Vart det valuta for pengane?

Så er Tour des Fjords over. Det er tid for å vurdere litt. Nettstaden procycling.no sin journalist Espen J. Lee skreiv dette i dag:

Tour des Fjords fikk imidlertid en trang fødsel da fredagens åpningsetappe ikke levde opp til forventingene. Regnvær og tåke satte en stopper for TV-bilder fra helikopter. Uværet inviterte heller ikke til offensiv kjøring fra rytterne.

Torsdagsprogrammet der ryttarane vart presenterte og der det ypparste av folkemusikkutøvarar og utøvarar i andre sjangrar var med, vart ei fin oppleving for alle dei 400 som var i Valle sentrum. To timar gedigen underhaldning syner at Setesdal kan yte maksimalt når det trengst.

Fredagens start på sykkelrittet var sterkt prega av regn. Eg vart ståande ved inngangen til biblioteket før starten, og heile Rabobank Development Team prøvde å trenge seg saman i inngangen for å sleppe å stå så lenge i regnet, men snart måtte dei ut i plaskregnet, dei og. Rundturen rundt Homme vart jo ikkje den opplevinga det kunne ha vore, i staden for å nyte turen opp forbi Honnevje og ned gjennom Homme, tenkjer eg nok at dei heller sat og grudde seg til det heile skulle brake laus. Så gjekk starten i Valle sentrum, og me som stod der merka det vel mest bare som eit svusj, så var dei forbi. Sjølv la eg meg på hjul bak kortesjen, eg skulle jo nedover til Mandal. Turen langs Flåstrondi gjekk i ganske stor fart, og plutseleg svinga dei av frå Riksveg 9 og la i veg oppover Brokke. Sjølv slapp eg gjennom sperringa og heldt fram sørover.

Veret gjorde at helikopterbilete frå rittet vart umogleg å få så lenge dei var i Valle kommune. Eg mista internett og TV i helga, så eg fekk ikkje sjå programma på Eurosport og TV2, men eg tvilar på om reklamen for Setesdal vart så god som ordførarar og politikarar vona å få for sponsorpengane dei la i arrangementet.

Neste år skal rittet vare fem dagar, heiter det hos http://www.procycling.no/article3664317.ece

Kan hende kjem det til Valle att, det vil tida vise. Men det var interessant å få sjå eit stort sykkelritt med internasjonal deltaking starte i Valle.

Skjermlaus

Då eg fredag etter starten av Tour des Fjords var på veg til Mandal, fekk eg ein telefon frå Reidun. Ho kunne fortelje at straumforsyninga til modemet hadde gått varmt, så no var det ikkje telefon, tv eller breiband heime. Det kom til å bli ei skjermlaus helg.

Når eg reiser heim i helgene, er det ikkje for skjermane si skuld, men det er mange år sidan det har vore ei heilt skjermlaus helg i heimen min. Eg likar å følgje med på TV og på dataskjerm, så det var rart å kome heim til svarte skjermar. Ho hadde snakka med Telenor på fredag før eg kom heim, dei skulle sende nytt utstyr, men det kom jo ikkje før i neste veke.

Vi måtte jo studere avisene litt ekstra når vi ikkje fekk inn Dagsrevyen. Eg hadde jo tenkt å sjå Tour des Fjords på Eurosport eller TV2, men det fekk eg ikkje med meg. Ofte pleier eg å skrive på Setesdalswiki i helgene, det gjekk og i vasken. Så det vart helst litt stusseleg i høve til slik det pleier å vere.

Ofte ventar eg til litt utpå sundagskvelden før eg kjører oppover til Valle, då kan eg få med meg fotballkampen på TV før eg kjører. Men i dag var det ingen kamp å sjå på TV, så etter middag la eg i veg. I løpet av dagen kom det jo ein del telefonar med gratulasjonar for ein som fyller 66, og då eg kom til Valle, såg eg at talet nærma seg 100 helsingar på Facebook. Det varma jo å sjå så mange helsingar frå Facebook-vener.

Etter å ha vore van med å ha tilgang til skjerm i svært mange år, var det rart å vere skjermlaus. Eg juksa det til litt, eg fann ein film på DVD og såg den, men eg har ikkje så stort utval at det gjer noko. Det fungerte likevel fint, truleg burde eg sett fleire filmar på DVD. Litt dataspel vart det og høve til, men det synest eg er kjedeleg når eg ikkje kan veklse mellom å spele og å bruke datamaskinen til andre ting.

I grunnen er det betre å ha skjermen tilgjengeleg og ikkje sette han på, en å vite at ein ikkje får noko om ein prøver. Men vonleg er det fiksa til neste helg, slik at ei helg kan kome i normal gjenge att.

Stor kulturkveld i Valle sentrum

Dagen i dag skulle vere markering av opninga for Tour des Fjords i Valle sentrum. Her skulle det vere barnesykkelritt klokka fem, og over hundre ungar var påmelde til rittet som gjekk rundt Kjelleberg. Det var reint rørande å sjå innsatsen små og store la ned for å gjennomføre rittet.

Klokka 18.45 var det temmeleg fullt i alle stolane som var sette ut. Mange hadde ståplass. Sjølv fann eg meg ein plass ved rampa til Jokerbutikken og fekk med meg alt som skjedde på storskjermen som var på taket av lastebilen som stod mellom Coop Valle og Frikyrkja. Programmet var leia av Ørnulf Hasla, som starta med å presentere ordførarane i Bykle og Valle. Dei gav ein sjekk på 15.000 kroner til rittleiar Hegreberg for å gje vidare til UNICEF som rittet samlar inn pengar til. Sidan gjekk det slag i slag med eit kulturprogram på øverste hylle, etablerte kunstnarar og nyare utøvarar gjekk saman for å skape ein flott kveld:

– Kirsten Bråten Berg.
– Kjetil Lund, Knut K Jore, Kjetil Carolis Jore.
– Inger Lise Stulien med Kim André Rysstad og Trym Bjønnes.
Lagpresentasjon Tour des Fjords ved Kjell Erik Kristiansen, kjent frå Eurosport.
– Depui.
– Runar Granheim.
– Sigurd Brokke og Ose Leikarring.
– Daniel Sandén-Warg og Sigurd Brokke.
– Knut Jore, Kjetil Lund, Håvard Skotterud og Kjetil Carolis Jore.
– Kvedartrio Sigrid K Jore, Kirsten Bråten Berg og Brigit Anette Helle.
– Spelemannslag med dansere.
– Stevleik med Kirsten Bråten Berg, Sigrid K Jore, Birgit Anette Helle mfl.
– Tor Hoslemo.
– Fjellfolk duo og Kim Andre Rysstad
– Spelemannslaget med dansere.
– Finale med felles sang: Gamle Gunleik

I alt dette var vel og hundre sykkelryttarar på scenen og blei presenterte. Namna finn du på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tour_des_Fjords Nederst på den sida er og lenke til videostream av heile kvelden.

Ein kunne vente regn etter vermeldinga, sjølv om det hadde vore ein sjeldan fin dag tidlegare på dagen. Men det heldt seg unna heilt til programmet var slutt. Då var klokka over 21 og det var tid for å ta kvelden.

Skulestart 2013

I dag starta skulane i Øvre Setesdal og i morgon er det skulestart lenger nede i dalen. Aktuell var difor artikkelen i Setesdølen i går om at det for første gong ikkje er førsteklassingar på Bykle skule i år. Heldigvis har Fjellgardane skule fem elevar, så heilt tomt er det ikkje i denne årgangen i Bykle kommune. I Valle kommune er det 18 førsteklassingar, i Bygland er det 13 og i Evje og Hornnes er det 43 som startar på skule i haust. http://www.setesdalswiki.no/wiki/F%C3%B8rsteklassingar_i_Setesdal_2013

Om ein trekkjer frå barn til utanlandske foreldre hadde det vore svært tomt i mange klasserom. Difor er det godt at ein har teke imot flyktningar og asylsøkjarar i kommunane. Mange meiner at det kamuflerer nedgangen i folketalet på bygdene, men om alle innvandrarar bare skulle vore i dei store byane, er eg ikkje sikker på om det hadde vore ei god løysing.

Valle Vaksenopplæring starta og i dag, og vi hadde ei god gruppe som vil prøve å lære norsk i haust. Halvparten av dei 12 som prøvde seg på Norsk Språktest 2 i vår, klarte testen, nokre av dei vil no prøve seg på eit høgare nivå, medan andre må lese vidare og gå opp til ny prøve seinare. Språket er viktig for å kunne fungere i eit samfunn, så dei som kjem nye til landet, treng tid på å lære seg norsk. Det er likevel eit problem at det er så få jobbar dei kan gå ut i i nærområdet når dei er ferdige med språkopplæringa. Heldigvis har fleire no teke førarkort, då hjelper det at dei får større aksjonsradius for å søke jobb.

Tour des Fjords

I kveld kom det melding på Facebook om at Valle Radio skal sende frå Tour des Fjords-konserten torsdagskvelden. Konserten skal vere i Valle sentrum, etter det eg forstår vert sentrum stengt frå torsdag klokka 13 og eitt døger framover. Ein vonar folkefest i sentrum, om lag som på frokosten ein sommarlaurdag. Men dette er ein torsdag, så det er nok nokre andre utfordringar for arrangørane.

Sjølv har eg skrive ein artikkel om Tour des Fjords på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tour_des_Fjords I artikkelen har kvart lag lenke, ikkje alle er blå enno, men dei vil vonleg verte blå innan torsdag. Når du trykkjer på dei blå lenkene, kjem du til artikkelen på Wikipedia om laget. Eg lurte lenge på om eg skulle skrive om laga på Setesdalswiki, dei er jo på besøk i Setesdal, og det hadde vore godt nok kriterium for å skrive, men eg droppa det. I sommar har vi fått ein funksjon på Setesdalswiki slik at vi kan lenke til Wikipedia. Det synest eg fungerer godt, så då får ein nytte dei ressursane ein har.

Eg har prøvd å finne ei oppdatert deltakarliste, men den er ikkje komen ut enno, så deltakarlista må ein lese med atterhald. Alt no er det klart at det er nokre syklistar som har sjukdomsforfall. Men Alexander Kristoff har friskmeldt seg sjølv og vil stille. Thor Hushovd kjem og, så det vert mange kjendisar å sjå i Valle i samband med arrangementet.

Kvifor nynorsk?

Setesdølen har gåande ein målstafett i språkåret 2013. Ei rekke nynorskfolk har skrive lange tekstar om kvifor dei brukar nynorsk. Fredag var det Steinar Homme sin tur, og han skreiv bare Kvifor ikkje? før han utfordra Gunnar Stubseid. Det gav redaksjonen høve til å kommentere slik: Steinar Homme i Valle er ein mann av få ord.

Det gav meg høve til å skrive ein liten artikkel om Steinar Homme på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Steinar_Homme.

I forlengelsen av den skreiv eg og ein liten artikkel om Valle Bensin. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Bensin

Esso-stasjonen i Valle er kanskje den einaste bensinstasjonen i Norge med eigen sang. Det visste eg jo, men Lars Liset måtte minne meg om det på Facebook, og då la eg inn ei linje om det og i teksten. Lillebjørn Nilsen, som er frå Oslo, har likevel brukt nynorsk i denne visa om den vakre jenta frå Setesdal.

Etter kvart er det mange som har vore med i målstafetten Kvifor nynorsk i Setesdølen: Torhild Austad, Hind Helene Røynesdal, Gunstein Bakke, Kjetil A. Brottveit, Grete Fossen, Ragnhild Bjåen, Bergljot Heistad, Astrid Moi, Aasulv Lande, Anne Karin Kaasa, Inger Lise Stulien, Kim André Rysstad, Trym Bjønnes, Ingvild Hovden, Kristin Haugeland og Steinar Homme. Det er artiklar om dei fleste på Setesdalswiki. I morgon er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, han endra det norske samfunnet og har sett djupe spor etter seg i landet vårt.

4400 artiklar på Setesdalswiki

I dag runda Setesdalswiki ein ny milepel. Det var artikkelen om Kjell Dahl som vart nr. 4400. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kjell_Dahl Den artikkelen kom på grunn av at eg i går skreiv inn Setesdølen frå 19. mai 2009, og i den avisa stod det at han hadde fått Kulturprisen i Bykle for 2009. Setesdalswiki sin artikkel er jo basert på det som stod der, slik så mykje av stoffet i Setesdalswiki er.

Utan samarbeidet med Setesdølen hadde det vore vanskeleg å få til dette leksikonet for Setesdal, for Setesdal kan nok vere sentralt i geografien i Sør-Norge, men det er vel bare eit par gonger i veka at Fædrelandsvennen har stoff frå dalen. Det er blitt mindre etter at Johs. Bjørkeli vart pensjonist, det er i alle fall mitt inntrykk.

Eg hadde vel tenkt å skrive fleire artiklar i dag, men for ein gongs skuld kom ikkje Setesdølen med posten, så det aktuelle må vente til avisa finn vegen til Mandal. Men det nærmar seg landbruksmessa Naturligvis 2013, så eg skreiv inn artikkel om den denne veka. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Naturligvis_2013 Artikkelen refererer programmet, og så er det lenker til artiklar Setesdalswiki har om folk som er med i programmet. Vi har og blå lenke til landbruksministeren. I det siste har vi begynt å lenke til Wikipedia sine artiklar når det er tale om noko dei har artikkel om. Rett nok fører lenka då ut av Setesdalswiki, men det er betre med ei lenke der lesaren får vite meir, enn ingenting, og ofte er det lite aktuelt å ha eigne artiklar om folk som bare er innom Setesdal når ein kan finne god informasjon på Wikipedia.

Folk som ikkje har artikkel på Wikipedia og som er innom Setesdal, er det lettare å skrive noko om. Men i det siste har eg prioritert å skrive mest om dei fire kommunane som er med i Setesdal Regionråd, så Åseral og Iveland er noko nedprioritert, sjølv om Setesdølen har stoff derifrå. Så får vi sjå kor lang tid det tek før vi når 4500.

Aktiv sommar i Setesdal

Det har vore ein aktiv sommar i Setesdal, det er ikkje så vanskeleg å sjå om ein fylgjer med i Setesdølen. Sjølv har eg nok hatt ein noko stillare sommar her i Mandal, til og med tre vekers sommarferie frå bloggskriving har det blitt. Siste innlegg på bloggen var 10. juli, så det høver vel å starte att no.

Overskriftene i Setesdølen finn du på Setesdalswiki, siste avisa var nr. 59, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesd%C3%B8len_nr._59,_2013 Om vi blar oss gjennom den, ser vi at det var 600 på Rysstad-marknad, 200 på konsert med Åsmund Nordstoga på Bygland, godt med folk i Marhyl og stadig fleire på DNT Sør-hyttene. Om ein går til tidlegare aviser frå sommaren 2013, finn ein mykje folk både på country-festivalen og på matfestivalen på Ose, jordbærdagen på Evje hadde også mange svoltne munnar.

Når ein i tillegg tenkjer på alt som ikkje er omtalt i Setesdølen, så skjønar ein at det har vore ein aktiv sommar i Setesdal i juli. Når veret er så fint at den badande Byglandsordføraren får ei side i VG, så har mange andre badande også kost seg på badeplassar i dalen.

Folkemusikken har hatt ein oppsving i sommar, takka vere Kulturprosjektet, der unge folkemusikarar har synt tradisjonskultur både i Setesdal og ved kysten. No til helga er det kappleik, der vert det sikkert og mykje folk.

Vi ladar batteria på ulike måtar. Det er klart at det hadde vore ein del stoff å lage radio av i sommar, men Valle Radio har ferie i juni, juli og august, så det er mykje som ikkje vert med i radioen i desse tre månadene. Vi får vel kome sterkare att til hausten og prøve å få til gode sendingar etter å ha lada batteria våre, vi som prøver å lage program i radioen.