett å forstå at ein kabelbrot 70 km borte skulle få slike konsekvensar for utvalde breidbåndkundar hos Telenor.

I går skulle eg sette på TV for å sjå litt snooker, det er ein stille sport utan særleg mykje støy. Denne veka har dei halde på i Kina, og sjølv om støyen er lik null, er pengepremiane eit tal med mange nullar bak.

Det kom eit lite pip etter at fjernkontrollen hadde slått på apparatet, og så skifta lyset frå grønt til rødt att. Eg prøvde igjen, det same skjedde. I boka står det at det kan vere at mekanismen for å slå av apparatet automatisk etter ei viss tid kan vere årsaken. Men det er det ikkje så lett å finne ut av, ettersom apparatet må vere på for å få tak i den funksjonen.

Det var ei stor endring då vi fekk den store, fine skjermen. Men no har vi hatt han i nesten ni år, så det er vel bare å sjå i augene at vi får ha svart skjerm i helga og nytt apparat i neste veke. Reidun vil ha ein mindre skjerm, eg ville vel helst fylt ein heil vegg med bilete. -Den veggen har vi ikkje, smiler sjefen i huset og finansministeren min. Så det er vel bare å akseptere at når alle veggene er fulle av bokhyller og bilete, blir det nok ein mindre skjerm å sjå på framover. Men smart skal han vere, då kan ein sjå netflix om ein får lov. Og snooker.

Radiogjengen på tur

I morgon dreg radiogjengen på tur til Kristiansand. Der skal vi ha det hyggeleg og snakke om framtida for radioen og inspirere kvarandre til nye program frå Valle og Setesdal. Etter det eg kjennner til, blir vi 12 deltakarar. Sjølv om eg no har slutta å lage program, er eg glad for å få vere med på dette og gleder meg til å treffe medarbeidarane i radioen att.

teknikar

Musearm

Eg har i alle år sluppe unna musearm, men denne veka slo musa til for fullt, så eg har redusert aktiviteten på datamaskina til eit minimum, les bare litt på nettbrettet. Vonar det går over om eg klarar å halde meg i ro. Au…

Illustrasjon frå Wikimedia commons
Illustrasjon frå Wikimedia commons

Ny månad

Så skriv vi november og i dag skulle det ha vore tysdagssending i Valle Radio. Men Siri måtte avlyse den og gå til legen i staden. I morgon skal Ørnulf ha ansvaret og Siri vere teknikar, eg håpar han får ein annan til å vere teknikar, elles må vel den sendinga også avlysast.

Her er programmet hans:

Onsdag 2 november
Ansvarleg: Ørnulf Hasla, teknikar ?

19.00 Tankar frå bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer
20.00 Aktuell time, med opptak frå sprekleiken ansv. Ørnulf
21.00 Sigrid og Sondre i studio

Høyr og Valle radio på www.valleradio.com (live streaming)
Epost, post@valleradio.com