Doktorgrad på flisfyring

I går kveld hadde eg med meg Geir Skjevrak frå Bygland på telefonen i Valle Radio. Han har teke doktorgrad på flisfyring. Då han forklarte det nærare, fekk me vite at han hadde prøvd å finne tilsettingsstoff som ein kunne nytte for å sikre god forbrenning og dermed god utnytting av veden. Samstundes var det viktig at oska ikkje vart fast, for då er ho vanskeleg å få ut av kjelen, og oske må ein jo fjerne både i omnen i stova og i store anlegg.

Det var visst ein spesiell disputas i Trondheim denne dagen, for eit tjuetals byglendingar hadde teke vegen til Trondheim for å oppleve disputasen. Kor mykje dei forstod av fagspråk om vedfyring på engelsk kan ein jo lure på, men ei oppleving må det ha vore. Til vanleg kjem det ein handfull publikum på slike disputasar, og er vart salen temmeleg full.

Geir fortalde at det etter kvart er blitt fleire flisfyringsanlegg i Setesdal. Han fortalde og at prisen på slip-tømmer er så låg at ein like gjerne nyttar heilt tømmer til å lage flis av i staden for å nytte kvist og kvas, som krev meir arbeid.

Då tenkte eg at det kan hende er grunnen til at trea som vart hogde ned utanfor vinduet mitt i Leite før eg flytta inn, og dermed gav meg utsikt frå vindauga mitt til Nomelandsfjødd i staden for til ein skog, truleg ligg der framleis fordi det er meir arbeid å kviste dei og få dei til Rysstad, slik planen var, enn å kjøpe ferdige lass med tømmer for å lage flis av. Men om det er tilfelle, burde kan hende all den gode veden som ligg der, bergast til ved før trea rotnar og vert ubrukelege.

Kollisjonar i eteren

Siste året har vi hatt eit samarbeid med Radio Evje slik at våre sendingar tysdag og onsdag har gått ut over nettet deira. Det har vore ein rikdom for heile dalen etter mi meining, då har nærradioen fungert som regional radio for heile Setesdalsregionen.

Fredag var det jolebord for tilsette i kommunen. Eg tok ein tidleg kveld og reiste frå Sølvgarden klokka halv ti, og då høyrde eg på Ronny og Kåre nedover dalen. Men då eg kom eit stykke ned i Bygland, overto Radio Evje eteren med si sending. At rebusane var vanskelegare var no ein ting, men eg visste jo at samarbeidet vårt, som har vore i eit system der vi hadde første fredag i annankvar månad til heile dalen, og difor hadde sauesending i oktober og no skulle ha adventsending, ikkje lenger var heilt vasstett.

For oss i Valle radio har det vore vanskeleg å få folk til å ha fredagssendingane, vi likar oss best midt i veka i det ordinære programmet. Men vi har gått inn i samarbeidet om å ha fredagssendingane for å byggje noko i heile dalen saman med Radio Evje. At det no var brote, uroa meg, så då vi var på jolesamling i Kristiansand laurdag, tok eg det opp.

No ser i i dagens Setesdølen at Radio Evje skal ha sending i morgon kveld frå 20.30. Eg er programleiar i Valle radio på same tid, og tek omsyn til at eg har heile dalen som målgruppe når eg legg planane. I morgon skal eg ha med meg Ragna Marie Henden frå Stemmerettsjubileet 2013 og vi skal snakke om det og om Grunnlovsjubileet 2014. Det er greitt nok at folk i Øvre Setesdal får høyre det, men det hadde vore stoff for nedre del av dalen også.

Eg reknar med at tida fram til halv åtte kan gå til heile Setesdal og vonar å ha stoff som kan vere aktuelt for folk i Nedre Setesdal i den aktuelle timen. Så får styra setje seg saman og finne ut korleis vi kan unngå kollisjonar i eteren.

Program for veke 50 – 2013

Tysdag 10. desember

Inga tysdagssending

Onsdag 11. desember

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakter frå klokka 20.30 Ingunn Åkre Uppstad og Ingebjørg Ellinor Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Frode Buen
20.00 Haralds time. Stemmerettsjubileet 2013 og Grunnlovsjubileet 2014. Ragna Marie Henden
21.00 Opi sending ved Ronny Stavsholt

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Denne veka går tysdagssendinga ut, eg er på møte i Porsgrunn måndag og det meste av tysdagen. Men onsdag kjem eg sterkt tilbake og har fått med meg Ragna Marie Henden som var koordinator for Stemmerettsjubileet 2013 i Vest-Agder i Haralds time. Eg hadde første sending i Valle Radio i 2013, då hadde eg fokus på Stemmerettsjubileet og spurde ordførarane i Setesdal om kva planar det var i kommunane i dalen. No får vi høyre litt om korleis markeringa har vore andre stader, vi får høyre songar som var med i konkurranse om beste song til jubileet og vinnarmelodien. Vonleg kan det gje eit oversyn over kva som hende i året som gjekk. Og så ser vi framover mot Grunnlovsjubileet 2014.

Kva som kjem i den aktuelle timen, er ikkje klart enno.

Radiotur 2013

Laurdag 7. desember reiste radiostaben på Kristiansandstur. Rolf Erik kjørte kommunebussen frå Valle alt klokka 9, det skulle bli god tid til jolehandel for dei som prioriterte det. Sjølv kom eg frå Mandal utpå dagen. Programmet for turen var lagt opp av Liv Gunn Viki og Øyvind Jacob, i praksis var det vel Liv Gunn som stod for det meste, etter det Øyvind sa. Klokka 18 hadde vi middag på Hotell Norge før turen gjekk til Sissel-konserten i Kilden klokka 21. Vi hadde fått plassar høgt oppe på balkongen, vi kunne mest bare skimte henne langt der nede. Slik sett hadde nok ein TV-konsert gitt meir nærkontakt med artisten, men det er jo noko eige med å vere i romet.

Konserten var strålande flott, Sissel hadde med seg tre gospelsongarar frå New York og fem eminente musikarar. Kjente og kjære jolesongar så vel som gospelsongar eller kan hende ein skulle seie jolesongar i amerikansk tradisjon gav publikum jolestemning.

Etter konserten kunne folk gjere kva dei ville, nokre tok ein tidleg kveld, andre samla seg i resepsjonen på Norge for å prate saman før dei tok kvelden, medan atter andre tok ein runde på byen for å sjå etter kjentfolk.

Sundagsmorgonen fekk vi ein lang frukost på Norge, den frukosten er jo legendarisk, så sjølv om vi kanskje ikkje åt så mykje meir enn vanleg, gjorde vi det over mykje lenger tid. Dei første radiofolka kom vel til bords klokka 8 då salen opna, medan dei siste gjekk frå bordet like før klokka 11, då bussen var sett opp til å køyre oppover dalen att. Sjøv valde eg å nyte sport på hotellromet den siste timen og fekk akkurat med meg Synnøve Solemdals siger i skiskyting før eg sjekka ut og gav meg på heimveg.

Det var ei triveleg helg i godt lag og ein inspirasjon til å halde fram i Valle Radio i alle fall for meg, men sikkert også for dei fleste av oss.

Valle kommunes jolebord 2013

Det årlege jolebordet vart halde i kveld på Sølvgarden, og tradisjonen tru skreiv eg sang til arrangementet. Den kan eg dele med dykk som les bloggen. Det vart ei koseleg bordsete med velkomst frå rådmann Eivind Berg og festen vart leia av Øyvind Jacob, beden inn for høvet, ettersom helseavdelinga, som han arbeider i, no ligg under Bykle kommune. Sidan var det ein litt lenger tale av rådmannen, ordføraren delte ut heder til Tor D. Lunden for 25 års teneste, og Kim Pedersen talte for damene medan Marianne Brenna talte for herrene. Taffelet vart heva av ordførar Tarald Myrum, som takka for maten. Så vart fol inviterte til kjellaren, der det var standup og musikk og dans til langt ut i dei små timar. Men då reiste eg heim , mellom anna for å skrive blogg.

Her er jolebordsongen 2013:

Melodi: Nå har vi vaska golvet

Nå er me atter samla til jolebord og fest,
me vonar du vil trivast som kveldens glade gjest.
Velkomen hit til alle, frå kvar og ein etat!
Me alle vil oss glede over kveldens jolemat.

Men først eit blikk tilbake på året som har gått,
det gjer oss alltid glade; vi ser kva vi har fått:
Nytt stadion som lyser i mørke vinterkveld
for alle som med fotball og med trim seg kjenner vel

Så flott ein barneskule i Valle er på plass,
med utstyr som seg høver for lærdommens palass:
med smarte nye tavler dei no kan boltre seg,
og digital oppleving få på livsens lærdomsveg.

Og no har alle vegar i Valle fått sitt namn
det skapte litt rabalder, men no er dei i hamn.
Honnør fortener gruppa for jobben dei fekk gjort
og sytte for at sjukebilen no kan kome fort.

«Der ingen skulle tru» var i Valle på besøk,
det gode liv på Tytingen er ingen dårleg spøk.
Og Sigurd fronta vallemal og dialekten vår,
kulturkommunen Valle no på trygge føter står.

I kveld du må deg glede med dei du har til bords
kan hende kan de prate om festen Tour des Fjords
I år så seier Valle kommune AV OG TIL,
så om du får deg vatten, ja, så drikk det med eit smil.

Og sentrumsplanen slit me med om krossen borte vart,
og framleis manglar ventebu i sentrum, det er rart.
Så om me har det flott her, står oppgåver i fleng
og ventar på at kanskje me kan spare opp litt peng.

Det vil me ikkje tenke på i denne førjulstid
no legg me bort bekymringar og kiv og strid og splid
og kosar oss på festen ein gild desemberkveld
og vonar at me alle har det gama likevel.

Straumlaust

Eg kom heim klokka fire i ettermiddag, og det var ikkje så lenge etter at straumen gjekk for første gong. Eg hadde lagt meg for å ta ein middagskvil då det skjedde. Seinare stod eg opp og fekk meg noko kveldsmat, då var det straum i Leite, men utpå kvelden vart han borte att, det er noko problematisk for meg som ikkje har vedfyring. Sjølv om eg hadde hatt på ekstra omn, kjenner eg no at det vert kaldt i stova. Så det er vel tid for å leggje seg og la dei som strevar med å reparere linjene få halde på. Vonleg er han tilbake når eg vaknar att.

Eg har ein bærbar datamaskin, han har straum att for tre kvarter, og det mobile breibandet hentar og straum, så eg får vel avslutte dagens digitale melding før eg misser all straumen på maskina.

Kyrkjejubileum

I dag var eg på komitemøte for 175-årsjubileet for Hylestad kyrkje. Nemnda er Siri Melhus, Åse Holen, Sissel Åkre, eg og presten vår, Terje Seilskjær. Det hadde vore to møte før dette, dei hadde eg ikkje hatt høve til å vere med på, så dette var mitt første møte med planane som ein legg for jubileet. Datoen for markeringa er 29. juni 2014. Om du vil vere med, kan du jo alt no setje av den datoen i kalenderen din.

Sjølv kom eg til Hylestad i 1991, det var to år etter 150-årsjubileet. Den gongen vart det gjeve ut eit hefte, denne gongen tenkjer ein ikkje å lage noko bok, men ein vil sjå til at det kjem fyldig informasjon på digitale media. Alt no kan du lese ein artikkel på Setesdalswiki om kyrkja, den er ikkje spesielt lang og utfyllande, men i samband med jubileet er det naturleg å byggje den ut til å bli ein stor og grundig artikkel: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hylestad_kyrkje Med hypertekstsystemet kan ein lage underartiklar under hovudartikkelen, slik at ein kan få ein grundig informasjon om kyrkja og aktuelle tilhøve i samband med kyrkja.

Vi snakka litt om å arrangere ei kyrkjevandring frå den gamle kyrkjegarden på Bjørgum, der kyrkja stod før noverande kyrkje vart bygd. Med ein kunnig guide kan det vere litt av kvart å sjå på den turen. I gamle dagar rodde folk mellom Ulveriket og kyrkja. Eg veit ikkje kva tid Skagebrua kom, men den endra jo livet sterkt for folk på austsida, så ein slik tur kan vere ei fin oppleving, tenkjer eg.

Elles snakka vi litt om at det kan vere aktuelt å strekke markeringa ut i tid, sjølv om festdagen blir 29, juni. Det kunne vere aktuelt å ha jubileumskonsert eller andre markeringar, og det kan vere vanskeleg å få plass til alt på ein dag. Det ville ein kome tilbake til på nyåret når ting er meir avklara.

Program for veke 49, 2013

Tysdag 3. desember

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv. Om Normisjons jolemesse i Valle ved Åse Rike og om NMS, økonomi, strategi og om ein ettåring.
19.00 Møteopptak. Viggo Wilhelmsen på Nomeland bedehus
20.00 Møteplassen. Arnfinn Clementsen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Musikk til advent
21.00 Kyrkjebakken

Fredag 6. desember

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter frå 20.30: Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Regionrådet informerer ved Signe Sollien Haugå
20.00 Hvad vinden bragte. Opptak frå konserten i kulturveka 2013
21.00 Opi sending ved Ronny Stavsholt og Kåre Rike

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Adventskalender

Så er det tid for adventskalender. Eg les i avisa at folk har laga pakkekalender med ein pakke for kvar dag i 24 dagar. Då tenkjer eg at jolegåvene vil forsvinne noko i pakkehaugen. På Setesdalswiki har eg ei anna løysing. Kvar dag legg eg eller ein annan brukar inn eit nytt bilete i jolekalenderen. Bileta er frå Setesdal eller illustrer noko i adventstida eller joletida.

Reidar Tveito starta med eit bilete som dotter hans, Katrine Tveito tok sundag 1. desember. Då gjekk Fånefjorden kvit, og det var eit talande bilete som fortalde om uveret denne dagen. På moisund.com hadde han ein biletkavalkade over veret denne dagen. Den var interessant å sjå, sjekk gjerne bileta til Reidar der: [http://www.moisund.com/2013/12/02/stormsundag-i-bygland/ Stormsundag i Bygland] heiter artikkelen. Det må ha vore sterke krefter i gang denne dagen.

Sjølv la eg inn eit bilete eg fann på Facebook i dag. Det var eit av dei sju slaga som Else-Marie Lunden bakar i denne adventstida, Sarah Bernard-kaker. Eg vonar at jolekalenderen kan spegle av aktivitetar i Setesdal i denne førjolstida. Sjølv er eg ikkje nokon stor fotograf, men gode vener på Facebook stiller dagleg med bilete som kan vere aktuelle. Eg ville jo gjerne hattar artiklar om fotografane og, om det let seg gjere, står att å sjå. Fjorårets kalender har mange røde lenker, noko som tyder på at det ikkje er så lett å få til artiklar om fotografane. Men bli gjerne med i å dele bilete på Setesdalswikis jolekalender. I fjor var det over 400 oppslag på den sida, så nokon ser på bileta som ligg der.

Mørkt i Bygland

Det var rart å køyre oppover i dag og kome til mørklagd Fånefjellstunnel. Eg hadde tenkt å stoppe på butikken på Bygland, men der var det mørkt og stengt, Tappen var mørklagd, bare Byglandsheimen hadde lys i Bygland kyrkjebygd. Nordover var det og mørkt, både på Skomedal og Frøysnes, men frå Ose var det lys att.

I Valle var det stilt, men eg las på Facebook at jolegrana sine lys var smadra, så tenning vart ingen høgtidsam seremoni i kveld, men mat på Menighetshuset vart det vel ei råd med. Facebook oppdaterte meg og på situasjonen i Bygland, der skal skule og barnehage vere stengde i morgon på grunn av kalde hus. Dei reknar visst ikkje med å få straumen tilbake før utpå mmåndagen.

Ettersom ein baserer oppvarming på straum meir enn ved, kan det nok vere kaldt fleire plassar. Men ein får håpe det beste i denne situasjonen. Uvanleg er det i alle fall å få så kraftige konsekvensar av vertilhøva.

Sjølv om det var bart, var det og litt skummelt føre på vegen i dag, plutseleg var det isete parti, så ein måtte køyre forsiktig og heller ta tida til hjelp. Eg gjorde det, starta frå Mandal medan det var lyst, men mørket kjem i grunnen fortare enn ein likar no for tida, så det var godt at trafikken frå Hovden ikkje var så veldig stor, for det er slitsamt med mykje møtande trafikk i mørket.

God advent.