Sigrid Besteland 100 år

Sigrid Besteland spelar på sin 100-årsdag. Foto: Valle Bygdeheim
Sigrid Besteland spelar på sin 100-årsdag. Foto: Valle Bygdeheim

I dag fylte Sigrid Besteland 100 år. Mor til Niklos K. Besteland, min gode medarbeidar i Valle Radio, hadde stor feiring på Dagsenteret på Valle Bygdeheim. Eg fekk Kjetil Carolis Jore til å ta eit opptak av det som skjedde, og etter at Siri Johannessen hadde redigert det, kunne eg sende 35 minutt frå arrangementet i Haralds time i Valle Radio i kveld.

Etter at Solveig Kyrvestad hadde ønska velkommen og gratulert frå Valle Bygdeheim, fekk ordførar Steinar Kyrvestad ordet og bar fram helsing frå Kong Harald. Han sender helsing til alle som fyller 100 år. Han hadde og med blomar frå Valle kommune.

Etter middagen, som var suppe og lefse til alle, var det konsert med Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid. Dei spela Brureslag etter Dreng Ose, Hallvard fortalde at Sigrid og Knut hadde dansa som brur og brudgom på Landskappleiken i Kristiansand i 1951. Vidare fekk vi høyre Sylvdråpen, Huldreslåtten etter Andres Rysstad og Skjoldmøyslaget etter Dreng Ose. Men eg trur applausen var høgast då Sigrid sjølv spelte Bestelanden etter å ha blitt utfordra til det av Hallvard.

Det er ein artikkel om Sigrid Besteland på Lokalhistoriewiki. 

Å kunne sende noko slikt i lokalradioen vil eg seie er lokalradio på sitt beste. Takk til Kjetil Carolis Jore og Siri Johannessen for god hjelp til å kunne få det til.

Vennskapsavtalar

untitled

I Setesdølen i dag var det ein artikkel om at Evje og Hornnes kommune har inngått vennskapsavtale med den ungarske byen Mórahalom på grensa til Serbia.

Eg tok ein telefon til ordførar Bjørn Ropstad i kveldens aktuelle time i Valle Radio for å få vite meir om dette, og då kunne han fortelje at det hadde vore ein delegasjon på fem personar frå Ungarn på Evje sist veke for å verte kjent med sin norske vennskapskommune. Dei var to dagar på Evje og fekk sjå korleis kommunen driv sitt arbeid.

Bakgrunnen for denne vennskapsavtalen er at det kan utløyse pengar frå EU som kan kome til nytte i Ungarn, men kanskje også i Norge. Det kan vi kome tilbake til når det vert aktuelt. No var det bare den første starten på noko som kan syne seg interessant i tida framover.

Eg har vore så lenge i Valle at eg hugsar då Valle inngjekk vennskapsavtale med Avanduse i Baltikum. Det var nokre besøk, men så døydde samarbeidet bort, det gjekk helst på kulturutveksling, meiner eg å hugse. Den avtalen som Evje og Hornnes har inngått, kan syne seg å vere meir slitesterk, for den har andre bein å stå på enn kulturutvekslinga, og då vil den kan hende vere meir robust.

Program for veke 15, 2016

I går hadde eg blomar frå Nederland på bloggen, i dag er kvitveisen frå Jæren. Foto: Brit Obrestad
I går hadde eg blomar frå Nederland på bloggen, i dag er kvitveisen frå Jæren. Foto: Brit Obrestad

Så er det tid for å legge ut programmet for ei ny veke i Valle Radio her på bloggen. Denne veka har eg ansvar for både tysdag og onsdag, men tysdag har eg god hjelp av Siri Johannessen, som både har teke seg av sangkvelden og den aktuelle halvtimen.

Tysdag 12. april

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Sangkveld, mye kor og gamle klassikere
20.00 Sissel Åkre tar med Harald og oss andre til Portugal
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 13. april
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Frode Buen
20.00 Haralds time
21.00 Opi sending ved Kåre Rike
*Valle Radios blogg: http://blog.setesdalswiki.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

For seint

Foto: Gunbjørg Sola
Nederlandsk blomeprakt i Keukenhof. Foto: Gunbjørg Sola

I kveld skulle eg tale på Menighetshuset i Valle. Eg hadde ikkje sjekka plakaten, men gjekk ut frå at det var klokka 19.30. Men denne gongen var møtet sett til klokka 19, så då eg dukka opp klokka 19.20, hadde dei venta ei god stund. Håvard Viki hadde starta møtet, dei hadde sikkert sunge fleire songar.

Men forsamlinga var raus, eg var hjarteleg velkomen sjølv om eg kom for seint. Så då var det bare å samle seg litt før ein sjølv skulle i elden. Eg vil nok sjekke betre neste gong, for det er best å få med seg starten når ein skal tale på eit møte. Starten vil som oftast setje tonen, å kome for seint er å kjenne seg litt i eit vakuum.

Med utgangspunkt i dagens tekst talte eg om å dele. Det ein har fått kan ein dele med andre. Veldig mykje i Bibelen handlar om å dele sitt brød med svolten bror, som det heiter i sangen. Det ein har fått, skal ein kunne gje vidare.

När allt vad jag ägt utav mod syntes svika
när kraften är tömd fastän dag ej är slut
när jag har nått botten av tillgångar egna
vår fader då endast begynt att ge ut

Hans kärlek är gränslös
Hans nåd är oändlig
Hans kraft ingen människa utforskat än
Ty av sina eviga väldiga skatter
Han giver och giver och giver igen

Ragnhild H. Aadland Høen skriv:

Hvert år gjør Gud litt korn til mye korn, og han gjør noen få fisk til mange fisk. Det ser ikke menneskene. Når Jesus øker farten, blir underet plutselig synlig og vi ser virkeligheten bedre.

Når du heretter ser en «vanlig» vakende fisk eller en «vanlig» kornåker, vet du at «her arbeider Han som mettet mer enn 5 000 mann». Du vet at du ser et under. 

Det same kan ein vel seie når ein ser vårens blomeprakt.

Brødunder

I morgon er det sundag og teksten er om brødunderet, om guten som hadde fem brød og to fiskar og det vart mat nok til alle etter at Jesus hadde bedt takkebøna.

Ein dag denne veka  prata vi om dette. Korleis var dei brøda, var det stompeskiver eller meir som polarbrød? Det er mangt og mykje ein kan undrast på.

I morgon skal eg tale på menighetshuset i Valle klokka 19.30. Kjetil Rike skal spele. Velkommen til møtet.

Menighetshuset
Snøen er borte, men Menighetshuset i Valle står. Foto: Britta Lise Homme

 

Våren kommer nå

Foto: Brit Obrestad
Foto: Brit Obrestad

Vårvisa til Stein Ove Berg har vore spelt i radio nokre gonger no. Dei som driv med statistikk, har funne ut at vinteren er blitt ein dag kortare i låglandet kvart år dei siste 30 åra. Før kunne vi vere glade om det var grøne knoppar på bjørka til 17. mai, no har vi sett bilete av selje i full bløming på Longerak og det alt 5. april.

Hvis du hører en gitar i kveld ved huset der du bor
Er det jeg som drar forbi og tar farvel
Ikke tenk på hva du gjorde
Hva du gav og hva du tok
For du vet jeg måtte reise likevel

Refreng: Kommer nå, våren kommer nå
Kommer nå. Nå . våren kommer nå.
Snart står hestehov og blåveis
Langs den veien jeg må gå
Kommer nå, nå , våren kommer nå

Det kan ofte være tungt å traske slik omkring som jeg
Det er godt engang i blant å finne ly
Men når sola tiner snøen langs en ensom landevei
Er alt jeg vil å reise rundt fra by til by

Du ba meg om å være kanskje skulle jeg ha blitt
Men jeg skjønte ikke den gang hva jeg fikk
Nå først ser jeg hva jeg hadde
Og hvor jeg skulle slått meg ned
Og hvem det var som ble tilbake da jeg gikk.

Denne visa tar vel slutt om senn
Som allting her på jord
Snart skal siste tonen gli fra min gitar
Kamerat, hvis du kan høre
Bli hos jenta du har fått
Og takk himmel’n for det huset som du har

 

Brann i el-bilar

Det har vore sterk satsing på å legge til rette for el-bilar i Setesdal. No har alle tettstadene ladestasjonar. På Hovden kan ein lade el-bil i parkeringshuset under Hovdetun.

-Det er nok best for brannsikkerhet om ein ladestasjon er i friluft, sa Egil Kvitne i tysdagssendinga i Valle Radio denne veka. Men om dei er innomhus, må det vere sprinklaranlegg, og det er det på Hovden, sa han.

Tema var brann i slike bilar, det krev spesialkompetanse å handtere slikt, for det er høgspent straum i bilane. Når ein skal skjere i bilar etter ulukke, må ein vite kva ein gjer, så mannskapa må vere i kontakt med folk som har tilgang til handbok om kor ein kan skjere.

For å sløkke brann må ein pøse på med vatn for å kjøle ned bilen, det er viktig å finne hovudbrytaren og få slått av straumen. Alle må vite kor den er, fortalde Kvitne, som opplyste at det ikkje var oftare brann i el-bilar enn i andre bilar.

Ladestasjon i Setesdal
Ladestasjon i Setesdal. Foto: Setesdal Regionråd

Erik Petri

Erik Petri var ein kunstmålar som måla i Setesdal før 2. verdskrigen. I tysdagssendinga 5. april 2016 snakka vi med Leonhard Jansen på Setesdalsmuseet om han. Museet har eit bilete av han, dei skal ha ei utstilling på Bygland folkebibliotek som opnar tysdag 19. april. Difor lurer Leonhard på om det er nokon i Setesdal som har bilete av han.

Erik Petri heitte Petrus Petterson og var frå Halden. Foreldra var svenske. Han fekk utdanning i USA og busette seg på Hurum. Men han var fleire gonger i Setesdal og malte, og som mange andre kunstmålarar betalte han for kost og losji med eit maleri. Difor lurer vi på om det er nokon som har eit maleri av han her i dag.

Ved opning av utstillinga vil Synøve G. Hetager fortelje om Petri. Ho har skrive bok om han. Ho har og med nokre bilete som vil bli med i utstillinga.

I programmet i radioen fortalde Leonhard at då dei hadde utstillinga på Setesdalsmuseet på Rysstad i 2012, visste han ingenting om Petri og det var lite informasjon å finne om han. På internett har det vore ein artikkel på Setesdalswiki, den har hatt over 1400 oppslag sidan 2012. N orsk kunstnerleksikon hadde lite informasjon, bare noko om utstillingar han hadde vore med i og katalogar der han var omtalt. Men no er det kome ei bok om han, og Leonhard meinte det var hyggeleg at museet kunne lage ei utstilling og vise bilete av han.

Erik Petri: Kystlandskap
Erik Petri: Kystlandskap

Kystlandskap Olje på lerret, 52×66 cm Signert nede til høyre: Erik Petri. Til salgs hos blomqvist.no

Meir om raset på FV 323

I kveld hadde vi ein samtale med Sigurd Wiberg om raset på fylkesveg 323 mellom Åraksbø og Austad, der det heiter Viki. Han kunne fortelje om sprekker i fjellsida der det over år hadde samla seg grus og jord, og så vart det is-sprenging. Men no var dei starta på oppryddinga. Eit par store steinar må sprengjast for å kunne fjernast, men han trudde at dei kanskje kunne opne vegen att fredag kveld.

Dei hadde hatt geologar på staden dagen etter at raset gjekk og dei hadde hatt ei drone oppe for å ta gode bilete som geologen kunne studere, og han meinte at det ikkje var fare for nye ras no. Men ei tid framover vil vegen vere grusveg, for asfaltverka er ikkje i gang enno. Kva tid dei kunne få asfaltert visste han ikkje enno.

Slik såg raset ut frå Reiårsfossen Camping. Foto: Knut William Bygland
Slik såg raset ut frå Reiårsfossen Camping. Foto: Knut William Bygland

Valle Radio i veke 14

Ny veke og nye program i Valle Radio:

Tysdag 5. april

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Sangkveld
19.30 Påskedagspreike frå Filadelfia Kristiansand
20.30 Postludium

Onsdag 6. april 
Ansvarlig: Ronny Stavsholt
Teknikker: Liv Gunn Viki
Telefonvakter: Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft

19:00-19:30 Ord frå Bibelen ved Torleiv Harstad
19:30-20:00 Kommunen informerer med Eivind Berg
20:00-21:00 Ronny’s time
21:00-> Open sending. Musikkquis med Ronny

Jeg er ansvarlig for kvelden, og kommer på lufta ca klokka 20:00. Da skal vi snakke med Raymond fra MudRod, som er et svært spennende og lovende norsk rockband. De kaller musikken sin “gjørmerock”! Jeg tror de blir store! Kanskje får vi med oss en innspilling som kun kan høres på Valle Radio ?

Fra ca 21:00 blir det Open sending, og denne gangen blir det musikkquiz. Så her gjelder det å ha ørene åpne og hukommelsen inntakt. Musikken jeg spiller er stort sett godt kjente sanger, så det er viktig å være kjapp til å taste inn telefonnummeret 417 76 666 som skal ringes for å komme gjennom. Jeg har bestemt at første som kommer gjennom også blir den som kommer på lufta.
Premiene er som vanlig attraktive og nyttige

Så velkommen til en trivelig kveld på Valle Radio.

http://159.171.56.26:8000/live.m3u