Hengelåsvennnen

Eg måtte le då eg for ei tid sidan las på moisund.com. Det gjer eg ofte, den sida ser ofte på dei indre bygder med eit skråblikk. Langt nede i venstre marg ligg lenker til aviser i Agder. Dei to største har fått nye namn i det siste. No heiter dei Hengelåsvennen og Hengelåsposten.

I dag laga eg ein artikkel om boka til Reidar Tveito på Setesdalswiki. Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen er ei praktbok og ein liten artikkel kan ikkje gje henne rettferd, men slik er no situasjonen. Meir vil kome i artikkelen etter kvart.

I samband med at han gav ut boka, laga Johs. Bjørkeli eit intervju med Reidar. Det stod på trykk 8. august 2014, og når ein søker på google med tittelen, kjem han opp som eit av tilslaga. Men når ein trykkjer, så er det låst. Difor er jo namnet Hengelåsvennen ganske treffande, synest eg.

Etter det eg skjøner, blir artiklar som vert delte på Facebook, ikkje låst. Om det gjeld artiklar som avisa sjølv deler der, eller om ein abonnent kan dele ein artikkel og dermed gjere den tilgjengeleg for omverda, veit eg ikkje.

Skaff deg boka om du køyrer Riksveg 9, det er ei kjelde til informasjon som ikkje så fort går tom. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Riksveg_9_-_Bruer_og_s%C3%A6rtrekk_langs_vegen

Gratulerer med dagen

Onsdag 10. september fyller min gode kollega Øystein Berg år. Gratulerer med morgondagen.

Det gjev meg høve til å fortelje om ein ny funksjon på Setesdalswiki. Du som fylgjer med der, vil sjå at vi har begynt å legge fødselsdata i ein slags tabell som kjem opp på høgre sida i artikkelen. Det vert kalla ein mal, og frå den hentar eit skript kvar dag informasjon om det er nokon som har fødselsdag. 10. september fyller Viggo Wilhelmsen 70 år og altså Øystein 63.

Takk til Helge Haugland, som driftar Setesdalswiki, for den flotte jobben du har gjort med å få til dette systemet. Det gjer nettstaden meir informativ og god. I morgon vil vi truleg runde 5700 artiklar. Ta gjerne turen innom for å sjå om du finn noko av interesse. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Må vente ei veke

Eg hadde akkurat sendt programmet for denne veka då eg fekk telefon frå Jørund Georg Jore i dag tidleg. Vår tekniske sjef kunne då fortelje at sendaren i Åmli ikkje fungerte skikkeleg og at straumforsyninga til PC-en vår hadde teke kvelden. Han måtte difor få på plass ny straumforsyning og fikse sendaren i Åmli, noko som han neppe kom til å klare før sendingane i morgon og onsdag.

Då var det bare å tilbakekalle annonsa frå avisa og satse på at det vert i orden til neste veke. Dei som skulle vere med meg onsdagskvelden måtte få melding, den vil dei få i morgon. Eg sende dette til avisa og vonar det kjem inn i morgon:

Valle Radio ventar med oppstart

Planen var at Valle Radio skulle starte sendingane denne veka. Men tekniske problem gjer at oppstarten må vente. Sendaren i Åmli har hatt problem og må fiksast. I tillegg er det tekniske problem i studio. Vonleg vert dei ordna i løpet av komande veke, seier Harald Haugland, som ser fram til å starte sendingane att i lokalradioen.

Vonleg vert det noko godt å høyre i eteren når vi etter kvart kjem på lufta att. Den ventar ikkje forgjeves som ventar på noko godt.

Det skal bli strømmer av nåde

Denne helga har det vore mykje regn. Vi var ein tur til Ålgård laurdag og medan vi var der, var det i periodar så mykje vatn som kom ned at vi kvidde oss for å gå over tunet. Heimturen laurdagskvelden var og ein sjeldan våt affære. Då var det i tillegg lyn og torden, så vi sa til kvarandre at dei seier at det skal vere tryggast i ein bil under torever.

Sundag rann opp med opphaldsver i Mandal, så der vart det ein fin dag. Men då eg i kveld kom til Evje på veg oppover til Valle, møtte eg regnet att. Og det var mest like kraftig som laurdagskvelden. Turen oppover sundagskveldane vert alltid kortare når eg høyrer på Helge Gudmundsen i Salmer til alle tider like etter klokka 22. I kveld var tema menneskeverd, basert på opplevingar han hadde hatt i samvær med psykisk utviklingshemma i Stjørdal sist helg.

Men midt i regnbygene måtte eg tenkje på sangen Det skal bli strømmer av nåde:

Det skal bli strømmer av nåde,
dette er løftet fra Gud.
Får Jesus i blant oss kun råde,
strømmer velsignelsen ut.

Kor: Strømmer, strømmer av nåde,
salighet glede og fred.
Vi ber deg om mere enn dråper,
strømmer send over oss ned.

Å disse strømmer av nåde,
fører oss nærmere Gud.
De kommer med trøst i all våde,
bringer fra himmelen bud.
Kor:

Det skal bli strømmer av nåde,
send oss din vekkende ånd.
Så syndere om frelser på rope,
og løses fra djevelens bånd.
Kor:

Det skal bli strømmer av nåde,
Gud, la dem falle i dag.
Å fyll oss med kraft fra det høye,
inn til ditt hjerte oss drag.
Kor:

I Vårt Land var det i går eit stort intervju med Kjell Markset i serien Min tro. Den tidlegare KRIK-leiaren er frå Porsgrunn og var på leir på Oksøya då han fekk kall til å bli yngres-leiar, og sidan har han hatt leiaroppgåver i kyrkja. (I sommar tok svigerson Stein oss med på båttur i Grenland og då kom vi forbi Oksøya, takk for turen, Stein, den kunne vi leve lenge på.) Der la eg merke til dette avsnittet, som seier meir om kva nåde er:

Markset forteller om venner som var på besøk fra USA i sommer, en av dem opprinnelig fra Kina. Markset spurte hva hun så som forskjellen på østens religioner og kristen tro. Hun svarte at det unike i den kristne troen er at det finnes tilgivelse.

– At du både får tilgivelse fra Gud og kan tilgi deg selv, det er nåde. Les intervjuet her: http://www.vl.no/troogkirke/f%C3%A6rre-forklaringer-1.92049#cxrecs_s

Eg måtte leite fram Odd Dubland si tolking av sangen. Den ligg på YouTube, og du vil nok få høyre den i Valle Radio denne veka: https://www.youtube.com/watch?v=pyE2BjsAf3s

Oppstart hausten 2014

I går stilte eg spørsmål om det blei onsdagssending med meg som programleiar eller overføring av eit kunngjort ekstra kommunestyremøte.

Då eg hadde skrive bloggen, kom det ei melding frå ordførar Tarald Myrum. Han meinte Setesdølen måtte ha gjort ein tabbe, for det skal vere ekstra kommunestyremøte i Bygland til onsdag for å diskutere næringsutvikling. Så har avisa blanda dei annonsene, meinte han.

Eg såg og i avisa ein notis om eit ekstra kommunestyremøte i Bygland om næringsutvikling. Då Regionrådet heller ville ha ein næringsutviklar som var ein større del på kontoret, sa Erik Berglihn at det ikkje passa for han. I staden vart han engasjert av Bygland kommune, der han arbeider med næringsutvikling i samband med planar for kultur og næring på Prestetunet.

På møtet i Bygland skal journalist i Dagens Næringsliv med fokus på reiseliv, Harald Berglihn, vere med. I tillegg kjem Erik Arntzen frå UiA, som arbeider med entreprenørskap og Natur Expo til møtet.

Då går onsdagen som planlagt og den vil få eit fokus på veg. Reidar Tveito, som eg vil kalle ekspert på Riksveg 9, kjem i studio for å fortelje om boka han har skrive, mellom anna.

Blir det sending onsdag?

Ja, det blir det. Men om det blir onsdagssending med Harald Haugland som programleiar eller overføring av kommunestyre om næringsutvikling, det veit eg ikkje enno.

Eg undra meg litt då eg las i Setesdølen i dag ein annonse frå Valle kommune om at det skulle vere ekstra kommunestyremøte onsdagskvelden. Annonsen var underteikna av Tarald Myrum, så eg tenkte at eg fekk spørje ordføraren om korleis det hang saman. Då vi måndag hadde møte om hausten i Valle Radio, nemnde ingen at den dagen som var sett opp til å starte, også hadde eit planlagt ekstra kommunestyremøte.

Tarald var like overraska som eg då eg snakka med han i kveld. Han hadde vore på heia eit par dagar og lurte på om nokon hadde kalla inn til eit møte utan at han visste noko. Etter hans kalender skulle det vere formannskapsmøte onsdag 10. september og så kommunestyremøte 14 dagar etter det, 24. september. Det var slik vi hadde lista på møtet i Valle Radio og.

Han lova å undersøke kva som hadde skjedd, og når eg får tilbakemelding, skal eg fortelje det til dykk som les bloggen min.

Lislefarmen 2014

Sundag er det tid for Lislefarmen i Bygland. Det skjer på Bygland tun, like ved Glashytta i Bygland. Der blir likt og ulikt demonstrert, det er ein marknadsplass fylt med (husflids)varer som gjerne er handlaga og kortreiste frå natur- og kulturmark i dalen. Bak Lislefarmen står husflidslaget og mållaget i samarbeid med andre lokale krefter.

I år skal den nye scena som er sponsa av Sparebanken Sør innviast med ein opptreden av Anne Karin Kaasa og Leikarringen frå Austad. På marknaden er det natursti og aktivitetar for små og store, open glashytte, og sal av mat som til dømes setesdalssuppe, rjomegraut og lefser med noko å drikke til. Det blir sal av handverk og anna frå bodar (det er plass til fleir!) og sist men ikkje minst vil det bli visa korleis belte og tipleband til stakkane lagas på bandvev.

På Setesdalswiki kan du lese meir om arrangementet. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Lislefarmen Der er det og mange flotte bilete frå tidlegare arrangement.

Dersom du har høve til det, bør du ta turen til Bygland sundag og få med deg eit kulturarrangement av dei sjeldne.

Vegnamn i Valle

Før ferien kom det brev til folk som bur i Leitet og på Øyne i Valle om at no kunne dei ta i bruk vegnamna i adressene sine. Komunen prioriterer tettstadene, og i mai fekk folk i Leitebakken, Leitelii, Leitesvingen og Leitekleivi slikt brev. Det same gjorde folk i Øyvegen og bedrifter i Øyne Industriveg, dei som bur i Homme grendefelt og Flateland grendefelt.

Det betyr vel at eg må kome i gang med å lage artiklar om desse vegane på Setesdalswiki. Der har eg alt laga artiklar om Homme grendefelt og Leitebakken, så no står det att seks artiklar om dei vegane som alt er klare frå kommunen si side.

Målet var at dei namna som kommunestyret vedtok skulle vere på plass innan 2015, så eg vil nok spørje Malla i Valle Radio når sendingane startar opp att neste onsdag om dei er i rute. Til vanleg plar ho vere den som startar i Kommunen informerer når vi startar ein ny sesong. Om ikkje ho kjem, får eg spørje den som kjem.

Meir om Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen

Dei siste dagane har eg fordjupa meg litt i boka til Reidar Tveito. Eg køyrer jo Riksveg 9 ganske ofte og har i grunnen meint at eg visste ein del om vegen. Men eg skjønar at eg har fare fort forbi det meste der han har stoppa og teke bilete og funne historier og historie. Difor er boka svært interessant.

Samstundes er det ei bok ein kan lese frå begynnelsen, frå slutten eller starte midt i. Dei fleste vil nok sjå etter stader der dei sjølve er kjent, men så blar ein framover eller bakover, og alltid finn ein noko interessant å lese.

Ein ting er at han har informasjon om dei 115 bruene som er på dagens veg. Men han har leita seg fram til bruer frå langt tilbake og syner steinbruer så ein vert storøygd når ein tenkjer på alt arbeidet som har vore gjort for at vi skal kunne ta turen oppover eller nedover dalen. Innimellom krydrar han det med morosame soger.

Vi hadde planar om å snakke om boka i den sendinga som ikkje vart noko av midt i august. Når vi kjem på lufta i neste veke, får vi prøve å få det til. Ein tematime om Riksveg 9 kunne jo vere noko å starte hausten med.

Planleggingsmøte på Sølvgarden

I kveld var det planleggingsmøte for haustsesongen. Vi møttest på Sølvgarden klokka 18 og drøfta hausten før vi hadde middag, som var nydeleg kylling i urtesaus. Til dessert hadde vi stakkejente, om du lurer på kva det er, kan du jo kanskje tenke etter ein gong ekstra.

I drøftinga om haustsesongen måtte vi konstatere at vi ikkje har fått folk som følgje av oppropet Ørnulf hadde i Setesdølen i august, så vi må gå over til å ha onsdagssendingar bare annankvar veke. Eg kjem til å ha mine tysdagssendingar, men vil nok endre noko på dei slik at vi får meir aktuelle saker tysdagskveldane.

Samtalen var konstruktiv og dei ti som møtte opp, var positive til å gå laus på ein ny sesong. Om nokon vil lage program dei onsdagane som ikkje vert sette opp, står dei fritt til det.

Sjølv har eg snakka så vidt med dei som var med og laga program på burmesisk i juni, og dei kan tenkje seg å vere med vidare, så vi trur vi skal få til noko som rettar seg mot dei og som inkluderer på nyheter og andakt. Det vil bli som når NRK har sendingar på samisk, då vil det og vere mange som ikkje skjønar det som vert sagt, men kanalen har likevel halde fram med sendingane.