Så kom regnet

Etter ein ganske lang periode med turt og fint ver, var det veromslag i dag og litt utpå dagen kom regnet. Eg trur nok at det som veks og gror, likte det ganske godt, ein kunne mest kjenne angen i kveldslufta. Elevane mine har stelt kjøkkenhage i Ruslehaugen i år og, i helga bar dei vatn heimefrå for å hjelpe tørste planter, så eg trur nok dei gledde seg med det som veks over regnet i kveld.

Sjølv sette eg meg til med ei bok og gløymde det meste rundt meg, slik ein gjerne gjer når bøkene er gode. Etter kvart reiv eg meg laus og tok ein tur på datamaskinen og fekk lagt inn overskriftene i ei av mange Setesdølen som enno ikkje har kome på plass på Setesdalswiki. Her kan du sjå overskriftene frå siste avisa i april 2006: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesd%C3%B8len_nr._33,_2006

Det er alltid interessant å lese i gamle aviser, så det tok helst litt lenger tid enn vanleg å skrive inn overskriftene. Men no ligg dei der. Eg vonar at eg skal få skrive inn overskriftene frå nokre gamle aviser i dagane framover. I dag kom det ein kommentar til overskriftene frå gårsdagens Setesdølen at heile avisa burde leggjast ut på Setesdalswiki, til dømes eitt år etter utgjevinga, då ville vel neppe avisa konkurrere med seg sjølv. Det var Knut Olav Tveit som hadde denne kommentaren.

Det er klart at det hadde gitt mykje spennande lesestoff om Setesdølen var på Internett. Men Setesdalswiki har leksikonformat, og det hadde ikkje vore heilt enkelt å gjere om journalistisk stoff til eit format som høver i leksikon, så å leggje ut avisa som avis eitt år etter utgjevinga, måtte nok vore i ei anna form enn stoffet i Setesdalswiki. Etter kvart er det blitt nesten 4200 artiklar i Setesdalswiki, så det er no litt lesestoff her og om du treng lokalstoff i regnveret.

Ei stille veke

Siste veka har det igjen vore stille på bloggen. Eg har vore litt utan ord etter gravferda til Helge Dahle. Overvelda er kan hende eit ord ein kan bruke. Både over hendinga og over oppslutninga i gravferda, der det sat 200 utanfor kyrkja, og der mest alle dei 400 plassene som var laga til minnesamværet i Vallehalli, var nytta.

Sjølve minnesamværet er ikkje så lett å gløyme heller, med fin tale av Ørnulf Hasla, ein biletkavalkade som kalla på både smil og latter sett saman av Jørund Georg Jore, song og musikk i god tradisjon. Andre kom med i minnetalane, i kveld tenkjer eg på Bjørgulv Sverdrup Lund sine ord om Helge i jaktlaget og om arbeidskameraten (eg hugsar ikkje namnet på han) som fortalde så fint om arbeidsfellesskap med Helge i mange år. Alt saman var høveleg og godt å ta med seg, og suppa, den smaka excellent, det same gjorde kakene. Dugnad bar heile arrangementet, det var så mange som ville vere med at det var visst helst lite oppgåver til alle, etter det eg høyrde.

I dag var det takk til heile bygda frå Turid Brottveit, Tone Dahle og Eivind Dahle i Setesdølen. Turid fortalde om ein blomestraum som synte medkjensle, og det var visst kome inn over 30.000 kroner til Luftambulansen. Mange var og på besøk, ikkje bare presten, men han og. Ørnulf fortalde at Terje Seilskjær og hadde funne tid til eit besøk hos han, noko han sette stor pris på.

Så har livet gått vidare. Sundag, bare fem dagar etter gravferda, var det konfirmasjon i Valle med åtte unge i fokus for fest og glede. Slik vert kyrkja eit sentrum og lim i kulturen i bygda. Eg trur mange er samd med meg i at slik skal det vere.

Ei gravferd å minnast

Det vart ingen innlegg på bloggen i går. Etter Helge Dahles gravferd og minnestund tok eg kvelden og brydde meg ikkje meir om data og internett.

Eg kom til kyrkja 12.20, tenkte eg var ute i høveleg tid, sjølv om eg hadde sett folk spasere mot kyrkja alt klokka tolv. Men eg var tydelegvis alt for sein, for alt førti minutt før gravferda skulle starte, var det mykje folk på kyrkjebakken. Ein og annan prøvde å kome seg inn i kyrkja, og fann truleg plass, men etter det Lars Liset hadde telt opp, var det om lag 200 som fylgde hendinga frå utsida av kyrkja.

Klokka 12.40 starta det med litt song, etter det eg las på programmet, var det Sylvia Barmann Jensen, Martin Wikstøl og Tommy Ingebretsen som stod for det. Dei siste fem minutta før klokka ett høyrde vi dei såre klemta som alltid er innleiing til ei gravferd. Det verka som om alle som stod ute og fekk sanghefte, godt å vite programmet, sjølv om det var vanskeleg å synge med i dei salmane som var oppførde. Det verka som om folka inne i kyrkja opplevde det på same måten, for salmesangen var helst spak, både på Alltid freidig og Å leva det er å elska.

Sokneprest Terje Seilskjær hadde eit fint minneord og ei fin preike. Edvin Brottveit las opp helsingar frå kransar og bukettar, og også Theis Salvesen hadde eit minneord i kyrkja. Det tok si tid å kome gjennom programmet, men så var det tid for å bere kista ut til kyrkjegarden. Valle Radio la ut eit bilete som syner den store forsamlinga som fylgde Helge til den siste kvilestaden: https://www.facebook.com/photo.php?fbid=10151665781304846&set=a.379785884845.155102.315158359845&type=1&theater

Klokka 14.20 var kista senka i jorda og smått om senn drog folk til Vallehalli for å vere med på minnestund.

Eit hyggeleg møte

Torsdag var eg til ein kontroll på sjukehuset i Kristiansand. Etter å ha vore innom legen min, sendte han meg vidare. Då eg kom fram til neste plass, vart eg ståande utanfor å vente.

-Gro, du har besøk, var det ein sjukepleiar som ropte.
-Kjem snart, høyrde eg svaret.
Like etter kom ein ny sjukepleiar ut frå eit rom, såg meg og ropa:
-Gro, du har besøk!
Tredje sjukepleiaren kom ut frå ei anna dør og ropa det same, då visste eg i alle fall at den eg skulle møte, heitte Gro.

Snart etter kom ei smilande sjukepleiar bortover korridoren mot meg.

-Takk for sist, sa ho.

Som den høflege mannen eg prøver å vere, svara eg med Takk for sist, men eg hadde ikkje peiling på kva tid det skulle vere eller kven det var eg snakka med.

Så prata vi litt, ho leita etter ei høveleg blodåre som ho kunne sette ei sprøyte i, og då ho hadde funne den, såg ho på meg, og så sa ho: -Du veit ikkje kven eg er.

Eg måtte seie som sant var, eg visste det ikkje.

-Eg er Gro, dotter til Kari og Torleiv G. Bjørgum, smilte ho.

Eg hadde for så vidt grunn til å ikkje kjenne henne att, det var vel nærare 20 år sidan eg hadde sett henne. Ho fortalde at ho hadde jobba i Kristiansand sidan 1998, før det var ho i Oslo. No var Kristin, dottera hennar, legestudent i Krakow. Det er då ein skjøner at ein har vore lenge i Valle, dei som var unge då eg kom til Valle i 1991, har sjølv vaksne born.

Vi fekk oss ein hyggeleg prat over ei sprøyte på sjukehuset i Kristiansand. Men snart kom nye pasientar innom, og godt var det, for tida på parkeringa var gått ut då eg kom tilbake til bilen. Men heldigvis hadde ingen parkometervakter vore innom og lagt gebyrlapp på vindauga mitt, så eg kom meg derifrå utan ekstra kostnad, eit hyggeleg møte rikare.

Teltmøter i Valle 2013

Onsdagskvelden hadde eg med meg Håkon Martinsen i studio i Valle Radio. Han fortalde om teltmøteaksjonen som akkurat no har møte på campingplassen til Valle Motell. I fjor var han her to veker, i år vart det utvida til tre veker. Det er mange små plassar som ikkje har møte så ofte, så han meinte det var viktig å besøke slike stader. Difor har han i samarbeid med Elim Evje hatt møte i Setesdal i vinter.

I år var han svært takksam for Jostein og Tor held telt, så han slapp å ta med seg teltet han har i Åmli. Dei hadde skaffa eit telt og meinte han kunne bruke det.

Oppslutningen om møta første veka hadde vore god, så han vona på god deltaking i veka som no går mot slutten, men han skulle ha ei tredje veke før kampanjen vart avslutta. Den første veka hadde vore nokså kald, men han vona at veret kunne betre seg. Han fortalde og at fleire venner kom og la seg på campingplassen for å vere med på møta, så det fungerte litt som ein bibelcamp.

Han hadde og fått med seg gode sangkrefter. Han syng også sjølv, men mange andre hadde meldt seg til å vere med og delta med song. Av lokale hadde Tone Å. Rysstad vore med første veka.

Håkon Martinsen har gjeve ut ei CD-plate, og den fekk Valle Radio i gåve frå han. Då var det naturleg å bruke songar frå den plata i det halvtimes songkveld-programmet som fylgde etter samtalen med predikanten.

Du kan lese meir om Håkon Martinsen på Setesdalswiki. Der er det og lenke til heimesida hans: http://www.setesdalswiki.no/wiki/H%C3%A5kon_Martinsen

Landeskogen Litteraturfest

Onsdagskvelden hadde eg med Gunstein Bakke på telefonen. Han var på Lillehammer Litteraturfestival, men ordna det slik at han kunne fortelje om Landeskogen Litteraturfest i Valle Radio denne kvelden.

Han hadde mange lovord om arbeidet som Helga Arntzen har gjort for å restaurere Landeskogen. No er den store matsalen ferdig restaurert med plass til 150, og der har han og Hind Helene Røynesdal fått med seg mange gode krefter for å lage ein Landeskogen Litteraturfest 10. juli.

Det startar klokka 17 denne onsdagen. Då har Gro Dahle ein times barneprogram.

Hovudprogrammet startar klokka 19.30. Då har dei fått med seg gode krefter til å lese opp: Morten Langeland, Bjarte Breiteig og Gunstein Bakke sjølv. Konferansier vert Bernhard Ellefsen, jinglemaster vert Runar Granheim og det er ei fotoutstilling ved Marit Kvaale.

Hovudinnslaget vert ein urpremiere der Paal-Helge Haugen og Daniel Sandén-Warg saman skal framføre tekstar frå punktromanen Anne, kanskje den mest kjende boka til Paal-Helge Haugen. Programmet denne kvelden vert avslutta av Trude Marstein og av Gunnar Wærness/Henrik Skotte som skal framføre Poetisk kabaret. I ein god pause denne kvelden kan ein kjøpe Setesdalssuppe og høveleg drikke til.

Festkvelden kostar 150 kroner, barneprogrammet er gratis. Litteraturinteresserte på Agder burde reise mannsterke til Landeskogen denne kvelden, både for å støtte senteret sitt arbeid og for å få med seg ei slik storhending innan litteraturformidling som kveldens program ser ut til å verte.

Takk til Gunstein Bakke, som fortalde om planane i Valle Radio onsdagskvelden.