Solstad-foredrag i Kulturveka 2014

Onsdagskvelden hadde eg med meg Hans Georg Kohler på telefonen frå Oslo i Haralds time i Valle Radio. Han fortalde at i Kulturveka 2014 skulle han stå for Solstad-foredraget. Det skulle vere i Riddarsalen på Sølvgarden sundagskvelden.

Hans Georg Kohler hadde blitt kjent med Dag Solstad då han budde i Berlin på same tid som Dag Solstad budde der. I kveld skulle vi bli kjent med han og den siste boka hans, Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896.

Eg trur det var over 50 personar i kjellaren på Sølvgarden klokka 19 då Hans Georg helsa velkommen og gav ordet til Dag Solstad. I eit timelangt foredrag tok han opp situasjonen for romanen i landet vårt så vel som i Europa og USA no. Kapitalismen styrer alt, og dersom romanen ikkje har ei form som ligg på linja mellom Dickens og Jo Nesbø, bør forfattaren innordne seg, elles kan han ikkje rekne med å få gitt ut romanen. Dei tradisjonelle forlaga blir meir og meir like Juritzens forlag, og til og med Gyldendal gir ut fire binds porno og kallar det roman, meinte han og synte til femti gråfargar-bøkene frå i fjor.

Etter å ha teke eit oppgjer med denne kommersialiseringa av romanen, vende han seg til dei kritikarane som hadde meldt romanen hans i fjor. Særleg fekk Aftenposten sin kritikar gjennomgå, utan namn, men då eg kom heim, googla eg litt og fann fort ut at det var Ingunn Økland han meinte. http://www.dagsavisen.no/kultur/solstad-pa-turn/

Han fortalde og at han laga foredraget til eit arrangement på Hamar og kalla det Til Hamar med slakt, fritt etter Prøysen, men at det sidan heller har fått namnet Solstads Svanesang. Han har halde foredraget fleire stader, og han var svært engasjert i den timen foredraget varte.

Etter han var ferdig, kom Kirsten Bråten Berg på scenen saman med Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid. Dei delte slåttar, stev og ballade før Hans Georg hadde ein samtale med Solstad om romanen. Heile kvelden vart avslutta av Sigurd Brokke på munnharpe. Då var det gått over to timar til ein interessant og annleis kulturkveld i Kulturveka 2014.

Først i Norge

Bykle er ein føregangskommune på mange måtar, og no gjer dei det igjen. Bygdesogeverket Heimar og folk i Norge vert fulldigitalisert i haust, og Bykle blir den første første kommunen i landet som gjer noko slikt.

Tysdag kveld var Chris Nyborg i studio i Valle Radio og fortalde om dette, og Olav Mosdøl, som er leiar i bygdesogenemnda, var med på telefonen. Nyborg hadde vore på møte i Bykle same kvelden og på vegen heim att til Oslo stoppa han i Valle Radio for å fortelje om Lokalhistoriewiki, nettstaden der Heimar og folk i Bykle skal leggjast ut.

Det vart ein interessant samtale der Olav Mosdøl fortalde om kvifor dei no går vil dette. Ved å digitalisere bøkene vil dei kunne bli oppdaterte på ein heilt annan måte enn om dei bare er på papir. Når nokon oppdagar feil, kan dei sjølve registrere seg på Lokalhistoriewiki og korrigere feilen. Fagfolka på Norsk Lokalhistorisk Institutt fylgjer med og ser til at det blir rett. Olav peika og på at ein kan lage lenker i stoffet som bind informasjonen saman på ein rikare måte enn ein kan få til i ei bok.

Chris Nyborg fortalde at Lokalhistoriewiki vart starta i 2008 for å ta vare på lokalhistorisk stoff som fordi det ikkje hadde nasjonal interesse, ikkje kunne få plass i Wikipedia. No har leksikonet nesten 28.000 artiklar og om lag 58.000 bilete og det veks kvar dag. Fordi ein samarbeider med Digitalt Museum får leksikonet mange historiske bilete.

Chris fortalde og om prosjektet der dei prøver å lage små artiklar om alle hundreåringane i Norge. No som folk lever lenger og mange vert over hundre år, har ein medarbeidar i lokalhistoriewiki starta eit prosjekt der han skriv om alle han kjem over og oppfordrar andre til å skrive om lokale hundreåringar.

Når det gjeld Heimar og folk i Bykle, har ein til no lagt ut dei første sju artiklane frå første bindet.

Om det kjem mange rettingar, vil dei kunne danne grunnlag for eit trykt bind. Alt som vert gjort med artiklane, vert registrert i artikkelen sin historikk.

Vi fleipa litt om at det burde vore Setesdalswiki som la ut Heimar og folk i Bykle, men det seier seg sjølv at eit forskningsinstitutt med mange folk kan gjere ein betre jobb enn frivillige i eit så stort prosjekt. Men noko informasjon kan nok og kome Setesdalswiki til nytte, og informasjon frå Setesdalswiki kan kome til nytte i oppdateringa av stoffet i den digitale versjonen av bøkene.

Til slutt i samtalen utfordra Olav Mosdøl Valle kommune til å gjere det same med sine bygdebøker, ja, kanskje heile Setesdal kunne tenkje på dette, då ville verdien av tiltaket bli mykje større, ettersom lenking mellom bøkene ville vere mogleg. Chris Nyborg støtta tanken, så no spørs det korleis det går i tida som kjem.

http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Heimar_og_folk_i_Bykle

To kveldar – mange tema

Desse to første kveldane i Valle Radio i haust skulle eg unna mange å få oppleve. I går skreiv eg om den burmesiske halvtimen. I dag blir det ein samlepost om tema vi var innom i radioen resten av dei to kveldane.

Etter kåseri og andakt og i går kveld kom Kirsten Bråten Berg i studio og fortalde om Allsangkveld som ho planlegg som del av kulturveka. Då fekk vi og markere at Mads Berg Songbok er hundre år i år. Det heiter at om hundre år er allting glemt, men ho er ikkje heilt borte frå minnet, og mange av songane er det mange som minnest.

Så kom Torunn Charlotte Lund og fortalde om kulturbygget som er planlagd der Menighetshuset står i dag. Det fortener ein eigen blogg seinare. Etter Torunn hadde eg ein prat med Olav Mosdøl på telefonen og Chris Nyborg i studio. Vi snakka om ein nasjonal nyhet, den får også vente.

I dag hadde eg ordførar Tarald Myrum i studio frå Valle kommune. Det vart ein samtale som gav energi der vi var innom mange tema, tida gjekk helst altfor fort. Eg kjem noko innom noko av det vi snakka om seinare.

Så kom Arne Tronsen og ausa av sin kunnskap om konsesjonskraft, han har arbeidd med det i over 30 år og i sommar utvida arbeidsområdet hans seg ein god del. Så var Signe Sollien Haugå med frå ein parkeringsplass i Froland, Tonhild Kråkenes på telefonen frå Bykle oppmoda alle om å setje av sundagen til middag i menighetshuset til inntekt for TV-aksjonen og Hans Georg Kohler var med frå Oslo for å snakke om Solstad-foredraget som skal vere på Sølvgarden sundagskvelden før Astrid Nomeland runda av dei mange tema eg var innom med å fortelje om kvelden som Diakoniutvalet og Helselaget skal ha på Soknehuset neste tysdag der vår nye prostidiakon Anna Heggland skal snakke om Kvardagsdiakoni.

Mykje av dette vil eg kome inn på i bloggskrivinga min framover. Vonar det vil fange interessa di. Eg var i alle fall oppglødd då kvelden var over.

Burmesisk halvtime

I kveld starta vi opp att i Valle Radio etter ein alt for lang sommarferie. Men du som les bloggen min veit at grunnen var naturens luner.

Siste sending før ferien hadde eg med burmesarar som bur i Bykle og Valle for å lage ei prøvesending på burmesisk. Det bur nærarare hundre burmesarar i Setesdal og vi sender til heile dalen. Så vi kom til at vi vil prøve å ha faste sendingar på burmesisk med nyheter frå Setesdal på deira språk. Dei fleste har karensk og chin som morsmål, men burmesisk er felles språk, så vi nyttar det.

I kveld hadde eg tenkt at Htoo Thaw og Michael frå Valle skulle ha nyheter og Eh Ka Mwee frå Bykle skulle ha andakt. Men han var på jobb og kunne ikkje vere med. Difor tok Eh Ka Mwee på seg også nyhetsjobben.

Dei kan lese nyheter frå den store verda på burmesisk frå BBC på internett, men lokale nyheter er det ikkje så lett å få. Difor plukka vi ut nokre nyheter frå Setesdølen. Her er overskriftene:

Burmesisk kafé i Valle menighetshus sundag 19. oktober frå 13.30
Burmesisk kulturkveld på kulturkafeen i Bykle samfunnshus neste onsdag frå klokka 19
Elevar i Åseral har samla inn leiker og anna i prosjeket Barn hjelper barn, som går til Cuba
Riksveg 9 mellom Valle og Rysstad har fått 25 mill. frå Staten og utbygging vil starte neste år

Vi møttest klokka 16.30 og laga dette saman. Eg skreiv kort notis på bokmål og dei omsette til burmesisk og gjorde det klart til sendinga starta 17.30. Etter ein kort presentasjon, var vi i gang. Ti minutt med nyheter, så ein burmesisk sang. Deretter andakt og ny sang.

Plutseleg var halvtimen gått.

Etterpå var alle nøgde med resultatet. Neste tysdag blir det likeeins. Eg trur vi er einaste lokalradioen i Norge som har slike sendingar. Eg vonar at folk vil høyre oss på Internett etter kvart som tiltaket blir kjent.

Det flaskar seg

Tysdag 14. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld. Kirsten Bråten Berg i studio
19.30 Aktuell time.
Sentrumsbygg i Valle. Torunn Charlotte Lund i studio.
Heimar og folk i Bykle.
Lokalhistoriewiki. Chris Nyborg i studio.
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 15. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland, teknikar: Liv Gunn Viki, telefonvakter: Ingunn Åkre Uppstad og Ingebjørg Ellinor Rysstad

19.00 Kommunen informerer. Tarald Myrum
19.30 Tankar frå Bibelen. Bjørgulv T. Berg
20.00 Haralds time
21.00 Opi sending. Ronny Stavsholt

NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Endeleg er det klart for ny sesong i Valle Radio. Uver i sommar gjorde at sendaren i Åmlid gjekk ned for telling, den måtte skiftast ut. Sist veke var Jørgen Lien i Valle og gjorde det, og no kan vi kome på lufta att.

Eg startar opp med tysdagssending, og om det går etter planen, vil det bli sending på burmesisk frå halv seks til seks. Deretter blir det tysdagssending med sangkveld og aktuell time, der det vil bli presentert noko som kanskje til og med er ein nasjonal nyhet. Niklos K. Besteland har vore utolmodig etter å kome i gang, og er på plass med eit nytt program i serien Postludium.

Onsdag startar sendinga klokka 19 med Tankar frå Bibelen før ordførar Tarald Myrum stiller opp i Kommunen informerer. I Haralds time blir nok Kulturveka 2014 eitt av dei tema vi kjem innom. Og Opi sending, den er det Ronny Stavsholt som står for.

Etter kvart kjem brikkene på plass når det gjeld innhaldet i programmet. Tysdagskvelden blir det aktuell time med stoff relatert til sentrumsbygget i Valle og til bygdeboka for Bykle i tillegg til det faste stoffet. Kirsten Bråten Berg kjem i studio for å fortelje om allsangkvelden i Kulturveka 2014.

Då startar vi att

Endeleg, då er vi klar til å kome på lufta att. I alle fall var det meldinga eg fekk før helga, og det ser ut av lista som om eg får gleda av å vere i radioen både tysdag og onsdag.

Foreløpig er det litt uklart korleis programmet blir, men i morgon tidleg må eg sende program til avisa, og då vonar eg å ha det klart i grove trekk. Eg hadde tenkt å ha med Leif Kvinlog onsdagskvelden for å snakke om Kulturveka 2014, men han er på tur til Polen, så eg må finne ei anna løysing. Men ettersom kulturveka startar til fredag, vil nok noko av programmet i kulturveka prege denne veka i Valle Radio.

I haust blir det altså etter opplegget bare onsdagssending annankvar onsdag, så når eg har hatt mi sending onsdagskvelden, går det to veker. Då er det kommunestyremøte, og så går det to nye veker før det blir ordinær onsdagssending. Om du ikkje er av dei som har frekvensen ståande på heile tida, må du altså fylgje med i avisa og på facebook for å sjå kva tid det er sending, for med annankvar onsdag, er det lett å gå i surr.

Vonleg klarar vi å halde oppe radioen i tida framover. Det ville vore synd om vi måtte innstille.

Statsbudsjettet 2014

Det meste av det eg gjer, vert lite influert av Statsbudsjettet 2014. Sjølvsagt er det viktig at norskopplæring for flyktningar held fram, det er jobben med det som sikrar lønna mi kvar månad. Men elles er eg for det meste i frivillig sektor, der har statsbudsjettet lite å seie, så langt eg kan forstå.

Då står det bare att å kunne glede seg over at det vart pengar til Riksveg 9, slik at strekninga Sandnes-Harstadberg kan bli utbetra. Alle som kjører mellom Valle og Rysstad, vil glede seg over dette, og det er takka vere Statsbudsjettet 2014 at pengane til dette kom på plass. Rett nok vert det lagt inn ein stor lokal pott, men utan 25 mill. frå statsbudsjettet, kunne ein ikkje starte utbetringa.

Dei andre sidene ved statsbudsjettet 2014 har eg ikkje sett meg så godt inn i, så dei vil eg ikkje kommentere noko.

Engasjement

I gårsdagens Aftenposten, nede på side 2, hadde avisa sitert Setesdølen si melding om at Torunn Charlotte Lund er på veg inn i fylkespolitikken, medan mannen hennar er på veg ut. Kommentaren hos “tanta i Akersgata” var nokså lakonisk: “Endringen ventes bare å få helt beskjedne følger for hverdagslivet til folk flest i Aust-Agder.”

Det er ikkje så vanskeleg å vere einig i det avisa skreiv her. Kvardagslivet til folk flest i Aust-Agder vil neppe bli endra noko særleg av at Bjørgulv skal vere meir i Valle enn i Arendal og at Torunn ein gong i månaden eller så, dreg til fylkeshuset for å vere med på fylkestinget. Men for dei to det gjeld, vil det nok bli ei stor endring.

I avisene kan vi no lese om førebuingane til kommuneval og fylkestingsval. Vi ser at mange seier nei takk til å halde fram og at det ikkje alltid er like lett å få nye til å stille opp. Det gjeld både i politikken og elles i samfunnslivet, mange avviklar det engasjementet dei har hatt, og det er ofte vanskeleg å få nye til å engasjere seg.

Dette har vi og sett i Valle Radio. Difor ser det ut til at vi må ha redusert frekvens på sendingane når vi kjem i gang att i neste veke. Eg vil halde fram med tysdagssendingane kvar veke, men onsdagssendingane vil bare gå annankvar veke, om ikkje nokon finn ut at dei vil lage ekstra sendingar. No blir dette semesteret kort, og så får vi sjå korleis det går når vi skal evaluere hausten og planlegge våren.

Inga sending denne veka heller

Du som ser i Setesdølen etter programmet til Valle Radio har nok alt funne ut at det ikkje er sending i dag heller. Om du av gammal vane skrudde på radioen for å høyre tysdagssending med Harald Haugland i kveld klokka 18, fann du nok fort ut at det var P4 og ikkje Valle Radio på frekvensen.

Grunnen til den seine starten etter sommarferien er at sendaren i Åmli ikkje overlevde uver i sommar. Etter det eg veit, brann han opp. Også datamaskinen som teknikaren nyttar, knelte i løpet av sommaren. Den kunne vi nok erstatta nokså lett, men det var verre med sendaren i Åmli. Der måtte det byggjast ein ny boks. Etter det vi forstår, skal ny sendar monterast i slutten av denne veka. Difor satsar vi på å vere på lufta frå veke 42. Det gleder vi oss til.

At vi ikkje har vore på lufta, har jo og blitt avspegla på bloggen. Heile haustferien hadde eg pause og skreiv ingenting på bloggen. Ettersom bloggen i alle fall for ein stor del speglar sendingane i radioen, kunne han nok vore tom for innlegg i heile sommar. Men litt kan ein jo skrive likevel. Og stoff relatert til Setesdalswiki har i staden teke plassen til bloggen.

I tida framover vil kanskje og noko av stoffet i Setesdølen verte gjenstand for kommentarar på bloggen. Kan Aftenposten kommenter Setesdølen, kan vel også eg gjere det, truleg les eg avisa grundigare enn dei fleste. I dagens Aftenposten, nede på side 2, hadde avisa sitert Setesdølen si melding om at Torunn Charlotte Lund er på veg inn i fylkespolitikken, medan mannen hennar er på veg ut. Kommentaren hos “tanta i Akersgata” var nokså lakonisk: “Endringen ventes bare å få helt beskjedne følger for hverdagslivet til folk flest i Aust-Agder.” Det er ikkje så vanskeleg å vere einig i det avisa skreiv her.

Personmalar på Setesdalswiki

Etter at vi la inn datoartiklar frå år 1800 til no, vaks Setesdalswiki med om lag 77.000 artiklar. Dermed kunne vi legge inn personmalar på 1754 personar. Der vi har fødselsdato og personen lever, vil fødselsdagen kome opp på framsida. I dag er det to som har fødselsdag av dei som vi har artiklar om. Det er Anne Marie Lunden og Trygve Johansen. Gå på framsida, så kan du lese meir om dei. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Det har vore ein stor jobb å legge inn data på alle 1754 personane. Av og til har vi og funne fødselsdagar medan vi har halde på. Store deler av haustferien gjekk med til dette, og takka vere Helge Haugland sin innsats er vi no ferdige og har personamalar på alle personar. Om du ser ein utan fødselsdag og du veit dagen, kan du sende meg ei melding eller aller helst registrere deg som brukar og sjølv legge inn fødselsdagen.

Ein mal er eit lite dataprogram som vi kan bruke på Setesdalswiki. Personmalen reknar ut alderen til ein person automatisk. I tillegg legg den inn namnet til personen på fødselsdatoen og på dødsdatoen.

Når vi no har datoartiklar tilbake til 1800, vil det vere naturleg å legge inn hendingar som er tidfesta i artiklane. Men det vil jo ta tid å gjere det, så her får vi nok sjå korleis det utviklar seg.

Elles utviklar Setesdalswiki seg fint og har 3-400 besøk kvar dag.