Problem-start

I går hadde eg annonsert at vi starta opp att med tysdagssendinga i radioen. Og eg hadde gått ut frå at det ikkje var blitt problem i løpet av sommarferien. Men då rekna eg feil. Då vi kom i radioen, var P4 ikkje å høyre, og vi fekk ikkje til å kople opp til Bykle. Eg prøvde å ringe Jørund Georg Jore, som er teknisk sjef, men han var på skytebanen og hadde ikkje mobilen med seg der.

Siri fann nummeret til Reidar Trydal, han var heime og kunne gå i radioen for å sjå kva som var feil, og det var visst feil på Valle-boksen, så han og Jørund måtte snakke saman, og det skulle dei visstnok gjere i dag. Så spørs det om kva dei fann ut.

Som om ikkje den starten for radioen var problemfylt, så var og turen til Valle problemfylt for Siri. Ho bur på Bygland og likar å vere teknikar, men i går ville ikkje bilen gå lenger enn til svingen nord for Helle. Så ho måtte ha Viking frå Bykle til å hjelpe seg. Men Viking var på Hovden for å hjelpe ein annan, så ho måtte vente. Då ho fortalde at ho skulle i Valle Radio og vere teknikar, kasta Arvid Gjerden seg rundt for å hjelpe henne og tok bilen på lasteplanen og køyrde til radiohuset så ho kunne nå sendinga, så tok han bilen ned av planet og fann feilen og fiksa det slik at bilen kunne svive og gå. Kudos til Arvid for flott service til beste for Valle Radio.

Reidar Tveito kom i studio for å fortelje om boka si. Når det ikkje blei sending, fekk vi likevel ein hyggeleg prat, og han køyrde bak Siri nedover dalen slik at ho skulle få hjelp om det vart nye problem. Men det vart det ikkje, etter det eg fekk høyre.

Så no står det att å løyse problema knytt til boksane i Bykle slik at vi kan kome på lufta att.

I morgon startar vi

Tysdag 12. august startar sendingane i Valle Radio opp att. Rett nok er det bare tysdagssendingane, men det er no ein start det og.

Ettersom det ikkje er onsdagssendingar i august, lagar eg ein aktuell time frå halv sju til halv åtte. Dermed er det råd å dele informasjon om aktuelle hendingar alt no. Eg har alt gjort avtale om å ha med Reidar Tveito, slik at han kan fortelje om den nye boka om bruene på Riksveg 9.

Tysdag 12. august 2014

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
19.30 Bibeltime ved Erik Furnes
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Snart startar vi opp att

Eg har vurdert litt kva tid vi skal starte tysdagssendingane i Valle Radio. Onsdagssendingane startar ikkje før i september, men eg har likt å starte når skuleferien er slutt.

Torsdag i neste veke startar skulen att, så difor vurderer eg om eg skal starte med tysdagssending komande tysdag. Då er eg tilbake i Valle, og tenkjer at eg like godt kan starte sendingane mine i Valle Radio, så kjem eg i gang att.

Med ei blanding av aktuelt og kristeleg stoff burde det vere råd å lage ei tysdagssending sjølv om ferien knapt er slutt for dei som har sein ferie.

Setesdalskappleiken 2014

Så er Setesdalskappleiken i full gang. I dag har det vore kurs, i morgon er det kappleik og konsertar og premieutdeling. Det er artikkel med lenker på Setesdalswiki. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskappleiken_2014

Sundag rundast det heile av med konsert i Hylestad kyrkje. Kyrkja som er 175 år i år, jubileet vart markert i juni, er ramma for urpremieren av Brorson på norsk, eit program som nyttar seg av dei mange folketonane som er laga til Brorson-tekstar. Den som er i nærleiken av Hylestad kyrkje sundag klokka 12 vil få ei fin oppleving med nokre av dei beste folkemusikarane i Norge. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Brorson_p%C3%A5_norsk