Setesdalskonferansen 2015

I dag klokka 12 starta Setesdalskonferansen 2015 på Bykle Hotell. 88 deltakarar står på lista, kanskje 15-20 var nye namn ut frå eit oversyn som Styrk Fjærtoft Trondsen fekk ved starten. Representantar frå næringsliv, offentleg sektor i stat og kommune og nokre politikarar kan her møtast og inspirere kvarandre.

Før konferansen starta hadde vi hatt ein nydeleg lunsj og mingla litt, så langt eg kunne skjøne har dei streva med å få plass til alle på hotellet, men med litt jenking, har det ordna seg.

Eg kjem til å skrive mange postar på bloggen i dag, eg vil prøve å få ned notat frå dei ulike samlingane. Tarald Myrum, som er styreleiar i Setesdal Regionråd, helsa velkommen. Berekraft og fornying er mottoet, og han vona at konferansen måtte føre til berekraft og fornying i kommunane i Setesdal.

Deretter kommenterte konferanseleiaren at det i år anten var tiande eller ellevte gongen konferansen vart halden. På den første konferansen var det fri bar, så folk hugsar ikkje så mykje frå den konferansen. Tida med fri bar er for lengst over, så folk hugsar nok betre etter kvart. Dermed bar det laust for første foredragshaldar, Sara Fosstvedt.

Valle Sparebank stenger filialen på Rysstad

Neste torsdag er siste dag for Valle Sparebank sin filial på Rysstad. Det opplyste Vidar Homme då han i kveld var gjest i Haralds time og fortalde om resutlatet for banken i 2014. Banken har ein forvaltningskapital på 1,8 mrd. Årsmøtet vedtok å dele ut om lag 600.000 kroner til lag og foreningar i Valle etter at desse hadde søkt om stønad før 31. januar.

Men det er tid for omstrukturering i banken, og det eine årsverket som no forsvinn på Rysstad vil bli brukt i Valle. I dag har banken like mange folk som for 10 år sidan, men har 50 prosent fleire kundar, noko som syner at ein har rasjonalisert og effektivisert heile tida, fortalde han. No er 90 prosent av transaksjonane gjort av kundane sjølve, det er ganske få som framleis får utført tenester manuelt.

Men dei som får manuelle tenester på Rysstad, vil framleis få det, for banken vil setje opp ein postkasse på Sentrumsbygget og den vil bli tømt kvar morgon, posten teken med til Valle og handsama der same dagen. Dette kostar naturleg nok, medan bruk av nettbank er gratis, sa Vidar Homme, som og forsikra oss om at sponsinga av Valel Radio ville halde fram.

Grunnen til at ein nok kan stenge, er at ein har fått på plass ein ny minibank på Rysstad. Det er ein minibank som ein og kan setje inn pengar i, noko som var viktig for næringslivet der. Men den er no testa og fungerer, så då er alt klart for ei ny tid i banken sitt engasjement på Rysstad.

I 2014 tapte banken 2,2 millionar på utlåna sine, det er mindre enn gjennomsnittet for landet og mindre enn gjennomsnittet for banken dei siste åra. Det er viktig å ha låge tap, difor må banken alltid arbeide for å redusere risikoen. Kundene i banken er trufaste, det er ikkje mange som byter bank bort frå Valle Sparebank, men det kjem nye kundar til, noko vi alltid arbeider for og alltid må arbeide for, sa banksjefen, som og kunne fortelje at han fekk nokre takkebrev frå lag og organisasjonar som får gåver frå banken. For nokre dagar sidan fekk han ein twistpose, den gjekk på deling til dei tilsette.

Det førte oss inn på dropsa som banken bruka å ha på skranken, men som er borte no. Vi spøkte litt med at det er fordi ein ikkje vil ha kundene inn i banken, men ha dei til å bruke minibanken, men kanskje ein skulle ha ein dropsautomat som kunne levere ein drops for kvar tusenlapp vi tok ut. Som du skjønar, var det ein gemytteleg tone, Vidar Homme set pris på dei årlege samtalane om drifta av Valle Sparebank.

Lukke til vidare

I fem år har eit ungt ektepar budd i Valle. Eg møtte dei som elevar då dei kom for å lære norsk, flinke, vennlege og spente på kva livet ville by den vesle familien. Ho var karenar frå Myanmar, men med det meste av livet til no i flyktningeleiren Mae La, han karenar frå Thailand, like i nærleiken av denne store flyktningeleiren med 50.000 flyktningar.

Dottera vaks opp her i Valle og lærte seg norsk i barnehagen, slik dei fleste småbarna gjer her i bygda. Etter at introduksjonen var ferdig, sleit dei med å finne jobb, det er jo ikkje mange jobbar ledige, men etter kvart fekk dei jobb på Esso-stasjonen, ho vel i full jobb, han meir i deltid. Hjelp frå NAV gav grunnlag for ein forsiktig start, han fekk norsk førarkort og bil og då var grunnlaget for eventuelt å skaffe seg noko å gjere betre.

Særleg han opplevde nok at det ikkje var lett å lukkast i Valle, så etter å ha vurdert lenge fram og tilbake, enda det med at dei heller ville dra tilbake til Thailand, der han kom frå og hadde røtene sine. Ettersom han ikkje var flyktning, bare gift med ein flyktning, kunne dei det, og 2. påskedag sette dei seg på flyet på Kjevik for å returnere til heimbygda hans heilt nord i Thailand.

Vi vart glade i dei, det same opplevde vennene frå Myanmar, så det var mykje tårer på Kjevik då dei reiste. Eg var ikkje der, men dei fortalde det då skulen starta etter påske og eg møtte dei att.

Men frå mitt skrivebord vil eg ønskje dei lukke til vidare.

Etter ein radiobasar

Eg har ikkje skrive på bloggen denne påska. Eg har halde meg i ro i Mandal og nytt strålande sol frå stova. Det at eg så lett får lungebetennelse gjer at eg er lite glad i skarp vårluft.

Ettersom vi har hatt påskegjester, har eg heller ikkje høyrt på på radiobasaren, men i dag fekk eg vite resultatet og kan ikkje anna enn å vere imponert og takksam for innsatsen til alle som deltok både i radiohuset og ute i felten. Lista over gevinstar og sponsorar og vinnarar ligg no på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/P%C3%A5skesending_i_Valle_Radio_2015

Eg har ikkje vore med på desse sendingane etter at vi flytta til Mandal, men som regel er eg på lufta i veka etter, det er litt som å hoppe etter Wirkola, men vi må i gang med dei vanlege sendingane att. Her er programmet for veka etter påske:

Tysdag 7. april

Ansvarleg: Harald Haugland

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Påskesang og bibeltime
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 8. april

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt frå klokka 20.30: Jorunn Lund Harstad

19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Frode Buen
20.00 Haralds time
21.00 Opi sending

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside