Valresultat, vegar og villmarksliv

Sundagskvelden sende eg denne pressemeldinga til Setesdølen:

Onsdag 11. september startar sendingane i Valle Radio att etter sommarferien. Programleiar Harald Haugland opplyser til Setesdølen at han vil ha eit skråblikk på valresultatet i Aktuell time frå klokka 18 og har fått løfte frå Kjell Ingolf Ropstad om å vere med på telefonen. Om meiningsmålingane slår til, blir det ein jubelprat anten Kjell Ingolf har fått plass på Stortinget fire nye år eller ikkje, for han har vore klar på at han vonar det blir borgarleg fleirtal. Om han ikkje bergar plassen sin, kan han vel få nye utfordringar i regjeringskontora.

Erling Sagneskar har også hatt nye utfordringar. Etter at han gjekk på ski over Grønland for ei tid tilbake, har han i sommar vore seks veker i Canadas villmark. Han var på leiting etter buplassen Helge Ingstad hadde då han overvintra på tundraen, den han fortalde om i boka Pelsjegerliv. Erling kjem i studio klokka 20 for å fortelje frå turen.

Sendingane i Valle Radio startar med ordinær tysdagssending 10. september klokka 18. Dei kan ein få inn i heile Setesdal no, for radioen sender over sendarane til Radio Evje så vel som over sendarane i Øvre Setesdal. I tillegg kan ein finne sendingane streama på Internett.

Eg gløymde å ta med at sendinga og skulle ha ein bolk om vegar i Valle kommune i pressemeldinga, men i går kveld kom ei sprudlande Malla i radioen med god og strukturert informasjon om vegnamnprosjektet. Du kan lese namna på vegane på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Vegnamn_i_Valle_kommune og der er det og lenke til kommunen si side om prosjektet. Heile programmet for kvelden finn du og på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130911

Etter at eg var ferdig med kveldens program, vart det ikkje meir jobbing på Internett i går, difor kom det ingen bloggpost i går. Men eg er godt nøgd med programmet, dei sakene eg hadde nemnt sundag, slo til. I tillegg fekk eg ein prat med Edgar Paulsen, som var i Valle med ein Jim Reeves-kveld.

Rop med jubel for Herren, all jorda!

Jauchzet dem Herren alle Welt var tittelen på motetten av Felix Mendelssohn som Niklos K. Besteland hadde funne fram i kveldens Postludium. Eg omsette tittelen til norsk, han er henta frå Salme 100, og nyttar den til overskrift i kveld.

Med denne sette han eit fint punktum for programmet denne kvelden. Først hadde han den kjende bryllupsmarsjen, deretter motetten, før han avslutta med den nydelege Andante i D-dur, melodisk og fin å nynne på i haustkvelden.

Så hadde eg ikkje meir enn slutta av Kyrkjebakken-innslaget med å snakke om det som skal vere denne veka, før Olav Føreland vara på telefonen frå Søgne. Han var ein av dei tre som hadde høyrt på Internett i kveld og som ville takke for eit fint program. Han sende særleg helsing til Niklos for musikken han hadde funne fram og nemnde spesielt stykket som er overskrift for denne bloggposten.

Men også tidlegare i kveld var dette temaet i fleire innslag. På Evje, eller rettare sagt i Flatebygd bedehus, skal dei i morgon ha bønn, lovsang og takk for hjelp, styrke og legedom som Gud har gjeve til nokre som har vore råka av sjukdom der. Erik Albert frå Normisjon fortalde om det i den aktuelle halvtimen klokka 18.30 og ønskte alle som ville vere med på det velkomne til Flatebygd klokka 18 i morgon.

Det same temaet var Åge Nevland inne på. Han fyller 80 år denne veka, og fortalde om korleis dotter hans hadde blitt helbreda etter år med smerte og liding. Det var ikkje vanskeleg å høyre at han var takksam og glad i intervjuet Ellen Sørlien hadde med han i Møteplassen-programmet.

Sjølv er eg takksam for at eg får starte på ein ny radiosesong. Den første songen i kveld var Mette&Roger sin song: Et nådens år fra Herren. Når vi no startar ein ny sesong, er det mi bønn om at året som ligg framom oss, må bli det.

På tampen i kveld vil eg gratulere min gode kollega Øystein Berg, som fyller år i dag. Eg gløymde å seie det på jobben i dag, men heldigvis minna Facebook meg om det, så eg fekk sende han ei helsing, og godt var det. Ein god kollega er og ein grunn til å juble og å takke.

Valget er over

Så er valget over. For Aust-Agder ser det ut til å bli status quo, det vil seie at dei fire som har vore fylket sine representantar, får fire nye år. Før valget var det nokon som trudde at Høgre kunne få inn to frå Aust-Agder, men det slo ikkje til.

Ettersom eg ikkje har TV heime, tok eg turen på Valle Vaksenopplæring for å sjå på partileiarane sine helsingstalar til folka sine under valgvakene i Oslo. Eg fekk med meg eit par av elevane mine, dei var interesserte i kva valget kan ha å seie for deira situasjon. Så vi hadde ein fin time denne måndagskvelden der dei fekk oppleve norske politikarar i jublande talar sjølv om resultatet eigentleg like gjerne kunne inspirere til gråt. Det er rart å sjå korleis folk kan finne noko å trøyste seg med også i trøysteslause situasjonar.

Om Høgre no gjennomfører reformtankane sine i kommunepolitikken og innfører fire kommunar i Aust-Agder, så vil det biletet vi har av Setesdal nok endrast ikkje så lite over tid. Men politikk tek tid, så vi får sjå korleis det går når fest-talane er haldne og kvardagen tek til med forhandlingar mellom partia.

Program for veke 37, 2013

Det er litt rart å tenkje på at vi no er i gang att. I alle fall når eg sit her sundagskvelden og gjer klart programmet. Ofte har det blitt sagt at radioen høyrer til dei mørke haust- og vinterkveldane, men når det er 20 grader og sola skin ute, kan ein lett tenkje at det enno er sommar og ein difor kan vente med å setje saman programmet. Men no er programma for første veka denne hausten klare:

Tysdag 10. september

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Vi startar opp att
18.15 Andakt
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Country Gospel
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 11. september

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Kåre Rike
Telefonvakter frå 20.30 Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft

18.00 Aktuell time.
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer. Vegnamn i Valle ved Gunn Marith Homme og Knut Erik Paulsen
20.00 Ein sommar i Canadas villmark. Erling Sagneskar fortel
21.00 Opi sending ved Henri-Tore Viki og Rolf Erik Homme

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Velkommen til eit nytt semester i Valle Radio.

Valgdebatt

Eg har ikkje fulgt med i valgdebattane på fjernsyn, men ettersom eg skriv inn overskriftene i Setesdølen på Setesdalswiki, fekk eg ein god dose valgstoff i går. Då var avisa 24 sider, truleg var meir enn halvparten lesarinnlegg og annonsar i høve valget.

Avisa hadde fått med seg alle kandidatane frå Aust-Agder sine turar i Setesdal, kanskje med unntak av Kjell Ingolf, men han hadde fått eit heilsides intervju i staden. Ingebjørg Godskesen hadde vore innom i avisa, Svein Harberg hadde hatt scooterstunt i Valle og prata med Pål Dale medan Freddy de Ruiter og Line Vennesland fekk godord frå Jan Olsen for hjelp dei hadde gjeve då ei kvinne frå Cuba fekk problem med å kome på tur til Noreg.

Av dei som gjerne vil på Tinget hadde Kåre Gunnar Fløystad fått spalteplass i samband med at han var i Valle onsdag og då tok turen opp til verneområdet i Vestheia saman med Tarald Myrum og Leiv Rygg.

Elles var det innlegg av tidlegare KrF-ordførarar frå Arendalsområdet. Du kan jo tenke deg kven dei anbefalte. Men det var og eit par som åtvara mot KrF og ville ha folk til å stemme på De kristne. Ordføraren i Iveland og eit par ordførarar frå Vest-Agder hadde også lesarbrev i Setesdølen i høve det føreståande valet.

Etter alt dette var det i grunnen befriande å lese Jan Haagensen sitt vesle innlegg om at Evje og Hornnes Venstre var reetablert med tanke på valet om to år. Då vona dei å klare å få ein plass i kommunestyret.

Overskriftene til alt dette stoffet finn du på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesd%C3%B8len_nr._70,_2013 Enno er det tid å skaffe seg avisa frå ein bensinstasjon nær deg. Om Setesdølen kjem tysdag med valstoff, det er eg usikker på, men andre aviser vil jo vere fulle med resultatoversyn når tysdagen kjem.

Oversikt over opningstidene i vallokala finn du på Setesdalswiki sine datoartiklar for 8. og 9. september. Godt val.

Så startar vi att

Komande veke startar Valle Radio haustsesongen 2013. Eg har fått æra av å vere førstemann ut og har sending som vanleg tysdagskvelden, men så kjem eg att onsdagskvelden. På årsmøtet på Sølvgarden onsdag hadde vi ein samtale om programma, og der kom det fram at vi måtte prøve å dekke større område i Valle og Setesdal om det var mogleg, det vart sagt at radioen var noko Valle-sentrert. Det vart understreka frå alle programleiarane at vi var svært takksame for tips frå folk som hadde noko å melde om.

Sjølv vil eg seie at det er alt for ofte at vi slit med å få folk til å kome i radioen og fortelje om saker dei er opptekne av; vi høyrer ofte: Kan du ikkje bare seie det sjølv? Men det er ikkje god radio når programleiaren snakkar sjølv og ikkje har nokon å snakke med. Informasjonen vert meir levande når vi snakkar saman. Om eg har eit ønske for komande haust i Valle Radio, er det at vi får mange interessante samtalar med folk som har noko på hjarta.

På møtet nemnde eg at ettersom vi no sender til heile dalen kvar gong, likar eg å ha noko stoff frå andre kommunar så vel som for Valle. Det er jo noko vanskeleg å få folk til å kome i studio, men ein telefon kan jo vere ei god erstatning. Mitt mål er at det skal vere aktuelt lokalt stoff frå heile Setesdal i sendingane.

Det er nok framleis eit problem at folk i nedre Setesdal ikkje er vane med at Valle Radio er på lufta på onsdagskveldane, difor er det mange som sikkert kunne hatt glede av programma som ikkje får dei med seg. Kan hende burde vi ha ei eller anna form for kunngjering som er betre enn annonsane, men det kom ikkje fram kva det eventuelt skulle vere då vi snakka om det på møtet. Ein omtale av program i Setesdølen er bra, men kanskje vanskeleg å få til når stoffet må vere inne innan måndag føremiddag. Då har vi som regel ikkje klart for oss kva som kjem til å vere med i programmet. Men det kan jo vere eit mål å ha noko klart, slik at vi kan lage små presseomtalar.

Årsmøte for 2012

Årsmøtet for Valle Radio for 2012 var lagt til Sølvgarden onsdag 4. september 2013 klokka 18. Då leiar Ørnulf Hasla helsa velkomen, var det 17 frammøtte.

Harald Haugland vart vald til referent og Ørnulf Hasla til møteleiar. Han opna med å seie at han var lei seg for at møtet ikkje hadde blitt noko av i vår, men at han var glad for at vi kunne få ha møtet før haustsesongen i radioen starta.

Årsmeldinga var skriven av Kåre Rike. Ørnulf Hasla las den. Det var nokre kommentarar på at årsmeldinga var skriven for hausten 2012 og våren 2013, men med små justeringar i høve til utkastet vart ho samrøystes vedteken. Deretter vart rekneskapen gjennomgått. I 2012 var det eit driftsunderskot, noko som skuldast ei stor oppgradering av studio. Balansen synte likevel god likviditet ved utgangen av 2012.

Valnemnda var Ronny Stavsholt og Henri Tore Viki. Dei hadde snakka med Ørnulf Hasla, Britta Lise Homme, Helge Homme og varamann Rolf Erik Homme som var på val. Alle var villige til å halde fram og vart attvalde med akklamasjon. Også valnemnda vart attvald med akklamasjon.

Etter at dei formelle saken var unnagjort, drøfta ein sendeplan for hausten 2013 og sette opp fordeling av oppgåver. Deretter samtalte vi om korleis vi betre skal dekke heile Valle kommune, men og dei andre kommunane i Setesdal. Sendingane våre går til heile dalen, og samarbeidet med Radio Evje er godt. Det er planlagt eit møte med Radio Evje. Spørsmålet om sendingar frå kommunestyremøta i Bygland har vore teke opp, men svar er ikkje kome så langt.

Møtet vart avslutta klokka 20, då Harald Haugland retta ein stor takk til Ørnulf Hasla for innsatsen gjennom året, noko som heile forsamlinga slutta seg til gjennom sterk applaus. Deretter vart det servert middag i restauranten. Her gjekk praten vidare med utveksling av idear til program i sendingane og andre synspunkt ut over kvelden.

På stand

I går var SP og FrP på stand i Valle. Eg skulle på butikken då dei starta, og Åse Ingebjørg Flateland hadde ei dugeleg førelesning for Ingebjørg Godskesen om situasjonen for landbruket i Øvre Setesdal og kva ho meinte ville skje om FrP fekk makta. Elles var det ganske så gemyttleg, eg fekk stoff til å få kjøt på artikkelen om Kåre Gunnar Fløystad på Setesdalswiki, og i etterkant av det, skreiv eg ein ny artikkel om han på Wikipedia. http://www.setesdalswiki.no/wiki/K%C3%A5re_Gunnar_Fl%C3%B8ystad Men eg gløymde å ta bilete av han til artikkelen.

Derimot fekk eg ein koseleg prat med Kjetil Rike, Britta Lise og Leiv Rygg. Tarald Myrum var innom, men han måtte på formannskapsmøte. Der skulle dei debattere om kva som skulle gjerast med korset på Menighetshuset. Eg meiner dei burde hengt opp eit kommunevåpen og sett opp skilt med Valle midleritidge kulturhus då dei hadde kjøpt det. Kommunevåpenet har fem krossar, og så hadde det blitt markert kven eigaren var. Men Kjetil kunne fortelje at dei hadde ikkje avvigsla huset, sjølv om det no var gått lang tid sidan handelen. Det burde jo og vore gjort, slik at det var tydeleg for alle at no var dette eit kommunalt hus.

Det gjekk eit par timar i solsteiken utanfor Coop Valle før eg fekk tak i Setesdølen og kom meg tilbake på skulen for å skrive inn overskriftene. Så vart det eit par småartiklar til, før eg plutseleg oppdaga at klokka var så mykje at eg måtte kome meg til Rysstad for å vere med på årsmøtet i Valle Radio. Det vart ein hyggeleg kveld med 17 møtande. Eg vart vald til referent, men referatet kjem eg tilbake til i ein seinare bloggpost. Eg var referent for årsmøtet for 2011 og, men det referatet vart diverre skrive i gløymeboka, så det finst ikkje. Referatet for årsmøtet for 2012, derimot, det kjem snart på bloggen.

Nærare hundre vegar

I dag vedtok Oppvekst- og kulturutvalet i Valle vegnamn i kommunen. Det har vore ei prosjektgruppe i sving. Den har vore samansett av folk som arbeider i kommuneadministrasjonen, og så har dei hatt ei ressursgruppe dei kunne få råd frå. I utgangspunktet skulle ein nytte namn som alt var i bruk, og framlegget, som no er vedteke, har til og med vore til uttale hjå Språkrådet.

Om vegen vidare seier gruppa:
Vegen vidare:
Utlysing av vedtak vert gjort snarleg etter møtet, på heimesida og i aviser. Det er ikkje klagerett på namnet, men det er høve til å klage på skrivemåten. Den enkelte adressemottakar kan også søkje om å få tilleggsadresse, men det må liggje til grunn gode grunngjevingar for å få godkjent tilleggsadresse.

I veke 41 vil prosjektgruppa utarbeide skiltplan som grunnlag for oppsetting av skilta våren 2014. Prosjektgruppa har alt no meldt inn til økonomi og rådmann at det må setjast av kr. 400 000,- på budsjettet for 2014. Dette for å få finansiert skilt, få sett opp skilt og for å få fullført prosjektet etter planen.

Plan og miljøutvalet gav i sak 30/13 delegert mynde til rådmannen å definere adresseparsellar og tildele nummer. Rådgjevar GIS, Marit Henriksen, tek til med nummerering i oktober. Så snart ein adresseparsell er ferdig nummerert vil me sende ut vedtak om ny adresse til alle bustader som høyrer til den enkelte parsell.

Arbeidet ligg godt innafor tidsplanen. Dei reknar med å bli ferdige med prosjektet innan fristen som har vorte sett: 1. oktober 2014.

Det er grunn til å gje honnør til gruppa for jobben som er gjort. Dei fekk oppdraget i april og alt i september er vedtak gjort. Du kan lese vegnamna på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Vegnamn_i_Valle_kommune

5000 unike gjester på Setesdalswiki

Eg har ei side som fører statistikk over besøk på Setesdalswiki. Når eg av og til føler meg trøytt og tenkjer at det er liten vits i å halde på, det er ein wiki, men det er ikkje mange som skriv, kanskje folk ikkje er interesserte i Setesdal, i alle fall ikkje nok interesserte til å skrive sjølv.

Då kan det vere lurt å sjå på den for å sjekke stoda. I august hadde Setesdalswiki ny rekord med 5095 Unique visitors, som det heiter med engelsk språk. Det er første gong det har vore over fem tusen på ein månad.

Så tenkjer eg etter litt og gleder meg over dei fine artiklane Reidar Tveito har skrive og alle bileta han har lagt inn for å illustrere artiklane. Eg skreiv om den nye rundkjøringa i Dåsnes i sist veke, og neste kveld kom det bilete til artikkelen. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Rundkj%C3%B8ringa_i_D%C3%A5snes Laurdag skreiv han om Byglandsfjord Dampsag & Høvleri, avdeling Kristiansand med fine bilete og kart: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Byglandsfjord_Dampsag_%26_H%C3%B8vleri,_avdeling_Kristiansand Og i dag kom det ein artikkel om Mjåvasstøl (Sirdal), litt vest for grensa mellom Bygland og Sirdal. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Mj%C3%A5vasst%C3%B8l_(Sirdal) Det er ein stor rikdom å ha ein slik skribent og fotograf i arbeidet med å lage eit bygdeleksikon.

Eg skulle likevel gjerne ønskt at ti prosent av dei som er innom og les på Setesdalswiki, kunne skrive litt sjølv. Då hadde leksikonet vårt teke til å smake fugl. Dei kunne utvide ein artikkel eller skrive ein ny, sjølv om det no snart er 4500 artiklar, er det nok av raude lenker å ta tak i. Kan hende klarar vi å runde fem tusen artiklar til jol, det hadde vore ei strålande målsetting, men for å klare det, må fleire folk ta pennen fatt.

Velkommen med i skrivinga, du som les dette! Du treng ikkje bu i Setesdal for å skrive på Setesdalswiki. Finn ei raud lenke og lag ein artikkel, så er du i gang.