Ei sangbok full av minner

Du hugsar kanskje at for ein del år sidan var det vanleg med musikklag på bedehusa rundt om i bygdene. Den første tida skreiv kvar og ein ned sangane dei brukte i sitt eige hefte eller bok. Sidan vart det vanleg at laget hadde permar der tekstane var samla.

Ei slik sangbok hamna hos meg nyleg, og i dag sat eg og bladde i henne. Då fann eg denne teksten:

Send bud på ham
Send bud på ham hvis navn er Jesu Krist,
som frelse kan og lege sjelens brist!
Han som av Gud ble sendt til jorden ned,
send bud på ham, o sjel, og du får fred!

Send bud på ham når hjelp du trenger til,
i mørke stund han lyse for deg vil!
Når ingen utvei du kan øyne mer,
send bud på ham, som også da er nær!

Send bud på ham når tvilende er.
En stund med ham, og du ei tviler mer!
Når ned i tåredalen du må gå,
send bud på ham, og hjelpen vil du få!

Send bud på ham når sorgen trykker deg,
alt håpløst er, du ser ei noen vei!
Når tro på alle ting du mistet har,
send bud på ham, og vent til du får svar!

Send bud på ham i gledens skjønne tid!
Når alt går med og lykken smiler blid!
Når dagen heller, og det lir mot kveld,
send bud på ham som alle ting gjør vel!

Til sist på meg han selv vil sende bud
og sjelen min han henter hjem til Gud.
Å sende bud på ham jeg slipper der,
for jeg i evighet er Jesus nær.

Siste verset var ikkje i sangboka, og det stemmer med historia som vert fortald om sangen i Frelsesarmeens historiske blogg, skriven av Nils-Petter Enstad. Det var lagt til seinare, akkurat som første verset, som heller ikkje var opprinneleg. Litt fint å sjå spor av dette i mors handskrivne sangbok, første verset er kome til seinare og skrive inn under dei fire neste, slik at nummereringa måtte endrast. http://fahistoriskselskap.bloggnorge.com/2013/07/18/historien-om-send-bud-pa-ham/

Dette var ein av sangane mor tok med seg frå musikklaget og inn i heimen der eg vaks opp, ho delte den med oss og framleis kling han i sinnet mitt.

Eit spørsmål om gener

Jo lenger ein lever, jo oftare tenkjer i alle fall eg at det er forskjell på folk. Nokre hugsar tal, til dømes telefonnummer utan problem, andre hugsar fødselsdagar og bilnummer. Nokre hugsar ansikt, men kan ikkje kome på namnet, andre hugsar namn, men kan ikkje kople til ansikt, og slik kunne ein halde fram.

Denne helga har eg kome til at det må vere ulike gener når det gjeld å hugse opplevingar, gåver og slikt. Eg har i lang tid vore klar over at eg har problem med å hugse kven som gav kva i bryllupsgåve, det har eg i grunnen visst heilt sidan eg gifta meg sjølv, og å hugse kven som har gitt barna kva i gåve opp gjennom åra har eg sjeldan brydd hovudet med. Andre treng heller ikkje bry hovudet med det, dei bare hugsar det.

Du som les dette, vil vite at mor døydde for eit par månader sidan. Ettersom far døydde før mor, er det no på tide å dele for oss barna, og vi valde difor eit prinsipp om at gåver vi hadde gitt, kunne like gjerne gå til den som gav gåva, som å gå til andre av søskena. Men medan eg og bror min i liten grad hugsa kva vi hadde gitt til mor, sjølv ikkje dei siste åra, kunne søstrene våre utan problem hugse slikt langt bakover i tida. Det var då eg konkluderte for meg sjølv at det må vere eit spørsmål om gener. Kanskje til og med eit spørsmål om kjønn.

Og så slo eg meg til ro med det. Skulle eg ha hugsa det, måtte eg ha skrive det opp i ei bok, år for år. De som kjenner meg, veit at det ikkje er min modell, bloggen kan nok fungere som dagbok, men den er ikkje privat, og gåver og slikt høyrer nok til den private sfæra i livet mitt. I tillegg hadde eg levd mange år før blogging var mogleg, om eg skulle gjort noko slikt før Internett si tid, var det dagbokskriving som gjaldt, og det vart eg aldri nokon varig utøvar av. Kona ler av meg, eg kan starte på ein sjuande sans, men det er sjeldan han varer ut januar, så har eg slutta å skrive i han.

Men det er altså nokon som har både sjuande, åttande og niande sans innebygd. Det må vere eit spørsmål om gener.

Eit spørsmålsteikn

I dag har eg gått som eit spårsmålsteikn. I går var det lynnedslag i Homme og to hus vart totalskadde. Men kven sine hus var det. Vi som kjenner mange som bur i Homme, undra oss på kven det kunne vere, men korkje på sosiale medier eller på nyhetsmedier stod det noko om kven det gjaldt.

Når ein er på ferie og difor ikkje har direkte kontakt med folk i bygda, kvier ein seg for å spørje. Samstundes undrar ein seg på kven det var. Først i distriktssendinga fekk ein då noko svar på spørsmåla ein sat med då vi fekk sjå Malmfrid Nyborg Homme fortelje om reaksjonen sin.

Eg har ved ulike høve teke opp problematikken at det ikkje er særleg god dekning for hendingar i Setesdal når Valle Radio har ferie. Setesdølen må ein ha om ein skal halde seg orientert om kva som skjer i dalen, men den kjem bare to gonger i veka og har ingen nettutgave. moisund.com er gode til å informere, særleg om det som skjer i nedre del av dalen, men regionavisene har ofte stoffet bak ein betalingsmur som ein ikkje alltid har høve til å gå inn bak.

Så i dag var eg eit spørsmålsteikn i varmen.

Premiar som ikkje vert henta

Vi er takksame for alle som kjøpte lodd i påskelotteriet 2014. Dei aller fleste har no betalt, så på det viset skulle vel lotteriet vere ferdig.

Men eg snakka med Reidar Tveito i dag, og han kunne fortelje at ikkje alle hadde henta dei premiane han sponsa lotteriet med. Det var boka om Setesdalsbanen, og han hadde lagt ut bøkene så dei kunne verte henta på bokhandelen på Evje og på Birting i Kristiansand.

No er påska gått over i sommar og det er vel få som tenkjer på premiar i påskelotteriet, sjølv om dei har fått tilsendt gåvekorta. Difor hadde Reidar fått namnelista for kven som vann, så no ville han hente bøkene som enno ikkje var henta, og så ville han sjølv syte for at dei kom til vinnarane.

Det er vel ofte slik at ein vinn premiar i ulike lotteri, og så hentar ein ikkje gåvekortet eller premien om ein ikkje er til stades. Det var jo grunnen til at vi la om heile premieutleveringa og gjekk over til gåvekort, det var mange som ikkje henta premiane der vi la dei ut for å hentast. Når det så gjekk nokre veker, vart bensinstasjonane lei av å ta vare på dei. Gåvekort som vert sendt til vinnarane, skulle vere lettare.

Men det er ikkje alltid slik. Sjølv vann eg eit gåvekort i ein konkurranse på wikipedia i vinter, og den har eg enno ikkje henta, så eg skal ikkje kaste stein, for eg sit i glasshus. Men eg kan jo peike på eit problem.

Elles kunne Reidar Tveito fortelje at den nye boka han har laga om bruer på Riksveg 9 snart er ferdig frå trykkeriet. Då kjem ho til ein bokhandel nær det, og så kan du kjøpe den i staden for å vinne den.

Nytt liv for CD-plater

Agurknytt kallar ein det når avisene skriv om ting som er langt unna vanleg nyhetsstoff. Det er vel særleg i sommarferien dei finn slikt stoff, og det er jo tida agurkane veks i vinduskarmar og hobbydrivhus om den som har ansvaret hugsar å bere vatn til dei.

Agurknytt i Valle Radio er vanskeleg å formidle, for radioen har sommarferie, og utan sendetid vert det heller ikkje agurknytt. Så får eg heller nytte bloggen til å formidle sommarlege nyheter.

I våre dagar tek streaming over for cd-platene i arkivet til Valle Radio. Det er ikkje ofte vi må i hylla og hente musikk lenger, slik det var i gamle dagar. Det blir forresten kortare og kortare til gamle dagar. Av og til får eg spørsmål om vi skal skrote samlinga av CD-plater, men det trur eg ikkje er aktuelt enno. CD-spelaren funkar og veggplassen fungerer fint, sjølv om vi ikkje treng å utvide med fleire hyller.

I Homme har imidlertid gamle cd-plater fått nytt liv i jordbæråkeren. Dei skal fungere som fugleskremsel, har eg høyrt, og i Innsitog duvar dei vakkert i vinden, musikken, lydbøkene eller tekstane som var på platene, får ingen høyre eller lese, men bæra mognast og vert til glede for bærelskarar i alle aldrar. Det høver godt når sommarlege bursdagar skal feirast, så frå bloggen spelar vi Congratulations til Åshild og alle andre som feirar bursdag i juli med bær frå eigen hage. Framleis god sommar frå oss i Valle Radio og stor takk til gome Lisbeth for alle gongene ho har delt bokgleda si med lyttarane i Valle Radio og lånarane på biblioteket. I juli held ho ferie for å sjå dinglande cd-plater over bæra i hagen og for å vone om nye premiar i Valle jordbruksklubbs årlege medlemskonkurrane om den finaste kjøkkenhagen.

Og det var dagens agurknytt frå Valle Radio. 🙂

Førarkort for flyktningar

29. juni var det eit oppslag i VG om at kommunar sponsar førarkort for flyktningar. Det var tale om Åmli og Åseral, men også Valle har hatt ei slik ordning ei tid. Dette blir gjort ved at noko av det integreingstilskotet kommunane får, og som nettopp skal brukast til å dekke kostnader ved integrering, blir utbetalt til flyktningen som klarar å ta førarkortet.

Det kom kommentarar i facebook-feeden min i dag, og dei var negative og meinte at dette måtte og norske førarkort-kandidatar få. Då kunne eg ikkje anna enn å legge inn eit godt ord for den praksisen, for det er etter mi meining ein svært god måte å bruke desse pengane på, i alle fall for flyktningar som bur i grisgrendte strøk som dei kommunane som her er trekte fram. I ein by er det ikkje same trongen for førarkort, så der kan det nok heller diskuterast om ikkje pengane kan brukast på betre måte.

Men flyktningane i Valle må til Evje for å ta førarkort, og først må dei ha lært seg nok norsk til å klare teoritesten. Det er mange som strevar med den, nokre brukar tolk, dei fleste må prøve fleire gonger. Kvar gong går det minst ein tusenlapp i avgift og reisekostnader, så det er ikkje billig. Når så teoriprøven er bestått, kjem kjøretimane, då og blir det mykje å betale. Alt dette må flyktningane legge ut sjølv. Når dei så endeleg har bestått førarprøven, kjem refusjon av det beløpet kommunen har vedteke å støtte opplegget med.

Så kan dei starte livet som sjåfør og dermed utvide radiusen for å søke seg jobb. No er det ikkje lenger gåavstand som tel, no kan dei kome seg rundt i dei indre bygder der det måtte vere jobbar å finne. For flyktningane som bur i Valle betyr det at dei kan få seg jobb på Rysstad eller i Bykle, utan førarkort ville dei måtte få sosialstønad frå kommunen. For om dei ikkje har hatt jobb, har dei jo ikkje rett på arbeidsløysetrygd.

Førarkortet er hjelp til sjølvhjelp. Det er integrering på sitt aller beste. Ikkje mange i arbeidsfør alder i dei indre bygder kan leve utan førarkort, heller ikkje flyktningane. I byen kan ein ta buss til jobb, den går kvar halvtime, mange stader oftare, andre stader kvar time. I Valle er det ein buss morgon og ein buss kveld, avreise 7.20, heim 19.20. Det ville bety mange og lange timar med venting på Rysstad om ein var avhengig av slik transport for ein jobb der. Og lite tid til å delta i sosialt liv etter at ein kom heim. Å hjelpe flyktningar til å få førarkort er eit gode som betalar seg for kommunen.

Dei fleste norske tek førarkort når dei fyller 18, gjerne medan dei er på vidaregåande skule. Folk som ikkje kjem til landet før dei er langt over 18, etablerte familiefolk, har ein annan situasjon. Dei kan ikkje samanliknast.

http://www.vg.no/forbruker/bil-baat-og-motor/bil-og-trafikk/flyktninger-faar-sponset-foererkort/a/10051236/

Prestelista vart blåare

På Setesdalswiki har det vore ei liste over prestar i Valle. I samband med jubileet for Hylestad kyrkje, tenkte eg at eg ville arbeide litt for å få artiklar om desse prestane, altså gjere dei røde lenkene blå. Blå lenker har artiklar, medan røde lenker venter på å verte skrivne. Kvar dag eg skriv på Setesdalswiki, kjem det fleire røde lenker, i dag var det 10.505 røde lenker og 5370 artiklar, det er altså mest dobbelt så mange røde lenker som det er artiklar i databasen.

Stoff til nokre artiklar fann eg då eg leita på Internett, ikkje minst ved hjelp av ulike bøker med informasjon om prestar og teologiske kandidatar. I Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad er det ein stor artikkel med omtale av prestane, kan hende er det frå den artikkelen lista over prestar i Valle er laga. Difor har eg og nytta omtalen i desse artiklane når eg har skrive artiklar. Torjus Åkre har granska ein del og hatt tilgang til kjelder eg ikkje har, både visitasprotokollar og andre originaltekstar. Eg synest det er godt å få noko av dette fram i lyset ved å bruke det i artiklane om prestane på Setesdalswiki.

Av og til kan eg og lage lenker som gjer at teksten som i utgangspunktet omtalte noko, vert kopla saman med det han omtalar. I dag gjorde eg det med den salma som Johan Nikolai Frantzen fekk med i Landstads reviderte salmebok: Satan skal i støvet tredes. Så no kan du lese den teksten utan å ha den gamle salmeboka for hånda.

Så sit eg her og lurer på om eg skal gå vidare. Eg har vel i grunnen alt lagt til rette for å gjere det ved å lage lenke av tittelen på salmesamlinga som Frantzen gav ut i 1851. Då hadde han vore i Valle i seks år, og sjølv om han var ein aktiv mann, fekk han tid til å dikte. Torjus Åkre skriv Han vart ikkje sett høgt som salmediktar. Salmane var trøyttande, einslungne og jamt utan stemning, vart det sagt. Likevel lurer eg på om eg skal gjere eit forsøk på å trekkje fleire av tekstane hans fram i lyset. Eg får sjå. Bak den blå lenka vil det i alle fall kome ein tekst om boka han gav ut.

Jubileumsfest med særpreg 3

Eg er framleis i jubileumsmodus og takksam for at eg fekk vere med på jubileumsfesten for Hylestad kyrkje 175 år.

Sjølv hadde eg ein rolle i festen ettersom eg var med i komiteen som førebudde arrangementet, saman med Siri Melhus, Åse Hovet, Sissel Åkre og Leonhard Jansen. På dei siste møta var og Sissa Ringstad og Astrid Nomeland med.

Eg hadde i oppdrag å time programmet i soknehuset, og det sprakk med ein time, så den jobben var jo ikkje heilt etter planen. Eg hadde tenkt vi skulle slutte mellom halv fire og fire, men ho vart halv fem før alle hadde fått rosene og Kim André Rysstad hadde avslutta med Langt inn på ville heii.

Sjølv hadde eg ei lita helsing og på festen. Eg hadde trong for å seie litt om samanhengen som førte til at Hylestad kyrkje var vegkyrkje frå 1993 til 2005. Då eg kom til Valle i 1991, fekk eg hus i Hylestad. Eg kom i august, og noko av det flottaste med Hylestad kyrkje var det nye orgelet, som var blitt vigsla i mai same året. Så eg tenkte at det var dumt å ha eit orgel til ein million kroner og så bruke det så lite.

På denne tida var det frå sentralt hald i kyrkja fleire initiativ for å få i gang vegkyrkjer, og eg reiste på eit seminar om dette i Oslo og fekk inspirasjon til å arbeide for å etablere vegkyrkje i Hylestad kyrkje. Alt i 1992 hadde vi litt arbeid i gang, men frå 1993 var det musikkandaktar og kyrkjevertar som stod for guiding og kaffeservering. Orgelet var den utløysande faktor, og mange som var innom, var imponerte over instrumentet. Men kyrkja hadde ikkje organist med utdanning, og vi var på jakt etter det. Ein dag kom Pieter Leebeek innom, han var på ferie frå Nederland, og han fekk prøve orgelet. Vi snakka saman og han sa at om eg greidde å skaffe stilling, ville han søke. Han hadde spesialisert seg i improvisasjon i utdanninga si, men han spelte flotte verk på det vesle orgelet.

Resten er historie, vi fekk kommunen med på å etablere full stilling som organist, og i mange år var det musikkandaktar i Hylestad kyrkje dei fleste dagar i sommarsesongen, det var innbakt som ein del av stillinga for organisten. I dei 25 åra som har gått sidan 150-årsjubileet, er den aktiviteten det som mest har særprega Hylestad kyrkje. Sjølv om ein i dag ikkje har guiding, står kyrkja framleis open i sommarsesongen for vegfarande som vil ha ei stille stund på turen.

Sverre Olsen skreiv i 1990 salma Kirken strekker sine hender. Den handlar om det riket som skal komme. Men Hylestad kyrkje strekkjer seg ut mot dagens menneske for å minne oss om at det kviler ein himmel over livet, at vi kan ha godt av å stoppe opp og tenke på Gud både i ungdoms og manndoms år.

Eg hadde ikkje skrive manuskript, så eg fekk vel ikkje sagt det så godt i helsinga mi som eg hadde planlagt, men dette var nokre av dei tankane eg gjorde meg i samband med jubileumsfeiringa.